(Nr 43 - 2006) Britane gjer det slik at dei “nedgraderer” gjennom stoff som blir publisert i tidsskriftet Intelligence Quarterly Magazine. Som namnet seier, kjem dette tidsskriftet kvart kvartal, altså fire gonger årleg. CIA har eit tilsvarande tidsskrift.

Av Kjell-Arnt Labukt

Den britiske konservative parlamentarikaren Rupert Allason er redaktør av dette tidsskriftet, og
nyttar psevdonymet Nigel West. Han har skrive fleire bøker om britisk etterretningsteneste.

I ein telefonsamtale med Asssociated Press i november 1990 sa dette britiske psevdonymet og
talerøyret for britisk etterretning dette: “Vi var tungt involverte og er det framleis ... i desse
nettverka.” (Gladio/Stay behind). Vidare sa dette britiske forfattarpsevdonymet at britane “heilt
visst, saman med amerikanarane finansierte og hjelpte til med drifta” av desse nettverka. Og at
CIA og MI6 var beinveges involverte.

“Dei folka som inspirerte det, var dei britiske og amerikanske etterretningsagentura.” Vidare sa
psevdonymet her at etter 1949 var Stay behind-armeane koordinerte av NATOs “Kommando-
og kontrollstruktur for spesialstyrkar.” Dei britiske spesialstyrkane, SAS, spela her ein vesentleg
rolle.

Denne meldinga frå Associated Press blei offentleggjord 14. november 1990. Her kan vi ta eit stutt
historisk tilbakeblikk, der eg støttar meg til Christopher Andrew: For The President’s Eyes Only.
Secret Intelligence and the American Pressidency from Washington to Bush. Då Første verdskrig
braut ut, hadde amerikanarane ikkje noko militært etterretningsverk for utlandet.

Dei britiske dødsdomane og henginga av leiarane for det irske Påskeopprøret i Dublin i 1916 vekte
avsky over heile USA, og amerikansk krigsdeltaking då var utenkjeleg. For å få USA med i
Første verdskrig greip britisk militæretterretning inn, på amerikanarane si side. Korkje senkinga
av passasjerskipet Lusitania i mai 1915 eller tyskleia sabotasjeaksjonar i USA påverka den
nøytralistiske haldninga til amerikanarane. Lusitania var eit passasjerskip, men var elles søkklasta
med amerikansk ammunisjon på veg til Storbritannia. Men britane si etterretningsverksemd i USA
etter senkinga av Lusitania var heilt avgjerande for at USA blei med i Første verdskrig.

Britane var langt komne i militær etterretning. Dei hadde langvarig røynsle både frå Europa,
verdshava og koloniane. Ein sentral menn, både for britane og amerikanarane, var her den britiske
etterretningsagenten Reginald Hall. Han stod i kontakt med den amerikanske ambassaden i London,
og blir rekna som den dyktigaste etterretningsagenten under heile Første verdskrig. Han gjekk under
namnet Blinker Hall, fordi han blinka svært sterkt og særeige med auga, ved visse høve.

Den tysk-austerrikse spionasjen og sabotasjen i USA var klønete og uprofesjonelt utførd. Faktisk
klarte amerikanarane sjølve å oppklåre mykje av det gjennom FBI. Men avkryptering av kodar,
var det britane som gjorde. Såleis kunne Reginald Hall og andre britar underrette Washington om
kva som hende, både i Europa, på Atlanteren og i USA. President Wilson hadde derfor stor tillit til
britisk militæretterretning ved byrjinga av år 1917.

17. januar 1917 hadde Reginald Hall det han trong for å få med USA i krigen. Ein annan brite
dekrypterte “Zimmermann-telegrammet,” og synte innhaldet til Reginald Hall. Den tyske
Utanriksminister Arthur Zimmermann sende eit telegram til Mexico, via den tyske ambassaden i
Washington. Telegrammet lova massiv støtte til Mexico, dersom USA og Tyskland -Austerrike
kom i krig.

Blinker Hall og ein annan brite “sexa opp” frå den tyske utanriksministeren til å bli ei de facto tysk
krigserklæring mot USA. Dette telegrammet er ikkje nemnd i undervisningsverk eller “folkelesnad”
i historie. Derimot florerer framleis den grovt feilaktige påstanden om senkinga av Lusitania som
årsak til amerikansk deltaking i Første verdskrig.

Kan hende skal ikkje “publikum” i dag vite at det var britisk militæretterretning som fekk USA med
i Første verdskrig, ved å “sprite opp” eit tysk telegram. Faktisk kjende ikkje President Roosevelt
heller til det britane gjorde, så seint som i 1941. Den britisk-amerikanske fiaskoen etter landgangane
i den nyoppretta Sovjetunionen sommaren 1918 involverte sjølvsagd også litt etterretningssamarbeid.

Deretter følgde faktisk ei stutt tid med gjensidig mistanke mellom USA og Storbritannia. Dette
hadde særleg med verdshandelen å gjere. Britane likte ikkje den snøgt veksande amerikanske
handelsflåten. Først på 1920- talet såg britane på USA som eit økonomisk trugsmål, også mot
britiske koloniar. Keisar-Tyskland var knekt som potensiell imperialistrival for britane med
Versaillesfreden. USA hadde alt etablert seg i Søraust-Asia, og hadde økonomiske interesser i
Latin-Amerika. Både Frankrike og Storbritannia sakka etter USA, som låg fremst i Verda i
teknologi og produktivitet, og samstundes hadde mykje ressursar på eige territorium. Det var til
dømes Første verdskrig som fekk europearane til å forstå den strategisk avgjerande rolle oljen hadde
fått. USA hadde her mykje, Frankrike og Storbritannia ingen ting på eige territorium.

Men britane roa seg, då amerikanarane utelukkande interesserte seg for Japan og delar av
Søraust-Asia der britane ikkje hadde interesser. Britane fekk derfor vite dette i 1921: Amerikanarane
dekrypterte japanske meldingar som synte at Japan i dette året planla storstilt japansk landgang i
Sibir, for å leggje under seg austlege delar av Sibir. USA nytta så denne informasjonen til å presse
ned storleiken på den japanske militærmarinen, ved forhandlingar med Japan om relativ storleik
mellom amerikansk og japansk militærmarine. Under Den russiske borgarkrigen 1918-21 hadde
bolsjevikane drive dei japanske styrkane i Sibir attende. Den nye planlagde japanske storinvasjonen
i Sibir ville gje Japan eit militært og økonomisk overtak i Aust-Asia, dersom han lukkast.
Amerikanarane ville ikkje tillate dette. Ikkje av sympati for bolsjevikane, men av omsyn til eigne
interesser.

Dei amerikanske presidentane Harding, Coolidge og Hooverr lite interesserte i utanrikspolitikk. Om
President Calvin Coolidge blei det sagd at han hadde “ikkje eit einaste internasjonalt hår på
hovudet.” Derimot blei 1920- talet tida for trakassering av den amerikanske politiske venstresida.
“The Big Red Scare,” som det heiter. Der meir og mindre skrullete amerikanarar trudde “dei raude”
var i ferd med å innføre Bolsjevismen i USA.

Andsynes Europa blei derimot USA lite utvikla, kva galdt internasjonal etterretning. Amerikanarane
kunne ikkje dekryptere franske, britiske eller tyske kodar etter 1921. Heller ikkje var amerikanarane
i stand til å dekryptere sovjetiske kodar.

Britane kunne opne alle kodar, men frå 1927 klara dei ikkje lenger å dekryptere sovjetiske kodar.
Med Andre verdskrig blei britiskamerikansk samarbeid i militær etterretning kraftig utvida. President
Roosevelt ville ikkje halde fram dette etterretningssamarbeidet etter krigslutt. Men to veker etter
president Roosevelts død i april 1945, var britane og amerikanarane i full gang med å utvikle dette
etterretningssamarbeidet mot “den nye fienden Sovjet,” som Christopher Andrew skriv i boka For
The President’s Eyes Only.

Og med Den kalde krigen, som Allen Dulles leia alt medan den “varme” gjekk føre, frå 1943 av,
blei britiskamerikansk etterretning stendig meir samanvove, til Bush-Blair i dag. Suezkonflikten
i 1956 var britanes siste freistnad på ein sjølvstendig utanrikspolitikk. Det gjekk ikkje. USA og
Storbritannia gjekk derfor i tett omfemning, medan franskmennene etter Suez i 1956 slo inn på ein
meir sjølvstendig veg.

Jamfør den tette omfemninga President Regan/Margareth Thatcher. Det bør her nemnast at under
Andre verdskrig gjekk Australia også inn i tett etterretningssamarbeid med USA og Storbritannia.
Den australske sida i “trekanten” her har blitt stendig styrka, også i Etterkrigstida. Jamfør den
australske ECHELON-stasjonen. Desse tre landa er i dag så tett samanvovne militært at det er
vanskeleg for britane å føre nokon sjølvstendig utanrikspolitikk. “Bush-Blair,” som Chomsky skriv,

Det nemnde verket til Richard Aldrich: The Hidden Hand. Britain, America and Cold War Secret
Intelligence er den offisielle standardvarianten av dette samarbeidet fram til midten på 1960-talet.
Det aller, aller meste er det berre svært få som kjenner til. I praksis har innvigde spesialistar her
berre kjennskap til eit lite område, i sak, tid og stad.

Korkje CIA-arkiv eller arkiva til MI6 blir opna. I etterretnings- og militærtidsskrift blir det trykt
artiklar, skrivne av CIA og MI6, sjølve. Litt “lek ut” gjennom sentrale tidlegare aktørar, frå tid til tid.
Nesten berre frå CIA. Heilt perifer, avslutta CIA-verksemd, som “Komiteen for kulturell fridom,”
er i dag noko kjend. Vi kjenner namna på sentrale aktørar, men ikkje kor mykje pengar kvar einskild
CIA-tilsett i denne komiteen fekk.

Slik Daniele Ganser syner i boka NATOs Secret Armies. Operation Gladio and Terrorism in
Western Europe, så er alt som rører ved militær verksemd framleis klassifisert i CIA og MI6- arkiv.
Desse arkiva skil seg derfor frå ordinære militærarkiv.

Jamfør elles den amerikanske ECHELON-stasjonen i Fyllingsdalen, Storbritannia. Militært og
økonomisk er USA og Storbritannia tilnærma “siamesiske tvillingar,” kva gjeld etterretning. USA
har i dag 16 agentur som driv etterretningsarbeid av ulikt slag. Kvart agentur, CIA, det mest kjende,
har så hopetal med underkomitear til ei kvar tid.

Britane si særstilling i Europa kjem tydeleg fram også hos Daniele Ganser. I Newsnight BBC 4. april
1991 blei dette påpeika: “Storbritannias rolle i etableringa av Stay behind- grupper i Europa var
absolutt avgjerande.” Vidare kritiserte nyheitsopplesaren i BBC MI6 og Det britiske forsvarsdepartementet for å halde attende all informasjon om emnet, medan “det har kome fram i
etterkant av avsløringane av Gladio i Italia at desse landa også hadde sine Stay behind- grupper:
Belgia, Frankrike, Nederland, Spania, Hellas og Tyrkia.

Jamvel i nøytrale Sverige og Sveits har der vore offentleg debatt om emnet. Og i nokre tilfelle er
undersøkingskomitear blitt sette opp. Likevel hender ingen ting i Storbritannia. Med unnatak av den
vanlege kommentaren frå Forsvarsdepartementet om at dei diskuterer ikkje emne som gjeld nasjonal
tryggleik.”

Nyheitsopplesar John Simpson på BBC peika vidare på kor opptekne britane hadde vore av alle
skrekkhistoriene om Aust-Europa som var komne fram etter Berlinmurens fall, og han føydde
til: “Kunne vår side ha gjort noko liknande?” Så “svara” han med sterkt ironisk intonasjon:
“Sjølvsagd ikkje.”

Nyheitsopplesaren sa vidare: “Likevel har opplysningane om misgjerningar frå NATOs mest
løynlege tenester teke til å sive ut. I Italia undersøkjer ein parlamentarisk kommisjon den løynlege
armeen, sett opp for å gjere motstand i tilfelle sovjetisk invasjon. Dette har ført til avsløringa av
tilsvarande løynlege styrkar i Europa. Men den italienske gruppa, Gladio, er under mistanke om å
vere innblanda i ein serie av terroristbombingar.”

Ingen ting hende, før i juli 1995. Då opna ei avdeling i Imperial War Museum som blei kalla
“Løynlege krigar.” Ved inngangen til dette “Imperiale” krigsmuseet stod denne teksten: “ Det
De no skal sjå i denne utstillinga har i mange år vore del av landets best nøye overvaka løyndomar.
For første gong er dei blitt tilgjengeleg for publikum. Og viktigast av alt; det er sanninga... Fakta er
meir utrulege og spennande enn fiksjon.”

Det siste er så avgjort rett, det er eg samd i. Fiksjon, særleg på film, kan vere ein framifrå måte å
forvrenge fakta på. På spelefilm blir krigane frå Napoleonstida framstilla som fargesprakande
festivalar med soldatar i fengande paradeuniformer. Faktum er at dei soldatane som fall ved Leipzig,
hadde på seg filler frå både franske, russiske og tyske uniformer, på same tid.

Så på ein bortgøymd stad, i eit vindauge: Ein “Faktaboks” fortalde at: “Mellom MI6 sine
førebuingar for ein Tredje verdskrig var opprettinga av “Stay behind”-grupperingar som var budde
til å operere bak fiendens liner, ved ein sovjetisk invasjon i Vest-Europa.”

Same stad stod ein boks full av eksplosivar. Her sa teksten: “Eksplosivutrustning utvikla av MI6
for å løynast i potensielt fiendtleg område. Denne utrustninga kunne vere nedgraven i årevis utan at
innhaldet tok skade.” Så vidare på ein stad der det var vanskeleg å leggje merke til: ”I britisk
okkupasjonssone i Austerrike blei underoffiserar frå Royal Marines løyste frå vanleg teneste for å
førebu våpenlager i fjella og ha samband med lokalt rekrutterte agentar.”

To tidlegare MI6-offiserar var nemnde ved namn i denne utstillinga i denne bortgøymde utstillinga
over MI6 og Stay behind i Imperial War Museum, Simon Preston og Michael Giles. Desse to
stadfesta så følgjande for Michael Smith: På slutten av 1940- og først på 1950-talet hadde britane og
amerikanarane oppratta Stay behindeiningar i Vest-Europa. Simon Preston og Michael Giles blei
i den samanheng sende til ein militærleir ved Portsmouth o-terror i England der MI6 dreiv opplæring.

Opplæringa her var “realistisk” nok. Til dømes fylte dei sand inn i oljelagra på hjulakslingane på
jarnbanetog. Friksjonen frå sanden gav overoppverming i hjulakslingane, og skade på dei. Men
som ein av dei sa: “Det var ikkje vårt problem. Vi utførde oppdraget vårt.”

Så blei dei sende til Austerrike for rekruttering og opplæring av austerrikske Gladio-agentar, og der
hadde dei tilsyn med “underjordiske bunkerar, fylde med våpen og forsyningar” for Gladio i
Austerrike, som hadde blitt oppretta av “MI6 og CIA”. Då Daniele Ganser vitja hovudkvarteret
til MI6 i London i 1999 i samband med boka han heldt på med, var svaret: “MI6 kommenterer
ikkje militære løyndomar.”

Stay behind-armeane var ikkje ordinære “militære løyndomar.“ Derimot var dei hærstyrkar som
førde eit parallelliv til ordinære militærstyrkar i NATO-landa. Dei stod under sentral NATO-kontroll,
med CIA og MI6 som “utøvande makt,” og blei altså også nytta til terrorverksemd i NATO-land,
i politiske føremål, der det slett ikkje var snakk om “sovjetisk okkupasjon.“

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

nato

terror


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering