(Harald Øystein Reppesgaard - nr. 12 - 2011) Intervju med Inge Staldvik om Jordbruksavtalen 2011. Han satt i forhandlingsutvalget til Norsk Bonde- og Småbrukarlag (NBS) under jordbruksoppgjøret med staten i mai.

Et samlet jordbruk gikk inn i årets jordbruksforhandlinger med et overordnet mål om å tette inntektsgapet til andre grupper i samfunnet. Det forelå også en politisk plattform for den rødgrønne regjeringen 2009 – 2013 der det bl.a. heter: ”Regjeringen vil videreutvikle inntekts- og velferdspolitikken fra forrige periode”. Dersom dette skulle bli en realitet krevde Jordbrukets forhandlingsutvalg den 13.mai ovenfor staten kompensasjon for økte kostnader, dekning av manglende inntektsøkning 2009-2011 og samme kronemessig inntektsutvikling som andre grupper i 2012 Totalt utgjør kravet 1,7 milliarder. Arbeidsinntekta til den norske bonden er i gjennomsnitt kr. 140.000,- pr. årsverk. Inntekta har ikke steget siden 1978 ifølge NBS-leder Merete Furuberg.

Snytt på nytt
- Jordbruksforhandlingane enda med at Bonde- og småbrukarlaget braut, medan Bondelaget følgde Staten i eit opplegg som resulterer i Bruksnedlegging og færre bønder. Meir gjengroing og tapping av distrikta. Svekka matvareberedskap.
Leiaren i Hedmark Bondelag, Ståle Støen, karakteriserer resultatet som ”Snytt på nytt”.
Dette sier Inge Staldvik i forhandlingsutvalget til Friheten

Positive partivedtak
Så vidt jeg husker har jordbruksoppgjørene aldri resultert i de krav både Bondelaget og NBS satte fram. Hvorfor optimisme denne gangen?
- Faglaga i jordbruket hadde store forventningar etter positive landsmøtevedtak i alle tre regjeringsparti. Landbruksministerens eige parti, Senterpartiet, lova i landsmøtet våren 2011 at ”Inntektsgapet mellom arbeid i jordbruk og andre grupper må tettast”. Storebror i regjeringa, Arbeidarpartiet, lova i sitt landsmøtevedtak at bøndene skulle få ”en inntektsutvikling på linje med andre grupper i samfunnet”. SV vedtok på sitt landsmøte at landbruket skulle få ei kronemessig utvikling på linje med andre.Med slike landsmøtevedtak som bakteppe venta faglaga eit konstruktivt opplegg frå Statens side. Norges Bondelag (NB) og Norsk Bonde- og småbrukarlag (NBS) la i sitt krav opp til å få kompensasjon for auka kostnader, dekking av manglande inntektsvekst i perioden 2009-201, krav til inntektsvekst frå 2011 til 2012, og ein reduksjon av gapet mellom jordbruket og andre grupper.

Hva er det egentlige lønnsgapet mellom dere og andre grupper?
- Gapet mellom jordbruket og andre grupper er på minst 180 000 kroner, og jordbruket la i sitt krav opp til at om lag 15-20 prosent av dette gapet skulle tettast ved årets oppgjer. Både Bondelaget og Småbrukarlaget hadde i utgangspunktet eit ønskje om å tetta inntektsgapet over ein 5-årsperiode. Samla var kravet frå jordbruket på 2,6 mrd kroner. Av dette ville 1,7 mrd kroner vera kompensasjon for auka kostnader, manglande inntektsvekst og inntektsauke frå 2011 til 2012. Statens forhandlingsleiar, Leif Forsell, karakteriserte kravet som ”problematisk”.

Sju dagar på overtid
I siste nummer (5) av NBS avis ”Bonde og Småbruker”, sier Furuberg at demokratiet ikke fungerer når partiene sier at jordbruket skal få et løft, men så er det noen toppolitikere og embedsverket i Finansdepartementet som styrer landbrukspolitikken. Den rødgrønne regjeringen verdsetter i liten grad jordbruksarbeidet, slår hum fast.
- Ja, problema oppsto tydeleg i krysningspunktet mellom regjeringas ønskje om
innstramming og partia sine landsmøtevedtak om løft for jordbruket. Staten skulle normalt ha gitt eit tilbod etter ei veke, men måtte ty til 6-7 ekstra dagar til eigne drøftingar.
Statens første tilbod var på 1 mrd kroner. Leiaren i NBS, Merete Furuberg, karakteriserte dette som ein ”provokasjon mot egne landsmøtevedtak”. Det er ein avgrunn mellom dei fine orda i landsmøta til Ap, SV og Sp og det tilbodet regjeringa presterte å leggja fram.
Jordbruket gjekk ikkje i forhandlingar på dette grunnlaget, men hadde døra open for sonderingar. Under desse sonderingane kom det fram at Staten kunne strekkja seg til i overkant av 1,4 mrd kroner – altså ca 55 prosent av kravet.
Spel for galleriet?
Men Bondelaget forhandlet seg fram til en avtale? Det er stor skuffelse blant mange medlemmer der og flere har meldt seg ut.
- Natt til 16. mai vart det klart at NBS ikkje kunne ta ansvar for ein ny jordbruksavtale med
inntektsnedgang og svekking av næringa. Med brei støtte frå både styre og fylkesleiarar avviste NBS-leiar Furuberg opplegget frå Staten.
Bondelaget ( NB) valde å forhandla, og fekk gjennom desse forhandlingane mindre justeringar innafor ramma på 1,42 mrd kroner. Desse justeringane fekk til ein viss grad inntektsverknad for bøndene, men altså berre 55 prosent av kravet.
Og ikkje berre det. 1,42 er nærare 300 millioner kroner mindre enn det som frå jordbruket vart sett som minstekravet til kostnadskompensasjon og etterslep. Det er lett å skjøna at Bondelaget har eit forklaringsproblem her.
I ettertid kan ein stilla spørsmålet om truverdet til ein organisasjon som går høgt på banen med høge krav, men som etterpå seier seg nøgd med å ha fått gjennomslag for i overkant av halve kravet. Har det heile vore spel for galleriet? Det er ikkje tvil om at det på grasrota i NB er uro, frustrasjon og utmeldingar.

Truverdet
Men er det ikke riktig å gå høyt ut i en forhandlingssituasjon? Mener NBS at de rødgrønne er så mer troverdige ut i fra tidligere erfaringer i jordbruksoppgjør enn andre partier?
- Om NB har spela for galleriet er langt mindre alvorleg enn det spelet som regjeringspartia
har drive. For kan medlemane i Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet ha tillit til at deira eiga regjering følgjer opp vedtak i partiets høgste organ? Jordbrukets organisasjonar valde å ta landsmøtevedtaka på alvor. Og gjekk inn i tingingane med friskt mot og ope sinn. Men landsmøtevedtak om tetting av gap og ”ei inntektsutvikling på linje med andre grupper” galdt ikkje lenger da regjeringa gjekk i forhandlingar. Med kjennskap til den ”disiplin” som gjer seg gjeldande i dei tre regjeringspartia kan vi nok ikkje venta noko opprør. Lojalitet til partileiinga er nok sterkare enn lojaliteten til landsmøtevedtak. Så får heller det gå på truverdet laus… Det er kanskje ikkje så underleg at folk misser tilliten når eit landsmøtevedtak er gyldige i ein knapp månad?, spør Inge Staldvik.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering