Sambandsstatane og makta

(Nr 40 - 2006) Atter og atter får vi døme på den makta som den store Supermarknaden i vest har. Statoil er nyleg vorten dømd til store bøter – til statkassa i USA? – i ei sak som gjeld Statoil i Iran.

Av Olav H. Aarrestad

Gringoane er no vortne 300 millionar les vi, men det er likevel ikkje meir enn tjuandeparten av folk i verda. Likevel skulle ein tru det ikkje fanst stort andre menneske på kloden om ein ser på norske kino og fjernsynsprogram.


Nobelinstituttet i Sverige gjev stort sett alle prisar til forskarar i USA - det var nære på litteraturprisen
i år ikkje også gjekk til ein gringo, men i minsto oppheld Pamuk seg store delar av året i New York,
han har sikkert ein amerikansk agent. Og dei Sameinte nasjonane dansar etter USA si pipe og
vedtek sanksjonar berre når USA vil det.

Utanriksministeren derifrå kan reisa verda rundt og gje skjennepreik på sitt eige tungemål om ikkje
”verdsamfunnet” er pliktoppfyllande nok når det gjeld sanksjonane mot Nord- Korea. Verda over
vrir politikarane tunga si for å tala gringoane etter munnen på deira eige talemål. Og utanriksministrar
à la Støre ser det som si fremste oppgåve å ha eit godt tilhøve til USA, det vil seia gjera som USA
vil. Det kan gjelda ambassadebygg i Oslo eller ”innsats for fred” i Afghanistan.

Og Supermarknaden fører an når det gjeld måten folk kler seg på, et og tenkjer- om dei i det heile
tenkjer. Livsstilen her tillands er vorten meir og meir lik den ein finn i USA; eiga lukke og velstand
kjem framom alt anna. Tilhøve elles i verda engasjerer ein ikkje noko større. Ein kastar ikkje stein
når ein sit i glashus, heiter det gjerne, men dette gjeld ikkje USA, USA kan døma krigsbrotsmenn
og peika på overtramp når det gjeld menneskerettar og ytringsfridom, og svært få ser noko
paradoksalt i det. USA er no det likaste lell.

Amnesty International (med rumpa, orsak setet i London) såg det som svært viktig å peika på dei
”krigsbrotsverk” Hizbollah gjorde mot folket i nordlege Israel. At det stort sett var israelske soldatar
som strauk med og eit mangemangedobla tal sivile i Libanon, affiserte dei visst ikkje. Og det er
USA som definerer fiendane for ”oss”. Først var det kommunistane, no er det ”terroristane”. Vi har
ein mistanke om at det er den livsviktige krigsindustrien på Supermarknaden som står bak.

Konferansen i Havanna tidlegare i år med over eit hundretal alliansefrie statar gav visse voner om
ein anti-gringo front, men i SN har den alt sprukki; Guatemala får langt fleire røyster enn Venezuela
når det gjeld latinamerikansk medlem til Tryggingsrådet, og heile generalforsamlinga røysta på
gringokandidaten til ny generalsekretær.

Europas forenede stater - også kalla EU - driv eit privatiseringsprogram som snart vil gjera EU endå
meir likt broren over dammen. Ingen ting vert skåna, ikkje ein gong postverka - alt skal utsetjast for
konkurranse.

Universitetsgradar skal kalkerast etter det angloamerikanske systemet, og nye medlemsland ser det
ikkje umaken lønt å operera innan for unionen på anna enn engelsk. På fransk står forresten
avstuttinga EU for USA - Les Etats Unis - der heiter EU naturleg nok UE, men også franskmenn
har vel vondt for å sjå skilnaden når det er tale om møte mellom EU og UE...

Når børsen i New York hostar, vert børsane kringom i verda krimsjuke. Statistikk for auke eller
minske i privat forbruk på Supermaknaden i vest gjev seg utslag i heile børsverda. Er verkeleg den reelle makta til gringoane så stor? Dei har atombomber, som dei i motsetnad til andre alt har brukt
omsynslaust, svære våpenarsenal og sofistikerte våpen som berre isralerar får bruka utanom dei
sjølve.

Likevel trur vi det mest er psykologiske årsaker til den lammande makta dei råder over. Sidan siste
verdskrigen har ein vent seg til at det er gringoane som bestemmer kvar skapet skal stå, bl.a.
gjennom Marshallplan, Verdsbank og Pengefond.

Omgrepet onkel Sam gjev liksom ein dåm av hygge og hjelpsemd, i staden burde han nok ha vorti
kalla den Store, stygge ulven i vest. Når nokon først mannar seg opp, vil han nok oppdaga at ulven
ikkje er så fårleg likevel, men kven vågar vera den første? Ingen blant statane i EU-UE i alle høve,
og ikkje dei to utanforlanda (Noreg og Sveits) heller. Island skal ein ikkje tala om, dei tryglar og
bed om at gringomilitære skal bli i landet.

Kina som får meir og meir karakter av å vera ein supermarknad det òg, er vorten avhengig av
marknadene i vest, ikkje minst i USA. Som forretningsfolk flest er dei tilhengjarar av politisk ro og
”forutsigbarhet” - difor er det viktig ikkje å irritera ulven, eller det som Mao kalla papirtigeren.
Kanskje det var det ordet ein burde bruka, i minsto for å minna kinesarane på kva dei ein gong
meinte....

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering