India - ein sosial katastrofe

(Nr 46 - 2006) Jalandhar, Punjab, India -30.11. Det som slår en sterkast i India, er penganes makt.

Av Olav H. Aarrestad

Kapitalismen har kasta det gamle kastesystemet over bord; på overflata råder nok framleis religion og tradisjonar, under overflata er det eigedom, pengar og whiskey som gjev livsinnhald.


I staten Punjab der sikhane er vortne mektigare enn nokon gong - mykje på grunn av utvandring
til Europa og Nord-Amerika med etterfylgjande investeringar og pengeoverføringar til slektningar i
heimlandet - er det enorm skilnad på dei som eig noko, alt frå land til motordrosje, og dei
eigedomslause.

Romas slavar hadde det truleg ikkje dårlegare enn dei eigedomslause i India der det har vori og er
stor intern folkevandring frå fattige statar i nordaust mot vest.

I Punjab er dei hardt arbeidande hender langt mørkare enn på dei bufaste. Punjabs slavar kjem fra
Uttar Pradesh og først og fremst frå Bihar. Bihar er ein stat på storleik med halve Tyskland og med
100 millionar ibuarar. 30% kan lesa og skriva. Det dreier seg om små, seige, mørkhuda menn som
søv på golvet på arbeidsplassen eller i pedaldrosja dei trakkar rundt på med som oftast halvfeite
sarikledde kvinner i. Familien er att i Bihar, heile tilveret deira går ut på å skrangla saman ein sum
dei kan fø familien på, under kjeft og vondord frå herrefolket.

Dei tek ikkje att, bøygjer berre hovudet. Ein høyrer dei knappast seia noko, endå sjeldnare ser ein
eit smil i andletet. Bihar-gutar heilt ned i sjuårsalderen kan verta hyrte inn på gardsbruk på Punjab-
sletta. Veslevaksne og frendelause gjer dei sin vaksne dont utan rettar og med ei rad plikter. Det
einaste dei kan gjera om det vert for ille, er å dra sin kos, stamnsbundne er dei ikkje.

Typisk for tilhøva er at det er rismølleeigarane som streikar for tida ; ikkje dei 150 000 arbeidarane.
Dei kunne nok trenga betre løn og arbeidsvilkår. Eigarane har stengt møllene i protest mot statleg
regelverk for vraking av dårleg ris.

Haldninga (eig du ingenting, er du ikkje ein skit verd) pregar dette største demokratiet i verda, mykje
av tilveret går difor ut på å syna seg fram - beste høvet er gedigne bryllaup, som er vorti ein rein
industri med svære giftarmålspalass i utkanten av kvar by med sjølvrespekt. Det er berre dei aller
mest påkosta templa som kan tevla med dei i prakt og krimskrams.

India er beint fram ein sosial skandale, eit eklatant døme på at frie val og demokrati ikkje garanterer
mot noko som helst: ikkje mot fattigdom, ikkje mot dødsstraff - ved henging. Dei tallause private
fjernsynskanalana dundrar og går i reklame og det støyande, vellukka, moderne livet. Der kan
ein til dømes få rettleiing i vanskelege situasjonar i livet - som til dømes dette rådet: Ikkje tilset ein
tenar utan å få han sjekka av politiet. Gjer du det ikkje, kan det føra med seg fåre for ditt liv og
eigedom. Så veit ein det.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering