Randstatar mot Russland

(Nr 38 - 2006) Eit påfallande trekk ved styret i ei rad tidlegare Sovjetrepublikkar er tilknytning til NATO-land og då først og fremst USA.

Av Olav H. Aarrestad

Presidenten i Estland, T. Ilves, er tidlegare USA-borgar, det same gjeld presidentane i Latvia og Litauen. Den ukrainske presidenten, Jusjstjenko, er gift med ein tidlegare USA-borgar, som har arbeide i Det kvite huset og i utanriksdepartementet. Den georgiske presidenten har bl.a. utdanning frå Colombia universitet i USA og er gift med ein nederlandsk statsborgar.


T. Ilves kan ikkje ein gong tala russisk jamvel om 30% av folket har russisk som morsmål. I desse
landa er dei som har det høgste ombodet, prega av emigranthaldningar i ein tidlegare tyskvenleg
og antisovjetisk borgarklasse med sterk tilknyting til kapitalistiske land. Desse haldningane har
no gått over til motvilje mot Russland. Presidentane er eksponentar for EU-og NATOtilknyting,
men med unntak av Saakasjvili har dei synt ein viss sans for realpolitikk og legg ikkje hindringar
i vegen for normalt samband med Russland på det kulturelle og det svært viktige økonomiske
området. Om den georgiske presidenten ved å gje ordre om arrestasjon av fire russiske offiserar
og skulda dei for spionasje har gått inn for totalt brot med Russland som har vori ein viktig faktor
i Georgia sidan 1700-talet, eller om det berre har vori eit taktisk utspel i den hensikt å spela på
nasjonale strenger for å tryggja resultatet for regjeringspartiet ved lokalvala, er ikkje godt å seia.

Om han trur USA og EU vil gå inn for å retta opp svære underskot på utanrikshandel og i
statsbudsjettet, så tek han nok i miss. EU er ikkje open for å oppta Goergia med det første, og
jamvel om NATO kan leggja igjen nokre pengar ved militært samarbeid, vil georgiarane om ikkje
normale tilhøve til den store grannen i nord vert gjenoppretta, få store problem. Stendig synkande
levestandard over lengre tid vil nok på sikt føra til at veljarane vender ryggen til det noverande
regimet. Det vil ikkje nytta å spela nasjonalistiske og antirussiske tonar så mykje lenger. Men
sjølvsagt er det fåre for at regimet byrjar forfølgja opposisjonen – det har alt arrestert somme
opposisjonspolitikarar – og å driva med valfusk.

Om USA utstyrer politi- og hær med moderne utstyr for å slå ned motstand, vil regimet truleg
kunne halda seg ved makta enno ei tid. Om ikkje alle får den løna dei har krav på i landet, vil nok
ikkje politi og offiserar lida naud. EU og USA vil tala lågt om brot på menneskerettane. Slikt går
nemleg berre føre seg i land dei ikkje likar.

Også innan Russland eksisterer ein viss fåre for at marknadsliberale vestorienterte krefter kan ta
over. USA satsar på ymse obskure politikarar, men den russiske opinionen er merksam på fåren,
og i russiske media vert den aggresive gringopolitikken diskutert.

Kommersialisme og vestlege ”kultur-”ovringar har lenge fått breia seg i Russland. Moskva-
ungdomen er sikkert like globalisert som elles i den ”kvite” verda. Er det rett som Aftenpostens
korrespondent skriv, at Moskva er vorti eit trafikkmareritt, er det eit tydeleg prov på at enda eit
positivt aspekt ved Sovjetstaten har vorti borte.

Kommunistane bygde ut Moskva for kollektivtrafikk og hadde på programmet å hoppa over
privatbilisme-epoken. Moskvakorrespondent Aale fortel i A-magasinet, nr. 40, at byen har 3.2
millionar registrerte bilar, og at bilparken veks med 200 000 i året. 14 fotgjengarar vert drepne
kvar dag, og bilturen til flyplassen kan ta opptil fem timar mot mindre enn 45 minutt i sovjettida.

Moskva er som vi alt veit, den byen i verda som har flest milliardærar, og lønskilnadene er vel
større enn i noko anna europeisk land – kan henda med unntak av Albania. Såleis er det ikkje
stort å gle seg over om Russland klarer å vinna att innverknad i randstatane så lenge det viser få
teikn på å stå for noko anna enn det ein finn elles i den kapitalistiske verda: egoisme, høgt privat
og unødvendig konsum, lite albogerom for arbeidarklassa, lite av solidariske og sosiale haldningar
og likesæle når det gjeld avfolking og privatisering av landsbygda. Sovjetnostalgi må ikkje skugga
for realistiske oppfatningar av dagens Russland.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

usa

russland

nato


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering