DEN SEIGLIVA MYTEN OM FRIHANDEL

(22 - 2016) Framleis er den religiøse trua på frihandel dominerande blant norske og vestlege politikarar.

Edvard Mogstad, historikar

Tidlegare direktør i Konkurransetilsynet, Egil Bakke, skreiv i Aftenposten ein gong at "...all erfaring viser at frihandelen har spilt en nøkkelrolle for økonomisk utvikling og velstandsvekst", og "den frigjøringen av verdenshandelen som har funnet sted etter 1945, kombinert med en sterk realnedgang i transportkostnadene, har trolig mer enn noe annet bidratt til den økonomiske vekst som har funnet sted." (Kronikk 9.5. 94.) Eg sende straks eit svar, men det vart refusert, saman med ei vennleg og faderleg rettleiing frå avlidne redaktør Kjell Hanssen, om at no var frihandelen godteken som den rette ideologien over heile verda. Svaret mitt vart i staden trykt som kronikk i Klassekampen («Myten om frihandel»), i mai 1994. Sia den gongen har tvilen og kritikken mot frihandelen berre vakse og vakse, utan at det har påverka sentrale maktpersonar.

I Stortingsmelding 29 (2014-2015), Globalisering og handel, får vi servert ei kritikklaus lovprising av frihandelen. Det same skjer i Civita-notat nr 2/2015, «Frihandel». Men begge saknar empirisk eller vitskapleg grunnlag for påstandane om frihandelens velsigningar, ved nøye lesing er alt basert på ugrunna utsegner, tru og direkte feil. For eksempel: «En internasjonal videreføring av åpenhet for kapital, varer og tjenester er helt avgjørende for å nå felles målsettinger om vekst og utvikling» (side 33). Men grunngjevinga kjem ikkje – empirien vantar! Eit døme på ein grunnleggjande feil ser vi på side 37 i stortingsmeldinga: «Historiske erfaringer viser at forsøk på industrialisering gjennom importsubstitusjon og proteksjonisme gir ineffektiv produksjon og svak økonomisk utvikling.» Dette tykkjer skrivaren er så viktig at det blir gjentatt ordrett på side 48. Da kan vi spørje oss, kva for historiske røynsler? Meldinga gir ikkje svar på det, naturleg nok, for faktum er at verda har opplevd kraftigare økonomiske vekstperiodar i tidlegare tiår, medan tollsatsane var høge. Det er nok å nemne perioden frå 1870-åra til første verdskrigen og perioden 1945 til byrjinga av 70-åra, da forskjellige GATT-rundar hadde fått tollsatsane historisk låge. Ikkje uviktige land som USA og Tyskland industrialiserte innafor høge tollsatsar. USAs første finansminister, Alexander Hamilton, argumenterte for at sein industrialisering ikkje er muleg utan vernetoll.

Den indisk-amerikanske økonomen Ravi Batra (The Myth of Free Trade, New York 1993) og våre eigne Erik Reinert (Global Økonomi, hvordan de rike ble rike og hvorfor fattige blir fattigere (2004, omsett til engelsk 2007, internasjonal bestseljar) og Rune Skarstein (Økonomi på en annen måte, 2008) har forska på desse problema. Batra var sjølv ein svoren tilhengjar av frihandel, og i byrjinga av 1970-åra skreiv han t.o.m. eit par bøker som støtta frihandelsideen. Men i motsetnad til hovudstrømsøkonomane ønska han å teste hypotesane vitskapleg på den amerikanske økonomien, og Batra kom fram til heilt motsette konklusjonar. Batra viser til at reallønna har sokke kraftig i USA sia 1973. Reallønna til industriarbeidarane var i 1993 nede på nivået til byrjinga av 1960-åra, reallønna til dei butikktilsette var falle heilt ned til 1939-nivå.

 

”Generelt har fordelingen av inntekt i de fleste OECD-land blitt betydelig forskjøvet fra arbeidskraft til kapital de siste 20 årene”
Stortingsmelding 29 (2014-2015)

 

Dette fell samtidig med at delen til utrikshandelen av den amerikanske økonomien fekk eit solid take-off i 1973. Historisk sett har USA aldri vore ein frihandelsnasjon, oftast har tollsatsane ligge på rundt 40 og 50 % og dermed avgrensa delen av utrikshandelens til landets økonomi. Batra: "Den perioden som Amerika hadde sine høgste tollratar, .. var også den som landet hadde sin største økonomiske suksess." Tilsvarande har vi sett i Europa. Da Tyskland, Frankrike og Italia utover i 1870- og 1880-åra ga blaffen i det mektigaste landet, Storbritannia, sin politikk for frihandel, så innførte desse landa vernetollar og fekk endeleg sine industrielle "take-off". Storbritannia var allereie industrialisert og hadde mest å tene på tollfridomen. Dette forholdet peiker Reinert og Skarstein på òg i sine studiar. Norge var den flinkaste guten i engelsk-klassen (lèt det kjent?) og innførte vernetollar først i 1897 og seinare.

Batra fortel om skrivemaskin-produsenten Smith-Corona, som i august 1992 kunngjorde flyttinga av sin skrivemaskin-fabrikk frå New York til Tijuana, Mexico, og oppseiinga av 875 amerikanske arbeidarar samtidig. Grunngjevinga selskapet ga, var klassisk; dei meksikanske arbeidarane ville ta langt lægre lønn. Sett at selskapet måtte betala ein klekkeleg toll for å importere sine skrivemaskiner til USA, ville dei da flytte fabrikken sin til Mexico? - Den verkelege årsaka bak slike fabrikk-flyttingar og følgjande reallønns-nedgang er frihandel, inkje anna.

Stortingsmeldinga vedgår også (side 39-40): «Generelt har fordelingen av inntekt i de fleste OECD-land blitt betydelig forskjøvet fra arbeidskraft til kapital de siste 20 årene … Mange land opplever stagnerende realinntektsvekst for store deler av befolkningen, samtidig som høykvalifisert arbeidskraft og kapitalsterke deler av befolkningen øker sin andel av den økonomiske potten.»

Kronargumentet til frihandelsapostlane er Ricardos teori om komparative fortrinn (1818). Den går kort ut på at alle gjer «det dei er best på». «Byens beste advokat» skriv tilfeldigvis betre enn sekretæren sin på maskin. Likevel bør advokaten konsentrere sin dyrebare tid om det han beherskar aller best, nemleg jus, og overlata maskinskrivinga til sekretæren. Advokatens komparative fortrinn er størst i jus, medan sekretæren har eit relativt komparativt fortrinn i maskinskriving. Så òg med nasjonar, skreiv David Ricardo. Dette høyrest logisk ut, og våre blåruss og unge politikarar, på Civita-kurs, av Rotevatn-typen, har tidleg sett lyset og trykt teorien til sine bryst.

Men teorien har nokre viktige premissar som i dag er heilt forandra. Tidleg på 1800-talet var det vanskeleg å flytte kapital over landegrensene, for ikkje å tala om arbeidskraft. Dessutan var langvegs transport tungvint og dyrt. I dag er stoda den at dersom eit land har absolutte fordelar på mange område, så kan ein relativ komparativ fordel for eit anna land hjelpe lite. Kapital vil uansett vandre dit produksjonskostnadene, det vil seie lønningane og miljøkrava, er lågast, og arbeidskraft kan skaffast frå skaren av dei arbeidslause. På dette trinnet burde dei fleste sjå den vonde sirkelen av stadig lægre lønningar, dårlegare kjøpekraft og etterspurnad, med enda fleire oppseiingar og høgre arbeidsløyse som resultat.
(Både Skarstein og Reinert gir ein grundig kritikk av Ricardos teori i bøkene nemnde ovafor.)

Langvegs handel er for det første ein hovudforureinar på kloden, og svært energi-krevjande. (Dette forsto sveitsarane da dei stemte nei til EØS-avtala, dei ville ikkje ha tungtransporten over Alpane.) Ukontrollert frihandel betyr utflagging av arbeidsplassar til lågtløns-land, og alle blir fattigare som resultat. Frihandel betyr arbeidsløyse og underbetalte, skremte lønnsmottakarar, kua av utflaggingstrusselen.

Med i biletet høyrer også den parallelle teorien, nemleg Ricardos jernlov om lønningar. Den går ut på at følgjene av dette frihandelssystemet vil bli at lønningane til arbeidarane ubønhøyrleg vil pressast ned mot det absolutte minimum, akkurat nok til å halde oppe livet og sikre etterslekta; «reproduksjonen av arbeidskraft». Undrast på om «jernlova» blir dosert på Civita-kursa?

Knepet som frihandelsapostlane oftast bruker, er å blande i hop vanleg, sunn handel med heilt ukontrollert frihandel, og så ta føremonane frå vanleg, historisk handel til fordel for frihandel. Samtidig blir kritikarane framstilt som isolasjonistiske, som knapt vil ha handel i det heile tatt. Og folk vert forvirra og forført.

Kva med Norge?
Vi har ein naturleg masseproduksjon av varer frå eigen grunn som er oppstått pga. ein "naturleg" høg etterspurnad i utlandet, varer som vi ikkje klarer å konsumere aleine. Dette er for det meste råvarer, energi og halvfabrikata som olje, vasskraft, fisk, tre-produkt, metall o.l. Men også vi byrjar å møte veggen eller taket for kor mykje det er muleg å eksportere og importere frå og til landet vårt utan at arbeidsløysa går opp og levestandarden ned. Skal f.eks. klede eller møbel for ein norsk marknad produserast i utlandet av norske selskap pga. fri utnytting av dei store lønnsskilnadene?
Vi treng rett og slett nye, rettvise køyrereglar for verdshandelen, nettopp for å hindre utarminga av sårbare lønnsmottakargrupper og ressurssvake land. På lengre sikt vil både lønnsnivå, levestandard, etterspurnad og verdshandelen tene på dette. I mellomtida må vi avvise urettferdige og idiotiske handelssystem som EU, EØS, TISA og TTIP.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

FRIHANDEL I REVERS?

FRIHANDEL I REVERS?

■ Gjennom flere tiår har mantraet om at frihandel, privatisering, konkurranseutsetting, reduksjon/fjerning av toll, redusert skattenivå og fjerning...


Det nye TTIP KOMMER

Foto: Arkiv, Scanpix

TTIP CETA kommer. Schulz står bak: EU-parlamentet banker gjennom CETA.

Den utpekte SPD-kandidaten til ny tysk kansler er medansvarlig for `salg av ...














Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering

Joomlas feilsøkingskonsoll

Økt

Profileringinformasjon

Minneforbruk

Database-spørringer