Polens ansvar for 2. verdskrigen

Polakkane likar å framstilla seg som uskuldige offer for framand aggresjon. Ser ein på innleiinga til 2. verdskrigen, er det ikkje fullt så enkelt.

Av Olav H. Aarestad

I Izvest ia, 2.9.2009, nemner generalmajor Lev Sotskov ei rad sovjetiske etterøkingsdokument som byggjer på polsk materiale og som tydeleg syner at Polen sette kjeppar i hjula for ein allianse til forsvar av Tsjekkoslovakia mot eventuell tysk aggresjon. Sovjetunionen ville ta del på konferansen i München og ville gje Tsjekkoslovakia og Frankrike militærhjelp for å oppfylla den tjekkiskfranske forsvarspakten i tilfelle aggresjon frå tredjepart. I staden held britar og franskmenn sovjetarane (og tsjekkoslovakarane) ute, og bak ryggen på dei sluttar dei avtale med tyskarane om deling av Tsjekkolsovakia. Også Polen fekk sin bit av bytet i oktober 1938 (en del av nordaustre Tsjekkia); Zaolzie, som vart gitt tilbake til Tsjekkoslovakia etter krigens slutt. Trass sviket hadde ikkje sovjetarane heilt gitt opp vona om å få til ein forsvarsallianse med Storbritannia og Frankrike. I 1939 vart det ført tingingar i Moskva mellom SovjetUnionen, Storbritannia og Frankrike om tiltak mot tysk mogleg aggresjon. I tillegg til at britane freista trekkja samtalene i langdrag ( dei sende ein delegasjon med båt under leiing av ein avdanka diplomat utan fullmakter), var det polakkane som spela ei avgjerande rolle. Sovjetunionen kom med konkrete framlegg om å bruka 136 divisjonar, 5000 panservogner, 5000 fy ved mogleg tysk aggresjon, men dette stranda på at polakkane kategorisk sa at dei ville nekta sovjetarane gjennommarsj over polsk territorium. Frankrike og Storbritannia var vel glade til for å sleppa bindande lovnader om liknande innsats på ein mogleg vestfront. Ikkje minst vona britane på at det skulle lukkast å få Hitler til å venda seg berre austover i sine versaillefredrevansjeplanar. Polakkane sa jamvel at dei ville skyta ned sovjetiske fy over polsk område... Det kom ikkje til nokon avtale i Moskva, sovjetarane hadde endå større grunn til å frykta at vestmaktene ville freista halda seg utanfor Hitlers aggressive framstøytar, når ein ikkje kunne få avtale med Belsebub, fekk ein gjera avtale med Fanden sjølv. Det utsette i alle høve åtaket på SovjetUnionen med to år. Polakkanes rolle er igjen nokså tvilsam. Tyskanrae kravde løysing på Danzigspørsmålet, polakkane synte seg blankt avvisande. Dei trudde dei hadde Frankrike og Storbritannia i ryggen... Men landet vart hærsett utan at vestmaktene løfta ein fnger. Så vidt ein veit kjempa ikkje franske eller britiske troppar på polsk område under heile krigen. Det var sovjetararane som fridde landet – dei gjekk over Curzon-Lina i Lublin 22. juli 1944. Den i sterk grad antikommunistiske „eksilregjeringa“ i London nørte opp under splitting blant dei antifascistiske kreftene, og restar av den opphavlege polske hæren gjekk mange stader til kamp mot kommunistiske partisanar. Det var heller ikkje umogleg at mange av dei stod i leidtog med vilkande tyske styrkar. Igjen hadde det polske borgarskapet ein tendens til å velja Tyskland framføre Russland.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering