Difor er India så viktig
-
(Nr 31 - 2006) I mars 2005 tok USAs utanriksminister Condoleezza Rice kjend Washingtons avgjerd om å “gjere India til ei verdsmakt”. Utan tvil kan amerikanske våpenprodusentar no sjå fram til store kontraktar frå India. Men denne amerikanske avgjerda er diktert av breiare strategiske vurderingar.
Av Kjell-Arnt Labukt
For det første: USA er ikkje uroa over Indias ambisjonar. USA veit at India ikkje er i stand til å
drive maktpolitikk i Asia på eiga hand. Til dømes: India kan ikkje setje i verk planane sine om
snøgg utplassering av militærstyrkar åleine i landområde langs kysten av Det indiske hav. Til det
trengst det langtrekkande flystyrkar som kan etterfylle drivstoff i lufta. Her trengst flytypar som
snøgt kan utplassere og opprette kommandosentralar. Det trengst åtakshelikopter, og eit hangarskip
i tillegg til det einaste indiske hangarskipet Virat.
Ein vesentleg del av dette utstyret vil måtte importerast frå USA. Ein meir langvarig indisk
intervensjon utanlands vil krevje utstyr til levering av forsyningar, og dette utstyret har ikkje
India no. (Faktisk har heller ikkje EU landa utstyr for utplassering av militære styrkar og
infrastruktur til å halde desse styrkane i aktivitet over lengre tid etter utplassering. Dette kom fram
under krisene på Balkan, der USA måtte syte for denne delen av militæropperasjonane.)
Heller ikkje kan Indias ønske om å bli militær stormakt oppfyllast utan at USA ønskjer det. I 2003
sa dåverande statsminister Atal Bihari Vajpayee at strategisk partnarskap med USA var avgjerande
for hans tjueårsprogram for å oppnå indisk stormaktsstatus. Utan amerikansk støtte ”vil Indias evne
til å øve makt og påverknad utanlands vere vanskeleg.”
Grunn nummer to for å hente støtte hos USA for å fremje indiske ambisjonar, er at dette også er i
samsvar med USAs interesser. Dette blir sagd heilt tydeleg i minst tre viktige amerikanske kjelder.
Den første er ein rapport frå Det amerikanske forsvarsdepartement i oktober 2002, med tittel:
Indisk-amerikanske militære tilhøve. Forventningar og oppfatningar. Denne rapporten er basert på
intervju med 42 amerikanske hovudpersonar. Mellom dei er 23 aktive militæroffiserar, 15 tilsette i
amerikansk politisk toppadministrasjon, og 4 andre amerikanarar.
I same rapporten uttalar 10 aktive indiske militæroffiserar seg. Det gjer også 5 personar frå sivil
indisk administrasjon og fleire medlemer frå National Security Council og andre utanlandske
ekspertar som gjev råd til indiske styresmakter. (National Security Council, forkorta NSC, er den
amerikanske organisasjonen som planlegg amerikansk utanrikspolitikk, økonomisk, politisk og
militært. Dei har vanlegvis sterk innverknad på amerikansk presidentadministrasjon, anten
den amerikanske presidenten er republikanar eller demokrat. Planlegginga til NSC er langsiktig;
eller meir presis: NSC set opp mål som amerikansk utanrikspolitikk er retta mot. NSC er det
permanente samleorganet for det korporative USA, med medlemer med bakgrunn i militæret,
næringslivet og utanrikspolitikk. Dei leiande personane her har praktisk erfaring frå alle desse tre
områda, og er gjerne medlemer over lengre tid. “Kulturlivet” er også representert. (Mi tilføying))
Den andre amerikanske kjelda er artiklane til Ashley J. Tellis, rådgjevar for Robert Blackwill då
Blackwill var amerikansk ambassadør i India, 2001-2003.
Den tredje amerikanske kjelda er studien av Stephen Blank frå oktober 2005. Stephen Blank held
til ved Instituttet for strategiske studiar ved U.S. Army War College. Namnet på denne studien er
Naturlege allierte?: Regional tryggleik i Asia og utsiktene for indisk-amerikansk strategisk
samarbeid.
Samanheng: USAs verdsomspennande strategiske interesser
Samanhengen (context) for desse studia er nivået på amerikansk imperialisme i dag og dei
noverande verdsomspennande utsiktene for amerikansk verdsimperialisme. Vi har skrive om
dette i Bak invasjonen i Irak (New York: Monthly Review Press, 2003) og vil derfor berre
summere opp argumentet her. (Denne artikkelen i Monthly Review, mai 2003, omsette og
kommenterte eg for Friheten. (Mi tilføying.))
Tilsynelatande skulle ikkje USA stå overfor noko slags trugsmål mot sitt verdsomspennande
hegemoni etter Sovjetunionens samanbrot. USAs pengebruk på militæret utgjer åleine halvparten
av alle militærutgifter i Verda. Dette er mellom 3 og 4 gonger så mykje som dei andre medlemene
i Tryggingsrådet nyttar samla. (Kina, Russland, Storbritannia og Frankrike til saman.) USAs bruk
av pengar på militæret er det doble av kva dei 6 neste store brukarane av pengar på militærvesen
nyttar: Russland, Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia, Kina - jamvel om Kina nyttar meir
enn den offisielle summen her.
USA er det einaste landet som har infrastruktur og styrkar til å operere militært over store avstandar
og føre vedvarande krigar i geografiske område fjernt frå USA, slik tilfellet er i Irak og Afghanistan
no. (Dette ville likevel USA åleine ha vanskar med. Innanfor NATO er støtta til amerikansk
aggresjon obligatorisk, jamfør paragraf 5. I Afghanistan nyttar også USA FN som støttespelar,
jamfør ISAF-styrkane. Det same gjeld Balkan no. USA treng også hjelp av private leigesoldatar.
Det er all grunn til å tru at Halliburton løner slike leigesoldatar i Irak, nett no. Like viktige er dei
regima som tener som militærbasar for USA. Jamfør at Andrew J. Bacevich kallar Egypt
“satsplanken for USA i Midt-Austen.” Då den “farlegaste” motkandidaten til Mubarak i Egypt
blei myrda på ordre frå president Mubarak, etter siste presidentval i Egypt 2005, var det minimal
mediereaksjon. (Mi tilføying)).
Land som Frankrike og Storbritannia kan berre prestere mindre intervensjonsstyrkar for å utføre
militæroppdrag i Afrika, der det berre er land med uvesentlege eigne militærstyrkar.
Men det er økonomisk styrke som legg grunnlaget også for militær styrke. Og her har USA i dag
eit svekka grunnlag. USAs del av verdsinntekt har falle frå 50% i 1950 til 21% no. USAs del
av verdsproduksjon har falle frå 60% i 1950 til 25% i 1999. Den amerikanske delen av framand
investering på børsane i verda har falle frå 47% i 1960 til 21% i 2001.
Utan tvil blir det sagd at amerikansk økonomi “gjer det godt”. Men faktum er at amerikansk
økonomisk vokster no går føre på denne måten: Ved massive offentlege og private låneopptak.
Ein aukande grad av varer og tenester blir importert. I dei to siste tiåra har USA hatt
handelsunderskot. Dette underskotet er no ute av kontroll. I 2004 var det amerikanske underskotet
andsynes resten av verda 668 milliardar dollar. I 2005 vil det vere mykje meir. Dette underskotet
har så langt blitt fylt opp gjennom lån i utlandet. USA er dermed i dag den største debitor i verda.
70 % av sparepengane i verda går i dag med til å fylle opp det amerikanske handelsunderskotet.
Andre land plasserer sparepengane i USA av desse årsakene: USA er den dominerande
imperialistiske stormakta i verda. Den amerikanske dollaren er framleis den leiande pengeeininga
for internasjonal handel. Mange land vil forhindre at dollaren blir svekka, fordi USA er deira
viktigaste handelspartnar.
Dette spelet kan ikkje halde fram i all framtid. Eit land kan ikkje leve utelukkande på lån av
utanlandske sparepengar. Internasjonale investorar og sentralbankar i mange land vurderer
no å investere andre stader, framfor å finansiere det amerikanske handelsunderskotet. Dersom så
hender, fell dollaren i verdi, og USA blir truga av økonomisk samanbrot.
(“Proteksjonisme og frihandel kjem og går.” Sitat Frank Aarebrot etter non, nee i Frankrike og
Nederland våren 2005. Ta ein telefon til herrane Jean-Claude Trichet, Lamy Pascal og Paul
Wolfowitz, Frank Aarebrot, og spør kva dei meiner om “proteksjonisme.“ (Mi tilføying.))
Amerikansk militær aktivitet spelar ei vesentleg rolle i å forhindre trugsmål mot dollaren.
Amerikansk militærmakt er til stades der store delar av oljen i Verda kjem frå, primært i regionen
rundt Den persiske bukt, no konsentrert i Irak. Så lenge så mykje av oljen blir utvunne av
amerikanske oljeselskap som no, så lenge dei viktigaste transportrutene for olje står under
amerikansk kontroll, så lenge er dollaren trygga. Gjennom lånte sparepengar kan også USA
finansiere eiga kapprustning mot potensielle “fiendar” av dollaren her, og dermed undergrave
andre lands økonomi.
Dette kan likevel ikkje løyne at den amerikanske militærmakta blir sårbar i aukande grad. For
det første må USA ha militært verdsherredøme, og kunne slå attende motstand alle stader. Det
amerikanske verdsherredømet kviler nemleg på at ein motstandar er ute av stand til å trasse den
militære amerikanske dominansen. USA er derfor no i permanent krigstilstand. Men nettopp
fordi USA intervenerer alle stader der deira interesser er truga, er landet også mål nummer 1 for
antiimperialistiske krefter over heile verda.
For det andre er USA vel utstyrt for å nedkjempe konvensjonelle militærstyrkar. Derimot har ikkje
USA noko imponerande å syne til andsynes folkereisningar og geriljarørsler. Vietnamesarane si
frigjering av eige land og noverande motstand i Irak er tydlege døme i så måte. (Derimot kan
USA, slik tidlegare imperiemakter har praktisert, spele på etniske motsetningar innanfor dei
absurditetane frå europeisk kolonitid i Afrika og Asia, som no er “statsdanningar”. Dette gjeld
nett no Irak. (mi tilføying))
For det tredje så vil store tapstal i amerikansk personell, eller tvangsutskriving av amerikanske
soldatar ikkje kunne gå føre over lengre tid. Då på grunn av innanrikspolitiske tilhøve i USA.
(“Verdskommunismen” - same kor vanvittig løgnaktig han var - så hadde amerikanarane konkrete
land å knyte “Kommunismen” til: Sovjet, Kina på 1950- og 60-talet, Vietnam heilt fram til 1975,
venstreorienterte parti og organisasjonar over heile verda, inkludert Latin-Amerika og USA sjølv.
Det er vel få som veit at Marilyn Monroe blei overvaka av FBI som “kommunist”. Men det er
faktisk tilfelle, då ho hamna i lag med Arthur Miller. Og “Kommunismen” hadde funnest sidan
Bolsjevikrevolusjonen i 1917. Det står att å sjå kor lenge terrorisme kan nyttast på same måte.
(Mi tilføying.))
Den nye amerikanske “verdsforsvarsposituren”
For å halde på hegemoniet over skiftande motstandarar har USA sett opp eit enormt nettverk av
militærbasar. Men auken i talet på basar har samstundes gjord dette militære nettverket tynnare.
I 2003 gjorde Pentagon kjend at USA ville endre basepolitikken. Det førde med seg at 35 %
av dei store basane frå Den kalde krigen (innretta på krig mot Sovjet) blei nedlagde. Verksemda
frå desse store militære kaldkrigsbasane blei så spreidd til eit stort tal mindre basar i det området
Pentagon kallar “Den ustabile halvsirkel” i Vest- og Sentral-Asia. Desse småbasane i fremste
posisjon skulle tene mobile styrkar som blei tilkalla av USA, når det trengst. Denne nye
”verdsomspennande forsvarsposituren” tener det nye opplegget for USAs verdsomspennande
hegemoni.
“Under Den kalde krigen var vi svært visse på kor hovudrisikoane var og kampar ville finne stad.
Derfor kunne vi utplassere personell nett der.” Slik seier viseforsvarsminister Douglas Feith. “No
har vi eit fullstendig ulikt bilete. ... Vi må kunne utføre alle slags militære operasjonar (frå krig til fredsvern) alle stader i verda, svært snøgt.”
Pentagon freistar oppnå maksimum fleksibilitet i åra som kjem, som svar på terrorisme og andre
potensielle trugsmål, inkludert trugsmål mot oljeinstallasjonar. Så miltæret ønskjer eit spekter av
tilgang på basar og semje om militært nærvær i så mange land som råd og i så mange regionar
som mogleg.
“Feith seier at Pentagon vil unngå miljøomsyn og politiske innvendingar som har hindra
amerikansk militærøving og utplassering av styrkar i Europa, i dei seinare år. “Dersom land legg
avgrensingar på oss, slik at vi ikkje kan operere maksimalt i og frå desse landa, så får vi finne
land m ed betre vilkår,” sa viseforsvarsminister Douglas Feith.”
Naudsynet av indiske basar og tilgang til militærtrening
Det amerikanske War College har lagd fram ein studie. Denne studien er eit resultat av samtalar
forfattaren av studien hadde med representantar frå ulike amerikanske militærinstansane under
“Den amerikanske Stillehavskommandoen”. I denne studien står det heilt klårt:
“Vi treng avgjerande samarbeid med India på grunn av våre verdsomspennande strategiske
interesser. Nett no klarar ikkje våre militære installasjonar å halde tritt med vår verdsomspennande
politiske og økonomiske utbreiing. Såleis manglar vi amerikanske styrkar og installasjonar
mellom Okinawa og Guam i Stillehavet og Diego Garcia i Det indiske hav.”
Slik står det også å lese i amerikanske Quadrennial Defense Review, 2001. Det trengst fleire basar
og meir styrkar i Asia “på grunn av aukande trugsmål i heile konfliktspektret.” I 2002 fortalde
statssekretær i det amerikanske forsvarsdepartementet, Peter Brooks, dette til den amerikanske
Kongressen.
“Avstandane i det asiatiske militære rom er svært store. Det militære amerikanske nærværet her
er lågare enn i andre kritiske regionar. I tillegg kjem at USA har mindre visse om tilgang til
basar og infrastruktur i den asiatiske stillehavsregionen enn elles. Quadrennial Defense Review
slår derfor fast naudsynet av å inngå fleire avtalar i dette området.”
“Amerikanske offiserar er heilt klåre på dette punktet: Siktemålet er å få hand om basar på indisk
område, og dermed sikre dei svært viktige sjørutene mellom Persiabukta og Aust-Asia.”
Amerikanske generalar seier heilt ope at basar i India vil gjere USA i stand til “å nå resten av
verda. Og USA vil vere i stand til “snøgt å gripe inn i regionale kriser.”
I tillegg kjem dette: Dersom det gode tilhøvet mellom USA og deira gode allierte i dette området,
skulle svekkast på eit punkt, så treng “USA å ha klåre alternativ i Asia. India er det optimale i
så måte.” (Japan, Sør-Korea og Saudi-Arabia blir her nemnde som døme på allierte.)
Vidare frå amerikanske vurderingar om kvifor India er viktig: “ Den amerikanske marinen ønskjer
eit relativt nøytralt territorium på motsett side av kloten. Dette området må ha hamner som gjev
utgangspunktet for amerikansk militær verksemd i Midt-Austen. India har ikkje berre god
infrastruktur, den indiske marinen har prova at han kan stå til teneste for amerikanske skip.
Amerikanske hamnevitjingar i India må bli framtidig rutine. India er ein tilfredsstillande medspelar
i alle marineoppdrag, inkludert indisk hjelp i svar på regionale kriser.”
India har allereie gjeve USA løyve til å nytte indiske hamner for invasjonen og okkupasjonen
av Irak og Afghanistan. India har også gjeve USA grønt lys for å nytte basar på Sri Lanka.
“India har hjelpt USA med å få hand om den amerikanske basen på Diego Garcia og gjeve USAs
marine tilgang til hamnebyen Trincomalee på Sri Lanka. India har også tilbode Washington
hamner på indisk fastland i “Den globale krigen mot terror.” Som motyting har Washington
lukkast med å presse Tamil Tigrane på Sri Lanka til å halde forhandlingar med styresmaktene på
Sri Lanka... Tilgang til desse basane i Det indiske hav er svært viktige for oppdrag mellom
Midt-Austen og Søraust-Asia. Desse basane kan også nyttast til å kontrollere kinesiske sjømilitære
ambisjonar i Det indiske hav. I tillegg kan USA, nett no, nytte indiske hamner og flyplassar, når
høvet krev det.”
11. september-åtaket på USA og Indias ivrige tilbod om indiske basar for amerikansk invasjon i
Afghanistan var ei vendepunkt. Før denne datoen hadde ei amerikansk krigsskip vitja India kvart
tredje år. No kan offiserane i den amerikanske Stillehavskommandoen fortelje at amerikanske
krigsskip stendig er innom indiske hamner. Før 11. september fekk ikkje amerikanske militærstyrkar
ha våpen på indisk grunn. Det galdt til dømes ved jordskjelvet i Gujarat. Etter 11. september va
der ingen slike restriksjonar meir.
USA ønskjer også indisk landareal som treningsområde. India har variert topografi, frå islagde
landområde til ørkenar. Dermed slepp USA å utvide øvingsareal på eiga jord. For USA er sams
trening med indisk marine eit optimalt tilbod for å bli topp effektiv i Det indiske hav.
Militære indiske styrkar for “ordinære” oppdrag
USA treng ikkje berre indiske fasilitetar. Dei treng også hjelp av indiske militære. Ashly Tellis
seier at indiske militære vil vere naudsynte hjelpestyrkar på lågare nivå, førebels. Men etter kvart
som indiske styrkar får betre utdanning, kan dei inngå i bilaterale oppsettingar med amerikanske
styrkar. Indiske styrkar kan understøtte amerikanske, og såleis gje dei amerikanske styrkane auka
kampkraft.
Ashly Tellis påpeikar også at indiske styrkar kan bli sette inn i område/oppdrag der det ikkje
er naudsynt med amerikanske soldatar. “Indisk militærmakt vil vere mest relevant i dei geografiske
områda som er perifere i asiatisk geopolitikk. Det gjeld til dømes fredsstyrkar, hjelpepatruljar,
humanitær hjelp, hjelp ved katastrofar, og transport av verdiar. USA-styrkane kan dermed
konsentrere seg om dei reint militært viktigaste oppdraga.”
Mest aktuell for slikt “partnarskap” er den indiske marinen. Samarbeidet her tok til straks etter 11.
september 2001. I seks månader dreiv indiske og amerikanske skip saman patruljekontroll av
skip og sjøleida mellom Det arabiske hav og Malakka- stretet.
“Dette samarbeidet skapa ein nyttig presedens,” seier den amerikanske militære talsmannen som
uttaler seg i denne artikkelen, admiral MacDonald. “Marinesamarbeid er det mest lovande aspektet
ved amerikansk/ indisk militærsamarbeid.” Berre den indiske marinen er den delen av det indiske
militærapparatet som kan operere utanfor Indias grenser. Dette vil ikkje merkast på same måten
som bakkestyrkar i mobilisering eller under flytting. Indiske marineskip kan derimot samarbeide
med amerikanarane til havs, utan at “nokon” veit det. “Den amerikanske marinen let ikkje fotspor
etter seg i India. Sams øvingar blir gjennomførde ute av syne, utan amerikanske tropper på indisk
grunn.” Slik er tankegangen. “Det nye rammeverket for amerikansk/indisk forsvarstilhøve” var
ferdig i juni 2005.
Her står det at indisk og amerikansk styrkar skal trene samla og utføre sams oppdrag. Det står om
sams amerikansk/ indiske “fredsoperasjonar,” og at båe partar skal take del i slike “multinasjonale
fredsoperasjonar.” Her er verd å merkje seg at FN ikkje er nemnd ved eit ord. Dette går inn i den
etablerte amerikanske praksisen med å sende militære hjelpestyrkar til område med naturkatastrofar
og regionale konfliktar. Her ikkje berre amerikanske styrkar, men alt av allierte.
Den sams utsegna frå Manmohan Singh og George Bush 18. juli 2005 nemner “Eit USA/ India
hjelpeinitiativ som byggjer på røynslene til kjernegruppa under Tsunamikatastrofen.“ Denne
gruppa, der India var med, stod under FN. Tsunamikatastrofen gav USA høve til å tilby Indonesia
militære tenester i Acheh-provinsen, og Sri Lanka. (Til Sri Lanka sende USA 1500 marinesoldatar
og eit amfibieskip av åtakstype i “humanitære føremål”).
Initiativ mot atomvåpenspreiing: brot på international lov
“Det nye rammeverket” frå 28. juni 2005 seier også at India og USA skal stå saman “mot
spreiing av masseøydeleggingsvåpen.” Faktum er at India skal bli med i det USA leidde
Prolification Security Initiative (PSI), ei farleg og tvilsam utvikling. PSI er ikkje ein avtale eller ein
organisasjon. Det er ei uformell samankome mellom ei gruppe statar, utan bindande avtalar. Denne
gruppa fører banneret “Mot spreiing av Masseøydeleggingsvåpen” (WMDs). Dei forkastar bruken
av FN, PSI pålegg medlemene å stogge transporten av masseøydeleggingsvåpen,
avleveringssystem, så vel som “tilhøyrande material”.
“Avleveringssystem” utgjer rakettar. “Tilhøyrande materiale” er så upresist at jamvel råvarer til
produksjon av kunstgjødsel kan kverr-setjast som grunnlag for WMDs. Det sanksjonsregimet som
herska mot Irak (1999-2003) inneheldt slik som blyantar, med den grunngjevinga at grafitt i
blyantar kunne nyttast til å framstille våpen.
På eige initiativ og utan grunnlag i noko lov som helst kan medlemslanda i PSI praie, borde og
undersøkje i eigne farvatn eller i open sjø. (Det vil seie utanfor territorialgrensa til aktuell kyststat.)
Dette kan medlemslanda i PSI gjere når “det er rimeleg grunn til å tru at slik last blir førd.”
Det same er tilfellet med fly som fører mistenkjeleg last. Desse flya skal tvingast til å lande.
Landa i PSI slepp dermed unna farsen rundt masseøydeleggingsvåpen i Irak, som påskot for å
intervenere. “Rimeleg tvil” skal her vere det same som amerikansk militær løyndom. Det å borde
framande skip på denne måten er rekna som krigshandling. Indias medlemskap i PSI kan derfor
få store konsekvensar.
For litt over eit år sidan dreiv utanriksminister Colin Powell sterkt trykk mot India, for å få India
med i PSI. Alt før den tid hadde indiske tenestemenn uttrykt stor skepsis om legaliteten til PSI.
No, derimot, er India på veg til å bli medlem. Den sjuande asiatiske tryggingskonferansen fann stad
i 2005. Då hevda forsvarsminister Pranab Mukherjee at spreiing av WMDs sjøvegen var “eit av dei
største problem.” Han føreslo vidare at “initiativ slike som PSI” “trong bli undersøkte i større
detalj.” Vidare sa han at indisk marine og kystvakt kunne utrette mykje mot slike trugsmål.
21. mai 2005 sa marinestabssjef Arun Prakash at dersom India blei med i PSI, tilseier “Indias status
i Verdssamfunnet at India skulle vere eit av kjernelanda.”
I september 2005 gjennomførde Indias marine den største sams øving med USAs marine, nokon
gong. Der deltok hangarskip, destroyarar med kryssarmissilar, fregattar, helikopter, spionfly og
jagarfly. Båe marinestyrkane praktiserte praiing i open sjø, så vel som bording, undersøking og
kverrsetjing av fartøy.
(Framhald) -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus