Lat dei prata, gjer det gode

”Laissons parler, faisons le bien”, er eit ståande sveitsisk uttrykk, diskresjon er kjenneteiknet på alt sveitsisk humanitært arbeid (jfr. den Internasjonale (eig. sveitsiske) Raudekrossen som arbeider mykje meir stille enn dei nasjonale organisasjonane).

Av Olav H. Aarrestad

I 1901 og 1902 fekk tre namngjevne sveitsarar Nobels fredspris, sidan finn ein ikkje ein einaste sveitsar på den etter kvart suspekte lista jfr. Kissinger, Begin ( aktiv terrorist også i ungdomen), Sadat, Peres og Gorbatsjov m.f. Typisk nok har derimot to organisasjonar med sete i Sveits (Genève) fått prisen i seinare år. Sveitsarar framhever ikkje seg sjølve, og diskresjon er eit kjenneteikn. I ein viss mon kan ein seia det same om svenskane. Ikkje at svenskar er underrepresenterte som mottakarar av Nobels fredspris. På lista står Nathan Söderblom og Dag Hammarskjöld som lysande namn, medan motiva for tildelinga til Klas Pontus Arnoldson (”Norgesvenn”) og Hjalmar Branting (sosialdemokratisk statsminister) var meir tvilsame. Det er likevel tre namn som absolutt saknast på lista, nemelg Folke Bernadotte, Birger Dahlerus og Raoul Nordling. I tidlegare artiklar har vi skrivi om Folke Bernadottes upartiske oppmannsarbeid i konfikten kring Palestina han vart då også drepen ved eit jødisk attentat (Begin et co.?) 17. september 1948 -, og om Birger Dahlerus si uoppslitande pendling mellom London og Berlin sumaren 1939 for å hindra at 2. verdskrigen braut ut. Meir hell med seg hadde Raoul Nordling som gjennom heile krigen virka som svensk generalkonsul i Paris.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering