Skip to main content
Ny nettavis 2025-2026

Vi har over tid hatt utfordringer med vår nettavis, og har arbeidet for å få denne brukbar igjen. Like før jul 2025 havarerte dagens, slik at den som har vært under arbeid en tid for å erstatte den gamle ble tatt i bruk før den er ferdig.

Innhold på den nye nettavisa

Alt gammelt innhold er blitt med over - men vi sliter med feil under publisering av nytt. Satser på at dette er i orden på andre sida av årsskiftet. Per nå er avisa mulig å bestille og lese digitalt (PDF).

Logge inn som abonnent

Har du hatt konto hos Friheten før kreves det at du nå oppretter en ny. Dette gjør du under menyvalget Les eAvis. Her fyller du også inn detaljene vi trenger om du skal ha nytt papirabonnement - men har du det fra før inngår nettabonnent som før, du bare velger at du har dette og fyller inn abonnementsnr som står på avisa.

Eitt år sidan kuppet i Honduras

(Nr 15 - 2010) 28. juni er det eitt år sidan militærkuppet i Honduras. Landet sin demokratisk valde president Manuel Zelaya vart tidleg denne morgonen henta i sin heim, drege avgarde i berre pysjamasen, sendt på eit fly ut av landet til Costa Rica.

 

Av Ivar Jørdre

 

Kuppet var eit faktum og ein de-factoregjering leia av Roberto Micheletti vart sett inn. I vekene etter kuppet stramma den gamle makteliten verkeleg grepet om media. Mange honduranarar var i byrjinga ikkje klar over at omverda og samtlege latin-amerikanske land hadde fordømt kuppet. I likheit med tidlegare militærkupp frå høgresida i Latin-Amerika er mesteparten av media i Honduras medløparar til kuppmakarane. Dermed ingen rapportering frå utanriksredaksjonane før alternativ nyhende kom ut.

 

 

Eit sterkt omstritt val utan opposisjonskandidatar vart halde 29. november, der oligarken Porfirio Lobo vann. Og no er USA, EU, Pengefondet og Verdsbanken attende. Eit val som ikkje er anarkjend av dei fleste land i Latin-Amerika. Det som hendte i Honduras, meiner latin-amerikakjennarar, kan vera eit varsel om viljen USA har til å "rulle attende" dei endringsprosessane som pågår i mange land i verdsdelen.

 

 

General Romeo Vásquez Velásquez, som organiserte operasjonen der president Manuel Zelaya vart kidnappa i sin heim og sendt ut av landet har eit lite fint rulleblad. Han var på 90-talet med i ein internasjonal biltjueribande som stal luksusbilar og vart arrestert for det. Generalen studerte også ved den berykta School of the Americas, ein skule der militære vart undervist m.a. i torturmetodar og der dei utdanna folk som seinare vart kjende kuppmakarar og diktatorar i Latin-Amerika.

 

Drap og utreinskningar av menneskerettsaktivistar og fagorganiserte er vanleg. I fjor vart 12 fagrørslefolk drepne. To profilerte tilitsvalde i organisasjonen Unificazion democratica som m.a. har støtta president Zelaya, vart drept truleg av folk tilknyta militæret. Likevel stoppa protestane på ingen måte opp og demonstrajonar med vegblokadar vart stadig organisert i tida etter kuppet. Forfølgingane held fram også etter at Lobo vart innsett i januar i år. I byrjinga av februar vart fagrørsleleiaren og småbarnsmora Vanessa Yamileth Zepeda, 29 år, funnen skoten og drepen i hovudstaden Tegucigalpa. Ho var helsearbeidar og aktiv i kampen mot kuppregimet. Paramilitær- og dødsskvadronaktige metodar er brukt til bestialske drap slik dei gjorde det attende på 1980-talet.

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering

Cron Job Starts