(Nr 21- 2006) I 1991 såg alt såre vel ut med Den nye amerikanske imperialismen, jamvel om oppdraget i Irak berre var halvgjort. Så kom attendeslaga på 1990-talet: I Mogadishu i Somalia synte det seg alt i 1993 at “amerikanarane mangla mage til å kjempe,” som Bacevich skriv. “Når dei møtte røynleg motstand, bøygde dei unna.” Nett dette kunne Osama bin Laden konkludere med, skriv Bacevich.


Av Kjell-Arnt Labukt

Då bin Laden utlyste ein fatwa mot USA i august 1996, synte han, mellom anna, til den amerikanske
fiaskoen i Mogadishu i 1993. Eller som det stod i fatwaen: Det var eit døme på “amerikansk
maktesløyse og veikskap då titals amerikanske soldatar blei drepne i små trefningar og ein
helikopterpilot blei dregen rundt i gatene” i Mogadishu.

“De (amerikanarane) forlet området og tok med dykk vonbrot, audmjuking, nederlag og dykkar
daude.” Fleire små men pinlege tilbakeslag følgde: I november 1995 blei eit amerikansk hovud-
kvarter i Riyad bomba. I juni 1996 var der eit åtak på amerikanske militærbrakker ved Khobar i
Dhahran. I august 1998 samstundes åtak på dei amerikanske ambassadane i Kenya og Tanzania. I år
2000 blei det amerikanske krigsskipet Cole nesten senka i Aden. Som amerikansk militært “svar”:
bombing av nokre primitive “treningsleirar” i Afghanistan og ein farmasøytisk fabrikk i Sudan.

Med Camp David i år 2000 var brotet mellom USA og Israel på eine sida og den arabiske på den
andre fullført. Jamvel om USA hadde kalla seg “Demokratiets beste ven,” så hadde arabarane i Midt-
Austen opplevd noko anna, skriv Bacevich. “I storparten av den muslimske verda hadde USA alliert
seg med regime som var vilkårlege, brutale og undertrykkjande.” Så Bacevich her. Vidare: ”Etter mange tiår som den mest dominerande makta i Midt-Austen kom ikkje USA til slutten av 1900-talet
med reine hender.”

“Dei mindremåls statsmenn som hadde tilhald i Det ovale kontor i Washington på 1980- 90-talet vov
seg sjølve inn i vrangførestillingar og klarte å forvirre seg sjølve. Trass i endelause forsikringar
om at USA berre ville ha fred, var faktum det at Reagan, Bush og Clinton både førde krig og
førebudde ein større krig.” Slik summerer Bacevich opp utanrikspolitikken til desse tre presidentane.

President Bush II sin reaksjon på 9/ 11 var ikkje å sjå på desse åtaka som “vondsinna kriminalitet”
frå einskildpersonar, noko Bacevich meiner dei var. Derimot definerte Bush II åtaka som
“Krigshandlingar.” Dette omgrepet høyrer heime der statsmakter er i militær konflikt, eller der det er
borgarkrigar.

Bacevich skriv at ved å nytte omgrepet “krigshandling”, så vedgjekk Bush II ope den konflikten
USA hadde levd med i Midt-Austen dei siste 20 åra. Og etter litt tid blei det “verdsomspennande
krig mot terror”, som Bacevich uttrykkjer det. Det tok altså 10-12 år frå USA var i krig mot
“verdsomspennande kommunisme” til den nye “verdomspennande fienden” var skapt, i Washington:
“Verdsterrorismen”. Med “bukke-nikke-neie” i alt av “seriøse” media i NATO- og EU-land.

I perioden 1980-2001 hadde “verdiar” i Midt-Austen minimal interesse i Det ovale kontor, skriv
Bacevich vidare. “Alle forstod at det dominerande spørsmålet var olje, med Saudi-Arabia som
kronjuvelen,” sitat Bacevich. Med “alle” meiner Bacevich ikkje berre dei tre amerikanske
presidentane i denne perioden. Han meiner alle som var med på å avgjere amerikansk utanriks-
politikk og militærpolitikk.

“Først etter 9/11 blei verdiar nytta som den store dekkopperasjonen for amerikanske interesser i Det
større Midt-Austen,” skriv Bacevich her. Han skriv også litt satirisk om den heilt nye storslegne
interessa for kvinners rettar i dette oljerike området.

Med “Det større Midt-Austen” meiner Bacevich, som alt påpeika, landområdet mellom Raudehavet-
Kaukasus - Det kaspiske hav og fram til Kinas grense i Den eurasiske korridor. Og plent som
tidlegar, skriv Bacevich vidare. Den fjerde verdskrigen blei no ein krig for Fridom. “Etter 9/11
fjerna Bush-administrasjonen alt av bremser i si overtyding om å påtvinge Det større Midt-Austen
amerikansk dominans.” Sitat Bacevich.

Irak utgjorde “det taktiske balansepunktet” for amerikansk dominans i Det større Midt-Austen. “Ved
å styrte Saddam kunne USA plassere seg i ein maktposisjon i dette området. Og dermed ha større
handlingsfridom i heile området.” Så Bacevich. Vidare: “Med Saddam fjerna, kunne USA redusere
det militære amerikanske nærværet i Saudi-Arabia. USA kunne trekkje militærstyrkane sine ut av
Saudi-Arabia, og kunne opne opp alternative oljekjelder. “ Bacevich siterer her Richard A. Clarke:
Inside America’s War on Terror.

Dei amerikanske militærstyrkane i Saudi-Arabia skulle sjølvsagd bli verande i Det større
Midt-Austen. “Advokatar for Irak-krigen såg på denne krigen også som øving i militær
omposisjonering. “Vi kjem truleg til å trenge ein stor konsentrasjon av militærstyrkar i Midt-Austen i
ein lang tidsperiode.” Sitat Donald Kagan, september 2002, hos Bacevich. Eit vedvarande
amerikansk militært nærvær var naudsynt for å tryggje amerikanske tilgang til energireservar. Og
som Donald Kagan samstundes tillitsfullt uttrykte det. ”Dersom vi har militære i Irak, så vil der ikkje
bli noka forstyrring i oljeforsyningar.»

I september 2002 var planlegginga av invasjonen i Irak i full gang. Også “planlegginga” i media,
som fekk halvparten av amerikanarane til å tru at Satan Saddam og Osama bin Laden var ein og
same person. Sitat Bacevich her: “Bush og medlemene av hans indre sirkel såg på dette som eit
storveges krosstog. Etter stutt tid meinte fleirtalet av amerikanarane at dette absurde (preposterous)
tiltaket kunne rettferdiggjerast, var gjennomførleg, og faktisk naudsynt. To faktorar er med på å
forklåre denne lettrugne naiviteten. Den eine faktoren er sjølvpåførd amnesi i historie. Stutt tid etter
9/11 murra og torna viseutanriksminister Richard Armitage: “Historia byrjar i dag.” Denne
oppfatninga gjennomsyra heile Bushadministrasjonen og storparten av det amerikanske folk.”

Den andre faktoren er at “den framskridande militariseringa av amerikansk politikk hadde nådd eit
tyngdepunkt som hendingane i september 2001 påskunda. Samstundes hadde den vedvarande
myteskapinga rundt krig, soldatar og militærinstitusjonar sløva amerikanaranes evne til å tenkje
kritisk om grensene for bruk av militærmakt.” Sitat Bacevich.

Dei nykonservative og “policymakers” av alle slag, i politisk administrasjon, i Big Business og i
media, hadde blåse seg sjølve opp til overmenneskelege dimensjonar. Det etter “sigeren” over
Sovjet, Golfkrigen og Kosovokrigen. “Vulkanar,” som dei blei kalla av meir nøkternt innstilla
amerikanarar. Dette er mi tilføying.

Bacevich peikar på det same. Han syner også her til James Mann: Rise of The Vulcans. “Dei
(policymakers) hadde ein visjon, skriv James Mann, om at USA skulle bli “slik ei allmektig og
skremmande militærmakt at landet ikkje lenger trong kompromiss med eller tilpassingar til andre
land eller grupper av land.” “Eiga tiltru til dugleiken til amerikanske soldatar og kapasiteten til
amerikanske våpen var utan grenser,” skriv Bacevich.

I Etterord i boka Norman Podhoretz skreiv om Vietnam har Podhoretz eit sitat av Bismarck: “Ve
over den statsmannen som gjev grunnar for å gå til krig, der grunnane ikkje er like gode etter krigen
som før krigen.” Og Bismarck var sjølve geniet for Henry Kissinger og fleire i amerikansk
presidentadministrasjon.

“Arkitektane bak den verdsomspennande krigen mot terror var ikkje berre president Bush, men også
Dick Cheney, Donald Rumsfeld, Condoleezza Rice og Paul Wolfowitz. For dei er det no for seint å
tenkje på åtvaringa frå Jarnkanslaren. Deira omdøme har fått tilnærma uboteleg skade. Men den
overdimensjonerte konflikten som er hovudhandverket deira, held fram.” Sitat Bacrvich.

Det seier seg sjølv at dei nemnde hovudansvarlege her ikkje handlar i eit vakuum. Dei har sine
rådgjevarar, mange av dette slaget. Men summen av råda dei får og set ut i praksis, er deira
ansvar. Dette er mi tilføying. Bacevich avsluttar kapitlet Blood For Oil med nokre få ord om kva
veg det nett no peikar for USA i utanrikspolitikk. Han trur ikkje på noka omlegging av noverande amerikanske militære imperialisme. Amerikanske politiske leiarar vil halde fram med å spreie ideal
for å løyne sine interesser. Dei må kjempe “ein vedvarande krig i ein forgjeves freistnad på å
tilfredsstille vår trong etter fridom utan grense og utan ende.” Og President Bush II har alt sagd
at han overlet oppdraget her, mellom anna i Irak, til etterfølgjaren sin.

“Fridom” tyder her konsum! Konsumerismen er The American Way of Life. Det inneber
uinnskrenka tilgang til ressursar og uendeleg stigande profittrate for monopolkapitalen. At USA no
sjølv snart er fri for tradisjonell olje, endrar ikkje ved “tankegangen” her.

Utvinning av olje frå oljeskifer er alt i gang i USA, men er svært kostbar, forureinande og kan ikkje
gje store volum. 3000 meter under havbotn i Mexico-golfen finst der “substansar” som kan
omdannast til gass og olje. Men også her berre til stor økonomisk kostnad.

USA og Canada er no i konflikt om vatnet i “Dei store sjøane,” som ligg på grensa mellom USA
og Canada. Kvar amerikanar nyttar i gjennomsnitt 300 liter vatn dagleg. I Europa er gjennomsnittet
det halve. På grunn av vassmangel i dei sørvestlege statane i USA har amerikanarane alt teke til
med å byggje ein kanal frå Lake Michigan og sørover. Lake Michigan er amerikansk, dei andre
store sjøane er amerikanske og canadiske samstundes.

Vatnet her er alt forgifta av industrien i byane ved Sjøane, og tilsig frå landbruket. Og av skipsfarten
på Sjøane. Men horeindustrien i Las Vegas treng mykje vatn, så vel som landbruket i sørveststatane
treng det. Grunnvatnet i desse delane av USA har dei siste 20 åra sokke med ein meter i året, og blir
etter kvart svært kostbart å pumpe opp.

I Guardian Weekly nr 13 2006 står ein artikkel med tittelen US in danger of edging towards
dictatorship, says former top judge.

Den som åtvarar mot at USA er i fare for å nærme seg kanten av diktatur er den tidlegare
amerikanske Høgsterettsdomar Sandra Day O’Connor. Ho blei i si tid utnemnd av president
Reagan som den første kvinnelege domaren i Amerikansk Høgsterett. Og ho er “republikanar” god
nok. Det Sandra Day O’Connor peikar på, er at det amerikanske rettsvesenet er truga. Domarar blir
pressa og truga til avgjerder som er i strid med amerikanske lover og rettspraksis. Det er hennar
poeng. Dei første politiske drapa på amerikanske domarar og deira familie er alt eit faktum.

Her er det på sin plass å minne om at dollar alt lenge har avgjord amerikanske rettssaker. Men det
er det aukande trugsmålet mot livet til domarar og familiane deira som er nytt. Eit konsumparadis er
ingen garanti mot diktatur. Heller ikkje gjeld konsumparadiset alle amerikanarar.

Bacevich avsluttar boka med kapitlet Common Defense. Eg går ikkje inn på innhaldet i dette
kapitlet. Stutt sagd går det ut på at The Constitution, Den amerikanske grunnloven, blir respektert
og teken i bruk att. Døma Bacevich gjev på korleis USA har kome på avvegar her, er overtydande.
Kapitlet er også ein drepande kritikk av galskapen i den amerikanske militarismen. Alle presidentar
etter Andre verdskrig får slett omdøme av Bacevich. Personen Dwight D. Eisenhower er eit
unnatak. Han var ingen eventyrar. Og når Bacevich kritiserer presidentar, kritiserer han også
presidentadministrasjonen til kvar av dei.

Nok ein gong: Den som vil forstå noko av “utviklinga,” nett no, finn mykje hos amerikanske
journalistar og historikarar, som nettopp Andrew J. Bacevich er døme på. Marsnummeret 2006 av
Monthly Review har ein artikkel som er skremmande lesing. Artikkelen kjem frå The Research
Unit for Political Economy (Mumbai, India). Tittelen på artikkelen er: Why The U.S. Promotes
India’s Great-Power Ambitions.

Med USA-NATO ute av Den eurasiske korridor blir The Rimland India dess viktigare. USA har
“sikra” seg India, og driv no forhandlingar med Japan og Australia for å få dei med i militærallianse
mot Eurasia, det vil her seie Kina/Russland.

For amerikanske militære er krig i Asia, primært mot Kina, alt vedteke. Det er berre tidspunktet
som står att å avgjere. 21. mars 2006 låg det føre ein handels- og samarbeidsavtale mellom Kina
og Russland. Kina skal investere 12 milliardar dollar i Russland, som primært skal nyttast til
utbetring og fornying av det russiske jarnbanenettet. Russland opnar for sal av gass og olje til Kina.
Gassleiinga skal gå heilt frå Sjtokmanfeltet og fram til austkysten i Kina. Dette var synt på russisk
TV.

Det militære samarbeidet, med opphavet i den amerikanske bombinga av den kinesiske ambassaden i
Beograd i 1999, skal halde fram. Dette samarbeidet inneber også sal av våpen frå Russland til Kina.
Og merk at den amerikanske bombinga av den kinesiske ambassaden i Beograd var ei NATO-
bombing! Mediereaksjonen i NATO-EU-land her var interessant. Anten var TVmeldingane
her så stutte og uklåre at dei var uforståelege. Eller til og med beinveges medvite villeiande. I
“Globus2- land,” som er det militære kodenamnet på Norway, ikkje eitt ord i radio. Om der har vore
innslag om denne russiskkinesiske avtalen i “E.coli-revyen” klokka 1900 NRK TV, anar eg ikkje.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering