Skit i verda, leve Israel

(Nr 28 - 2006) Libanon er stort som Rogaland fylke og minst like vakkert, dessutan bur det langt fleire menneske der, ca. 3,6 millionar. Som andre land har det krav på å leva i fred innanfor trygge grenser.

Av Olav H. Aarrestad

Stort sett er ikkje det såkalla verdssamfunnet og media der interesserte i landet, det er berre kvar gong naboen i sør går laus på det med bombefly og fregattar at ein skriv om Libanon eller rapporterer derifrå.


No har det skjedd igjen. Førre gongen var i 1982. Då var det palestinarane og PLO det galdt.
Denne gongen er det Hisbollah. Hisbollah er den politiske og militære overbygginga for
libanesiske sjiamuslimar. Sjiamuslimane er største folkegruppa i Libanon og representerer på
mange måtar ei sosial underklasse, dei bur i stor mon i frå dei sørlege og fattigare bydelane i Beirut
og vidare sørover. Mange av dei er no bomba ut av heimane sine og tvinga nordover.

Framleis er det dei som meiner at problemet i Midausten er at Israel ikkje får leva i fred. Israels
viktigaste allierte har alt øydelagt eit land (Irak) delvis for å tena israelske interesser, no rettar den
israelske propagandaen det verbale skytset mot Iran.

Berre Israel kan få leva i «fred» er det revnande likegyldig for USA og Israel om Irak, Iran, Syria
og Libanon vert bomba attende til steinalderen. Israelarane ser helst at USA gjer jobben når det
gjeld Iran, sjølve reknar dei med å kunna øydeleggja Libanon og Syria. Når det gjeld Libanon, er
jobben langt på veg gjort. Det som vantar, er eit høveleg påskott for å gå laus på Syria.

For tida driv israelarane ein tofrontskrig med sivile mål som viktigaste objekt. All palestinsk
infrastruktur på okkupert område skal gjerast til inkjes, og den libaneiske stat skal verta sett ute av
stand til å fungera som ei politisk eining.

USA stør denne politikken, og resten av «verdssamfunnet», det ein før kalla den siviliserte verda
og før det igjen kolonimaktene, held fast med retorikken om på den eine sida og på den andre sida,
om balanse og om å sjå ei sak frå to sider.

Korkje det feige Frankrike, som i si tid skipa staten Libanon, eller Russland har våga setja foten ned.
No er det nok, burde dei ha sagt. Israel har gått for langt og må straffast så det monar. Kan ikkje
dei halda fred med naboane, ja, så er det eit spørsmål om ikkje skipinga av staten Israel var eit
gedigent mistak.

I dag ville SN aldri ha gjort vedtak om at ein slik stat skulle skipast. Prinsippet om folkesuverenitet
går framom religiøst funderte krav på eit landområde. I 1947 vart ikkje dei som budde i Palestina
spurde om kva DEI tykte. Med vedtaket skapte SN ei rad problem som ikkje er løyste til no.

Av de landområda England hadde tatt over frå det ottomanske riket, skipa dei blant anna Irak, men
på grunn av internasjonalt sionistisk press fekk ikkje Palestina sjølvstende. Det godtykke europeiske
jødar hadde fått etter verdskrigen, gjorde at palestinarane vart ofra jamvel om dei ikkje på noko
vis kunne skuldast for jødeforfylgingar.

Dei vart forfylgde og landsforrviste, og freistar dei forsvara seg med dei middel dei har til rådvelde,
vert dei kalla terroristar. Og då er kristne moralistar snøgt på pletten. Det er verre at terroristar drep
ti enn at den israelske hær tek livet av tusenvis.

Den retorikken vart nytta mot PLO, no gjeld det Hisbollah. Og her oppe på berget kan vi berre
sitja og sjå på takk vere ei regjering som går i alle feller USA og Israel legg for dei. Det
internasjonale samfunnet sin boikott av den lovleg valde palestinske regjeringa la vegen open for
israelske herjjngar på Gaza-stripa, slik Willoch har peka på.

Då Hisbollah skaut rakettar mot det nordlege Israel utan å skada ein skit, for å letta på presset mot
Gaza og for å få til fangeutveksling - det sit tusenvis av libanesarar i israelske fengsel og fangelæger
utan lov og dom, kom moralistane med at det finst ein SN-resolusjon som krev avvæpning av
Hisbollah - enda ei gringo-israelsk felle verdssamfunnet, irekna Noreg, gladeleg har gått i.

Det vestlege mennesket har ei utruleg evne til å å gløyma, gløymt er invasjonen i Libanon 1982.
Boikott av israerlske varer vart framstilt som nærast umoralsk. I røynda er det slik at alt Israel ikkje
likar, vert oppfatta som eit trugsmål mot Israels eksistens. Det er fleire enn jødane som er
tilhengjarar av parolen skit i Midtausten, leve Israel.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

israel


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering