(Nr 40 - 2006) Det italienske Gladio freista å leggje grunnen for eit høgrekupp i Italia, etter mønster av Hellas og Tyrkia. Bakgrunnen her var ein bilbombeeksplosjon i den italienske småbyen Peteano 31. mai 1972.

Av Kjell-Arnt Labukt

Her blei det paramilitære italienske Carabinieri-politiet lura i ei felle, som drap tre Carabinierisoldatar
og såra ein. Ei anonym telefonoppringing gjorde at desse Carabinierifolka undersøkte ein tom
personbil og bilbomba blei utløyst. To dagar seinare kom der nok ei anonym telefonoppringing til
same politikontor. I denne telefonmeldinga blei det hevda at “Dei raude brigadar” i Italia hadde
planar om statskupp og derfor hadde sett i verk drapet på dei tre Carabinierifolka.

200 italienske kommunistar blei straks arresterte. Og i 12 år trudde “alle” i Italia at det var “Dei
raude brigadar” som gjennomførde bildrapet. Først i 1984 kunne ein sprengstoffekspert slå fast at
den bomba som blei nytta til å drepe dei tre carabienieri, var eit spesialeksplosiv som berre sentrale
NATO-offiserar kunne dele ut.

Den som hadde fått hand om sprengstoffet og laga bomba, var ein medlem av den fascistiske
organisasjonen Ordine Nuovo. Denne grupperinga hadde så samarbeidd med italiensk militær
hemmeleg etterretning, og spora førte dermed eintydig til topps i NATO. Medan altså heile Europa
hadde trudd, og framleis trur, at det var “Raude brigadar” som dreiv terror. Ei anna fascistisk
gruppering som var aktiv i Italia var Avanguardia Nazionale.

Ordine Nuovo (Ny Orden) var igjen del av det italienske Gladio-nettverket. Dette nettverket
utgjorde ein italiensk “parallellstat,” leia av CIA, italiensk militær etterretning (SID/SIFAR). Den
italienske frimurarlosjen og italiensk mafia tok også del i dette løynde NATO-terrornettverket.

“Tryggingsnettverket” for det italienske “demokratiet,” med andre ord. Der var over hundre
våpendeponi i Italia. Eit slikt blei funne i Trieste i februar 1972. Carabinieri-folka trudde dei hadde
å gjere med ein kriminell bande, då.

Ein uredd og dyktig, ung italiensk dommar, Felice Casson, klarte så å følgje spora til den personen i
Ordine Novi som hadde plassert sprengstoffet i den aktuelle bilen.Vedkomande tilstod alt, og
fortalde også at han berre var ein einskild lekk i eit omfattande nettverk som både inkluderte den
italienske staten og andre land.

Kald krigs-samanhengen var svært tydeleg. Mannen som tilstod sa han hadde handla ut frå politisk
overtyding. Det som medverka her var “trugsmålet” frå det talrike italienske kommunistpartiet.
(PCI). Vidare ville fascistgrupperinga Ordine Nuovi gje si støtte til USA i Vietnam, og vere med
på å svekkje den politiske venstresida, som hadde kome styrka ut av 1960-åra, i Italia så vel som
elles i Vest-Europa.

Der var ein markert skilnad mellom terroren til “Dei raude brigadane” i Italia og Tyskland, og
høgreterroren allment. “Dei raude brigadane” gjekk alltid etter einskildpersonar. Dels for dei var
urøynde i bruk av militærvåpen og sprengstoff. Dels fordi dei ville råke einskildpersonar som
symboliserte næringsliv og statsmakt. Og dels fordi dei ville unngå kollektiv “straff.” Men “Dei
raude brigadane” var alt då infiltrerte av Gladio-nettverket, som var med på å peike ut terrormåla.
Med den reine høgreterrorismen var det motsett. Dei hadde gode kunnskapar om våpen og
sprengstoff, og målet var å drepe flest mogleg, for å skape panikk og høgrekupp.

Mellom 1. januar 1969 og 31. desember 1987 var der 14 591 politisk motiverte valdshandlingar i
Italia. Dette resulterte i 491 døde og 1181 skada personar. “Dei raude brigadar” var innblanda i 75
av dødsfalla. Altså ein avgjord mindrepart. Men nok til mediestorm om “Venstreterroren i Italia.” I
dag veit vi altså at også “Venstreterroristane” var infiltrerte av Gladiofolk, frå dei nemnde italienske
fascistorganisasjonane, italiensk mafia og italiensk frimurarvesen. Sistnemnde instans er kjend under
namnet Propaganda Due (P2).

Dei drapa “Dei raude brigadane” presterte i Italia og Vest-Tyskland er noko av det tåpelegaste
europeisk “Venstreside” har prestert i Etterkrigstida. Tabloide media skreiv sjølvsagd intimt og
venleg om ofra her, som i Vest-Tyskland kom frå det sosiale toppsjiktet. Då høgrebølgja kom
rullande over Atlanteren frå USA sist på 1970-talet, hadde “Dei raude brigadane” alt hjelpt
høgrebølgja med å skole over heile Vest-Europa.

I ettertid veit vi at berre eit fåtal “venstreterroristar” var aktive i Italia. Baader Meinhof var avgrensa
til tre aktive terroristar, i Vest-Tyskland. Raude “brigadar” har sjølvsagd aldri eksistert i Vest-Europa
i etterkrigstida.

“Lov og orden” har vore europeisk høgreside sitt mantra heilt frå Den franske revolusjon. Breitt
samansette klasserørsler kan erstatte “Lov og orden” med samfunnsendringar. Ikkje drap på
einskildpersonar. Jamfør at nettopp 1980-åra var tiåret for “meir politi”. Og då politi som skulle
nyttast mot gatevald. Gatevald som ofte blei provosert av fascistgrupperingar, medan antifascistane,
les venstresida, fekk skulda i media og i nasjonalforsamlingar.

Dei “raude” terroristane i Italia enda utan unntak i fengsel. Høgresida sine terroristar forsvann alle,
utan å kome i fengsel. Både den militære etterretningstenesta og det italienske statsapparatet hjelpte
dei med å kome unna. Først då heile Gladio-systemet rakna, vart nokre av høgreterroristane fengsla.

Men alt i 1974 hadde sjølve sjefen for italiensk militær etterretning, General Vito, Miceli avsløra at
Gladio var ei løynleg spesialgrein tilknytt italiensk militæretterretning. Og som han sa i ei rettssak:
“Det er ikkje eg som har oppretta Gladio. Det var USA og NATO som bad meg drive det.” (Gladio).

I mars 2001 uttala den tidlegar italienske sjefen for kontraspionasje, General Giandelio Maletti, seg
om Italias politiske tilstand i etterkrigstida. Han sa mellom anna følgjande. Både Gladio-gruppene,
den italienske militære etterretninga og høgreterroristane hadde handla på oppdrag frå Det kvite
hus. (Washington).

Under ei rettssak i mars 2001 om eit tilfelle av høgreterror som hadde kravd 8 liv, sa general
Giandelio Maletti dette: “CIA har følgd direktiva frå eiga regjering. Denne regjeringa har ønska
å skape ein italiensk nasjonalisme som hindra Italia i å gli mot venstre. Og i den samanheng kan
regjeringa (Washington) ha nytta høgreterroristar.” “Inntrykket var at USA gjorde kva som helst
for å hindre Italia i å gli mot venstre.”

General Maletti var då 79 år og han føydde til: “Italia har blitt handsama som eit amerikansk
protektorat.” “Eg skjemst over at vi framleis blir underlagde spesiell merksemd.” Vidare gjorde
general Maletti det offentleg kjend at ordren om terrorverksemd var komen beinveges frå president
Nixon, den tida general Maletti var i teneste.

Richard Nixon hadde elles vore nestkommanderande i CIA. Som amerikansk president enda han
opp i den villaste konspiranoia, i tillegg til Watergate. Han hadde lydsensorar løynleg plasserte i Det
kvite hus, og nytta mykje tid til å “dekryptere” innhaldet på desse løynlege lydbandopptaka, av
sine næraste medarbeidarar.

Då statsminister Andreotti i august 1990 fortalde italienske senatorar om eksistensen av Gladio, kom
det straks i skuggen av Iraks invasjon i Kuwait. Mediereaksjonen på Andreottis vedgåing blei derfor
minimal, både i Italia og elles i Vest-Europa. I slutten av oktober same år hende noko meir. Den
tidlegare Statsminister Andreas Papandreou i Hellas stadfesta i den greske avisa Ta Nea at ein
tilsvarande løynleg NATO- organisasjon hadde funnest også i Hellas.

I 1984 hadde Andreas Papandreou fått kjennskap til den greske varianten av Gladio, og gjeve ordre
om at organisasjonen skulle oppløysast. Sidan den greske Stay behind-varianten, som alle andre,
var styrt frå høgste NATO-hald, visste likevel ikkje Andreas Papandreou om gresk Stay behind var
oppløyst. I november1990 blei det eit folkekrav i Hellas å få vite meir om samanhengen mellom
gresk Stay behind og militærkuppet i Hellas i 1967.

Dåverande konservative greske regjering nekta å kome med noko svar her. Men forsvarsminister Varvitsiotis gav denne opplysinga: Ein tidlegare gresk militær-attache i Washington som arbeidde i
NATO-kommandoen, skulle sjå på saka. Samstundes lova denne tidlegare greske militærattacheen
og NATO-offiseren dåverande greske regjering følgjande: “Regjeringa har ingen ting å vere uroa
over.”

I klårtekst: Ingen offentleg informasjon om verksemda til gresk Stay behind. Den tyske avisa Die
Tageszeitung dekte både det Andreotti og Papandreou hadde sagd. Den tyske parlamentarikaren
Manfred Such frå partiet Die Grünen retta eit formelt spørsmål til Bundeskanzler Kohl om
eksistensen av også eit tysk Stay behind.

Medan det tyske Forsvarsdepartementet vurderte korleis dei skulle handsame saka, hende dette: Den
private tyske TV-kanalen RTL synte ein Gladio-rapport der det kom fram at personar frå Waffen SS
hadde vore med i vesttysk Stay behind. I same TV-sending var det med at i mange land hadde
høgreekstremistar vore ein grunnstamme i denne løynlege antikommunistiske armeen.

Det tyske forsvarsdepartementet sin variant var at av “tryggingsomsyn” skulle ikkje spørsmålet
handsamast. Forsvarsdepartementets talsmann nekta samstundes for at der hadde vore eller var
nokon løynleg hær i Vest-Tyskland.

Denne klønete sjølvmotseiinga nytta så SPD som valkampsak. Men SPD “skaut seg sjølv i foten,”
straks, her. Regjeringa til Helmuth Kohl vedgjekk at der hadde funnest eit vesttysk Stay behind, som
sjølvsagd også hadde vore administrert av SPD-regjeringar. Dermed var det SPD som blei
diskreditert, og meir blei ikkje offentleg kjend.

For den belgiske regjeringa, som hadde hysa NATO-hovudkvarteret etter de Gaulle kasta det ut av
Frankrike, blei saka litt pinleg, innleiingsvis. Men her var det faktisk den belgiske regjeringa som
først sjølv avsløra at der hadde vore ein løynd militærorganisasjon i landet.

Under “Brabantmassakrane” i Belgia på 1980 talet var menneske i supermarknader blitt skotne ned
av svartmaskerte “terroristar.” 7. november 1990 fortalde forsvarsminister Coeme eit nokså sjokkert
publikum at Stay behind-organisasjonen også fanst i Belgia. Forsvarsminister Coeme kravde så
offentleg svar frå statsminister Martens om samanhengen mellom belgisk Stay behind og all den
valden som hadde vore i Belgia på 1980-talet, inkludert Brabant-massakrane.

Statsminister Martens gav dette svaret, som få trudde på: “Eg har vore Statsminister i elleve år no,
men eg har vore fullstendig ukjend med at eit slikt løynleg nettverk fanst i landet vårt.” Den belgiske
nasjonalforsamlinga sette så ned ein komite som utarbeidde ein 250 siders rapport. Denne rapporten
gav verdfull informasjon for Daniele Ganser. Mellom anna stadfesta denne rapporten at belgisk
“Stay behind” framleis var aktiv hausten 1990.

Noreg var seg sjølv lik i dette NATO spørsmålet, her som elles. Media dekte i ein viss grad
heimbrentfabrikken og våpenlageret til Hans Otto Meyer. Men informasjonen frå øvste politisk
hald var av det bisarre slaget. Talsmann for Forsvarsdepartementet, Erik Senstad, hadde dette å seie
i november 1990: “Det Hansen sa då, gjeld framleis.” “Hansen” her var tidlegare forsvarsminister
Rolf Hansen. I 1978 hadde denne “Hansen” som forsvarsminister vedgått at der var Stay behind-
grupper i Noreg.

Bakgrunnen var at ein uvitande politimann hamna i heimbrentfabrikken til Stay behind-mann Hans
Otto Meyer. Der var ikkje berre heimbrent, der var også våpen. CIA-sjef William Colby har med
opprettinga av Stay behind i Noreg i memoarane sine. Men det “Hansen” sa i 1978, var grovt
løgnaktig. Daniele Ganser nyttar ein meir “høfleg” vokabular i boka si.

Franskmennene freista fri seg sjølve gjennom heller fantasifulle fransk forklåringar i november 1990.
Med ein viss skadefryd kunne så statsminister Andreotti fortelje Europa følgjande, 10. november
1990: Franskmenn tok del i toppmøtet i Gladio, i Allied Clandestine Committee i Belgia 23. 10.
terroren 1990. (Omsett: Den allierte komiteen for løynde tenester).

Nederland hadde også sitt Stay behind. Nederlendarane gjorde ein god innsats for å få mest mogleg
oppklåring omkring den parallelle løynlege NATO-hæren, slik den politiske stoda var i Europa i
1990. Bakgrunnen for Stay behindverksemda fanst ikkje lenger. Sovjetunionen var i oppløysing og
ein sovjetisk okkupasjon av Vest-Europa var utenkjeleg. I siste halvdel av november1990 var det
derfor eit møte om saka i EU-parlamentet. Her sa den nederlandske parlamentarikaren
Vandemeulebroucke det slik: “Denne affæren har gått føre så lenge EU har vore planlagd og under
utvikling. Vi hevdar no å skulle skape ei ny form for demokrati, og dette gjev derfor ein vond smak
i munnen.”

Alt hadde vore løynleg her, også dei pengesummane kvart NATO-land nytta på sitt parallelle
løynlege “forsvar.” Alt av nasjonalforsamlingar i NATO-land hadde derfor i lang tid vore med på
å løyve pengar dei ikkje ana kva blei nytta til, dei visste ikkje ein gong at det var snakk om eit slikt
”forsvar.”

Den nederlandske parlamentarikaren avslutta slik: “Eg vil framføre mine sterkaste protestar mot at
det amerikanske militærvesenet skal avgjere slikt som tilhøyrer nasjonalforsamlingar i andre land.
Dette gjeld under alle omstende, også når det går føre gjennom NATOs hovudkommando (SHAPE),
andre NATO-instansar eller CIA.”

Vidare blei det utforma ei fråsegn med ulike punkt som skulle avklårast. Mellom anna skulle alle
NATO-land, EU-land og USA opprette granskingskommisjonar der også parlamentarikarar var med.
Dette var klår nok tale, men noko klåre svar kom korkje frå NATO, CIA eller MI6.

Berre tre land, Belgia, Italia og Sveits, sistnemnde ikkje formelt medlem av korkje EU eller NATO,
oppretta komitear der parlamentarikarar var med.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

nato

fascisme

facisme


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering