Likvideringslistene

(Nr 41 - 2006) Innpå ein månad etter statsminister Andreotti hadde gjord italienske senatorar kjende med Gladionettverket kom der eit dementi frå mangeårig NATO-talsmann Jean Marcotta. Her heitte det: “NATO har aldri vurdert eller oppretta gerilja eller løynlege operasjonar. NATO har alltid sysselsett seg med militære saker som gjeld forsvar av allierte grenser.”

Av Kjell-Arnt Labukt

Dette var så tøvete at NATO-hovudkvarteret måtte rykkje ut med eit kommunike dagen etter.
Dette kommunikeet gjekk ut på at det Jean Marcotta hadde sagd dagen før, var gale. I tillegg sa
dette stutte kommunikeet at NATO aldri kommenterer militære løyndomar, og at det var gale av
Jean Marcotta å seie noko som helst.

I Storbritannia og på kontinentet følgde presseoppslaga tett i tett, med saker som utan tvil hadde
samanheng med NATOs Stay behind-verksemd. 15. november 1990 kom så denne pressemeldinga
frå ein anonym NATO diplomat, gjennom Reuters. “Sidan dette er ein løynleg organisasjon, vil få
spørsmål bli svara på, jamvel om Den kalde krigen er over. Om der har vore tilknyting til
terrorverksemd, så vil dette vere svært vanskeleg å få stadfesta. Kva skulle elles vere gale med å
førebu motstand, dersom ein trur Sovjet ville gå til åtak? ”

Det som alt hadde kome fram i aviser som spanske El Pais, i dei britiske The Guardian, The
Observer og The Independent, var for truverdig til at NATO-leiinga berre kunne oversjå det.

Det følgde derfor fleire løynlege møte seinhausten 1990. Generalsekretær i NATO, tyskaren
Manfred Wörner, hadde nemleg bede om meir tid for å gje ei “avklåring”. Øvstkommanderande i
NATO (SACEUR) var som alltid ein amerikanar. Ved dette høvet den amerikanske generalen
John Galvin.

Offisielt heldt NATO fast ved at der ikkje hadde funnest nokon løynleg hær innan NATO. Dette
blei likevel moderert av det anonyme NATO-kjelder let leke ut. Desse kjeldene fortalde til dømes
at Stay behind hadde vore ein del av NATO heilt frå skipinga i 1949. I Italia, kom det fram, blei
Gladio oppretta alt i 1947.

Men samstundes blei det oppretta ein motinformasjonsstrategi av sjefane for dei løynlege tenestene i
fleire NATO land. Denne motinformasjonen måtte sjølvsagd koordinerast. Desse landa var Spania,
Frankrike, Belgia, Italia, Noreg, Luxemburg og Storbritannia. Dei hadde fleire møte seinhausten
1990.

Berre generalsekretær Manfred Wörner fekk vere NATOs offisielle talsmann. Han heldt fast ved at
“militære løyndomar” ikkje var emne for offentleggjering. I ei bok tidlegare president Nixon
fekk hjelp med å gje ut i 1998 stod følgjande: “Den einaste kollektive organisasjonen som nokon
gong verka, var NATO. Og det var fordi vi (USA) hadde kontrollen.”

I praksis tydde dette at også berre amerikanarar kunne stadfeste det europeiske kjelder måtte påstå.
Som svært ofte elles var det ein tidlegare CIA-offiser, Thomas Polgar, som skaffa opplysningar her.
Thomas Polgar stadfesta ikkje berre at denne løynlege parallellarmeen hadde funnest. Han sa også
at denne løynlege armeen var ein del av NATO. Tysk presse kunne vidare leggje fram prov på at
denne løynlege delen av NATO heile tida hadde vore styrt og kontrollert av USA.

“Oppdraga til dei løynlege armeane blir koordinerte av “Special Forces Section” i ein sterkt
overvaka del av NATO-hovudkvarteret i Costeau.” (Costeau - by i Belgia ved Brüssel der
NATO-hovudkvarteret er). “Ei grå ståldør som berre kan opnast på same måte som eit bankkvelv,
gjennom talkombinasjonar, hindrar tilgang for uvedkomande. Offiserar frå andre avdelingar i
NATO-hovudkvarteret, som har fått tilgang, blir undersøkte straks dei er innanfor døra, ved ein
svart desk. “Special Forces Section” bli styra berre av britar og amerikanarar, og dei fleste
dokument som sirkulerer har dette stemplet: “American Eyes Only.” (Der Spiegel,19. november
1990). Det var altså berre “amerikanske auge” som skulle sjå desse dokumenta. Ikkje underleg
tidlegare president Richard Nixon fann ut at NATO var den einaste organisasjonen som hadde
fungert.

For å øydeleggje for oppslutninga om vesteuropeiske kommunistparti etter krigsslutt i 1945, hadde
altså NATO drive denne uortodokse krigføringa sidan NATO blei oppretta i 1949. Den belgiske
undersøkingskommisjonen fann ut at denne løynlege krigføringa var i gang i fleire vestlege
land før skipingsåret til NATO.

Alt i 1948 var “Clandestine Committee for the Western Union” fullt utbygd. Alle landa som var
med her heldt jamlege møte. Møta blei helde i regi av dei løynlege tenestene i kvart einskildland.
Dei løynlege tenestene har vanlegvis fast kontakt med Stay behind- gruppene.

Då NATO-traktaten blei signert i 1949, blei desse gruppene i løynd integrert i det nye
militærapparatet. Frå 1951 hadde denne løynlege armeen nemninga “Clandestine Planning
Committee.” “Den løynlege plankomiteen,” som det vil heite på norsk. I tillegg til dei ordinære Stay
behind-folka blei også regulære spesialstyrkar i NATO inkluderte i “Den løynlege plankomiteen.”

Berre toppgraderte NATO-offiserar fekk informasjon om denne løynlege plankomiteen, og berre
CIA og MI6 verka som formidlar her. Desse offiserane i NATO-landa møttest fleire gonger kvart år.
I 1966 lempa president de Gaulle NATO ut av Paris. Heile Pentagon og president Lyndon Johnson
var rasande. Ikkje heilt utan grunn, kan ein seie. USA hadde kome Frankrike til hjelp i Vietnam i
1954.

Belgia overtok som vertsland, og frå år 1966 fann den belgiske undersøkingskomiteen følgjande.
De Gaulle godtok ikkje lenger at løynlege militæravdelingar frå andre land skulle ha kontroll med
indre politiske tilhøve i kvart NATO-land.

Det talrike franske kommunistpartiet kunne i einskildsaker røyste saman med gaullistane. Dette
innebar også at gaullistar kunne ende opp på det som Stay behind i 1966 hadde som reine
likvideringslister, dersom eit NATO land kom i krig. Og på desse likvideringslistene stod alt av
vesteuropeiske kommunistar, med “sympatisørar”.

Dei opphavlege antikommunistiske NATO-protokollane er framleis graderte. Men amerikanaren
Arthur Rowse hevdar dette: “Ein løynleg klausul i den opphavlege NATO-pakta frå 1949 kravde
følgjande: Før eit land kunne bli medlem, måtte dette landet alt ha etablert ein nasjonal
tryggingsorganisasjon i kampen mot kommunismen. Denne tryggingsorganisasjonen måtte kunne
stille løynleg mannskap til bruk i kampen mot kommunistar i eige land. Alle land som blei medlem
av NATO måtte underteikne ein løynd tilleggsprotokoll der dette var stadfesta.” (Arthur Rowse:
Gladio. The Secret US War to subvert Italian Democracy. Artikkelen står i tidsskriftet Covert
Action Quarterly, nr 49, sommaren 1994.)

I 1966 kjende president de Gaulle til denne løynlege NATO- protokollen, og fordømde han kraftig,
nett i samband med at han “landsforviste” NATOhovudkvarteret. Også italienaren Mario Coglitore
har stadfesta at denne løynlege NATO-protokollen finst.

Ein tidlegare etterretningsoffiser i NATO, som ville vere anonym, hadde meir å fortelje. Etter
avsløringa av italienske Gladio i 1990 sa han følgjande: Den løynlege NATO-tilleggsprotokollen
inkluderer eksplisitt høgreekstremistar, som synst eigna i kampen mot kommunistane.

I det britiske antifascistiske tidsskriftet Searchlight stod dette å lese i januar 1991: Då Vest-Tyskland
blei medlem av NATO i mai 1955 underteikna forbundskanslar Adenauer og president Truman ein
protokoll der Adenauer lova å ikkje straffeforfølgje dåverande aktive høgreekstremistar. I praksis
også tidlegar høgtståande tyske nazistar.

General Paolo Inzerilli var leiar av italienske Gladio frå 1974 til 1986. Han understreka at det “alltid
nærverande USA” dominerte i “Den løynlege plankomiteen” (CPC). Denne komiteen hadde blitt
dana etter ordre frå øvstkommanderande i NATO (SACEUR). Og “Den løynlege plankomiteen”
fungerte som mellomlekk mellom hovudkommandoen i NATO og den “uortodokse” krigføringa i
kvart NATO-land. Endå ein instans for løynd militær verksemd innan NATO blei oppretta på
1950-talet.

Denne komiteen fekk namnet “Allied Clandestine Committee”. Litt fritt omsett: “Komiteen for
allierte løyndomar”. Den belgiske undersøkingskommisjonen fann at denne komiteen blei skipa i
1957, og omfatta landa Belgia, Danmark, Frankrike, Tyskland, Italia, Luxemburg, Nederland,
Noreg, Storbritannia og USA.

Også denne komiteen var beinveges underordna øvstkommanderande i NATO, (SACEUR).
Oppgåva til denne komiteen var å utvide Stay behindverksemda, mellom anna fordi Vest-Tyskland
var blitt NATO-medlem i 1955 og det sovjetiske motsvaret her var daninga av Warszawa-pakta i
1956.

I tillegg kom at alt teknisk materiell var blitt forelda og måtte skiftast ut. Såleis fekk AEG
Telefunken, Vest- Tyskland, eit oppdrag på 130 millionar tyske mark for å produsere avanserte
radiosendarar, som det blei drive trening med. Stay behind-gruppene kunne sende krypterte
meldingar 6 000 kilometer. Det rakk ikkje berre over heile NATO-Europa, det rakk heilt til USA.

Nytt her var at der blei eit klårt skilje mellom verksemda til Stay behind i krigstid og fredstid.
Planlegging og verksemd blei sjølvsagd utforma etter det. Nytt var også at ein europear fekk ei
leiarstilling. Kvart europeisk NATO-land hadde leiarstillinga i to år i gongen.

Boka til Daniele Ganser kom ut i 2005. Så langt er den offisielle responsen frå sentralt NATO-hald “tagnad ogfornekting”, skriv Ganser. Forfattaren kontakta NATO i år 2000, for å få vite meir om Gladio og desse to komiteane for løynleg krigføring. Han fekk dette svaret: “Vi har undersøkt arkiva våre, og kan ikkje finne spor av dei komiteane De nemner.”

I denne telefonsamtalen insisterte Daniele Ganser på at han var viss på at desse to komiteane hadde funnest. Han fekk dette svaret frå den arkivseksjonen i NATO han spurde: “Eg vil nok ein gong understreke at dei komiteane De refererer til aldri har funnest innan NATO. Vidare har den organisasjonen De kallar “Gladio” aldri vore del av NATO.”


Så ein telefon til NATOs tryggingskontor. Der fekk Ganser korkje vite namnet på den han ville
snakke med, langt mindre snakke med vedkomande. Og Ganser gjev fleire slike døme på at
han møtte den komplette tagnad på NATO-hald. (Framhald)

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering