(Nr 42 - 2006) Terrorverksemda i Vest-Europa på 1980-talet ligg så nær i tid at arkivmaterialet nok framleis er gradert. Det ville verke svært kompromitterande, også på “Det nye NATO,” om terrorverksemda på 1980-talet skulle bli kjend i større omfang. Endå meir avgjerande er at alt som no heiter “terrorisme,” utan vidare skal knytast til muslimar.

Av Kjell-Arnt Labukt

Derimot kan Ganser nytte mykje stoff frå folk som ikkje lenger er i teneste, men har hatt slik teneste
tidlegare. Også anonyme kjelder er viktige her. Det er lett å slå fast om det slike anonyme kjelder
seier er korrekt, eller berre oppspinn.

Ganser kunne kontrollere brikkene frå ulike land og til ulik tid og finne eit mønster her, likevel. Han
kunne også få vite noko gjennom ambassadar. CIA har heile tida vore sentral, her som på andre
område, i etterkrigstida. Då det kom til sensitive område, var der heller ikkje noka hjelp å få av
tidlegare CIA-agentar.

Sjølvsagd var det ikkje “kven som helst” innan CIA som fekk noko innsyn her. Og jamvel om
tidlegare CIA folk kan vere nokså fritt- talande i ettertid, er der visse område dei ikkje snakkar om.
Stay behind er eit slikt område.

Richard Nixon var i si tid nestkommanderande i CIA. Nixon har gjeve denne definisjonen: “Ved
løynlege tenester forstår eg slike aktivitetar som er utforma til å fremje USAs interesser i utlandet.
Og det utan at det kan påvisast at den amerikanske regjeringa er beinveges involvert.” Så vidt eg
veit har heller aldri det amerikanske utanriksdepartemente kommentert verksemda til CIA, også
der det er velkjend at CIA har vore aktiv.

Daniele Ganser legg så fram ei nokså omfattande liste over praktiske døme på slike “løynlege
tenester” her og det mønsteret dei har. Mange av dei er alt kjende for lesarane av Friheten.
10. september 2006, er det til dømes ”streik” i nokre provinsar i Bolivia. I si tid var det “streikar”
også i Chile, før Pinochet “ordna opp” - i lag med CIA. Jamfør Kovel: Red Hunting in The
Promised Land.

FBI sin definisjon av “terrorisme” er denne: “Terrorisme er ulovleg bruk av makt og vald mot
personar og eigedom. Då for å skremme eller overtyde ei regjering og folket, eller ein del av det,
for å fremje (terroristanes) eigne krav.” Ut i frå dei nemnde døma Ganser gjev, blir derfor CIA å
rekne som ein terrororganisasjon. Slik seier Ganser det sjølv. Eit avsnitt på side 33 hos Ganser gjev
eit illustrerande døme på kor sensitiv verksemda til Stay behind-gruppene er, og blir omsett her:

“Debatten om eksistensen eller ikkjeeksistensen av “ei løynd regjering” i USA held fram. Under
alle omstende provar fakta at CIA og Pentagon gjentekne gonger har handla utanfor demokratisk
kontroll under Den kalde krigen. Prova rundt Gladio syner det. Også etter slutten på Den kalde
krigen har CIA og Pentagon halde fram med å vere utanfor kontroll i det dei tek seg føre. Sjef for
CIA 1977 -1981, admiral Stanfield Turner, nekta i desember 1990 konsekvent å svare på spørsmål
om Gladio på italiensk TV. TV-journalisten bad Stanfield Turner å syne respekt for ofra for dei
mange massakrane i Italia, ved å svare på spørsmålet. Den tidlegare CIA-sjefen, Stanfield Turner,
reiv av seg mikrofonen og ropa i raseri: ”Eg sa: Ingen spørsmål om Gladio!” og dermed var
intervjuet slutt.”

Tidlegare CIA-offiser Thomas Polgar er alt nemnd. Han var i aktiv teneste i CIA i 30 år, og slutta
der i 1981. Han er ein av dei få CIA-folka som har gjeve informasjon rundt Stay behind. I 1991 var
Polgar med og vitna mot at Robert Gates skulle få stillinga som CIA-sjef, fordi Gates hadde vore
med på å dekkje over Iran-Contra-skandalen. I april 1992 hadde det amerikanske tidsskriftet The
Nation eit intervju med Thomas Polgar, der Polgar blei spurd om verksemda til dei løynlege
Gladio-armeane i Europa.

I intervjuet sa Polgar at Stay behindprogramma var koordinerte i ”ei slags plangruppe for
ukonvensjonell krigføring og knytte til NATO.” I løynlege hovudkvarter møttest sjefane for dei
nasjonale løynlege armeane i hovudstadane i NATO-land, annan kvar månad, sa han vidare. Polgar
insisterte på at “dei einskilde landa dreiv denne tenesta med ulik intensitet.” Og han vedgjekk at “
i Italia gjekk nokre personar litt utanfor det som var føremålet frå NATO-hald, på 1970-talet.”

Det Polgar eigentleg ville seie her var at drap på 491 personar i Italia i regi av NATO var å gå for
langt i fredstid. Vi må her hugse på at Stay behind hadde to program. Eit for verksemd i fredstid, og
eit for verksemd under borgarkrigsliknande tilstand eller framand okkupasjon.

Journalist Arthur Rowse er alt nemnd. Han hadde vore i redaksjonsstaben i Washington Post.
Den nemnde artikkelen til Arthur Rowse i tidskriftet Covert Action Quarterly, sommaren 1994, har
også med dette om Gladio i Italia: “Så lenge folk i USA er uvitande om dette mørke kapitlet i
amerikansk utanrikspolitikk, vil aktørane her høyre lite kritikk. Slutten på Den kalde krigen endra
lite i Washington. USA ... ventar framleis på ein ekte debatt om kva som er gagnlege mål og middel
for vår nasjonale tryggingspolitikk.” Namnet på denne artikkelen til Arthur Rowse var altså The
Secret US War to Subvert Italian Democracy. Omsett “Den løynde amerikanske krigen for å
undergrave italiensk demokrati.”

Den amerikanske institusjonen “National Security Archive” held til ved George Washington
University i Washington. Dette er ein av dei få amerikanske institusjonane der den maktkritiske
amerikanske tradisjonen har overlevd, så langt. USA har ein lov som heiter “Freedom of Information
Act.” Noverande “Patriot Act,” som høyrer heime i eit totalitært samfunn, er motpolen til nettopp
“Freedom of Information Act.” Føremålet med “Patriot Act” er sjølvsagd å kneble også “Loven om
informasjonsfridom.”

Denne loven om informasjonsfridom slår fast at alle avdelingar innanfor amerikansk politisk
leiarskap på føderalt nivå har ansvar for at dei handlar i samsvar med amerikansk lov. Det inneber
igjen at der skal kunne stillast offentlege spørsmål til desse maktinstansane. Og at dei har
informasjonsplikt.

I april 1991 leverte leiaren ved “National Security Archive,” Malcolm Byrne, inn ein førespurnad til
CIA. Formelt soknar CIA under State Departement, det amerikanske utanriksdepartementet. Dette
er ein tom formalitet, no. Presidenten tilset CIA-sjefar, og same kva CIA blir avsløra i, går ansvaret
her aldri til topps i utanriksdepartementet, langt mindre til Presidenten.

Det er derfor saka rundt Valery Plame er så spesiell. Ein CIA-agent i aktiv teneste blir namngjeven
frå “indre krinsar” rundt President Bush. Så vidt eg veit, har slikt aldri hendt tidlegare. Formelt er
nemleg den amerikanske presidenten ansvarleg for alt CIA tek seg føre, til ei kvar tid. Førespurnaden
frå “National Scurity Agency” inneheldt spørsmål om CIA verksemd i tidsrommet 1951-55 som
kunne klårgjere verksemda til Stay behind-gruppene. I juni 1991 kom svaret frå CIA: “CIA kan
korkje stadfeste eller avkrefte eksistensen eller ikkjeeksistensen av dokument som kan svare på ditt
spørsmål.”

Malcolm Byrne i “National Security Archive” appellerte på nytt til CIA.. Nok ein gong fekk han
avslag. Denne gongen blei avslaget grunngjeve i to “unntaksparagraffar” i “Freedom of Information
Act.” Desse “unntaksparagraffane” omfattar 1: “Klassifisert som avgjerande for nasjonalt forsvar
eller utanrikspolitikk.“ 2: “Direktørens (CIA) statutt om å forhindre offentleggjering av
etterretningskjelder eller metodar. Så vel som dette gjeld organisasjonar, funksjonar, namn, yrke,
økonomiske vederlag eller tal på personell tilsette i CIA. Dette er i samsvar med “National Security
Act” frå 1947 og “The CIA Act” frå 1949.” Stutt sagd: Dokumenta om Stay behind som gjev svar
på alle spørsmåla frå Malcolm Byrne i “National Security Archive,” eksisterer i arkiva. Men dei er
framleis klassifiserte.

Dei tilsvarande freistnadene i Europa gav tilsvarande resultat. I 1995 freista ein kommisjon frå
Senatet i Italia å få vite meir hos CIA om mordet på statsminister Aldo Moro i 1978. Dei fekk eit
tilsvarande svar som Malcolm Byrne hadde fått. I italiensk presse heitte det derfor: “CIA har avslege
kravet om å samarbeide med parlamentkommisjonen om mysteria rundt kidnapping. Aldo Moro er
ein statsløyndom for USA.”

I januar 1996 sende også austerrikske styresmakter ein førespurnad til leiinga i CIA. Bakgrunnen her
var at umiskjennelege CIA-våpendeponi blei funne innan grensene av det nøytrale Austerrike.
Svaret frå amerikansk regjering var at USA ville dekkje dei økonomiske kostnadene som fjerninga
av desse våpendeponia medførde. I november 1997 hadde den austerrikske regjeringa, her leia av
innanriksminister Michael Sika, ferdig ein rapport om alt som var råd å finne ut om våpendeponia til
CIA i Austerrike. Rapporten med tilhøyrande spørsmål blei så sende til CIA.

Svaret frå CIA var identisk med svaret Italia fekk om mordet på Aldo Moro i Italia. Og
austerrikarane jamra over at CIA var upålitelege for handlingane sine. CIA-sjefen sine
nedgraderingsfolk synte heile tida til ein eller to unntaksparagraffar i “Freedom of Information
Act.” Svaret til austerrikarane var dermed det same som til andre nasjonar. Arkiva er intakte, men
blir ikkje nedgraderte.

Dei førespurnadene som blei retta til MI6 gav dette resultatet. Først i 1994 kom der eit “svar” som
slo fast at MI6 dreiv etterretningsarbeid i utlandet. Dette var “svar” i den forstand at
utanlandsetterretninga til MI6 ikkje blir offentleggjord av MI6 sjølv. Talspersonar for den britiske
regjeringa avslo også alt av kommentarar. MI6 er nøyare kontrollert av den britiske regjeringa, og
har eit smalare operasjonsfelt enn CIA. Som kjend driv CIA med “alt mogleg.” Her til lands var CIA
med i redaksjonen til tidsskrifta Minerva og Farmand. Endå meir spelerom fekk CIA her til lands
gjennom “generalsekretæren” i Det norske Arbeidarparti, Haakon Lie.

CIA har drive promotering av abstrakt kunst, og “modernistisk” litteratur. CIA har vore med på å
styrte eller undergrave heilt legale og demokratisk valde regime som Allende i Chile og MPLA i
Angola, på 1970-talet. CIA har vore med på å utløyse ekstremitetar av tortur og folkemord. Den
amerikanske presidenten får dagleg ei “briefing” der også aktuell verksemd til CIA er omtala. Dette
bør vi ha i mente. Christopher Andrew skriv nokså utførleg om desse daglege “briefingane” for
amerikanske presidentar i etterkrigstida. Tidlegare CIA-sjef Tenet fungerte som “utanriksminister 2”
dei første åra av 2000-talet. Han førde forhandlingar med utanlandske statsleiarar, som blei refererte
i media, og “ingen” reagerte på det.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

usa

terror

cia


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering