Kulturen i Nord-Korea betre enn ryktet sitt
-
(15 - 2017) Rockebandet Laibach opptredde i Pyongyang i august 2015, og NRK har no sendt ein dokumentar om den. Dokumentaren heit «Liberation Day», og blei fyst vist i 2016.
Politisk ståstad
Laibach er eit kontroversielt band, og kom til i 1980 i det som ein gong var Jugoslavia, no Slovenia. Bandets politiske ståstad er slett ikkje i tråd med Nord-Koreas, og dei speler musikk som er industriell, materiell og neo-klassisk. Laibach er namnet på byen Ljubljana, på tysk. Bandet har nytta nazi-symbolar, kombinert med sosialistiske element og italiensk futurisme. Dei skapte eit unikt estetisk bilete som provoserte.
I 1994 slapp dei albumet «Okkupert Europa NATO», med henblikk på NATO-pakta sine handlingar i Jugoslavia og dei politiske endringane i Aust-Europa.
Den amerikanske skribenten og forfattaren Richard Wolfson har skreve følgjande om gruppa;
«Laibachs metode er ekstremt enkel, effektiv og fryktelig open for feilfortolkning. Først og fremst absoberer de fiendens måter, vedtar alle forførende symboler og verdier på statsmakta, og overdriver alt til det berre er ein parodi att. Deretter sett dei fokus på problemer, som Vestens skrekk for innvandrere fra Aust-Europa, EUs maktspill og analogiene mellom vestlig demokrati og totalitarisme.»
Problematiske songar
Fleire av songane, og dei grafiske framvisingane til bandet vart sensurerte. Nokre sådde tvil om den nordkoreanske kulturen, andre hadde for mykje nakenheit, eller symbol som kunne verte oppfatta uheldig av publikum. Det vert og problem med ein nordkoreansk song, som skulle framførast av Mina Špiler, eit bandmedlem som har øvd inn denne på ei sørkoreansk dialekt som dei truleg ikkje forstår like godt i nord. Det verkar som at det til slutt vert eit fint samspel som gjer at alle går konserten nøgde i møte, og framføringa likså.
Kommunikasjon
Ut frå dokumentaren er det eit godt samspel mellom band, styresmakter og dei som arbeidar ved konsertsalen. Dette til tross for at det er manko på utstyr, beslaglagt innhald på harddiskar for kontroll, og vanskar mellom engelsk og koreansk språk.
«Det finst ein sprekk i alle murar. Det er gjennom den ånda kjem inn. Spørsmålet er om vi treng å utvide sprekken. For desse menneska… Dei verkar i alle fall lukkelege. Samanlikna med dei fleste andre i verda, seier eit av bandmedlemmane»
Nordmann bak
Den norske kunstnaren Morten Traavik er eit bindeledd mellom bandet og styresmaktene i Nord-Korea. Det oppstår i dokumentaren fleire utfordringar som må løysast. På elegant vis verkar det som både Traavik, og dei som er ansvarlege hjå styresmaktene forsøker å bringe det heile i hamn.
Traavik talar Civita midt i mot, som samanliknar midlar han har fått med at Kulturrådet skulle ha gitt pengar til Hitlerjugend, Gyldent Daggry, Jobbik eller fangelivet i Guantánamo. Dei stiller spørsmål om kor fri kunsten er i Nord-Korea.
Civita skriv vidare at den nord-koreanske befolkninga frys og svelt ihel, og at staten oppfattar eiga befolkning som rein biomasse. Dei sett spørsmålsteikn ved om me lærer noko nytt, og om koreanske bønder som svelt synast det er artig at velfødde kaderungdommar blir sendte til Noreg for å spele trekkspel. Kva objektivitet, utvikling og synsing er det Civita driv med? Dei seier dei driv med «kunnskap og oppslutning om liberale verdiar, institusjonar og løysningar, for å fremja ei samfunnsutvikling basert på respekt for individets friheit og personlege ansvar». Altså bør dei slutta å latterleggjera andre individ, og sjå til å respektere fridomen og kulturelle og politiske ståstad til andre menneskjer. Deira eiga slagord slår seg sjølv ihel.
Kulturutveksling der blant anna nord-koreanarar hadde ein opptreden saman med norske soldatar i Kirkenes laga dei ulike bilete i kjend koreastil. Dei spelte og Kardemomyang på Festspillene i Bergen, som er viktige for å forstå folket og kulturen på den andre sida av jorda, og ikkje minst for å kunne utveksle idear, moglegheiter og kontakt mellom folk.
Til sist skriv Civita: «For kort tid siden uttalte Traavik til Bergens Tidende at han «aldri (kunne) bedt om en bedre motspiller enn Civita. With enemies like this, who need friends? Det er blitt en kjempeforestilling! » Traavik la til at det var lenge siden han hadde `sluttet å bli provosert av Civita`. Samtidig ga han uttrykk for at `redselen for nye ting, frykten for å skifte mening, er større på vår side enn nordkoreansk side, for «det er ikke bare sånn at Nord-Korea har noe å lære av oss, vi har også noe å lære av Nord-Korea`. Noe av det Traavik mener vi kan lære av verdens mest ensrettede og fryktbaserte samfunn, er `gruppesolidaritet og selvdisiplin `. Det skal Traavik ha: Han har ingen frykt for å skifte mening. Det som nylig var en `kjempeforestilling`, er nå blitt til et lovbrudd som fortjener straff.»
Er NRK objektive?
Kva hensikt NRK har med å vise denne dokumentarfilmen er ikkje kjend da den slår bein under NRKs vanlege Korea-nytt. Dokumentaren viser fortsatt eit stereotypisk bilete av Nord-Korea i tråd med andre vestlege media. Det me sitt att med etter å ha sett denne dokumentaren er at NRK fortsett meiner det er ein totalitær stat, men at staten må få leve i fred, folket verkar lukkelege.
Kjelder: Dokumentaren «Då rocken kom til Nord-Korea». NRK, Wikipedia -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå! -
Kunstig sol over Stillehavet
-
(17 - 2017) Verden holder pusten, sies det, mens to kamphaner av statsledere overgår hverandre i trusler om bruk av det mest uhyggelige våpen som kan...
Protesterer mot rakettskjold
-
(19 - 2017) Sør-koreanere protesterer mot USAs installering av rakettskjold. Flere ti-talls skadet. Massiv politi-vold satt inn for å jage vekk...
Nord-Koreas militære en hovedsak for USA
-
(21 - 2017) »Mattis tar seg av det«: USAs utenriksminister Tillerson og USAs FN-ambassadør Nikki Haley: Nord Koreas militær-oppbygging er hovedsak...
USA er parkert på sidelinjen
-
Stor fremgang under de tosidige samtalene.
Anitwar, bearbeidet av Jostein Bjerkemo, Knut Lindtner
USA er i ferd med å spille seg ut over sidelinja i...
USA - Nord-Korea. Begge vant!
-
LEDER
Toppmøtet mellom Donald Trump og Kim Jong un den 13. juni var en historisk begivenhet. I disse fotballtider har enkelte vært fort ute for å kåre...
Kommentarer
blog comments powered by Disqus