(Nr 39 - 2006) Terrorhandlingane i Italia hadde synst svært mysteriøse, heilt frå 1960-talet. Først i 1990, med Sovjetunionens samanbrot, tok ting til å bli forståelege i Italia. I august 1990 blei statsminister Andreotti tvinga til å vedgå at der fanst ein løynleg hær i Italia. Vidare måtte Andreotti vedgå at denne hæren stod under NATO-kontroll, og at det fanst tilsvarande militærgrupperingar i andre NATO-land.

Av Kjell-Arnt Labukt

Desse løynlege militæravdelingane var sette opp av CIA og MI6, i samband med slutten av Andre
verdskrig. Dei hadde ulike kodenamn i ulike land, men var bygde opp på same måte. I Italia heitte
dei “Gladio,” i Danmark “Absalon,” i Noreg “ROC,” i Belgia “SDRA8.” I Vest-Tyskland fanst
“TD BJD,” i Hellas “LOK,” i Frankrike “SDECE,” osb.

Same oppdrag for alle løynlege organisasjonar her, men elementær etterretningspraksis tilseier ulike
nemningar i ulike land. I den norske utgåva av Le Monde diplomatique i september 2006 har
journalist Kim Bredesen eit intervju med Daniele Ganser. “Terrorisme under falskt flagg,” side 20.

Her er nemningane på Stay behind i Sveits og Austerrike også med. Derimot har ikkje Ganser funne
tak i dei svenske og finske nemningane. Men Ganser er viss på at der har funnest tilsvarande
organisasjonar også i Finnland og Sverige. Dermed var heile Vest- Europa dekte av anti-
kommunistiske løynde militære nettverk, med opphav attende til Andre verdskrig. Desse væpna
gruppene skulle vere verksame “bak fronten” ved ei “kommunistisk maktovertaking” i kvart land.
Sams namn altså: “Stay behind.”

I alle NATO-land stod desse løynlege armeane under kommando av NATOhovudkvartert, først
i Paris og så i Brüssel. (SHAPE). CIA og MI6 stod for den praktiske internasjonale koordineringa
av desse gruppene. Dei var også kjende for statsminister, innanriksminister, forsvarsminister,
utanriksminister og president i kvart einskild land. Men dei var ukjende for dei folkevalde
forsamlingane i alle landa. Medan media samstundes unisont forkynde at dette var
“kommunistterror” mot uskuldige, i samband med det “kommunistisk trugsmål“ mot NATO-land.

Det siste toppmøtet i NATO-regi vi kjenner til her fann stad i Brüssel 24. oktober 1990. Vi har
ingen prov på at dei er avskaffa, eller eksisterer vidare i ei endra form. Derimot veit vi at politisk
overvaking framleis finst i Noreg, og dermed også i andre NATO-land. Offiserane i desse Gladio-
eller Stay behind-gruppene var profesjonelle nok. Dei blei opplærde av dei amerikanske Green
Berets-spesialstyrkane, eller dei tilsvarande britiske SAS-spesialstyrkane.

Sams for alle som blei rekrutterte til Stay behind-gruppene, var ei grunnfesta sterk antikommunistisk
haldning. Mannskapet her kunne vere personar på den ordinære politiske høgresida, kan hende
også sosialdemokratar. Men desse gruppene var også tilgjengeleg for velkjende fascistar som
italienaren Stefano delle Chiaie og franskmannen Yves Guerain Serac.

Gruppene hadde topp militært utstyr, særleg galdt dette sambandssystemet. No blei der ikkje noka
“kommunistisk maktovertaking” i Vest-Europa, korkje frå Den raude armé eller på annan måte.
Nokre av desse Stay behind-gruppene var likevel så vidt “ivrige i tenesta” at dei sette i verk
terrorhandlingar mot vesteuropeisk høgreside, maskerte som “venstreterrorisme.”

I land med uklår og ustabil politisk tilstand ville Stay behind-gruppene skape ytterlegare uro, slik
at drastiske tiltak syntest naudsynt. Dette galdt Tyrkia, Hellas, Italia, Spania og Portugal. Under
Den andre kalde krigen blei også terror nytta i land der det absolutt ikkje fanst vilkår for politisk
ustabilitet. I Belgia, til dømes, var føremålet med terrordrap på 1980-talet å påskunde ei politisk
dreiing mot høgre. Her blei høgrebølgja også sett i verk gjennom massedrap på sivile.

I Noreg heldt det med ein massiv løgnkampanje i media. Altså både ein drapsvariant og ein
medievariant av NATOs “Spenningsstrategi”. Jamfør opphavet og kjeldegrunnlaget for media her:
“Komiteen for noverande fare”. Denne amerikanske tenkjetanken har vore meir eller mindre
verksam i etterkrigstida. Medlemene her har alltid kontaktar i nyheitsbyrå, eller dei er faste skribentar
i internasjonal storaviser, og faste intervjuobjekt på TV i USA, eller NATO-Europa.

“Spenningsstrategien” til NATO, inkludert terrordrap på tilfeldige menneske, hadde som føremål
å flytte heile det politiske landskapet i Vest-Europa mot høgre. Dette blei også gjord ved at
skrekken for Sovjetunionen blei piska opp av vestlege media frå sist på 1970-talet, med slutten på
Detente og byrjinga av Den andre kalde krigen. Jamfør den hyppige bruken av nemninga ”Rote
Armee Fraktion,” frå Tyskland. Og jamfør hattiradane frå president Reagan.

Eg har aldri trudd at Sovjetunionen imploderte heilt uventa, slik det heiter. Tidleg på 1980-talet var
amerikanske ubåtar på løynde oppdrag i dei store elvane i Sovjetunionen. Amerikanske militærfly
krenka svært ofte sovjetisk territorium i dette tidsrommet.

Mest “dramatisk” var den sovjetiske nedskytinga av det sørkoreanske passasjerflyet KAL 007 1.
september 1981. Flyet hadde 269 passasjerar, og var langt inne på sovjetisk luftområde då eit
sovjetisk jagarfly skaut det ned.

I boka The Great Transition. American-Sovjet Relations and the End of the Cold War legg
Raymond L. Garthoff fram den offisielle varianten av denne nedskytinga. Garthoff plukkar så den
offisielle varianten fullstendig i filler, side 118 ff. Ikkje berre laug utanriksminister Georg Scultz og
president Reagan, her. Alt av vestlege media laug. Amerikansk etterretning hadde lydopptak som
synte at den sovjetiske piloten gav fleire åtvaringar til dette sørkoreanske flyet om at det var i
sovjetisk luftrom. Flyet let vere å endre kurs, jamvel om åtvaringane blei oppfatta. Den sovjetiske
piloten losna så ei skarpt skott nær nok flyet til at mannskapet forstod alvoret. Ingen reaksjon på
kursen til flyet, og piloten fyrte av ein rakett som styrta flyet. Nett i dette området dreiv elles
amerikanske “observasjonsfly” stendige grensekrenkingar.

Den sovjetiske piloten som skaut ned passasjerflyet hadde inga aning om at det var eit passasjerfly
han skaut ned. Simon M. Hersh gav i boka The Target Is Destroyed “ein ualminneleg grundig
rekonstruksjon av historia.” Sitat Garthoff side 119. I ein fotnote “undrast” Garthoff over kvifor
eit fly med så toppmoderne navigasjonsutstyr flaug innanfor sovjetisk luftrom. Altså: Jamvel ein
amerikansk moderat hauk blir her å rekne for “kommunistsympatisør”.

Den vestlege destabiliseringa av Sovjet var enorm på 1980-talet. Det veit vi, men alt av sensitive
arkiv er sjølvsagd klassifiserte. Men vi veit, mellom andre frå Garthoff, at det blei oppretta eksilregjeringar for dei ulike delane av Sovjetunionen, som no er eigne statar. Desse eksil-
regjeringane heldt til i USA, men hadde sikkert også sine folk i Europa og Sovjetunionen. Det
fanst også eksilregjeringar for andre land i Aust-Europa i USA.

Propagandaintensiteten i media retta mot heile Austblokka blei sterkt intensivert. Det blei spela på
nasjonalistiske strengar, om å gjere opprør mot Kreml. Sendingane var også på ulike nasjonalspråk
innan Sovjetunionen. Dei etermedia som vi veit tok del her, var Radio Liberty, Radio Free Europe,
Voice of America, Deutsche Welle og Kol Israel.

Oppbrytinga av Sovjetblokka er også omtala hos Christopher Andrew: For The President’s Eyes
only. Boka til Christopher Andrew kom ut i 1995, og då var framleis lite nedgradert. CIA var
sjølvsagd svært aktiv her, og Polen blei vald ut som det mest veleigna området, står det hos Andrew.

Andrew tidfestar byrjinga av vestleg intensivert oppsplitting av Sovjet og Warszawa-pakta til år
1978. Altså byrjinga av Den “andre” kalde krigen. Startpunktet her var utnemninga av den polske
kardinalen Wojtyla til Pave Johannes Paul II, skriv Andrew på side 468. I år 2005 blei det synt ein
dokumnettarserie på tyske TV, der også Vatikanet blei omtala. I dette innslaget blei det sagd at CIA
nytta 60 millionar dollar for å få polske kardinal Wojtyla innsett som pave. CIA og andre
etterretningsorgan var sjølvsagd svært aktive i heile perioden frå 1978 av.

I oppbrytinga av Sovjetunionen var økonomisk krigføring eit viktig middel. Her skriv Christopher
Andrew følgjande på side 468: I mai månad 1982 underteikna president Reagan eit direktiv som
både omfatta løynde aksjonar (covert actions) så vel som økonomisk og politisk press utforma
slik at dei skulle “nøytralisere Sovjets freistnader” på å halde kontroll i Aust-Europa.

Vestleg kontakt med Solidarnosc var med frå starten av. Då president Jaruzelski innførde
unntakstilstand i Polen i desember 1981, gjekk denne kontakten “under jorda,” med Vatikanet
som sentral medaktør. CIA-sjef William Casey var flittig gjest i Vatikanet, president Reagan og
pave Johannes Paul II møttest første gong i juni 1982. Ved det høvet sa både paven og president
Reagan seg leie for “det store mistaket Jalta hadde vore.” (Andrew side 468).

Historiekunnskapane til paven og president Reagan var ikkje særleg imponerande, her. Men i juni
1982 var tida komen for å “samle” Europa og USA. Så sa både pave og president ved dette høvet.
Seinare sa president Reagan: “Solidarnosc var sjølve krumtappen for å gjennomføre dette.”
(“Samlinga” av Europa og USA). (Andrew side 469).

Militærøvinga i NATO hausten 1983 hadde namnet Able Archer 83. I denne militærøvinga
inngjekk storstilt simulert bruk av atomvåpen. Kreml oppfatta dette som ein generalprøve på
nettopp eit atomåtak på Sovjetunionen. Der gjennomførde dei sine mottiltak, og i november 1983
fekk president Reagan vite at han, til dømes gjennom hat-tiradane sine mot “The Evil Empire”,
var nær ved å utløyse ein verdsøydeleggande atomkrig. Christopher Andrew skriv faktisk
at sjansen for atomkrig var heilt reell, seinhausten 1983.

I den grad “venstresida” var innblanda i terrorismen i Vest-Europa, så var det anarkistar som var i
verksemd. Og dei har absolutt ingen ting å gjere med Den raude armé!

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering