Kor snøgt vil ein gløyma denne gongen?

(Nr 31 - 2006) Det såkalla verdsamfunnet har selektivt minne. Når det gjeld sionistar og israelarar si hardferd, er den ”siviliserte verda” utruleg snøgg til å gløyma.

Av Olav H. Aarrestad

Så godt som gløymt er at skipinga av Israel i stor mon byggjer på terroristars målmedvitne
verksemd. Først vart det gjort attentat mot britiske soldatar i Palestina og laga så mykje kvalm
at britiske militære berre var glade for å kunne trekkja seg ut. (Det britiske mandatet vart
oppgjevi av ei sionistvenleg Labour-regjering 15. mai 1948).

Berre i dei tre første månadene etter at SN den 30. november 1947 med 33 mot 13 røyster
gjorde vedtak om å skipa tre arabiske og tre jødiske soner i ein økonomisk union, vart nærare
1400 drepne (stort sett palestinarar). Sionistterroren kuliminerte med mordet på SN sin
meklingsmann, Folke Bernadotte, og den franske obersten Serot. Bak attentatet stod
organisasjonen Stern der fleire seinare framståande israelske politikarar var med. Morda skjedde
den 11. september 1948, men her dreier det seg om ein 11. september som skal gløymast.

Heilt frå første stund har sionistane klart å få grunnfeste for ein myte: Jødane har rett til å
forsvara seg. Då britane overtok mandatet over Palestina etter første verdskrigen, budde det
80 000 jødar der, dvs. ca 13% av folket. Då den andre verdskrigen var slutt, var talet auka til
550 000. dvs, 31%. I stor mon dreide det seg om ulovleg innvandring som britane såg gjennom
fingrane med. (Reint a propos vert 470 000 jødiske innvandrarar aldri trekte frå dei offisielle
holocaust- tala, heller ikkje innvandrarane i USA i same tidsrommet.)

Palestinarane rett til å forsvara liv, helse, gard og grunn mot denne massive innvadrarflokken
har ”verdssamfunnet” aldri anerkjent. I staden har det med opne augo sett på at skipinga av
den sjølvproklamerte israelske staten (14.mai 1948) førde til enorme flyktningeproblem
i Libanon og Jordan. Framleis lever palestinarar i læger i Libanon, og framleis er fleire millionar
palestinarar utan nasjonal heimstadsrett og vanleg pass – då ser ein bort ifrå dei som lever i dei
israelskokkuperte områda.

Argumenta ein har kunna høyra, er at palestinarane, då helst kalla arabarar, berre kan dra dit dei
kom ifrå, til andre arabiske land. Ein skal vera varleg med parallellar og tankekesperiment; men
ein kan ikkje dy seg. Tenk at irane skulle finna ut at det eigenleg var dei som kom først til
Island, det er sumt som tyder på det, og så langsamt byrja kjøpa seg inn og å trengja seg på i
Island. Så lagar ein myten om at irane må ha rett til å verja seg og at islendingane berre kan
pakka seg heim til Noreg; det var der dei kom ifrå. Islendingane som gjorde motstand, ville straks
verta erklærte for terroristar.

Kor mange palestinske liv, kor mykje naud og fordriving, skipinga av den israelske staten
har ført med seg, vert snøgt gløymt, att står berre Israels rett til å verja seg og israelaranes
krav på å leva innanfor trygge, forsvarbare grenser. I Midt-Austen er det einast Israel som
verdssamfunnet er viljug til å gje slike rettar. Alle andre lands grenser kan fritt krenkjast av
israelsk-amerikansk krigsteknologi.

For palestinarane og arabarar flest er israelarar europearar og på mange måtar ei forlenging
av ei smerteleg krossfararsoge. Den libanesisk-franske forfattaren Amin Maalouf har
i boka ”La barbarie franque en Terre sainte” (Paris, 1983) tatt føre seg krossfarartida som
starta i 1096 og vara i over to hundre blodige år, ut ifrå arabiske kjelder. Den gongen var
det kristne fanatikarar som dreiv det arabarane oppfatta som valdtekt på deira grunn og
eigedom og ikkje minst liv. Skal ofra for krinstne massakrar summerast, er dei vel på
høgd med dei liva israelske militære har på samvetet, rett nok over langt fleire år - 200 mot 60.

Ein kan undra over om det ikkje er reminisensar frå krossfarartida som sit att i norske og
amerikanske kristne fundamentalistar. Soga fortel at Sigurd Jorsalfar drog på krossferd til den
heilage staden, men har ikkje eitt ord om kor mange han drap.

Faktisk har det ikkje vori så mange, skal ein tru Maalouf. Krossfararane hadde i 1109 og
1110 gått laus på Tripoli (i Nord-Libanon) og Beirut og herja og massakrert så ettertrykkeleg
at då Sigurd Jorsalfar sigla opp framføre Saida (Sidon) med seksti skip og slo seg saman med
frankarkongen Baudoin i kringsetjinga av byen, var kampviljen hjå ibuarane knust. Dei sende
ut ei tingingsgruppe, byen kapitulerte den 4.12. 1110 og vart fysisk spart, men folk flykta
over hals og hovud til Damaskus og Tyr som alt var overfylde av flyktningar. Så å seia
heile Libanon hadde vorti utsett for kristelege herjingar. Alle leiarar var fordrivne eller drepne,
bygningar øydelegde, blant anna vart dei praktfulle biblioteka i Tripoli sette i brann for å
øydeleggja ukristelege bøker, og tusenvis vart massakrerte. Av Beirut og den praktfulle byen
Tripoli - gullsmedanes og biblioteka sin by - var det lite att.

Gjennom alle tider har dei som kjem frå Libanon vori fredelege og dugande handelsfolk (jfr.
fønikarane), men blant dei som kjem dit, har herjingshugen vori stor. Det går ein raud tråd frå
krossfararane til dagens israelarar. Den dagen ein israelar kjem med fred, er det god grunn til
å setja ein kross i taket, for ikkje å seia ein halvmåne.

Ein må akta seg for ikkje å verta antisemitt, heiter det gjerne når Israel herjar som verst. På den
andre sida kunne ein kanskje kreva av jødar i andre land at dei desolidariserer seg frå
statsterrorismen i Israel. Og det finst dei jødar som tek til motmæle mot israeleranes framferd,
blant anna skreiv over hundre jødiske intellektuelle i Frankrike under ei fråsegn mot ein krig
der svaret på bortføringa av totre israelske soldatar var heilt ute av proporsjonar.

På den andre sida held dei fleste jødiske samfunn verda over fram med å samla inn pengar til
Israel. Ein vert ikkje så lite undren når ein får sjå - på ei kanadisk fjernsynssending - Colin
Powell dukka opp på eit jødisk pengereisingsaksjonsmøte i Toronto. Rett nok visste vi at Kissinger
og Albright var jødar, men at også Powel skulle ha nære band til slike krinsar, var nytt for oss.

Heilt sidan Theodor Herzl kom med boka Jødestaten i 1896 har Israel vori ei hjartesak for jødar
verda over, det er truleg difor eit stivt stykke å krevja at jødar flest skal ta avstand frå staten
Israel, på same vis burde ein Krekar få lov til å halda fram med å meina det han meiner. Det
einaste ein kan vona på, er at den jødiske diasporaen under påverknad frå det miljøet dei lever i,
kan ha ein modererande verknad på haukane i Tel Aviv. Og då er det viktig at det ikkje utviklar
seg antijødiske stemningar i ulike europeiske land, det vil berre føra til at dei som tilhøyrer
det mosaiske trusamfunnet, vil trekkje seg inn i seg sjølv og gjera avstanden til dei vanlege
strøymningane i storsamfunnet større.

Det er liten tvil om at den siste krigen mot Israel har fått augo opp hjå mange - jamvel om
reaksjonen på Jostein Gaarders kronikk han tyda på at sume krossfararkristne ikkje har gått i
grava enno. Det rår nok ei utbreidd kjensle av at denne gongen gjekk israelarane for langt og
at omgrepet terrorisme må ein heretter taka med ei klype salt. Men for at denne kjensla skal
halda seg og få positive verknader, er det viktig at ein ikkje gløymer så fort. Krigen mot
Libanon i juli 2006 bør spikrast like fast i medvitet som 11. september - både den i 1948 og
den andre.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

midt-østen

israel


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering