(Nr 32 - 2006) Framleis er storparten av folket i India uvitande om at India kan vere tiltenkt rollen som sentrum i ein breiare USA-leia militærorganisasjon for Asia. “I løpet av 2003, og kan hende seinare, drøfta amerikanske og indiske embetsmenn eit mogleg “asiatisk NATO.” Innhaldet i desse drøftingane og Indias rolle her er så langt ikkje offentleg kjende.”

Av Kjell-Arnt Labukt

Ein allianse er utan innhald, med mindre alliansen er retta mot noko. NATO blei opphavleg skipa
som ein allianse mot Sovjetunionen. Det mest opplagde målet for ein asiatisk allianse er Kina.
Dei militære indiske styrkane, særleg marinen, har vore aktive her.

Den nye marinedoktrinen til India går ut på at India skal dominere Det indiske hav. I 2004
tok dette prosjektet til, ved at marinerstyrkane til Singapore, Thailand og Filippinane blei med
som regionale makter, “allierte” med India. India har byrja på eit “Sjå Aust”-program. Det er
slikt som venskapsvitjingar i militærhamner og mindre manøvrar med desse landa i tillegg til
dei nemnde: Japan, Vietnam, Sør-Korea, Malaysia og Indonesia. (Indiske marinevitjingar i
desse landa er ikkje det same som “militært samarbeid.” Nett no synst det svært lite truleg at
alle kyststatar mellom Japan og India skal gå i nokon tett militærallianse mot Kina. Kina og
Vietnam har økonomisk samarbeid, til dømes. Båe landa møter no sanksjonar i EU, “for å selje
“statstøtta” varer i EU til dumpingpris.” (Mi tilføying.))

Føremålet er å opprette samband med land nær Kina, for å gjere den indiske militærmarinen
godt kjend i Sør-Kina havet, som eit potensielt operasjonsområde. Den indiske marinen skal
samstundes øvast i å operere over lengre avstand heimafrå.

Den indiske regjeringa si opptrapping av militærmarinen må sjåast i dette lys. Tydelagst gjeld
det den storstilte utbygginga av marinebasane Andaman og Nicobar. “Planen om å setje opp ein
samla militærplan for Det fjerne aust blei sluttførde bak attlatne dører i Washington i 1995
mellom dåverande indisk statsminister, P. V. Narasimbo Rao og dåverande amerikansk
president, Bill Clinton...

USA skal finansiere delar av denne planen fordi planen blir sett på som eit USA-leia
tryggingstiltak for Asia, der India spelar ei nøkkelrolle. USAs finansiering blei stadfesta i år
2000 då President Clinton vitja India.” (Der er to alvorleg “hakar” ved det økonomiske indiske
mirakelet. Ein: Det er berre den indiske mellomklassen på ca 300 millionar som er inkludert i
dette “miraklet.” Men der lever snart ein milliard i tillegg i India. Indisk mellomklasse går heilt
attende til kolonitida i India på 1800-talet. Indisk mellomklasse har vore dominerande anglofil,
det er rett. Men muslimane i India er alt anna enn “anglofile.” Heller ikkje dei hundretal
millionar av fattige hinduar.

“Hake” nummer to: Plent slik USA, er India som stormakt fullstendig avhengig av import av
olje. Kina importerer no halvparten av gass og olje. Kina har ein trygg leverandør i Russland.
India importerer alt 70 % av gass og olje, om få år må India importere ein endå større prosentdel.
Like utsett for oljemangel er Japan. Ein trygg leverandør ville India også ha i Iran. USA og
EU-boikotten av Hamas og hetsen mot Iran nett no heng sjølvsagd saman med militærstrategien
i heile Midt-Sør- og Aust-Asia. Ein amerikansk-indisk allianse er berre mogleg, dersom Iran er
Kjeltringstat nummer 1 i Vest-Asia. Eit åtak på Iran, militært eller ikkje, er også eit åtak på
Kina, som er avtakar for iransk gass.

Kva utfallet enn blir i Iran, så er vestlege media no påfallande like det dei var andsynes Irak ved
inngangen til år 2003. Eg fekk med meg eitt vettig innslag på vestleg TV rundt 10. april 2006:
Iran har klart å få 3,5% av uran til å verke. For å lage kjernevåpen treng Iran at 90% av uranet
verkar. Dette kom frå IAEA sjølv! Det står likevel att å sjå om El Baradei fekk Nobels fredspris
for berre å halde kjeft. Det er i så tilfelle i beste norske “fredspristradisjon.” CIA er godt orientert
her, og gjev Iran ti år før det kan vere snakk om kjernefysisk trugsmål frå Iran.

Kva CIA seier her er utan interesse for noverande Bush-administrasjon. Det einaste av røyndomen
denne administrasjonen forstår, er at der er mykje gass og olje i Iran. Varianten i vestlege media
er alt denne: Ved å halde fast på “å produsere kjernevåpen“ skapar Iran trugsmål om naudsynte
preventive militære tiltak frå Verdssamfunnet - her USA. Iran har derfor skulda når oljeprisen no
passerer 70 dollar fatet! (Mi tilføying.)) India har utvikla eit spesielt nært tilhøve til Vietnam.
Landet som ein gong førte ein heroisk krig mot USA-imperialismen, er no, på tragisk vis, ein
indirekte alliert av USA.

“India aukar salet av militærutstyr til Vietnam. India hjelper Vietnam med å overhale det
vietnamesiske flyvåpenet, og skaffar Vietnam reservedelar. India sender også offiserar til
Vietnam, der dei får trening i å føre jungelkrig mot geriljastyrkar. Den indiske kystvakta og
sjøpolitiet i Vietnam samarbeider mot piratverksemda i Søraust-Asia. India hjelper også til
med å byggje Vietnams militærmarine.

“I prinsippet” har India sagd ja til å selje Vietnam Prithvi-raketten, til å la vietnamesiske
vitskapsfolk trene på indiske kjerneanlegg, og hjelpe Vietnam etablere eigen våpenindustri for
lette handvåpen. Den indiske marinen har også hatt trenings -tokter med den vietnamesiske.”
Der er også rykte om at India ønskjer tilgang til den beste naturlege djuphamna i heile Asia,
Cam Ranh i Vietnam. (Kina er militært åtaksmål nummer ein for USA i Asia. Dette veit
kinesarane og dette veit også vietnamesarane. I ein slik situasjon er det velbrukt taktikk for eit
lite land som Vietnam å ikkje drive ope militært samarbeid med Kina. Kina har i tillegg sin
fremste militære allierte i Russland, og vil fram til Det kaspiske hav i Sentral-Asia. Det militære
samarbeidet mellom Vietnam og India som er nemnd ovanfor er langt frå å vere ein
indisk-vietnamesisk allianse, langt mindre ein militærallianse Vietnam-USA. Vietnam sin militære
aktivitet, slik den er nemnd her, ligg trygt innanfor det vi kan kalle nøytralitet. Piratvesenet
i Malakka-stretet er piratvesen, og ikkje noko meir. (Mi tilføying.))

Indias band med USAs nære allierte, Japan, blir forsterka. Japans militærmarine har namnet
Maritimt sjølvforsvar. Men den japanske marinen opererer no i Det indiske hav som støttespelar
for amerikansk okkupasjon i Afghanistan. Det spesielle med at japansk marine tek del i eit
amerikansk oppdrag langt utanfor Japans territorium er at dette set presedens for framtida. Japans
militærmarine er her i eit oppdrag som ingen ting har å gjere med “maritimt sjølvforsvar,” slik
namnet på Japans marine tilseier. Og det er første gong sidan 1945 at Japan offentleg tek del
i eit militæroppdrag, langt utanfor japansk territorialfarvatn. Nemninga “Sjølvforsvarsstyrke” om
japansk marine er heilt tydeleg utdatert.

I amerikansk teneste her har den japanske marinen nytta indiske hamner. I mai 2004 la Japan
fram eit offentleg tilbod til India om “globalt partnarskap,” for å vere motvekt mot Kinas
veksande makt. I april 2005 møttest dei japanske og indiske statsministrane. Då forsterka dei
den “globale partnarskapen” og stadfesta samarbeid “mot spreiing” av masseøydeleggingsvåpen.
Dei gjorde kjend at både kystvakta og marinen i India og Japan ville leggje grunnen for effektivt
samarbeid.

Då Georg Fernandes var indisk forsvarsminister i år 2000, erklærte han at Vietnam og Japan var
i ferd med å bli strategiske partnarar for India i kontrollen av piratverksemd i Det indiske hav og
Sør-Kina-havet. Reaksjonen frå delar av amerikansk militær planlegging var at dermed gav
desse tre landa “Kina melding om at dei vil motstå Kinas freistnad på å dominere havområde i
Asia.” Vidare frå ei gruppe amerikanske militære planleggjarar i år 2000:

“India kan finne høve til auka forsvarsoperasjonar med Thailand, Australia, Singapore og USA....
Indonesia kan også slutte seg til her.” (Vel, det er “lenge sidan” år 2000 no i år 2006. Nyleg
utvida Australia handelssamarbeidet med Kina, også i olje- og gassektoren. Australia har også
understreka at landet ikkje vil vere med på “fremjing av “demokrati” i Kina.” Det vil skape ein
ustabil og farleg situasjon i heile Søraust-Asia, og tener ingen partar i denne regionen. Utan
Australia blir det svært vanskeleg å få til noko “NATO i Asia.”

I år 2000 levde USA framleis i euforien frå “sigeren” i Den kalde krigen, og at det tidlegare
Aust-Europa blei til “Sentral-Europa,” ved at landa der blei medlem av NATO. I år 2000
kunne nokre amerikanske militære, i sin velkjende naivitet og si kunnskapsløyse om resten av
verda, få seg til å tru at amerikansk verdshegemoni var eit faktum. Og at så skulle vere tilfelle
i “eit nytt amerikansk hundreår.” - og “til evig tid.” Det er verd å minne om at noverande Bush-
administrasjon fullt ut trur på at USA er den einaste gudgjevne verdsleiar. Jamfør det eg skreiv i
Friheten, med utgangspunkt i bøkene til Andrew Bacevich.

Då Russland tok til med å selje topp moderne jetjagarar til Indonesia no i 2006, ville den
amerikanske Admiral Hester vite kva Indonesia tillet seg: Kjøpe militære kampfly frå eit land
som nettopp var “kommunistisk!” Russland inngjekk i tillegg handelsavtalar med fleire land i
Søraust-Asia, no i byrjinga av 2006. (Mi tilføying.)) I ein tale til Indias industrielle verdsforum la
den indiske utanriksminister Shyam Saran fram eksplisitte planar for eit “Asiatisk NATO.”

“Kva gjeld Asia, så er der ingen tvil om at ei storstilt ombygging no finn stad,” sa den indiske
utanriksministeren. Kina var i ferd med å etablere seg til “ei global økonomisk makt” med
vesentleg militær styrke i tillegg. USA og India kunne “hjelpe til med å skape betre balanse i
Asia.” For å trygge regionen var det naudsynt “å føre fleire og fleire land saman med same
føremål.” (I klårtekst: Å byggje opp ein allianse som motvekt mot Kina. (Mi tilføying.))
Amerikanske militærstudiar klårgjer fordelane med eit “Asiatisk NATO.” I ein slik studie heiter
det:

“Kva gjeld det om for USA? For det første er (eit “Asiatisk NATO”) framlegget til eit tryggings-
system og regionalt føretak for å hamle opp med dei to internasjonalt største trugsmåla mot
internasjonal tryggleik: Eit overambisiøst Kina og spreiinga av Taliban-Islam. For det andre er
dette eit heilt nytt tiltak, i dei landa det gjeld. Dei tek sjølve del, og det er ikkje det same som å
ha amerikanske styrkar utplasserte i Japan og Sør-Korea. Og for det tredje vil (eit “Asiatisk
NATO”) gje USA ein sjølvsagd plass som amerikansk interessesfære, der amerikanske styrkar
vil vere absolutt naudsynt nærverande.”

Men her er eit avgjerande punkt som må oppfyllast. Heile planen vil ramle saman dersom India
ikkje nærer stormaktsambisjonar. Berre dersom India ser på seg sjølv som ei stormakt, ei “motvekt
mot Kina i regionen,” vil India ønskje å verke for ein brei antikinesisk allianse. Derfor må USA
leggje trykk på India for å få landet til å forstå Indias “manifest destiny.” (Omgrepet “manifest
destiny” kom i bruk i USA då vestgrensa for nybyggjarane nådde Mississippi, samla sett på
1840-talet. Dei amerikanske nybyggjarane av nordvest-europeiske, protestantiske, antikatolske
nasjonalitetar såg på seg sjølve som dei friaste og mest opplyste borgarar og bønder i verda.
Dette var slett ikkje utan grunn! Ingen europeiske statsdanningar, med einskildunntaka Noreg
og Sveits, hadde på 1840-talet ein så frittståande og etter måten opplyst bondestand.

Landområdet vestafor Mississippi stod anten under britisk, spansk/katolsk herredøme, eller var
framleis folkesett av dei innfødde, sette på som “dei ville” av europearane, der som elles i Verda.
I “Manifest Destiny” låg ei overtyding om at “den nye nasjonen USA,” “Utvald av Gud,” som
det heitte, hadde ei gåve og eit oppdrag til resten av Verda: Spreiing av fridom.

På 1840-talet var det “vettig” nok. I dag tyder “Manifest Destiny” The American Way of Life:
Konsumerisme, militarisme, plyndring av ressursar, sløsing og likesæle med andre enn seg sjølve.
“Manifest Destiny” for India i dag er å alliere seg med USA og bli mest mogleg “amerikansk.”
(Mi tilføying.))

“Men avgjerande for dette prosjektet er at India blir overtydd om sin manifest destiny og at India
handlar resolutt. Det vil krevje at New Dehli tenkjer geostrategisk og gjev opp si likesæle
når det gjeld å fremje landets vitale interesser. Likeeins må India slutte med å vere like
imøtekomande mot alle, ven så vel som fiende. Korrektivet ligg i at den indiske regjeringa klårt
definere sine strategiske interesser.

Og at landet, som eit minimum, fokuserer på snøgt å skaffe seg ein kjernevåpenstyrke med
garantert interkontinental rekkjevidde og effektivitet. Ingen ting anna kan overtyde grannane til
India om at India kan bli ei effektiv motvekt til Kina i regionen, eller skape respekt for India i
Washington.”

Indias stormaktsambisjonar er avgjerande for USAs planar for Asia. Dess meir indisk utanriks-
politikk blir underlagd amerikanske strategiske planar, dess større sjanse har India til å få USAs
støtte til Indias sterke ønske om fast plass i Tryggingsrådet i FN. Jamvel om USA så langt ikkje
har støtta Indias krav her, “ så har eg grunn til å tru at så vil bli tilfelle når tida kjem.” Slik sa
Manmohan Sing det i Det indiske parlamentet.

Konklusjon
Utsikta til ein amerikansk-indisk allianse er tiltrekkjande for det indiske herskarsjiktet. For det
indiske herskarsjiktet står USA fram som den einaste militære supermakta i verda. Ein indisk
allianse her vil derfor auke Indias status til ei global stormakt. Meir enn før identifiserer indisk
overklasse og delar av den urbane mellomklassen seg med det amerikanske verdshegemoniet.
Mange har slektningar i USA. Mange arbeider for amerikanske firma, eller indiske firma som
er tilknytt amerikanske. Eksplosjonen i framande og eigne media over dei siste femten åra har
forsterka den indiske identifikasjonen med USA.

Offentleg amerikansk oppbakking av Indias “stormaktsprosjekt” vil utan tvil føre landa nærmare
kvarandre. Jamvel om den indiske makteliten er forsvinnande liten i høve til samla folketal i
India, spelar denne eliten ei viktig rolle i å forme “offentleg meining.” Slik kan dei påverke det
store publikums val. Likevel, der er fleire årsaker til at alt ikkje vil arte seg berre enkelt i den
alliansen mellom India og USA som no er under utvikling.

For det første blir amerikansk militær allmakt overvurdert. Amerikansk militærmakt syner seg
sårbar, jamvel i Irak. Der er ikkje USA i stand til å fjerne motstanden, og det berre i eit land.
Amerikansk militærmakt skal i teorien vere verdsomspennande. Så er tilfelle berre i liten grad.
Og meir avgjerande: Det økonomiske grunnlaget for verdsomspennande amerikansk
militærhegemoni er skjørt. Løftet om å “gjere India til ei verdsmakt” er endå skjørare.

For det andre: Dei indre politiske vanskane til den herskande indiske klassen blir ikkje lettare å
løyse ved at India blir ei “verdsmakt.” Grunnen her er enkel nok. Den øvste delen av det
indiske klassehierarki har blomstra økonomisk på grunn av endringar over dei siste tjue åra.
Det store fleirtal har opplevd forverra livskår. Og det er den sistnemnde gruppa, den talrike
botn i det indiske klassehierarki, som skapar innanrikspolitisk indisk turbulens. Denne talrike
seksjonen på botn i det indiske samfunnet lever i slikt pinefullt elende at dei for det meste er
upåverkelege av propagandaen om Indias “globale status.”

Noverande utsikter for indisk økonomi let ikkje til å endre noko her. Voksteren i det som blir
kalla “nasjonalinntekt” er av tvilsam kvalitet, når denne “voksteren” blir samanlikna med
aukande skilnader mellom fattig og rik. Dersom sysselsettinga verkeleg hadde vokse, kunne
også arbeidarklassen tent på det. Men auken i sysselsetting er så liten at stendig aukande folketal
i staden medfører sterkt auka arbeidsløyse.

Indias småbonde- jordbruk er i dag utsett. Kan ikkje den indiske småbonden lenger halde på
jordstykket sitt, blir India kasta ut i ei enorm krise. (Stikkord her: Matimport, for dei som har råd
til det. Genmanipulerte plantar. Mekanisert stordrift. “Terminatorfrø.” Forgifting av jordsmonn.
Menneskeskapt ekstremver i form av hyppigare flaumar og ekstreme tørkeperiodar, osb.
(Mi tilføying.))

For det tredje: USA har no slege inn på ein veg av ekstraordinær militær eventyrpolitikk, for å
styrke sitt fallande imperium. Her har vi ikkje plass til å diskutere dette emnet i det omfanget
som trengst. Det får halde med eit par døme: Invasjonen og okkupasjonen av Irak er del av ein
større plan for å rive til seg kontrollen av så mykje olje som råd.

Den amerikanske journalisten Seymour Hersh skriv at den amerikanske regjeringa har drive
løynlege rekognoseringar innan Iran sidan sommaren 2004 for å klårgjere bombetokt og
kommandoraid for å øydeleggje så mykje som råd av iransk militær infrastruktur.” (“The
Coming Wars,” New Yorker, 24. januar 2005). Kan hende har den vedvarande motstanden i
Irak hindra iverksetting av planen her i Iran, så langt.

Militære planar om å kontrollere Kina ligg lenger fram i tid, men er ikkje mindre eventyraktige.
Pentagon ser for seg ein ny Kald krig, skriv Robert Kaplan rosande i artikkelen “How We
Would Fight China” (Atlantic juni 2005). (Robert Kaplan er ein av dei som no set tonen
mellom dei nykonservative i amerikanske media. Jamfør artikkelserien min Amerikansk
Militarisme i Friheten med utgangspunkt i Andrew J. Bacevich: The New American Militarism.
(Mi tilføying.))

Russland skal også kontrollerast. Med europeisk hjelp har USA nyleg sponsa “revolusjonar” i
Georgia og Ukraina, for å ringe inn Russland. USA arbeider no på ein “tryggingsorganisasjon”
i regionen ved Det kaspiske hav for å stengje ute Kina og Russland. National Security Strategy
of the United States of America (september 2002) slår fast at USA ikkje vil tolerere at ein
konkurrent kjem til syne. Dette gjeld ikkje berre globalt amerikansk hegemoni, det gjeld også
regionalt amerikansk hegemoni.

Dette dokumentet forklårar nok langt på veg serviliteten innanfor NATO nett no. Her gjeld som
kjend “Ein for alle, alle for ein.” Sidan USA er under permanent “åtak” frå “terror,” er alle
NATO-land forplikta til å vere det same. Alle NATO-land har no sin variant av Patriot Act.
Noreg er som vanleg “flink” her. Alt av telefonsamtalar, også mobil og SMS, alt av e-post
blir lagra i politiets tryggingsavdelingar i to år. I NATO land på kontinentet er seks månader,
lågaste tidsrom, også nytta. Gestapo i raffinert utgåve i vernet om demokratiet: NATO!

EuroNews har teke til med “kamp mot terror,” dei også: Innslag i morgonsendinga i EuroNews
18. april 2006: I New York er no piratkopiering av luksusmerkevarer blitt eit problem, synt på
sendinga i EuroNews. Det blei synt fram luksusskor, luksusvesker, luksusklede i ei forretning
der det stod FAKE = “piratkopi” på skilt ved sida av. Så litt snakk om Taliban, terrorisme,
Al Quaida. Det var sikkert at pengane som blei tente på sal av piratkopiar gjekk til Al Qaida,
blei det sagd. Vel, dei som ligg i verdstoppen i piratkopiering er land som Brasil, Kina, Ukraina,
så her må Al Qaida ha lært mykje. Mest vesentleg her er sjølvsagd at Condoleezza Rice for ei
tid sidan utropa Iran til Verdsterrorist nummer 1. Dette har vi derfor i vente i tida som kjem:
Iran = Al Qaida. (Mi tilføying.))

Fordi USA treng hjelp til denne oppgåva; å ha hegemoni regionalt og globalt, oppmuntrar landet
element mellom sine allierte til å fostre stormaktsdraumar under amerikansk oppsyn. I oktober
2005 inngjekk USA og Japan ein vidfemnande strategisk avtale. Japan er då også eit godt døme
på eit land som fostrar stormaktsdraumar i ly av amerikansk vern.

I dei seinare år har USA systematisk oppmuntra Japan til å avvikle konstitusjonelle militære
avgrensingar, og også nytte japanske styrkar i utlandet. USA har støtta ein statsminister,
Koizumi, som oppattekne gonger har æra japanske krigsforbrytarar ved å vitje Yashukuni-
heilagdomen. Dette har Koizumi gjort ope til ære for reaksjonære element i Japan, og for å
provosere kinesarane med overlegg. USA har gjort Japan til hovudpartnar i militariseringa
av Verdsrommet.

I mars 2002 gjekk USA så langt som å “Gjennomføre kjernefysisk oversyn.” Dette gjorde
USA ved å gje militæret ordre om å førebu atomkrig mot minst sju land: Russland, Kina, Irak
(før okkupasjonen) Nord-Korea, Iran, Syria og Libya. Vidare byggjer no USA små
kjernevåpen som skal nyttast der konvensjonelle våpen ikkje strekk til. Desse (“mininukes“)
skal nyttast som svar på åtak med biologiske, kjernefysiske eller kjemiske våpen. Dei skal også
nyttast “ved overraskande militære hendingar.” Dokumentet knytt til “Kjernefysisk oversyn”
peikar ut desse regionane som aktuelle for bruk av små atomvåpen: Ein arabisk-israelsk
konflikt, krigshandlingar mellom Kina og Taiwan, eller eit åtak frå Nord-Korea mot sør. I eit
nøteskal: Kjernevåpen blir ikkje lenger rekna som berre eit avskrekkingsmiddel. Dei kan bli
nytta preventivt (“pre-emptive”) mot mange land, også land som ikkje har kjernevåpen. Når
dette blir gjort kjend, så er det også ei åtvaring mot potensielle motstandarar.

Såleis er det inga overdriving å seie at USA er på ein kurs av krigshissing og terrorisme mot folka
i Verda. Ulike krefter har forstått dette og gjer seg i stand til å møte konfrontasjonen.

Militært nærmar såleis Kina og Russland seg kvarandre. I lag har dei utforma ein “Deklarasjon
om verdsordning.” Denne deklarasjonen set seg i mot unilateralisme og bruk av militærmakt.
Vidare framhevar deklarasjonen FN som konfliktløysar, fredeleg bruk av Verdsrommet og ei
verdsordning “ fri frå krav om einerett og einedominans i internasjonale tilhøve.” Kina og
Russland har skipa militæralliansen “Shanghai Samarbeidsavtale,” der fire sentralasiatiske statar
også er med. (Usbekistan, Kirgisistan, Tadsjikistan og Kasakhstan, i allianse med Kina/ Russland.
Armenia og Kviterussland har i tillegg allianseavtalar med Russland. (Mi tilføying.)) I tillegg har
Kina og Russland teke til med sams militærøvingar, 10 000 soldatar tok del i siste øving.

Russisk/kinesisk motstand mot amerikansk einedominans er avgrensa til område som er av
avgjerande tryggleik for Kina og Russland sjølve. USA møter også motstand mellom folka i
Verda. I Latin-Amerika, som USA har rekna som sin eigen bakgard, blir USA no stengd ute
på ein måte som aldri har førekome tidlegare. USA møter motstand hos folket, men ikkje
herskarane, i område som Vest-Afrika, Nord-Afrika, Europa og delar av Aust- og Søraust-Asia.

Når indiske leiarar sluttar seg til amerikansk militærallianse, bind dei også India til den mest
reaksjonære makta i Verda. India kjem dermed også i konflikt med ulike antiamerikanske rørsler
Verda over.

Dei negative konsekvensane av ein militærallianse USA/ India vil folket i India få merke, i ei
eller anna form. Til dømes gjennom sterkt auka indiske militærutgifter, og auka risiko for krig
eller straffetiltak frå andre land. Det indiske folk bør lytte til opposisjonen mot indisk militær
underordning andsynes USA. “Stormakta” India er ikkje i stand til å skaffe sine eigne ibuarar
korkje mat, hus eller klede.

(Framhald i neste nr.)

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

nato

krig

india

stormakt


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering