(Nr 29 - 2006) I Tagesschau på tysk TV 8. 6. 2006 blei det informert om at NATOs “Out of Area”-styrkar skal opp på eit tal på 300 000. Førebels er ikkje talet i nærleiken av dette, den største NATO-konsentrasjonen er i Afghanistan, med 17 000 militære. Noreg er sjølvsagd med.

Av Kjell-Arnt Labukt

Like før det blei streik i NRK, heitte det i ei nyheitssending at utanriksminister Jonas Gahr Støre
skulle til Ukraina for å oppklåre ei motsetning mellom Telenor, som er i Ukraina, og det russiske
telekompaniet Alfa, som også er i Ukraina. I ei lita NTB-melding i Klassekampen stod det
samstundes at Gahr Støre skulle til Ukraina for å drøfte NATO-spørsmål.

Ikkje uventa! 26. 5. 2006 gjorde NATO-styrkar landgang i hamnebyen Feodosija på austkysten av
Krim i Ukraina. Feodosija ligg nokre få tital kilometer i luftline frå den russiske grensa. Eit
amerikansk skip med namnet Adventure lossa containerar, militære køyrety og landsette ei avdeling
ingeniørsoldatar frå NATO.

Desse styrkane og lasten som kom med dei var svært uønska av folk på Krim. Berre 12% av folket
i Ukraina vil ha noko med NATO å gjere, og dei bur vest i landet. Dette synte ei meiningsmåling
nyleg, og president Justsjenko nekta derfor å setje i verk den folkeavrøystinga om NATO han
hadde lova å halde.

Landsettinga i denne hamnebyen på Krim fann stad nokre dagar før den ukrainske nasjonal-
forsamlinga Verkhovnaja Rada møttest, 7. juni. Det fanst altså ikkje noko “demokratisk” vedtak
om NATO-styrkar i Ukraina.

Bush-Blair leier, som kjend, Crusade for Democracy: Krossferd for demokrati. NATO, her også
representert ved den norske utanriksministeren, ute på “demokratiseringsoppdrag” i Ukraina.
Der forstår dei ikkje sitt eige beste, når dei ikkje alt er medlem i NATO.

Det blei allment folkeopprør i store delar av Krim. Stemninga blei så amper at delar av containerlasta
blei frakta med store militærbilar til NATO-demokratiet Romania, der korrupsjon og kriminalitet
står for innføringa av “demokratiet” = “privat Iinitiativ”.

Den mest profitable varianten av Privat Initiativ er som kjend mafiaverksemd, som no tryggjer
“demokratiet i Ukraina,” gjennom til dømes storeksport av unge ukrainsk kvinner og tenåringsjenter
til globalisert og demokratisk horeindustri.

Ved eitt høve “slusa” den tidlegare tyske utanriksministeren Josckha Fischer 100 000 unge
ukrainske kvinner over den ukrainske grensa, til horehusa i europeiske storbyar. Eller vidare
til same etablissement i USA, fasjonable strok i Midt-Austen eller Søraust-Asia. Eit døme på
effektiviteten i Fri marknadsflyt i Den globaliserte, demokratiske frihandelen.

NATO-flagget og Stars and Stripes blei møtt av Sovjetfana i hamnebyen Feodosija. Også det
russiske flagget, det ukrainske flagget, til dømes fana til det ukrainske kommunistpartiet og fana
for Republika Krim, i føderasjonen Ukraina.

NATO-ingeniørstyrkane våga seg knapt i land, jamvel om “mottakskomiteen“ her var uvæpna,
med unnatak av transparentar. Men fleire årgangar av båe kjønn var møtte fram, og gav NATO-
styrkane klår melding om å forsvinne. Dei blei likevel innkvarterte på eit sanatorium like ved
hamna. Same natta fjerna demonstrantane tilgangen på elektrisitet, vatn og kloakk til dette
sanatoriet.

Spesialpoliti frå Kiev rykte så inn i Feodosija. Ved det høvet blei ein ukrainsk soldat skoten og
drepen av dette politiet. Alt dette var synt på den ukrainske TV-kanalen Inter og den russiske
kanalen PTP Planeta, i nyheitssendingane. Spesialpolitiet makta ikkje å fjerne demonstrantane.
På kveldstid 8. 6. 2006 synte båe desse TV-kanalane dette opptaket: Mange demonstrantar
og mange militære støytte saman. Fire unge menn frå det “appelsinrevolusjonære” Pora freista
hjelpe ukrainske militære. Det stod PORA skrive på skjortene deira, som no ikkje var oransje,
men gule. Dei fekk ein omgang juling av folk som korkje ville sjå dei eller NATO-soldatar.
Og det gule flagget med PORA på blei nytta som “dørmatte,” av demonstrantane. For opphavet
til Pora, Kmara, Otpor, Zubr ol: Les Noam Chomsky: Hegemoni eller overlevelse.

Men NATO-lastebilane og containerane står på kaia i Feodosija. Og på offisielt ukrainsk hald får
Russland skulda for at dei er uønska. Altså driv regimet til president Justsjenko kald krig mot
Russland. Nett så var føremålet med det, innsett som det var av vestlege selskap, pluss statskuppet
ved årsskiftet 2004/5.

Folk på Krim treng nemleg ikkje “hjelp” frå Russland, for å vere mot NATO-medlemskap for
Ukraina. Dei austlege regionane i Ukraina har alt vedteke å trasse direktivet frå Kiev om at berre
ukrainsk språk skal nyttast i utdanning, administrasjon og media. “Vi snakkar russisk, og kjenner
oss som russarar,” som det heitte i Donbas seinhausten 2004.

I morgonsendinga på russiske PTP Planeta 9. 6. 2006 var der berre ei stutt melding om at president
Bush hadde avlyst vitjinga i Ukraina i juni 2006. 7.6. møttest nasjonalforsamlinga i Ukraina etter
valet i mars i år. Ein stutt nevekamp, og opninga blei utsett ei veke. 8. 6. kom president Justsjenko
attende frå ei vitjing i Nederland og forkynna på ukrainsk TV at Shell skal bore gass i Ukraina.

For det eine er der minimalt med gass å finne i Ukraina, kan hende litt på sokkelen av nordkysten
av Svartehavet. For det andre blir gassen her dyrare enn den sterkt subsidierte gassen Ukraina
har fått frå Russland. Svært mykje dyrare! Ukraina har fått gass frå Russland til 95 dollar per
måleeining. Marknadsprisen ligg no på rundt 230 dollar for gassen, for ei slik måleeining. Og
gassprisen i Ukraina stig no.

På Bloomberg børs-TV blei følgjande sagd 8.6.: India og Kina skal gå saman i leiting og utvinning
av olje. “Konkurranse mellom India og Kina i oljeutvinning fører til sløsing med pengar. Samarbeid
er rette løysinga.” Slik blei det faktisk referert frå båe landa, på sjølvaste Bloomberg Børs-TV.
Det er første gong eg høyrer noko så elementært på Bloomberg Børs-TV som at konkurranse
medfører sløsing.

India har svært lite av gass- og oljereservar. Kina har litt meir, men “for lite”. Russland vil gjerne
selje gass til India, veit eg. Russisk sal til Kina er alt avtala. Japan må importere alt av olje og gass.
Berre Russland kan hjelpe her. 8. 6. blei det lese opp i nyheitssendinga på PTP Planeta at Russland
og India saman skal byggje ein ny type jetkampfly. Dette blei teke opp att i nyheitssendinga her,
også dagen etter.

I same nyheitssending på PTP Planeta blei det synt eit nytt stort radaranlegg i Kviterussland. Radaranlegget her skal overvake luftrommet mot Baltikum, blei det sagd på russisk PTP Planeta.
Altså eit militært samarbeid mellom Russland og Kviterussland. Militære NATO-fly har nemleg
hatt “moro” av å krenkje russisk og kviterussisk luftrom i grenseområdet Polen- Baltikum/
Kviterussland-Russland. Eg har omsett ein tekst frå Marxistische Blätter for Friheten der dette
var med. Russland har tettast samarbeid med Kviterussland, økonomisk og militært. Samarbeidet
Russland-Armenia er også utbygd.

Shanghai Cooperation Organisation er neppe særleg kjend i den norske medieverda. Land som
er faste medlemer i denne samarbeidsorganisasjonen er Kina, Russland, Usbekistan, Kasakhstan,
Kirgisistan og Tadjikistan. På konferansen i midten av juni deltok president Ahmadinejad i Iran
som observatør. Det same gjaldt Mongolia, Afghanistan, Pakistan og India.

Då Donald Rumsfeld fekk vite at Iran skulle delta på konferansen, skumma han av raseri. Slik
skreiv Peter M. Johansen i Klassekampen. Det gjorde Rumsfeld så avgjord. På eit år har NATO
mista grepet i Den eurasiske korridor, med unnatak av Afghanistan. “Det store sjakkspelet” til
Zbignew Brzezinski har dermed enda med sjakk matt - for USA-NATO.

I Afghanistan ønskjer Karzai NATOstyrkane ut av landet no. Han har til og med teke tidlegare
høgtståande Taliban-hovdingar “inn i varmen”. Står der noko skrive ovanfor som gjev president
Bush lita reiselyst, slik at han avlyser statsvitjinga si i Kiev? Ja så sjølvsagd! Er der nokon
samanheng mellom Svartehavet og Barentshavet her? Ja, så sjølvsagd!

Den mest opplagde samanhengen er den militære. Den eine av dei to Globus- radarane som saman
overvakar heile Eurasia er plassert i Vardø, i det framskotne NATO-landet Noreg. Russland har
sin store marinebase ved Svartehavet nettopp på Krim, i nærleiken av det som no er
“NATO-området” der. Leigeavtalen Russland-Ukraina for denne store russiske Svartehavsbasen
går ut i år 2012.

USA har ein topp moderne rakettbase i Polen. Også dette har eg omsett frå Maristische Blätter for
Friheten. Vidare har USA den største militærbasen sin i Eurasia i Bosnia. Og altså militærbasar
for fly, landstyrkar og marine i Romania og Bulgaria. Meir tydeleg kan ikkje amerikansk organisert
NATO-oppdemming mot Russland bli, frå Barentshavet til Svartehavet.

Ein av dei første dagane i juni 2006 sa dei følgjande på TV-kanalen EuroNews: “Dei tre
amerikanske militærbasane i Bulgaria er no tekne i bruk, mot sterk motstand hos folket i Bulgaria.”
Altså samstundes med at hamna i Feodosija, Ukraina, er fylt med militærmateriell og personell frå
NATO.

I båe tilfelle: Mot folkeviljen i Bulgaria og Ukraina. Nok eit døme på spreiing av “demokrati” the
American way. Blir Ukraina medlem i NATO, kjem heile Eurasia i ei sterkt endra militærpolitisk
stode. Kan hende syner avlysinga av statsvitjinga til president Bush i Ukraina i juni at det ikkje har
bråhast med å få Ukraina inn i NATO. Kan hende! USA er nemleg svært avhengig også av
russisk olje og gass.

Den norske militære komponenten her kjem også tydeleg fram i A-pressetabloiden Nordlys
10.6.2006. Rolv Ivar Svensli, ANB, har der ein stutt tekst: “Vil overvåke Barentshavet,” med ein
stor illustrasjon. Sjølvsagd med forsikring frå forskingssjef Elling Tveit ved Forsvarets
forskingsinstitutt om at dette ikkje har noko med militær etterretning å gjere. Men i same tekst
likevel ei halvkveda vise om at nett så er tilfelle. Overvakinga skal gå føre med undersjøiske kablar,
bøyer, skip og fly.

NUPI-mann og noverande statssekretær, Espen Barth Eide, sa tidlegare i år på Dagsnytt 18, NRK,
at USA, Storbritannia og Noreg har ei spesiell stilling innanfor NATO. Utan at han sa det, så gjeld
det altså Nordområda, slik det er synt i Nordlys 10. 6. 2006. Klassisk mønster og utstyr for militær
etterretning i havområde, med andre ord. Med avansert utstyr. Og Forsvarets forskingsinstitutt
føretek seg ikkje noko som helst i Barentshavet, utan at ordren her er komen frå NATO hovud-
kvarteret i Brüssel og Pentagon.

Oljeutslepp held til på havoverflata, og er utan interesse for lyttekablar på havbotn i Barentshavet.
Fiskeyngel blir heller ikkje registrert av lyttekablar på havbotn i Barentshavet. Og fisk er som
kjend “stum”. Faktisk har likevel skreien eit så intenst sexliv når han gyt at følgjande hende på
1960-talet:

Lyttebøyer for militær etterretning utanfor Bergen registrerte så sterkt lydvolum i havet i
Nord-Noreg at det høyrdest ut som ein stim sovjetiske ubåtar. Det var det ikkje. Det var saftig
skreisex med rop og skrik i Lofoten! Frå stimar med skrei!

Men det er heilt andre lydar enn fiskeerotikk det no er snakk om. Kva enn talspersonar for Forsvarets
forskingsinstitutt måtte seie i aviser, så veit dei dette framifrå: Dei driv med militær verksemd. At
sivil verksemd også er inkludert i den militære, er kjend. “Russen er gentleman på havet”. Slik
sa nordnorske trålfiskarar i Sovjettida. “Russen” er no kapitalistisk demokrat, og nyttar den mest
høgt utvikla forma for demokratisk kapitalisme: Mafiaverksemd.

Då høgremann Amund Djuve i Dagens Næringsliv var i Tromsø og propaganderte, sa han dette:
Nordlendingane måtte slutt å rope på “Han Stat”. Her har partifelle fiskepudding-Ludvigsen,
stormeister i Frimurarlosjen for rognkjeks og flatflyndre, alt utretta så mykje at no må vi
nordlendingar slutte å syte. Fiskeriallmenningen er avskaffa og demokratisk monopolkapital har
teke over.

Altså bør heller ikkje “russen” rope på “Han Stat” i Kreml. Slikt er å gripe inn i det frie,
demokratiske, mafiainitiativ; i tillegg “gamaldags”. Og ingen tenkjer på å rope på “Han Stat” når
eit “russisk” fabrikkskip, registrert i Monaco eller i Mauritania, leverer fiskelasta i EU. Så lenge
EU domstolen ikkje har innvendingar her, er det fri, demokratisk flyt av varer, tenester, kapital og
arbeidskraft.

Dei ærverdige kappekledde domarane i EU-domstolen treng faktisk berre ein paragraf: “Minimal
input - maximal output”. Konsulter her Egil Bakke, den som vil. Eller som mottoet for
økonomidelen i TV-kanalen EuroNews er: “Buy Better, Sell More.” The Guardian Weekly,
9.-15. juni 2006, har eit framifrå døme på velsigninga ved denne frie, demokratiske flyten. John
Vidal har der ein artikkel: “No strawberries and cream for pickers.” Omsett: “Ikkje jordbær og
krem for plukkarar.” Omsett ingress: “Sinnet veks i lægeret med 3500 aust-europearar som plukkar
jordbær.”

Og det gjer dei altså i Herefordshire og Worcestershire i Storbritannia. Og samla er over 5000
aust-europearar venta til dette området i jordbærsesongen. Den private formidlinga av arbeidskraft
hadde ikkje berre lova plukkarane “krem og jordbær”. Dei hadde lova god løn også. Men “Buy
Better. Sell More” resulterer i det motsette.

Politimannen Mindaugas frå Vilnius i Litauen tener 200 engelske pund månaden i Vilnius. Han
kjende seg viss på å tene meir som jordbærplukkar i Storbritannia, men endar opp med mindre
netto i månaden enn som så, når reise og opphald er inkludert.

Svetlana er student og frå Ukraina. Ho tener i netto i beste fall 70 engelske pund i veka. 70 engelske
pund for seks lange arbeidsdagar. “Buy Better. Sell More.” Artur er kelner og frå Tsjekkia. Han
har alt fått eit “gult kort” for det som i Storbritannia heiter Anti Social Behaviour. Forkorta: ASB.
Dette er ein del av britisk “terrorlovgjeving”, mot ufine faktar. “Dette er som eit fengsel”, seier
kelner Artur frå Tsjekkia i The Guardian Weekly.

Eit “gult kort” til, og han blir utvist frå landet. Altså er ein tsjekkisk kelner ein potensiell “terrorist”.
Kvifor, står ikkje i teksten. Det kan ikkje vere slikt som å ete eit jordbær. Det er automatisk
utvisingsgrunn for plukkarane å ete eit jordbær utan å kjøpe det, står det i teksten. Det same gjeld
den som må drite eller pisse “ureglementert”. Der står meir som syner noverande slaveri i The
Mother of Parliaments, England. - Eg har aldri opplevd noko slikt, seier Irina, ei husmor frå
Ukraina. Men Storbritannia er då kome langt i “modernisering”, EU-vener?

Eit privat formidlingsfirma, S&A Davis, har sett reglane og syter for at dei blir handheva. Graham
Neal er ein av mange “managers” hos firmaet S&A Davis. I dette nummeret av The Guardian
Weekly klandrar Mr. Neal underentreprenørane i EU-Aust-Europa. Men han klandrar også britiske
styresmakter som har avskaffa alt av førehandskjennskap til dei bærplukkarane som kjem. Altså
fullstendig fri flyt.

“Vi hadde framifrå folk. No seier regjeringa vi må hyre EU-arbeidarar. Nokre land ... har sendt
oss sine arbeidslause lasaronar.” Så oppsynsmann Mr. Neal. Vel, med ei arbeidsløyse på opp mot
20% i dei privatiserte, frie EU-demokratia i Aust-Europa blir det ein viss “reservearmé”. Plent slik
det er meint å vere innanfor Den nye marknadens vedunderlege EU-verd. “Arbeidslause
lasaronar”? Plent slik heitte det i England også i 1856. Med andre ord ei “modernisering” på
akkurat 150 år - attende i tid!

Russland grensar til Svartehavet i sør og Barentshavet i nord. Plent det same gjer NATO-Europa.
Flankestaten mot Barentshavet er Globus 2-Noreg. Freistnaden på å gjere Ukraina til flankestat
mot Svartehavet blei oppgjeven om morgonen 11. 6. 2006, i denne omgang.

Den folkelege motstanden mot ukrainsk NATO-medlemskap blei så sterk at “appelsinleiinga”
i Ukraina, Julia Timosjenko og president Viktor Justsjenko, måtte late dei to hundre amerikanske
“reservistane” reise sin veg. Det var faktisk president Justsjenko som bad NATO-styrkane å
forlate Ukraina. Eit klårt nederlag for ein aggressiv amerikansk utanrikspolitikk.

Desse “reservistane” var innkalla for å gå i land i Ukraina, under kodenamnet Operation Sea
Breeze Ukraine. Det var amerikanske ingeniørsoldatar frå Tyskland som gjorde landgang. Dei
er utan oppdrag i Tyskland, skal forlate landet, og freista eit regelrett kupp mot Ukraina.

“200 reservistar” blei det sagd i EuroNews kvelden 11.6. 2006. TV-kanalane PTP Planeta
(Russland) og Inter (Ukraina) synte opptak frå Feodosija i alle nyheitssendingane heile dagen.
Men dei såg ut plent som ordinære ingeniørsoldatar.

Krim er ein autonom republikk, og kan lausrive seg frå Ukraina og tilslutte seg Russland. Og Krim
ville gjere så, om NATO klarte å etablere seg. Det ville truleg fleire regionar i Aust-Ukraina.

NATO-medlemskap skal opp i nasjonalforsamlinga i Ukraina, så snart Ukraina er i stand til å
etablere ei regjering. NRK tilsette Julia Timosjenko som statsminister 27. 3. 2006. Framleis mogleg,
ja. Men det tek meir tid enn det NRK fekk vite hos NUPI, Forsvarets forskingsinstitutt, i
utanriksdepartementet eller hos andre kjelder.

I det nemnde nummeret av The Guardian Weekly står at president Bush kommuniserer gjennom
grimasar, for tida. Ikkje så uventa. Den amerikanske freistnaden no i vår på å etablere eit
USA-venleg regime i Somalia ved å betale og nytte somaliske krigs- og klanherrar i amerikansk
interesse, har mislukkast så langt. Minst 350 menneske der er drepne, og dei militante muslimske
styrkane får overtaket. Dermed har USA sjølv bokstaveleg tala betalt med dollar og somaliske
liv, for å få fleire “terroristar” mot seg.

Somalia har lite naturressursar. Derimot har Afrikas Horn her stor militærstrategisk vekt. Då for dei
amerikanske flåtestyrkane i Det indiske hav og langs austkysten av Afrika. USA har soldatar i lag
med den franske Framandlegionen i Djibouti. USA og Storbritannia har også militærstyrkar i
Kenya. At det dermed blir eit stabilt regime i Somalia, er slett ikkje avgjord.

“Terroristane” skapa USA seg sjølv i etterkant av den sovjetiske militære uttrekkinga frå
Afghanistan i 1988/89. Amerikanarane var overtydde om at alt av mujahedin ville vere “evig
takksam” for at USA hadde “vunne krigen” for Taliban og Al Queda, gjennom rikeleg støtte
med dollar og våpen. Tre millionar kalasjnikovar og Stinger-rakettar i gåve. Og anna hjelp. Ikkje så
urimeleg tenkt. Men det var jihadistar frå Saudi-Arabia, Jemen, Egypt, Algerie og Libya som hadde
førd krigen mot Den Store Satan i Kreml. Faktisk ikkje primært afghanarar.

Den store Satan i Kreml var også president Reagans Store Satan, hadde mujahedin lært. Altså
venta dei respekt av USA. Det fekk dei ikkje. USA etablerte seg som herskar både i Saudi-Arabia,
Jemen og Egypt. I endå større grad enn tilfellet hadde vore alt før den sovjetiske innmarsjen i
Afghanistan. Særleg store amerikanske troppestyrkar stasjonerte nær muslimske heilagdomar i
Saudi-Arabia synte at USA var der som koloniherre og krossfarar. Den eine Store Gudlause Satan
driven ut av Afghanistan, berre for at ein annan Gudlaus Satan hadde tenkt å dominere den
muslimske verda. Den opne amerikanske støtta til Israel, heile tida, verka sjølvsagd med, som
provokasjon mot dei jihadistane USA nett hadde nytta til sin bruk.

I første omgang blei regima i Saudi-Arabia og Jemen gjorde ansvarlege her, og attentata mot dei
kom på 1990-talet. Med ein kollapsa Sovjetunion såg USA olje- og gassrikdomane i Midt-Austen
som sjølvskrive tilhøyrande USA, først og fremst. Så attentata mot amerikanske mål på 1990-talet,
og kulminasjonen med 11. 9. 2001.

USA levde i euforien av å ha “vunne” Den kalde krigen og var primært oppteken med å få
herredøme i Aust-Europa. Det var The American Exceptionalism som synte seg frå 1991 til 2001.
Her i denne varianten: Vi er militært uslåelege! I tillegg økonomisk politisk og “kulturelt”.
(Hermeteikna her skulle ikkje trenge forklåring). Og vi skal bli meir av nett det! Verdsdominansen
blei målet. Også derfor ekstra styrke i sjokket 9/11.

Vel, Al Zarqawi feirar no tilværet i det muslimske Paradis, i ein oase i lag med 70 jomfruer.
Liknande tankar har storparten av amerikanarane om seg sjølve, om ikkje med paradisiske dadlar
og jomfruer. Også europearane tek i stor grad sikte på neste liv, der høge straum- og bensinprisar
ikkje finst. Heller ikkje arbeidsløyse, høge husleiger, drastisk menneskeskapte klimaendringar og
øydelagd og forgifta natur. Heller ikkje gjeldsslavar og mislykka TV-stjerneaspirantar.

Tydelegvis er det Allah som har plassert oljen nett der han er, slik at “Gud” sine krossriddarar må
fare på plyndringstokt, for å få oljen. Men nokon billegare olje gjev ikkje Paradisturen til Al
Zarqawi. Derimot kan motsetningane mellom sunni og sjiia i Irak bli mindre markerte. Det er i alle
høve sterkt å vone. President Ahmadinejad i Iran er berre ein iransk “president” av fleire,
samstundes. Den noverande religiøse leiaren Khamenei står over han, til dømes.

Bagatelliseringa og fornektinga av Holocaust tok til i Tyskland og Frankrike på 1970-talet. Faktisk
stutt tid etter Nürnberg-prosessane. Jødeutryddinga skulle løynast, fordi “alle” skulle vere opptekne
av trugsmålet “Kommunismen,” som erstatta Nazismen, alt med “Jarnteppetalen” til Churchill 5. 3.
1946. Jamfør her vaskesetelen på boka til Lord Russel of Liverpool: Under hakekorsets svøpe.

President Ahmandinejad blir konsekvent berre sitert i vestlege media, der desse media har eit sitat av
han om Israel. Eit sitat som set både personen Ahmadinejad og landet Iran i dårleg lys. President
Ahmadinejad spør også til dømes kvifor USA og Europa ikkje syner interesse for dei atombombene
staten Israel alt har. Dette er alltid utelate i vestlege media.

Børsane har slutta med å vere nervøse. No er dei blitt volatile. Det tyder det same, men høyrest meir
“vitskapleg” ut. 12. 6. 2006 var Bloomberg Børs TV “volatil” på denne måten: Innblanda i
eksperttungetale var det sagd av kommentator at oljen snart ville vere attende på 50, ja, 30 dollar
fatet. Same føremiddag fekk vi vite på tysk Bloomberg Børs TV at marknaden no lir av
Wachstumsschväche. Omsett: Veikskap i voksteren.

Sidan genetikken no er komen så langt, så må det vel late seg gjere å utvikle ein type genetist
“medisin” for denne Voksterveikskapen. Marknaden skal elles kunne kurere seg sjølv, heiter det.
Men, kan hende treng han no likevel kinesisk naturmedisin som styrkingsmiddel. Dessverre er også
kinesisk natur i ein jammerleg tilstand.

Bli-snøgt-rik-“kommunismen” til Deng Xiaoping plyndrar no Kina for natur og råstoff. Og
økologisk er tilstanden i Kina elendig. Kva veg Kina går er per i dag uråd å seie, med unnatak av
samarbeid med “Firarbanden” i Sentral- Asia og Russland.

P.S. 4. 8. 2006: Det ukrainske sosialistpartiet nekta å gå inn i ei regjering som hadde NATO-
medlemskap for Ukraina som programpost. Heller ikkje Det ukrainske kommunistpartiet og
“Regionpartiet” godtok ei forplikting om NATO-medlemskap for Ukraina. Dei to andre partia fekk
dermed mindretal i nasjonalforsamlinga, Rada.

Det eine av desse to NATO venlege partia er Julia Timosjenko sin privateigedom. Det andre heiter
“Vårt Ukraina”. Statsminister blir den “russiskvenlege” Viktor Janukovitsj, frå “Regionpartiet”.
Elles er ikkje den ukrainske regjeringa sett saman. President Viktor Justsjenko har lova
folkeavrøysting om NATO-medlemskap for Ukraina, og han kjem til å ha ein meir symbolprega
funksjon, her etter.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

nato

ukraina


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering