(Nr 23 - 2006) Kan du fortelje med kva føremålet med Helsingforskomiteen er, Bjørn Engesland? Andrew J. Bacevich skriv i den boka eg har omtala at Helsingforskomiteen medverka til Sovjetunionens samanbrot. Kva er “formålsparagrafen” her, når Sovjetunionen ikkje lenger finst? Menneskerettar? I Ukraina går det føre tortur av 
“terrormistenkte” i CIA-regi.


Av Kjell-Arnt Labukt

Dette har eg sett omtala både i tyske og britiske aviser. Torturen finn stad på ein militærbase frå
sovjettida. Russisk etterretning veit om denne basen, og på russisk TV var det nyleg omtale og
TV-opptak frå denne basen i Ukraina, som var omgjord til ei miniutgåve av Guantánamo.

Er interesseområdet til Helsingforskomiteen avgrensa til berre Russland og Kviterussland, kva gjeld
den tidlegare Sovjetunionen? Kven finansierer verksemda til Helsingforskomiteen?

I “Søndagsavisa” NRK 19. mars 2006 uttrykte Berit Lindemann frå Helsingforskomiteen uro over
at 20-30 personar blei arresterte kvar dag i Kviterussland. No veit du at der var planlagd statskupp i
Kviterussland, Berit Lindemann. Framleis uroleg? Det er ikkje uvanleg å arrestere folk når dei er i
ferd med å setje i verk statskupp. Har Helsingforskomiteen sær-reglar for Russland og Kviterussland
i så måte?

Den russiske utanriksministeren Lavrov hadde all grunn til å kritisere eit OSSE som erklærte
presidentvalet i Kviterussland “ugyldig” før det fann stad. Utanriksminister Lavrov kjenner godt
til kva som hende i Ukraina seinhausten 2004. OSSE hadde ingen ting å kritisere i Ukraina, då
Viktor Justsjenko blei president, gjennom statskupp. Regimet til Aleksandr Lukasjenko er autoritært,
det vil ingen nekte for. Men det er då regima i Georgia og Aserbajdsjan også. Og det er “heilt i
orden“!?

27. mars 2006 var der seks politiske mord i Georgia. Eg går ut frå at Helsingfors ligg så langt unna
Georgia at det er utan interesse for Helsingforskomiteen av den grunn. I NRK finst ikkje Georgia,
langt mindre EU- og NATO-Europa. I Søndagsavisa NRK 26. mars 2006 ville Tor Bukkvoll frå
Forsvarets forskingsinstitutt at Ukraina skulle bli som Polen.

Sjølvsagd, og dermed medlem av EU og NATO. Kviterussland tener som ein “buffer” mot
oppdemming og oppbryting av Russland i vest. Ukraina må derfor ikkje orientere seg mot Moskva,
men mot Brüssel og Washington. Dermed blir det lettare å leggje press på Russland, og den viktige
Svartehavskysten i Ukraina kjem under NATO kontroll. Og USA kan byggje ut rakettog
militærbasar i Ukraina, i tillegg til dei som alt er i Bulgaria, Romania og Polen. Elles var det
tydelegvis glede i NRK over å få remje kaldkrigsmelodien att, i førekant av presidentvalet i
Kviterussland.

Sidan det er lite gledeleg EU-nytt å spreie, song også Cathrine Løchstøer i EU-hovudstaden Brüssel
kaldkrigsmelodien om Kviterussland. Vi lever i ein verdsdel med namnet Europa. Landsbybuarane i
den europeiske landsbyen Oslo vil inn i EU, fortel meiningsmålingane.

Men Europa utanom Noreg finst då ikkje meir, NRK. I Tyskland har det vore samanhengande
storstreikar og demonstrasjonar i vekevis. Ikkje eitt ord i NRK! Og same dag som 1,5 millionar
franske studentar demonstrere i franske byar, er Cathrine Løchstøer oppteken med Kviterussland!
Utan å nemne dei franske studentane.

I veke 12 år 2006 var der dagleg små glimt på tyske TV-kanalar, arte info og EuroNews frå Minsk i
Kviterussland. Men på desse kanalane blei det nytta mykje meir tid dagleg på protestane mot
“slavelovane” til Villepin i Frankrike og streikane og demonstrasjonane i Tyskland. Desse TV-
kanalane har også daglege innslag frå Irak.

I NRK og andre norske media har sikkert ordet “brutalitet” blitt flittig nytta ved det mislukka
kuppforsøket i Kviterussland. På dei TV-kanalane eg nemner ovanfor blei brutaliteten til det
franske politiet synt. Det var ikkje naudsynt med kommentarar her.

NRK har to EU-korrespondentar. Det har altså ikkje interesse at til og med legar og politi streikar i
Tyskland!? Legar og anna helsepersonell i dagelange storstreikar! Kva er oppdraget til dei to EU-
korrespondentane? Tilseier EØS-reglar at skatte- og lisensbetalarane til NRK i Noreg ikkje skal
vite noko som helst om EU, anna enn ski og fotball? Tilseier vidare EØS-reglane at ingen som
betaler NRK-lisens skal kjenne til resultatet av privatisering av drikkevatn, kloakksystem, alt av
samferdsel, postvesen, helsevesen, skolevesen i EU?

Tyske legar streikar dagleg, mellom anna fordi dei finn det uforsvarleg å bli tvinga til å arbeide
opptil 27 timar i strekk, for å klare å oppfylle “kvoten ved det private helseføretaket!”

Poeten og globaliseringsfantasten Villepin forstod tydelegvis ikkje at framlegget hans var nett det
Frankrike sa nei til, ved folkeavrøystinga i mai i år. Eller han freista medvite lure/tvinge
franskmenn til nettopp å godta eit av kjernepunkta i EU. Helst det siste. Og plent slik den franske
journalisten sa “neinatta” i Frankrike i mai 2005. “Den franske eliten har nok ein gong synt at han
er i utakt med eige folk.”

Skal eg rangere folkemakt (ikkje medisinmannordet demokrati) i Europa, så veit eg ikkje noko land
å setje høgare enn Frankrike. Studentar og arbeidarar i samstemd forsvar for sosiale rettar! Vi kan
koste på oss litt sjølvros her faktisk. Mot massiv jadominans frå media, næringsliv, politikarar,
inkludert sendetid i NRK - har Noreg to gonger sagd nei til EU.

I Financial Times 24. mars 2006 skriv ein brite om kor hjelpelaust gamaldagse studentane og
arbeidarane i Frankrike er, som ikkje tilpassar seg vår tid. Dei vil halde fast ved slik gamaldags
tenking som faste arbeidsavtalar. Og som i tillegg lagar bråk om det på ein slik antikvert fransk måte
som gatedemonstrasjonar og streikar.

Til det er å seie at så langt har britane “tilpassa seg” verda på 1800-talet over dei siste 25 åra.
Slavearbeid utan rettar for arbeidarane, og frihandel. Men om 10-20 år må dei same britane
importere alt av gass og olje. Vi får vone Adam Smith hjelper dei, då også.

26. mars 2006 var der val til nasjonalforsamling i Ukraina. På ukrainsk TV var der små innslag om
valet i løpet av dagen. Mellom anna at i byen Zaporozhye med 800 000 ibuarar var ikkje
Kommunistpartiet sin kandidat å finne på vallista. Vallista var minst 80 centimeter lang. I
kveldssendinga på ukrainsk TV var der oversikt over korleis fordelinga i prosent mellom partia
var, så langt oppteljinga var komen då.

Kvelden 26. mars hadde alle tyske ikkje-kommersielle TV-kanalar identisk opptak frå valet i
Ukraina. Der kom det fram at eldre folk som hadde snakka russisk heile livet ikkje forstod teksten
på vallista. Teksten var på ukrainsk, som er like ulikt russisk som tysk er norsk. Det blei synt med
ein eldre mann som krølla i hop vallista i sinne, reiv henne i bitar, og gjekk sin veg. Dermed
var det å røyste vanskeleg for millionar av eldre veljarar i den austlege delen av Ukraina.

Fleire blei intervjua av tysk TV. Alle sa at året som låg bak dei hadde gjeve dei forverra livskår.
Prisane på alt hadde stige, medan løner og pensjonar var det same. I tysk TV blei det også sagd at
25 % i Ukraina levde under fattigdomsgrensa.

I morgonsendinga til EuroNews 27. mars 2006 var der eit innslag om at partiet til Viktor Janukovitsj
var det klårt største så langt i valoppteljinga i Ukraina. Som representant for dette partiet var
Janukovitsj dermed sjølvskriven som ny statsminister. Men det måtte forhandlingar til for å få
grunnlag for ei regjering han kunne leie. Partane hadde her 60 dagar på seg.

Samstundes på NRK radio: “Julia Timosjenko er utnemnd til ny statsminister i Ukraina.” Men NRK
let vere å fortelje at på det tidspunktet var ikkje meir enn knappe 40 % av røystene opptalde. Og at
partiet til Viktor Janukovitsj var det største, så langt. Julia Timosjenko har sitt eige part, “Blokk
Julia”, som maktgrunnlag. I tillegg kjem partiet “Vårt Ukraina,” der Viktor Justsjenko høyrer heime,
og eit parti til.

I nyheitssendinga til den ukrainske TV-kanalen Inter+ klokka 1900 same dag: Oversikt over salen
der “valkontrollen” heldt til. Med små bokstavar: osce (OSSE) Med store bokstavar på veggen bak
“valkontrollen”: NATO. For NRK radio hadde altså NATO avgjord valet til nasjonalforsamlinga i
Ukraina, før oppteljinga var halvferdig. Slett ikkje uventa.

I arte info klokka 1945: Dei tre partia, med Julia Timosjenko som statsministerkandidat, hadde drive
regjeringsforhandlingar alt før valet til nasjonalforsamlinga tok til, og før noko som helst resultat låg
føre.

Meiningsmålingane før valet, synte på ukrainsk TV, hadde gjeve “Blokk Julia” ei oppslutning på
12-14 %. Då ho blei utropt til ny statsminister i NRK hadde ho 28 %. Eit resultat som var stadfesta
ved NATO-kontroll, mellom anna. No synte både ukrainsk og russisk TV kvelden 27. mars at alt
var ikkje så enkelt som NRK radio sa om morgonen same dagen. Julia Timosjenko er slett ikkje
utropa til nokon statsminister førebels. Men det er tydeleg at NATO vil det, og helst blir det slik.

I det nemnde nummeret av Financial Times er der to artiklar om det føreståande valet i Ukraina. Her
står det mellom anna at tilhengjarane til Janukovitsj blei arresterte, dømde til fengsel, eller rømde frå
landet etter “Appelsin”-kuppet (mi nemning). Janukovitsj kjem frå den delen av Ukraina der folket
reknar seg som russarar, og han har også godt samband med Kreml.

Vidare står det i Financial Times at president Viktor Justsjenko framleis vonar på å gjere Janukovitsj
uskadeleg gjennom å inngå i allianse med Julia Timosjenko. Det står også at president Justsjenko vil
halde fram med å tilnærme Ukraina Vesten. I klårtekst her: NATO- og EU-medlemskap. Det er
også nemnd at denne “tilnærminga til Vesten” er sterkt mislikt i Kreml. Det står også at Janukovitsj
er den som vil ha lettast for å forhandle med Kreml rundt framtidige olje- og gassprisar. Men, som
det heiter vidare: “Støttespelarane til president Justsjenko seier at Janukovisj vil vere uakseptabel i
Vest.”

“Støttespelarane” til president Justsjenko her: Dei tusen vestlege føretaka som finansierte
appelsinhysteriet hausten 2004, og sjølvsagd EU og NATO. Det siste stod å lese på veggen i
“kontrollsentralen” under valet.

Men Financial Times er ikkje Financial Times utan at avisa peiker på følgjande: Tilhøva andsynes
Kreml vil forverre seg dess meir Ukraina tilnærmar seg Vesten. Ukraina får i dag gass frå Russland
til 95 dollar per måleeining. Når denne avtalen endar, må Ukraina rekne med å betale full
marknadspris, som nett no er 230 dollar per måleeining.

Det største stålselskapet i verda, Mittal Group har kjøpt opp stålverket Krivorozhstal. Med lågare
gasspris her enn elles i verda tener aksjonærane i Mittal Group godt. Folket i Ukraina ser ingen ting
til denne fortenesta. Det same gjeld salet av den store ukrainske banken Aval til eit austerriksk
selskap.

Og sjølvsagd refererer Financial Times Pengefondets, IMF, ønske: Privatisering og betre utnytting
av energi. Men Pascal Lamy, sjefen i Pengefondet, er neppe i stand til å tenkje ein så “utenkjeleg”
tanke at oljeprisen, og dermed gassprisen, ikkje blir lågare av privatisering!

Det var enkelt å demme opp Russland med NATO-statar då Jeltsin surra i fylla i Kreml. Ein aktuell
presidentkandidat i Russland i 2008 er noverande visepresident og forsvarsminister Sergeij Ivanov.
Han blir ein mann av eit anna kaliber i Kreml. Det å sjå ordet NATO med store bokstavar i Kiev
og EU-flagget i Minsk, slik tilfellet no, får svar i frå Kreml.

Men øvstkommanderande i NATO og Bush-administrasjonen har det sikkert travelt med å få
Ukraina inn i NATO. Dei næraste to åra vil avgjere mykje for framtida i Europa.

I NRK radio klokka 12.30 28. mars 2006 snakka ei andpusten Cathrine Løchstøer om streik i
Frankrike og demonstrasjonar i Paris. Men årsaka til streik og demonstrasjon var så diskret
innpakka at få forstod årsaka. Det eg veit om årsaka, har eg frå tyske TV kanalar, arte info og
EuroNews. Frå NRK radio - null! Av dagsaviser kjenner eg også årsaka frå Klassekampen.

Det er no vel på tide at NRK TV lagar ein reportasje frå Capitalist Country Number One til Wall
Street Journal, Estland! Landet er også mønsterlandet til ungdomsorganisasjonen til Frp, det største
eller nest største politiske partiet i Noreg for tida.

Økonomen Erik Reinert arbeider mykje i Estland. I Klassekampen 18. mars 2006 gjev Erik Reinert
dette bilete av Estland: “Flat skatt” 20 %. Russisktalande kvinner monterer mobiltelefonar til ei
løn av ein euro timen. Hovudstaden Tallin har det billegaste tilbodet på horer i Europa. Herreklubbar
frå Finland og Storbritannia valfartar til dette gledesparadiset. Dei sosiale skilnadene er enorme.
Erik Reinert framhevar Estland som døme på det han kallar “latin- amerikaniseringa av europeisk
økonomi.” Framifrå EU-politikk, altså. “Bananrepublikken Noreg?” Så avgjord målet for
“Framstegpartiets” ungdom. I tillegg struttar Estland av ECHELON-stasjonar.

I februar 2006 hadde russisk TV eit innslag om sex- og fylleorgiar i eit gamalt tsar-slott i Estland.
Det blei nytta av tsar Peter I og tsarina Katharina II. Nyrik estlandsk ungdom, som sjølvsagd ikkje arbeider, nyttar tida til mykje sex- og promilledemokrati i dette slottet. Ikkje underleg Finland har
fått fritak frå Schengen - mot Estland. (Slutt)


Forfattaren har sendt kopiar av teksten til denne serien til ulike avdelingar
ved NRK, utanriksdepartementet, Forsvarets forskingsinstitutt, Helsingforskomiteen,
avisredaksjonar, Nei til EU, partipolitikarar og mange einskildpersonar,
også knytte til universitet og høgskolar.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering