(Nr 22 - 2006) 20. mars 2006 hadde den tyske TV kanalen WDR ein dokumentar om Ukraina. Desse tre emna blei klårt framheva i denne dokumentaren: Det var eit statskupp som fann stad i Ukraina seinhausten 2004. Ingen i dokumentaren nekta for det. Vladimir Litvin, ordstyrar i Rada, nekta ikkje for at det var eit kupp.

Av Kjell-Arnt Labukt

Heller ikkje den amerikanske ambassadøren i Kiev, som var ein sentral mann i dokumentaren. Han
påstod at han var sett til side under sjølve “Appelsinkuppet,” men nekta ikkje for at det var eit
statskupp som gav “den vestvenlege Viktor Justsjenko” presidentmakta. Så “vestvenleg” at han
fekk ei ekstraløyving frå USA på 106 millionar dollar i byrjinga av 2005. Derimot vedgjekk den
amerikanske ambassadøren at han kjende til den amerikanske påverknaden som kulminerte med
appelsinrevolusjon og statskupp. Sjølve Appelsinkuppet blei utførd etter læreboka, for open ukrainsk
TVscene, av Julia Timosjenko.

Viktor Janukovitsj og mange av representantane forlet nasjonalforsamlinga Rada, då Julia
Timosjenko tok til å lese opp at nasjonalforsamlinga var oppløyst. Det appelsinrevolusjonære Pora
sine folk storma så nasjonalforsamlinga og tok mikrofonane frå dei som nekta å gå med på kuppet.
Eg skreiv om det i Friheten, medan det gjekk føre.

Organisasjonen Pora, oppretta av president Reagan sist på 1980-talet, hadde detaljplanlagd alt i lang
tid. Dette var med i dokumnetaren på WDR 20. mars 2006. For opphavet til Kmara, Otpor Pora,
Zubr, sjå Noam Chomsky: Hegemoni eller overlevelse. Pora hadde faktisk drive statskupptrening i
felten ei god stund, før det kom på europeiske TV-skjermar. Slik blei det sagd i dokumentaren.

Finansane av Appelsinkuppet sytte om lag 1000 vestleg selskap for, mest tyske og amerikanske. Det
som no heiter “Menneskerettsorganisasjonen” Freedom’s House, var for godt og vel eit år sidan heilt
ope ein CIA-komité.

Alt av vestlege media dreiv dermed og applauderte eit statskupp i Europa hausten 2005. Eit
statskupp sett i scene for å få Ukraina inn i EU og NATO! Og TV-gloarane på NRK sat og hylla ei
lisensfinansiert og glorifisert framstilling av dette statskuppet i Appelsinrevyen, NRK TV klokka
19.00.

I ei nyheitssending på ukrainsk TV 22. mars i år: Voksteren i Appelsindemokratiet Ukraina var 2 %
- to prosent i appelsinåret 2005. I år 2004 var talet her 12 %. Og det jamvel om utanlands investering
i Ukraina i 2005 var like stor som samla investering frå utlandet i dei 14 føregåande åra. Jamfør
også Financial Times 24. mars 2006.

Det som blei synt på europeiske TVskjermar under Appelsinkuppet var eit vel førebudd masse-
hysteri, med fengande pop- og rockmusikk for hjernevaska ukrainsk ungdom. Masse og makt.
Ei leseverdig bok av Elias Canetti. To heilt tilfeldige nummer av International Herald Tribune eg
kjøpte på ein tur til Tromsø sentrum har med følgjande:

International Herald Tribune, 24.2. 2006. Tekst: ”Broadcasts from Poland try to break Belarus news
monopoly.” Stutt samandrag og min kommentar her: Den nye konservative polske regjeringa
har sett opp ein radiokanal i Bialystok, for å spreie demokrati i Kviterussland. NB NRK og Cathrine
Løchstøer! “Konservativ”, ikkje “populistisk” som du sa i NRK!

Namnet på radiostasjonen er Radio Rajca, Radio Fornuft. Ja, katolske polakkar har tradisjon for å ty
til fornufta. Den noverande polske president hevda nyleg at for det eine er homofili dødssynd. For
det andre fører det til at menneskeætta døyr ut, når det ikkje blir sett nok ungar til verda. Dei
homofile produserer ikkje ungar, nemleg.

“Vi vonar at “Radio Fornuft” skal hjelpe litt,” seier Janusz Onyszkiewicz, tidlegare polsk
forsvarsminister, aktiv i Solidarnosc og noverande visepresident i Europaparlamentet. Der har
funnest og finst ei kviterussisk eksilregjering i USA, budd på å ta over makta i Kviterussland når
den rette varianten av revolusjon frå herbariet eller blomster- og fruktbutikken blir gjennomførd i
Kviterussland. Likeeins er der ein “Kviterussisk folkefront” i Brüssel, står det i International
Herald Tribune. Talsmannen for denne “Kviterussiske folkefronten” i Brüssel er i dette avisinnlegget
strålande nøgd med at partiet Lov og Rettferd og den nye regjeringa i Polen er “ekstremt opptekne
med kva som vil hende i grannelandet i aust.”

“Radio Fornuft” har også stasjon i Litauen. Denne radiostasjonen inngår i ein lang tradisjon til to
kanalar som kringkastar på kviterussisk: Radio Polna, Polens Internasjonale Radiostasjon; og den
USA-støtta Radio Free Europe.”

“Men mange nykomarar sluttar seg no til, for å sende nyheiter til Kviterussland. ... Den statseigde
internasjonale tyske kanalen “Deutsche Welle” tok til med å sende på kviterussisk for nokre veker
sidan. Eit internasjonalt konsortium leia av tyske, polske og litauiske radiostasjonar er betalt av EU,
og tok til å sende på kviterussisk og russisk i desember 2005.”

Mi store forundring her: Statseigd kviterussisk kringkasting spreier “propaganda.” Statseigd tysk
kringkasting gjer det ikkje? I denne artikkelen i International Herald Tribune står det vidare:
Opposisjonskandidaten Aleksandr Milinkevitsj har fått polsk hjelp til å reise rundt i dei viktigaste
hovudstadane i Europa. Dette samstundes som dei to representantane for Den store katolske polske
fornuft, president Lech Kaczynski og tvillingbror Jaroslav tek ei hard line andsynes både grannane
til Polen i aust og EU. Polen var oppteken med å kome inn i EU og NATO på 1990-talet heiter
det. No skal Polen leggje om utanrikspolitikken til å konsentrere seg om Kviterussland, Russland,
Ukraina og Kaukasus. Det inneber meir pengar til dei polske ambassadane og konsulata i
Kviterussland, Russland og Ukraina. Den som seier dette er talsmann for Det polske
utanriksdepartementet, Pawel Dobrowolski.

Saka her er at polakkane er heilt likegyldige med EU-medlemskapen sin. President Lech Kaczynski
seier heilt ope at EU var ei ulukke for Polen. Derimot vil dette “populistiske” polske tvillingparet,
sitat: Cathrine Løchstøer, ha nærkontakt med Vatikanet og Washington.

Eit praktisk utslag av denne nye polske Ostpolitik er at den polske staten gjev Radio Fornuft 320 000
dollar i startpengar. Dette er eit døme på polsk statsraison, altså polsk statsfornuft. Og ein polsk
statskanal UTAN PROPAGANDA, den også?

Dobrowolski seier vidare i dette avisinnlegget at Polen har eit spesielt ansvar i denne delen av
Europa. ”EUs austpolitikk fell på Polens akslar. Vi ser det som ein plikt å forsyne EU med
naudsynte opplysingar om kva som går føre ved EUs nye austgrense.” Det er også med i artikkelen
at polske diplomatar og juristar i Brüssel innser at president Putin ikkje berre er nøgd med at Polen
skal representere Kviterussland, Russland, Ukraina og Kaukasus i EU.

Vel, eg tenkjer det er meir enn dette president Putin ikkje er nøgd med. Aller minst nøgd med den
amerikanske rakettbasen i Polen. Men heller ikkje nøgd med at EU og USA avgjorde presidentvalet
i Ukraina - gjennom statskupp.

Både OSSE og Den norske Helsingforskomiteen er såre nøgd med statskupp, når statskuppet går i
“riktig retning!” At ibuarane i Ukraina i etterkant får unngjelde, er det fullstendig tagnad om i alle
dei media og organisasjonane som hylla statskuppet.

International Herald Tribune hadde 25.-26.2. 2006 også ein artikkel om det då føreståande
presidentvalet i Kviterussland. Her står det at president Bush og leiarane i Europa har lagd all støtte,
inkludert pengar, bak opposisjonskandidaten Milinkevitsj og heile fylkinga av “demokratisk innstilla
aktivistar” i Kviterussland. Ja, like “demokratisk innstilla” var appelsinaktivistane i Ukraina hausten
2004. Det angrar storparten av dei på no. Ukraina blei rive laus frå Russland, etter USA og EUs
ønske. Men ”demokratiet” i Ukraina gjeld framleis dei få som kan kjøpe klokker, smykke og
pelsverk i Kiev for fleire titusen dollar i slengen. “Demokratiet” gjeld framleis “fri flyt”
av alkohol, horetrafikk og bruk av narkotika. “Demokratiet” inneber også at folk må betale mange
tusen dollar for semesteret ved nokre av universiteta. At dei må betale meir for mat, helsetenester
og transport, med dei same løner eller pensjonar. Det er få i Ukraina som har ei fast månadsløn på
250 dollar, slik gjennomsnittet er i Kviterussland. Knapt nokon har gratis skolegang og helsestell,
slik alle har i Kviterussland.

I Klassekampen 20. mars 2006 er der ein liten tekst på side 18: “Nå er Ukrainas eneste eksport
landets kvinner. Slik kan et land ikke overleve.” (Marina Lewycka) Det er svært, svært sjeldan at
Venstresidas Se og Hør, såkalla “Kultur og Medier“ i Klassekampen, skriv noko så vettig.

I artikkelen i International Herald Tribune 25. - 26. 2. 2006 teken frå New York Times, står det
vidare: Når president Lukasjenko påstår at krefter utanfor Kviterussland vil styrte han, har han
faktisk rett. Med presidentvalet i nær framtid liknar støtta til motstandarane på tilhøva under Den
kalde krigen. I januar 2006 løyva EU 2,4 millionar dollar til det tyske Media Consulta. Løyvinga
gjeld for to år. Slik står det i New York Times og International Herald Tribune. Mitt tillegg her:
Denne løyvinga for 2006- 2007 har berre eitt føremål: Å destabilisere Kviterussland, gjennom media.

For Bush-administrasjonen er Kviterussland eit tyranni, heiter det vidare i artikkelen frå New York
Times. Det er det dermed automatisk også i NRK, der eg høyrde tyranniet Kviterussland nemnd.
For å avskaffe dette tyranniet nytta Bush-administrasjonen 11,8 millionar dollar i 2005, og skal
nytte 12 millionar dollar i 2006. Også for USA skal destabiliseringa av Kviterussland halde fram.

I tillegg finansierer den amerikanske Kongressen ein organisasjon som heiter National Endowment
for Democracy. Denne organisasjonen nyttar 2,2 millionar dollar på 49 målgrupper i samband med
presidentvalet i Kviterussland. Slik står det i dette nummeret av International Herald Tribune.

Den amerikanske organisasjonen National Endowmnet for Democracy er aktiv der amerikanske
strategiske interesser står på spel. Såleis står det i The Guardian Weekly nr 10, 2006 at National
Endowment for Democracy nytta 31 000 dollar på organisasjonen Sumate, som konspirerer mot
det i høgste grad demokratisk valde regimet i Venezuela. Dermed den amerikanske definisjonen på
Democracy: Dei som er med oss = demokrati! Dei som er mot oss = diktatur, tyranni!

Same “demokrati”-organisasjon var utan tvil med på å “innsette demokratiet i Chile, i form av
Pinochet,” slik Baroness Margareth Thatcher har sagd. Nokre omsette sitat frå artikkelen i dette
nummeret av International Herald Tribune, 25. - 26. 2. 2006 : “Over fleire år brukte USA pengar
ope i Kviterussland, som USA har gjort og framleis gjer i andre land i den tidlegare Sovjetunionen,
inkludert også Russland. Lukasjenkos regjering har derimot skjerpa kontrollen med organisasjonar
som mottek pengar frå USA og Europa, og lagd ned fleire av dei.

Desse pengane, så vel som organisasjonane, er no gått i dekning eller har flytta utanlands. I
desember (2005-mi tilføying) samlast 50 representantar frå framande regjeringar og organisasjonar
som støttar demokrati i Vilnius, hovudstaden i grannelandet Litauen. Her freista dei koordinere og
fordele millionar av dollar i hjelp. Thomas Adams er koordinator for hjelp for Europa og Eurasia.
Han er tilsett i Det amerikanske utanriksdepartementet. Han kalla dette møtet i Vilnius “den
kviterussiske fridomsindustrien”.

Etter ein lang dag med ordskifte og framføringar kom det “slickest” = “smartaste” framlegget frå fire
unge menn som tilhøyrde ei gruppe som kalla seg sjølve Khopits, som tyder “nok” på kviterussisk.
Dei nytta datamaskin og prosjektor og føreslo å lansere ein løynd informasjonskrig. Dei skulle dele
ut flygeblad, festemerke og aviser - for det meste satiriske - så vel som band og skjerf med fargane
til EU.

Medlemene og sponsorane til Khopits fortel at denne organisasjonen er eit nettverk av celler med
dusinvis av aktivistar i 60 byar og landsbyar. Dette nettverket er ikkje vertikalt, og er utan leiarskap.
Informasjonskrigen til Khopits er i full gang. National Endowment for Democracy, Westminster
Foundation for Democracy frå Storbritannia og det tyske utanriksdepartementet betaler for
verksemda til Khopits - med kontantar som blir smugla inn i Kviterussland i små mengder.”

På møtet i Vilnius i desember “møttest leiarane i den demokratiske opposisjonen i Kviterussland for
å diskutere politikk med Terry Nelson, den nasjonale politiske direktøren til Bush-Cheney i
presidentkampanjen til republikanarane i USA i 2004. I den kampanjen hadde Terry Nelson tilsynet
med å skape ein strategi for eit svært stor få-ut-røystarennettverk ved å organisere friviljuge. “Vi let
granne snakke med granne, det er måten å vinne eit jamt løp på.”

Kontoret i Vilnius tilhøyrer International Republican Institute, som delvis er finansiert av National
Endowment for Democracy.” Denne metoden verka. Ei meiningsmåling i Kviterussland like før
dette nummeret av International Herald Tribune synte at tre av fire kviterussarar fekk vite om
Aleksandr Milinkevitsj og programmet hans. Så langt International Herald Tribune.

Eg kjøper to tilfeldige nummer av International Herald Tribune hos Narvesen i Tromsø, og får
dermed vite det vesentlege om bakgrunnen for presidentvalte i “Tyranniet Kviterussland.”

Vel vitande om at dei lever eit godt liv i Kviterussland, samanlikna med resten av Aust-Europa, plent
slik det var sagd på EuroNews, hadde kviterussarane ingen som helst grunn til å røyste på
Milinkevich. Grannelandet Litauen har den høgste sjølvmordsraten i Verda, blei det sagd på BBC
World, rettnok for ei tid sidan. Det som har funne stad i Ukraina i året som har gått, inspirere så
avgjort ikkje til “revolusjon”.

I rein militær og politisk eigeninteresse og stormannsgalskap sette USA og EU Ukraina fullstendig “i
grøfta”. Ved eit statskupp. Det er kjend i Tyskland, og burde vel bli det i Noreg også. Ikkje sant,
NRK og statssekretær Kjetil Skogrand i Utanriksdepartementet? Sidan det var NATO-land som
finansierte og trena opp kuppmakarane her, går eg ut frå at du og fleire i Utanriksdepartementet
kjenner til det, Kjetil Skogrand! Det same gjeld deg i Forsvarets forskingsinstitutt, Tor Bukkvoll?
Og i Latvia feirar dei Legion Latvia SS i mars kvart år.

Vidare bur der 400 000 polakkar i Kviterussland, og det er her potensialet for “revolusjon” finst. Ei
diger EU-fane, boren av ei ung polsk kvinne, var då også “Revolusjonsfana” i Minsk no i mars
2006. Dette blei synt og sagd på tysk TV. Kva med “Kjøttfarserevyen” i NRK lokka 19.00, her?
Denne kvinna sa vidare at motstanden mot president Lukasjensko skulle halde fram utanfor Kvite-
russland. Det er det ingen tvil om. Freistnaden på å destabilisere Kviterussland og Russland gjennom
media og på andre måtar har høg NATO prioritet.

Kviterussland hadde eit folketap på 3 millionar under Andre verdskrig. Det høgaste folketap eit
landområde hadde under heile krigen. Der budde til dømes ein god del jødar der, frå tida for Pale-
området i Tsar- Russland. Vel, feiring av Waffen SS i Latvia samstundes med presidentvalet i
Kviterussland.

Vidare var nazirepresaliane mot dei sivile omfattande i Kviterussland, fordi sovjetiske partisanar
opererte mykje der. Dei fire millionane sovjetiske krigsfangane som arbeidde seg i hel eller blei
drepne på annan måte i nazileirar hadde ein stor kontingent av kviterussarar.

Og “Revolusjonen” stogga straks han byrja. Ein ung mann som tilhøyrde eit av dei “revolusjonære
nettverka” blei arrestert. Han tilstod å ha blitt betalt av amerikanarar, georgiarar og arabarar for å
gjennomføre statskupp i Kviterussland. Dette blei faktisk nemnd i “all snøggleik,” også i NRK
radio. Det heile blei synt på storskjerm i Minsk. Og det er det ingen tvil om er sant. Amerikanarar
og georgiarar seier seg sjølv. Dei “arabarane “ det er snakk om her er Wahabitane, som også
finansierer verksemda til Basajev & Co i Kaukasus. Jamfør her John Cooley: Unholy Wars.
Afghanistan, America and International Terrorism.

Det einaste som kom ut av “revolusjonsfreistnaden” var fargen på “revolusjonen,” blåfarge. Visstnok
til feiring av American denim jeans, som er blå, las eg ein stad. Dermed var planteriket ikkje
innblanda, og “revolusjonen” mislukkast. “Bukserevolusjonen?”

Den daglege tyske TV-glimten frå Oktoberplassen i Minsk synte i tillegg til “Revolusjonsfana”
EU-flagget, det georgiske flagget, det ukrainske flagget - og motdemonstrantane sitt flagg- det
russiske! Det flagget som var forbode, men blei mest nytta var ein “polsk” variant, vil eg tru. Dette
veit eg ikkje sikkert, så det får du vere snill å hjelpe meg med, Kjetil Skogrand, eller andre ekspertar
i NRK. Kan hende syner det til det “Stor-Polen” som kom i stand etter freden i Riga i 1921. Jamfør
Cappelens Historiske Atlas. Spesialutgåve, Oslo 1994, side 52.

Dei kviterussarane som levde under den polske militærdiktatoren Pilsudski frå 1926, hadde ei svært
vond tid. Pilsudski hadde Mussolini til førebilete, i mindre grad Hitler. Men Pilsudski rakk å inngå
venskapsavtale med Nazi-Tyskland, før han, heldigvis døydde i 1935. Den militærjuntaen som
følgde i Polen er det vanleg å kalle fascistoid, og kviterussarane fekk det slett ikkje betre.

Og våren 1939 heitte det i Polen: “Til tyskarane mistar vi fridomen vår. Til russarane mistar vi vår
sjel.” Forståeleg nok, ut frå det polakkane hadde opplevd i tsar-tida.

Dei europeiske storavisene som blei synte på EuroNews Presseschau dagleg, nemnde ikkje
Kviterussland med eit ord. Det var uroa i Frankrike eller storstreikane i Tyskland som dominert
framsida i europeiske storaviser.

I “Dagsnytt 18” NRK 24. 3. møttest Kjetil Skogrand frå Utanriksdepartementet og Bjørn Engesland
frå Helsingforskomiteen. Programleiar var “Vov-Vov” og nattelydar frå jungelen, under
psevdonymet Hans Wilhelm Steinfeldt.

No er det slik at nattelydar frå jungelen alltid har ei meining. Det hadde derimot ikkje dei menneske-
lydane som kom frå dei to “ekspertane” her, Bjørn Engesland og Kjetil Skogrand. Eit nys har ei
meining, eit rap har ei meining, å gape har ei meinig, ein fjert har ei meining, tungetale skal visstnok
også ha meining. Denne seansen var så absurd innhaldslaus som vakuumet i ein plastsekk. Dermed
eit typisk ekspertinnslag i NRK!

Du kjenner til det eg har referert ovanfor her, Kjetil Skogrand, og meir til. Det norske folk betaler
gladeleg lisens til NRK for å vere ignorantar om alt anna enn legionella, E.coli og Kjell Inge Røkke.
Derfor treng du ikkje seie noko som helst. “Ingen” krev det av deg. Og dei som kjenner litt til
internasjonal storpolitikk, veit i tillegg at du ikkje seier noko som helst på radio eller TV, under alle
høve.

Eg vil tru NRK framleis er ein Statskanal. Eg vil også tru at kviterussiske statskanalar under alle
omstende er like informative enn denne typiske NRKseansen på “Dagsnytt 18.“

Det ovan nemnde psevdonymet stilla elles eit vettig spørsmål til deg, Kjetil Skogrand: Olje og
politikk! Svar: Tungetale, som ikkje ein gong salig utvalde kan tyde. Det er i høgste grad politikk
når Russland no planlegg større olje- og gassleveranse til Kina. Det var i høgste grad olje og politikk,
då USA og EU finansierte og instruerte statskuppet i Ukraina.

Bibelskolelærar Dear Condi vitja den presidenten i Ukraina som fekk makta gjennom eit statskupp,
Viktor Justsjenko. Der slo ho fast at Ukraina har market economy = democracy. Så valfarta den
aktuelle presidenten her, Viktor Justsjenko, til Brüssel, for å treffe “Jesus” Baroso, med fleire. Same
diagnose for Ukraina i Brüssel: Kapitalisme = demokrati.

Sjølvsagd kjenner russisk og kviterussisk etterretning til mykje av detaljane rundt Appelsinorgien i
Ukraina. Dei kjenner også det langsiktige føremålet med han: Å bryte opp Russland. Eller dei fire
framtidscenaria for Russland Forsvarets forskingsinstitutt har skissert i ein offentleg rapport.
Denne rapporten går eg ut frå du Kjetil Skogrand var med på å utforme. Russisk mottrekk: Betal
marknadspris for oljen, Ukraina, sidan de har marknadsøkonomi. Og slett ikkje noko urimeleg
mottrekk for det som nok ein gong er ei vestleg oppdemming mot Russland. Russland nytta olje her
som politisk forsvarsvåpen.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering