Nasjonalgalleriet takk og farvel
Nasjonalgalleriet takk og farvel

Det er gått så langt no at ein kan tala om rasering av sentrale bydelar i Oslo. I Storgata og Thorvald Meyers gate, hovudpulsåra på Grünerløkka. går det no føre seg djupgraving for legging av nye trikkespor. Arbeidet  skal visst vara i to år, og gatene er stengde for anna ferdsle enn trikk på eitt spor. 
Syklistar  av  alle slag nyttar fortauga, og det har vorti litt av ein risikosport å vera fotgjengar. Det er dessutan uråd å kryssa Thorvald Meyers gate på over tre hundre meter til meins for dei som har butikk. Ein kan undra på kvifor kommunen ikkje har sett fortgang i arbeidet ved blant anna å erstatta trikk med buss, som ein kunne ha omdirigert til Toftesgate. Ein kan òg spørja om trikk er vorten ei så heilag ku at ein ikkje kunne  ha valt å erstatta trikken i dette området permanent og såleis sleppa svært kostesame gravingar i to-tre år i to av dei travlaste gatene i byen. 

Riving av Tøyenbadet
Oslopolitikarane, ikkje minst SV, har fått det føre seg at Tøyen skal "oppjusterast" etter at Munchmuseet vert flytta. Såleis har dei funni ut at Tøyenbadet må rivast og erstattast med eit nytt. Det absurde er at nytt bad skal byggjast på same tomta slik at det noverande badet som kan fungera i fleire år til, først må rivast. Resultatet vert at byen vert utan eit skikkeleg bad  med femtimeters basseng i minst tre år. Det vart ymta om at eit mellombels erstatnigsbad skulle byggjast, men det er visst skoti ut i det blå. Likevel ser det ut som rivingsarbeidet vil byrja like over jul - midt i vintersesongen då alternativ ikkje finst. .
Argumentet er at alt vert så mykje finare når arbeida er ferdig. Mon det. Dessutan; tre år er ikke berre. berre når det gjeld å lamma verksemd i ein by. Pensjonistar ikkje minst er fortvila. Mange finn helsebot i å bada ein gong i veka på Tøyenbadet, tre år av deira liv er i alle fall viktige. Var det elles for å avskrekka eller venja folk av med å gå på Tøyenbadet at kommunen høgna billetten med 25% frå 1. juli? No kostar det 135 kroner (95 for pensjor) 
En passant kan ein nemna eit eklatant døme på dårleg planlegging. Badeplassen Katten på Bekkelaget er no delvis stengd. Frå slutten av juni byrja dei med å riva stupebrygga og stengde av området  ikring. Nett no er det visst fellesferie, og ingen ting hender- Alt vert nok så mykje betre i november ein gong -  for isbadarane .... 

 

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering