Matmakt New
-
-
Noregs sjølvforsyningsgrad går støtt ned. Gardane har vorte større og færre, og aldri før har vi nytta ein så liten del av inntekta på mat.
Petter Konrad Sandvik.
-
I helga sprakk nyhenda: Noreg har teikna under på Mercosur-handelsavtalen via vårt medlemsskap i EFTA. Det kom samstundes som at Amazonas i Brasil står i brann, og vår eigen næringsminister er i landet for å forhandle om avtalen. I siste sekund tok fleire til orde for å ikkje inngå handelsavtalen med Mercosur-landa utan å sette krav til at høgrepresidenten i Brasil, Jair Bolsonaro gjorde noko for å sløkke brannane i Amazonas. Brannane ryddar land for å auke produksjonen av soya og til beiteland. Somme har antyda at Bolsonaro har helsa brannane velkommen, og det med god grunn, han ynskjer å nytte større del av regnskogen i Sør-Amerika, og urfolket er vel ikkje lengre heller eit problem om ein let brannane gjere sitt. Kva vi har i vente veit dei færraste, utanom marknaden, i mellomtida kan det være greitt med litt refleksjon.
For å sikre vår eiga matproduksjon hastar det stadig meir, vi må reetablere matkornlagre, auke ostetollen, og systematisk legge opp til gode reguleringar og moglegheiter for gardbrukarar over heile landet. I den skiftande tida vi er inne i, er det og på tide å støtte opp under samvirkemodellen som delar av jordbruket driv innanfor, med Tine, Felleskjøpet, Nortura, Gartner mfl. Diverre er bøndene vorte meir splitta, som gjer at fleire veljar private aktørar å handle med, og levere til. Samvirka vert i same situasjon straffa for dette, sidan dei er pliktige å hente det eine slaktet i Finnmark, eller mjølka på setra i Innlandet. Det private meieriet vel å knyte seg til dei som er nærmast meieriet, og kan utan å løfte eit augebryn slutte å hente varer frå ein produsent. Det det går mot er at fleire private aktørar i realiteten skummar fløyta, når det er slaktebil same dag, med plass, frå to selskap på to nabogardar. Det er ikkje effektivisering eller innovasjon i det, og ikkje eit grønt skifte. Dei plar kalle det konkurranse. Kanskje må vi konkurransen til livs, om den ikkje skal vinne over menneskja som kapitalismens utryddelsesmaskin.
Mercosur-landa er store på jordbruksproduksjon. Dei vil no få tilgang til den norske marknaden, og kanskje heile Europa. Frankrikes president Macron har tatt til orde for å ikkje inngå noko avtale før brannane i Amazonas tas på alvor, og at regnskogbevaringa igjen er på fote. Som vi skreiv om i Friheten i fjor, er Noregs innsats for regnskogbevaring i DR Kongo og noko omdiskutert, med stort omfang av ulovleg hogst. Dersom Sør-Amerikas jordbruksvarer kjem til Noreg, som kjøt og eventuelt ost kan dei kortsiktige problema for norsk landbruk verte store. I ein artikkel på NRK i slutten av august er det eit intervju med ein bonde i Vik i Sogn. Ho ynskjer å redusere sine utslepp, og det forskast på det, mellom anna om kål i dietten til kua kan redusere prompen. Ser ein på utsleppa av klimagassar samla sett har olje- og gassutvinninga vi driv med auka med 76 % dei siste åra, og står i dag for 27 % av dei norske utsleppa.
Vi har over mange år sett utviklinga der mjølkekvotar omsettast på ein eigen børs, ikkje i takt med tilbod og etterspørsel for mjølk, som er sinkande mellom anna på grunn av eksportstøtta for Jarslberg som er under avvikling, og stadig auka import av yoghurt og billegost frå EU. Jordbruket er utsett for ei enorm nedgjelding, som aukar produksjonspresset. Ein stor gard der ein har fleire tilsette, mjølkerobot og ein stor mjølkekvote overlever ikkje utan å stadig auke produksjonen. Eit utsegn er at man må støype noko for kvart år for å komme vidare. I det ligg det at bonden er i ein gjeldsspiral han ikkje kjem seg ut av, han kjemper for å overleve. Vi høyrer ofte om dei dårlegast betalte i arbeidslivet, sjeldan om at det er i hovudsak gardsyrker som ligg i botn, men om sjukepleiarar, butikktilsette og så vidare. Bob von Oort, klimaforskar i Cicero har rett i mykje, vi må kanskje redusere kjøtproduksjonen og forsøke å produsere meir grønsaker og bygge ein kultur for det, men når han uttaler at landbruket får 15 milliardar i året for å gå i null har han rett i ein ting: jordbruket er utan spekulasjonsinteressar. Det er ei særnæring i så måte. Maktpyramiden må snus, fyrst da kan vi løyse jordbrukets problem og jordas utfordringar.
Landbrukets sysselsetting er på 120 000 menneskjer, frå fôrhausting til foredling. I neste ledd kjem elektrikarar, postbod og så vidare. Det er dette som held oss i livet. Skal vi ha jordbruk for framtida må vi samhandle med verda, ikkje ha truga på at handel er utelukkande positivt, og kjempe for ei rettferdig verd der menneskja kan få det same tilbodet uansett kvar dei bur.