Posten og Brings terminal i Skodje, rett utenfor Ålesund. 																Foto: Posten/Håvard Jørstad
Posten og Brings terminal i Skodje, rett utenfor Ålesund. Foto: Posten/Håvard Jørstad

(25 - 2016) Kva med Posten no?Heng postombæringa i lause lufta? Ikkje kjem han laurdagar, ikkje kjem han som A-post og no ska me ha post frå flest mogleg aktørar, konkurranse kallar dei det.

Petter Konrad Sandvik

Samstundes med omlegginga av posten, fyst 1. mars 2016, så no 1. november når laurdagsombæringa av avisar vart konkurranseutsett, har me tatt ein prat med Geir Hansen i NKP.
Geir, me les i ei pressemelding frå Posten Norge, eigd av den norske stat, at Posten har nedbemanna med 1000 personar i snitt, kvart år sidan år 2000. Korleis starta du i Posten?
- Jeg jobbet som postbud fra 1975 til 1995.  I 1995 søkte jeg meg over til sorteringen.  Neste år kan jeg gå av med pensjon.
Posten skriv at å slå saman A- og B-post til eitt produkt er eit nødsynt tiltak for å imøtekoma det raske fallet i brevmengda.
Transport og kommunikasjonskomiteen på Stortinget har 15. november avgitt si innstilling til Stortingsmelding 31, «Postsektoren i endring», og åpnar for at Posten kan slå saman A- og B-post. Saka ska sluttbehandlast i Stortinget 29. November.
- Posten skal kutte ut A - posten som sikrer levering over natten ifølge innstillingen til transportkomiteen på Stortinget.  B - posten skal være i postkassene til folk innen 3 dager.  Dette skal nå slås sammen og da blir det 2 dagers levering(2 dagers levering fikk ikke flertall på Stortinget), sier Geir Hansen.

- Årsaken til disse store endringene er jo at postmengden går jevnt og trutt nedover.  Fra å være på topp i år 2000 har pilene bare gått nedover.  Store deler av det vi leverte tidligere foregår nå digitalt.  Folk leser jo mye mer aviser også på nettet i dag.

Nedbemanningar
Med så store nedbemanningar over lang tid, totalt 16 000 har gått sidan år 2000, er vel folk redde for sine arbeidsplassar.
Det alle i posten er opptatte av for tiden er de store nedbemanningene som skal skje i år 2017.  Her på Stavanger postterminal hvor jeg jobber må minst 75 av de 125 ansatte gå.  Det skal også kuttes i Trondheim, Molde, Stokke, Evenes og Bergen.
Laurdagspost og konkurranse
Laurdagsposten er borte. Me har fått Kvikkas, ei lita bedrift som vart nasjonal postdistributør, men det er noko som skurrar. Mange stader i Noreg slit dei, ein månad inne i ombæringa av laurdagsavisane. Fleire stader har dei ikkje fått laurdagsavisa sidan Posten hadde si siste ombæring i oktober.
- Når det gjelder omdelingen av post på lørdagen.  Så ble denne kuttet ut for omtrent ett år siden.  Bare aviser ble delt ut.  Dette ble satt ut på anbud og Posten mistet også dette for ikke lenge siden.  Kvikkas har overtatt dette.  De kan kanskje gjøre det billigere, men aldri i verden om de har de kvalitetene som Posten har.  Det kan vel også føre til sosial dumping på sikt.
Kva med dei andre som no forsøker seg på postombæring. Blir det billigare og betre, Geir?
- De andre som prøver seg på ombæring vil selvsagt bare gjøre det i de områdene som er profitable slik som i Oslo og områdene rundt og i de største byene. De vil nok ikke prøve seg i grisgrendte strøk som i Finnmark.
- Kapitalismen er jo slik at profitører bare etablerer seg der det er profittmuligheter.  Posten er jo en samfunnsinstitusjon og det vil aldri de andre som forsøker seg på postombæring bli. 

Den digitale æra
Digipost – eit verktøy for å overvake, og å sende post. Me som er bur i Noreg har den siste tida fått fleire henvendingar om å ta i bruk «DigiPost», ei ny og digital postombæring som er sikrare enn epost, og som ikkje naboen kan lese.
Framtidas postkasse & Overvakings-vanskeligheiter
No har du altså moglegheita, til å få ei ny, digital postkasse, den kan du vera trygg på et er enkel å overvake. Den russiske sikkerheitsteneste FSB vil forby både Microsofts gratis e-postteeneste Hotmail og IP-telefonisystemet Skype. I tillegg kjem GMail og MSN. Skype, den gratis tenesta til å ringje på nett, som dessutan har sitt opphav i Sverige, har i dag 660 millionar brukarar. Og Hotmail/MSN har 364 millionar. Kor mange som er aktive er usikkert, men det som er sikkert, er at begge tenestene er størst i verda på kvart sitt område.
I 2011 skreiv Friheten følgjande; Det var forresten ikkje meininga at du skulle merke noko. Det er eg heilt sikker på. Fyrst det velsmakande Datalagringsdirektivet frå EU som pressa seg innover oss. Og no ska dei jammen meg og ha posten vår granska, papirposten! Du trur meg kanskje ikkje enno, men det er sant. No kan du motteke papirposten din frå det offentlege og føretak til ei ny postkasse, digitalt. Her kan du motteke sensitiv informasjon, og ska visstnok og førebyggje identitetstjuveri.

Private brev & Postens framtid?
Følgje det pressekontoret hos Posten, som og eig dette digipost, seier til Verdas Gong, eg utelukker ikkje et det blir mogleg å sende private brev på Digipost i framtida, seier Hilde Ebeltoft-Skaugrud.
Det ska og seiast, et EUs tredje postdirektiv, privatisering av posten, som vil føre til nedbygging av posttenester utanfor byane, gjere det enda dyrare og meir upraktisk og busette seg utanfor sentrum, så må og posten ha noko nytt å gjere til slutt. Eg undras, korleis ska dei tene pengar på ei digital postkasse som er gratis å bruke? Dei kan jo ha ansvaret for å overvake brukarane, eller noko i den duren, tenkjer eg.

Kva følgjer får dette?
Tenk deg, når du får samla all informasjon om ein person, all sensitivt papirpost (den man kan dra nytte av), på ein plass. Dette kom omtrent samtidig med Datalagringsdirektivet, sidan digipost vert lansert i same veke, som DLD vert stemt om i Stortinget, den 5. april. Ved fyrste undersøking vert ikkje digipost nemnt med eit einaste ord i noko om DLD, men det er vel kanskje og hensikta, kva veit vi som er vanlege borgarar?

Kvifor ska dette blokkerast?
Det er ein gyllen grunn til det. Desse tenestene har vist seg å vere vanskeleg å overvake, med tanke på tjuvlytting/lesing. Ifølgje Kommersant, i Russland, er Putin og Mededev ueinige om det ska blokkerast. Putin, statsministeren, verkar vera skeptisk på teknologi, mens Mededev, presidenten, er meir open.
Dette er skremmande, er Digipost tilrettelagt for overvaking? Eg anbefalar ikkje å bruke det.
Kjelder: Arkiv, VG, Kommersant, Posten Norge, Samferdselsdepartementet

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Posten inn i ei ny tid

Posten inn i ei ny tid

Privatisering, forandring og kampar står på menyen.


Bokanmeldelse av «Den store forvandlingen», av Jan Ove Ekeberg, Dinamo Forlag 2017.
Forfattaren...















Stikkord

digipost

posten


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering

Joomlas feilsøkingskonsoll

Økt

Profileringinformasjon

Minneforbruk

Database-spørringer