(Nr 38 - 2006) “Dei løynlege tenestene” er noko vi gjerne assosierer med spionromanar
og personar med konspiratorisk legning. Men ingen vil nekte for at desse “tenestene” også
finst. Eit illustrerande praktisk døme er at John Le Carré, Graham Greene og W. Somerset
Maugham alle skreiv spionromanar medan alle tre samstundes arbeidde for CIA og det britiske
MI6.


Omfanget av løynleg verksemd av ulikt slag har vore enormt i etterkrigstidas NATO-Europa og
USA. Denne verksemda har omfatta heile verda i dette tidsrommet, med utgangspunkt i
Washington, London, Paris, Roma, Bonn-Berlin og hovudstadene elles i alle NATO-land.


Av Kjell-Arnt Labukt

Det er skrive ein del om denne verksemda, ikkje berre som spionromanar. Som døme her: Bøkene
til Christopher Simpson: National Security Directives of the Reagan and Bush Administrations.
The Declassified Historry of U.S. Political and Military Policy, 1981-1991.

Også Simpson: Science of Coercence. Communication Research and Psychological Warfare 1945-
1960. Også Simpson: Blowback. Nazis, the CIA and the Roots of the Cold War. Og Simpson:
The Splendid Blond Beast. Money, Law and Genocide in the Twentieth Century.

Christopher Simpson har vore professor i journalistikk og historie ved amerikanske universitet.
Bøkene hans har fått mange prisar. Han har i tillegg skrive mykje i aviser og teke del i TV-program.
Bøkene hans er omsette til fleire språk, som tysk, fransk og japansk.

Kjeldematerialet hos Simpson er ikkje frå CIA-arkiv. Men Simpson nyttar den amerikanske
“Freedom of Information Act,” og kan såleis få tilgang til kjelder som “offisiell” historieskriving
ikkje vanlegvis nyttar, der også CIA har teke del.

Richard J. Aldrich har skrive eit fyldig verk på 770 sider med tittelen: The Hidden Hand. Britain,
America and Cold War Secret Intelligence. “The hidden hand” - “den løynde handa,” er ei gamal
britisk nemning for politisk og militær etterretning, spionasje, som det også heiter.

Som tittelen på boka syner, er utgangspunktet her London og Washington. Richard J. Aldrich er
brite og har i tillegg til denne omfangsrike boka skrive mange artiklar i tidsskrift. Han har vore
medredaktør av tidsskriftet Intelligence and National Security. Mykje av boka byggjer då også på
nyleg nedgradert kjeldemateriale, som Aldrich har fått tilgang til. Britane er elles kjende for å
nytte ekstremt lang nedgraderingstid på emne som er kompromitterande for The British Empire.
Opptil 100 år er ikkje uvanleg.

Til dømes blei arkiv som synte britisk tortur av krigsfangar under Andre verdskrig straks stengde
på nytt, då desse arkiva blei opna i 2005. Innhaldet i arkiva her synte at britane nytta ein
avhøyrstortur som var identisk med den nazitorturen som blei praktisert under Andre verdskrig.
Britanes tortur kunne like gjerne vere henta frå eit torturkammer i eit nazi KZ-lager eller eit
“Doktor” Mengele-eksperiment. Ei bok som likevel er kompromitterande nok for britane er Mark
Curtis: Unpeople. Britain’s Secret Human Rights Abuses.

I boka til Aldrich er det ein svært fyldig bibliografi over bøker og artiklar som omhandlar politisk,
økonomisk og militær etterretning frå slutten av Andre verdskrig og fram til 1965, både amerikansk
og britisk. Det som er tilgjengeleg for sal i bokform, er derimot så kostbart at berre universitet og
store bibliotek kjøper slike bøker. Bøkene skal så avgjord ikkje bli folkelesing!

Saka er ganske enkelt den at viktig vestleg arkivmaterial som blir nedgradert, syner vestmaktene
som den mest aggressive parten i Den kalde krigen. Det faktum at Sovjetunionen var innstilla på
fredeleg sameksistens bør derfor helst vedvare som ei ikkjesak.

Sovjetunionens ekte vilje til fredeleg sameksistens kjem også heilt tydeleg fram i alt den moderate
hauken og mangeårige insider Raymond Garthoff har skrive om Den kalde krigen. Og det er tre
bøker på til saman over 3000 sider. Bøkene dekkjer i hovudsak 1970- og 1980-åra. Og her er det
ikkje snakk om bruk av “gradert” materiale.

Utan å setje opp nokon bibliografi, vil eg likevel nemne tre andre bøker: Christopher Andrew: For
The President’s Eyes Only. Secret Intelligence and the American Presidency from Washington to
Bush. Martin Lee: The Beast Reawakens. The chilling story of the rise of the neo-Nazi movement.

Fortenesta til Martin Lee er at han gjev ein solid dokumentasjon på at den såkalla “nynazismen” er
eit ubrote framhald av nazismen, slik vi kjenner han frå Nazi-Tyskland. Og slik vi kjenner
høgreekstreme og fascistiske rørsler både frå heile Europa og USA, frå Mellomkrigstida og fram
til no.

Poenget i denne boka er også korleis nazitoppar gjekk inn i det politiske liv i NATO-Europa.
Martin Lee skriv også om den markerte skilnaden mellom praksisen i etterkrigstida her, i Austog
Vest-Tyskland. Då staten Vest-Tyskland blei oppretta i 1949, fekk velkjende stornazistar plass i
Adenauerregjeringa. Desse statsrådane var offentleg kjende som medskuldige i grove krigsbrotverk.

I Aust-Tyskland, derimot, fekk tidlegare medlemer av NSDAP offentlege verv, berre dersom dei
ikkje kunne knytast beinveges til noka form for humanitære brotsverk, før og under Andre
verdskrig. Martin Lee er amerikanar, og skriv derfor fyldig også om amerikansk naziverksemd i
etterkrigstida, og sambandet deira med Europa.

Den tredje boka her er ei artikkelsamling med Alexander George som utgjevar: Western State
Terrorism. Denne boka kjem inn på det emnet eg vil ta for meg: NATOs løynlege armear.
I all hovudsak støttar eg meg til ei bok med nett dette namnet: Daniele Ganser: NATO’s Secret
Armies. Operation Gladio and Terrorism in Western Europe. Daniele Ganser er sveitsar, og
arbeider no på eit verk om dei løynlege NATO-armeane, også i dei “nøytrale” landa Sveits,
Austerrike, Sverige og Finland.

Norske media, til liks med hovudtyngda i andre land, lever i “den sensasjonelle augneblinken.” I
ei av dei bøkene eg har nemnd ovanfor, står det at CIA har infiltrert nyheitssendingane i Europa.
Folk betaler altså TV-lisens for å få ein “embedded” variant av utanriksnytt. Eller dei får det sponsa
gjennom reklame.

Omgrepet terrorisme blir no nytta på ein identisk måte i alle dei NATOnyheitssendingane eg har
tilgang til på utanlands TV. NRK skil seg så avgjord ikkje ut her. Den medietida som no blir
nytta på omgrepet “terrorisme,” er fullstendig ute av proporsjonar.

I Irak, til dømes, kan resultatet av Western State Terrorism, jamfør nemnde boktittel, koste over
3 000 liv på ein månad. Det er heilt utan interesse. Den einaste TV-kanalen som tillet vettige
amerikanarar og britar å snakke, er den iranske TV-kanalen SAHAR.

28. august 2006 var det same innslaget å sjå og høyre på britisk, fransk og tysk TV-nyheit:
President Ahmandinejad i Iran hadde endå ein gong hevda at staten Israel skulle utslettast. Dette
skulle han ha prestert i ein tale denne dagen.

Same dato på engelskspråkleg iransk TV: Fyldig gjengjeving av det president Ahmadinejad sa i
denne aktuelle talen. Ikkje eitt ord hadde noko med Israel å gjere. Dessutan fekk Noam Chomsky
eit 2-3 minuttars innslag i same iranske TV-sending, med kritikk av amerikansk politikk i
Midt-Austen.

I Financial Times 31. august 2006 skriv Daniel Domby, London, følgjande i ein artikkel: IAEA
sine inspektørar hevdar at det vil ta minst 20 år for Iran har det som trengst for å framstille ei
atombombe. I same artikkelen rettar Direktør El Baradei i IAEA ei oppmoding til stormaktene om
å vere “varsame” i sin politikk andsynes Iran. I nyheitssendingane i dei NATO-landa eg har tilgang
til: “Iranske atomvåpen” trugar den frie verda, “kva tid som helst.“ Ei regelrett planta medieløgn!

Her bør det tilføyast at den russiske TV-kanalen PTP Planeta aldri framstiller Iran som potensiell
kjernevåpenmakt, i sine nyheitssendingar. Dette er litt interessant. Jamfør nemleg den vestlege “
kritikken” av “statseigde russiske media.” Her er det i alle høve ein russisk TV-kanal som er
nøktern, medan NATO-TV spreier unison løgn om “iranske atomvåpen“. Sjølvsagd kan det
innvendast at Russland sel utstyr til iranske kjernekraftverk, og derfor ikkje er å lite på. Men her
er det altså IAEA som blir referert i Financial Times. Det er vel lite truleg at den britiske redaksjonen
i nettopp denne avisa “kollaborerer” med Kreml.

“Tåteflasketerrorismen” på flyplassar i Storbritannia i august 2006 blei rett nok omtala med ein
viss skepsis i engelskspråklege og tyskspråklege nyheitssendingar. På engelsk blei omgrepet
“alleged” nytta, på tysk “mutmassig”. Båe orda framhevar at det er ein påstand at der var planar
om storstilt sameina flyterrorisme på fly frå Storbritannia til USA. Medierabalderet om sprenginga
av ein heil flypark i lufta mellom Storbritannia og USA er så langt følgd av den absolutte tagnad.

Den “terrorismen” som har dominert i Vest-Europa i etterkrigstida er høgreterrorisme. Ikkje uventa
er det “venstresida” sin terrorisme som derimot har fått plassen i media i NATO landa i
Vest-Europa. Det er få einskildsaker i dette tidsrommet som har fått så mykje medieomfang som
Baader-Meinhof i Vest-Tyskland på 1970-talet.

Boka til Daniele Ganser tek for seg høgreterrorismen, som fram til no har vore ei ikkjesak. Tittelen
på boka til Daniele Ganser fortel kvifor høgreterrorismen i Europa har vore ei ikkjesak. Vi
snakkar nemleg om NATO’s Secret Armies, her. NATOs løynlege armear. Dei “raude” brigadane
i Vest-Tyskland og Italia hadde hatt mørkeblå eller brune forgjengarar i lang tid.

I tillegg var “Dei raude brigadane” infiltrerte av NATOs løynlege hær, gjennom dei såkalla Stay
behind-gruppene. Vi kan derfor knapt snakke om nokon ekte “raud terror” i etterkrigstidas
NATO-Europa.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

nato

usa


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering