Fra stordomstida til NAL: Dei vakre linjene til Oslofjord (3) festa seg pa netthinna til ein heil generasjon nordmenn. Tok fyr og sokk ved Tenerife i 1970.
Fra stordomstida til NAL: Dei vakre linjene til Oslofjord (3) festa seg pa netthinna til ein heil generasjon nordmenn. Tok fyr og sokk ved Tenerife i 1970.
Batar er som menneske, dei kan na hog levelader, men kan og fa livslopet avbroti av alvorlege ulukker og krig. Batane til Den norske Amerikalinjen, som sjolv sag dagens ljos i 1910 og gjekk inn i dodskrampe i I983, har hatt varierande livslop, og ofte har dramatikken slatt til for fullt. Mange av skipa har vorti sterkt paverka av historiens gang .  

Av Olav H. Aarrestad

Forste baten, Kristianiafjord, pa 10 669 tonn brutto, levert til NAL i 1913, gjekk pa grunn n?r Cape Race ved Newfoundland den 15.6. 1917 med 1144 passasjerar og mannskap om bord pa tur fra New York til Bergen via Halifax. Alle vart redda i Kristianiafjords eigne livbatar. 28.7. vart baten oydelagd av ein storm for han kunne takast av grunna. Systerskipet Bergensfjord, bygd same stad som Kristianiafjord (Cammell Laird et Co., Birkenhead, like ved Liverpool) og av same bruttotonnasje, heldt stodig krus fram til 15. april 1940 da han vart liggjande i New York etter meldinga om tysk invasjon av Noreg. I november vart han rekvirert av det britiske transportministeriet og gjort om til troppetransportskip. Pa slutten av krigen hadde han frakta 165 000 soldatar og vori 919 dagar i sjoen. Etter krigen gjorde Bergensfjord ei kort tid teneste for NAL att, men vart seld og gjekk mellom anna over til a frakta emigrantar fra Italia til Argentina, sidan overtok eit israelsk selskap for fart pa New York/Israel, og han vart doypt om til Jerusalem. 13.8. 1959 kom han til La Spezia (mellom Genova og Pisa) for a verta hoggen opp. Hovisk og omsynslaus krigforing Den mindre Trondhjemsfjord ( 4248 bruttotonn), bygd i 1911 i Newcastle med namnet Cotswald Range, opphavleg for eit britisk reiarlag, vart kjopt av NAL i desember 1914. 28.7. 1915 vart han stansa av ein tysk undervassbat (U4) da han hadde posisjonen 61,08 N og 03,27 V pa veg fra New York til Bergen med cargolast og fire passasjerar. Det gjekk hovisk fore seg i dei dagar. Mannskap og passasjerar fekk ga i livbatar for Trondheimsfjord vart sprengd i lufta, og undervassbaten tok pa seg a taua livbatane til dei kunne verta tekne opp av den norske siglskuta Glance som sette folka i land i Helsingborg. Lasteskuta Drammensfjord fra same verkstad som Trondhjemsfjord og av same alder, hamna etter nokre ar som britisk og gresk som kinesisk skip, men vart i 1938 kapra av japanarane (i krig med Kina). Han enda sine dagar i ein kollisjon (sokk) pa ein tur fra Muroran til Tokio (5.6. 1940). Vesle Frierfjord (941 bruttotonn), fullfort pa Akers Mek. i 1897 som Salamanca, i NALs eige fra 1915 til 1921, enda sine dagar blesen pa land av ein storm ved Madagaskar (Tamateve) den 27.7. 1927. Romsdalsfjord fekk og kort levetid (1915-1920), den enda som vrak ved Sambro-oya, Nova Scotia den 9.12. 1920. Lillefjord (383 tonn) gjekk ned i storm ved J?ren i 22.1. 1926 Lyngenfjord (5097 bruttotonn)bygd 1903 med namnet Keramiai, i NALs eige 1915-24, vart teken over av den tyske marine etter at han hadde vorti stengd inne pa hamna i Oran (Algerie) 17.6. 1940 og overlaten til Vichyregimet i Frankrike. Med namnet Ste. Marthe vart han torpedert av ein britisk ubat i Messinastretet 14.6. 43. Vi reknar med at britane ikkje brydde seg med a plukka opp moglege overlevande. Under krigen fylgjer fleire tap: Randsfjord (3222 tonn), i 1921-34 i NALs eige, sidan under i finsk eigarskap, vart torpedert av tysk marine den 17.2. 1940. Hovudgrunnen var nok ikkje Tysklands tilhove til Finland pa den tida (Finland hadde enda ikkje tapt i vinterkrigen mot Sovjetunionen), men baten gjekk i trafikk mellom USA og Antwerpen. Paskotet for ataket fra Tyskland mot Benelux-landa vel to manader seinare var nett at Storbritannia og Frankrike skulle ha planar om a invadera Tyskland derifra. Tyrifjord (3080 bt), bygd i 1919, i NALs eige 1921-44, vart sokkt av britisk flyvapen den 19.9. 1944 ved Stavenes fyr sor om Floro. Langfjord (964 b.tonn),) som hadde sv?rt stutt karriere hja NAL (1921), gjekk sidan pa ei mine (9.11.1939) pa ferd mellom Skottland og London. To av mannskapet omkom. Ein ny Trondhjemsfjord (6753 br.tonn, bygd for NAL i 1921) vart sokkt av britisk flyvapen ved Ryvingen fyrhus pa ballastreise mellom Bergen og Kristiansand. Tonsbergfjord (3156 br.tonn) vart sokkt av ein italiensk ubat vest for Bermuda pa veg fra Bombay til New York (6.3.1942). Ein av mannskapet omkom. Tysk marine sokkte Randsfjord (2) (3999 br.tonn) pa veg fra New York til Liverpool (22.6. 1940). Fem av mannskapet omkom. Den tyske krigsmarine kverrsette Kongsfjord (4000 br.tonn) pa Oslo hamn 17.5. 1940, bygde han litt om og doypte han Sperrbrecher 15, sidan kalla Gonzheim og nytta til rekognoseringsfarty for slagskipet Bismarck. Britiske marinefarty avskar baten i juni 1941, og mannskapet ville sokkja han og sette fyr pa, men vraket vart visst drivande, for baten vart seinare torpedert av britane. Passasjerskipet Oslofjord (2) (18673 bt.) hadde ei stutt levetid (1938-40). Det gjekk pa ei mine ved elva Tyne i England i cargofrakt fra Halifax, Nova Scotia i januar 1941 og vart totalvrak. Ein av mannskapet omkom. Fredstid og nedgangstid Etter krigen fylgjer ei rolegare tid for batane til NAL, det er framleis tale om nokre skipbrot (bl. a. Foldenfjord i 1947), men batane vert stort sett hogne opp etter utfort teneste som den aktverdige Stavangerfjord (12977 bruttotonn), i trafikk fra 1918 til 1964. Sprekingen Idefjord (berre 147 bruttotonn) fra 1911, var i 1995 rapportert framleis i teneste, no under kypriotisk flagg. Med sine 84 ar minst, er vel det selskapet si vesle old lady. Mektige Oslofjord (3) (16844 bt) stod ferdig i 1949. Fra 1969 gjekk han over i cruisefart (Fulvia). 19.7. 1970 var det ein eksplosjon i maskinrommet og baten tok fyr. Han sokk for Tenerife hamn kunne naast.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering