Skip to main content
Ny nettavis 2025-2026

Vi har over tid hatt utfordringer med vår nettavis, og har arbeidet for å få denne brukbar igjen. Like før jul 2025 havarerte dagens, slik at den som har vært under arbeid en tid for å erstatte den gamle ble tatt i bruk før den er ferdig.

Innhold på den nye nettavisa

Alt gammelt innhold er blitt med over - men vi sliter med feil under publisering av nytt. Satser på at dette er i orden på andre sida av årsskiftet. Per nå er avisa mulig å bestille og lese digitalt (PDF).

Logge inn som abonnent

Har du hatt konto hos Friheten før kreves det at du nå oppretter en ny. Dette gjør du under menyvalget Les eAvis. Her fyller du også inn detaljene vi trenger om du skal ha nytt papirabonnement - men har du det fra før inngår nettabonnent som før, du bare velger at du har dette og fyller inn abonnementsnr som står på avisa.

Det udøyande regimentet i Kiev 9.mai i år

Eit fast trekk i Russland dei siste åra ved feiringa av dagen for Sovjetunionens siger over fascismen eller Sigersdagen som er den vanlege nemninga, er opptoget som blir kalla Det udøyande regimentet. 


Folk møter fram med bilete av ein eller fleire nære slektningar som deltok i kampane 1941-45, og som no er døde, anten på slagmarka eller seinare. Oppslutnaden er enorm, serskilt i Moskva der det kan dreia seg om opptil ein million deltakarar, men også i byar over heile landet går det slike opptog. Det same gjeld tidlegare sovjetrepublikkar. I Berlin vert det også haldi ei minnemarkering der stort sett russarar/eks-sovjetarar busette i Tyskland tek del. Også i byar i Ukraina var det i år som tidlegare slike defileringar. Serskilt imponerande var markeringa i Odessa der marinestyrkar og kommunale styremakter kasta glans over tilskipinga. Men også i Kiev var det ei større mønstring med den tidlegare presidentkandidaten Boiko i brodden. I dei to byane gjekk alt roleg føre seg, medan ei mindre mønstring vekte mishag i den vestukrainske byen Lvov. I russiske byar såg ein ofte banner med hammar og sigd til ære for den Raude hærs falne, men slikt er tydeleg nok forbodi i Ukraina. Det er på ein slik dag ein får ei kjensle av at Putin har rett når han seier at russarar og ukrainarar er meir enn broderfolk, dei er eitt folk –med sams fortid og sams kultur. Bortsett frå i Vest-Ukraina er russisk daglegspråket for dei fleste, og dei døde som blir minna, stod skulder ved skulder med andre russarar og sovjetarar i kampen mot fascismen. Til neste år er det 75 år sidan krigen tok slutt, då kan ein vel rekna med ein kulminasjon av deltakinga i Det udøyande regimentet over heile den tidlegare Sovjetunionen. 


Det udøyande regimentet er eit prov på at det som har sett spor i russarar, er den store fedrelandskrigen, i dei aller fleste familiar minnest dei framleis med sterke kjensler ein eller fleire krigsheltar , om dei no døydde 20 eller 80 år gamle. I seks dagar kvart år kring den 9.mai får Volgograd tilbake sitt kjende namn; Stalingrad. I eit land lækjer ein ikkje så snøgt alle kjenslesåra etter 20 millionar døde i kampen mot invasorane. Alt anna sovjetfolket har gått igjennom, vert mindre i samanlikning. 

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering

Cron Job Starts