(Nr 20 - 2006) Litt meir enn tre tiår etter NSC-68 blei utforma i 1950, skriv Bacevich, var Sovjet på “veg ut”. “Dei store problema for det frie samfunn som NSC-68 syner til hadde, blitt endå meir akutte. For USA hadde verda halde fram med å krympe, og fråværet av orden hadde blitt endå meir aktuelt, særleg når uorden braut ut i område kritiske for Amerikas eige økonomiske velvære.


Av Kjell-Arnt Labukt

Bacevich skriv så om korleis USA blei fullstendig avhengig av oljeimport i dei siste 25 åra av 1900-
talet. Så seint som under Andre verdskrig var USA verdas Saudi-Arabia. Ved slutten av 1900-talet
brukte USA kvart fjerde fat olje som blei produsert i verda, og hadde sjølv i overkant av 1 % av
oljereservane.

Bacevich syner så til oversikter som seier at opptil 67 % av all olje i verda vil kome frå Den persiske
golf i år 2020. Her vil eg setje inn ein aktuell kommentar. Ein som held seg oppdatert kva gjeld
oljereservar, er Michael T. Klare. I det britiske marsnummeret 2006 av Le Monde diplomatique har
Michael T. Klare ein artikkel: Saudi-Arabia: the sands run out. “Sanden tømest”, er norsk omsetjing
her.

Den oversikta Bacevich syner til ovanfor, har som føresetnad at Saudi- Arabia nærmast er
utømmeleg på olje, Irak også. Nei, artikkelen til Klare i Le Monde diplomatiqe gjev eit heller dystert
“oljebilete” nettopp av Saudi-Arabia. Klare syner til Matthew Simons, ein bankmann i Houston,
Texas. Simmons gav i mai 2005 ut boka Twilight in The Desert - Skumring i ørkenen.

Mathew Simmons er leiar i ein av dei største oljeinvesteringsbankane i verda, Simmons & Company
International. Og som Klare påpeikar i artikkelen: Det var ikkje miljøomsyn eller anti-olje som
fekk Simmons til å skrive Skumring i ørkenen. Boka er så detaljert teknisk og matematisk at det er
uråd å lese den for dei fleste. Konklusjonane Simmons kjem fram til, er derimot lette å forstå.

1: Storparten av oljen i Saudi-Arabia kjem frå fire eller fem gigantfelt.
2: Desse felta blei tekne i bruk for 40-50 år sidan, og all lett tilgjengeleg olje i desse felta er no i ferd
med å bli oppbrukt.
3: Desse felta er alt så tømde at det no blir nytta store mengder vatn og andre metodar for å erstatte
det presset som på naturleg måte førde oljen til overflata.
4: Over tid må volumet av vatn som trengst for å få ut olje bli så stort at prosessen blir umuleg.

I aukande grad blir oljen frå Saudi-Arabia så svovelhaldig at vanlege raffineri ikkje kan nytte han
som råolje. Saudiane har lova å auke produksjonsvolumet dei siste åra, men auken har ikkje kome.
Forklåringa her er nett den at auke av volum gjev så dårleg råolje at han i dag ikkje kan raffinerast.

Matthew Simmons er ven av Dick Cheney og andre i Bush-administrasjonen. Tidlegare i år snakka
Bush om “alternative energikjelder.” Matthew Simmons er nok mannen som har fått noverande
Bush-administrasjon til å forstå at oljealderen går mot slutten.

I Irak, derimot, er der heilt visst store oljereservar. Korleis dette vil påverke den amerikansk-leia
okkupasjonen i Irak, står att å sjå. USA kan ikkje unnvere olje også frå Irak. Korleis dette kjem til å
gå føre, veit vi ikkje. Men at USA blir verande i Irak framover, militært og økonomisk er, no i mars
2006, det mest trulege.

Bacevich skriv om korleis USAs nære tilhøve til Israel kompliserer amerikanske ønske om hjartelege
tilhøve til dei oljeeksporterande arabiske landa i regionen. Før 6-dagarskrigen var dette ikkje noko
vesentleg problem for USA. Før 1967 hadde USA fullstendig lojale herskarar i den oljeproduserande
arabiske delen av Midt-Austen. Her vil eg føye til at USA sjølvsagd nytta trugsmålet om “Den
gudlause kommunismen” som trumfkort.

Alt endra seg med 6-dagarskrigen i 1967, skriv Bacevich. “USA blei den alt-omfamnande
støttespelaren for Israel, og ein sjenerøs leverandør av økonomisk og militær forsyning.” Den
arabisk-israelsk konflikten kunne ikkje skiljast frå Fjerde verdskrig, skriv Bacevich. Bacevich skriv
også at dette blei eit dilemma som var tilnærma uråd å løyse for USA, utan å kome i konflikt med
anten arabarane eller israelarane.

President Carter byrja Fjerde verdskrig, men det var president Reagan som førde han vidare. “Fjerde
verdskrig” blir vanlegvis kalla Den andre kalde krigen, vil eg skyte inn, medan Bacevich altså kallar
heile Den kalde krigen “Tredje verdskrig.”

På 1980-talet kunne Reagan skremme med “The Evil Empire,” og såleis få høgare militærløyvingar
på det amerikanske statsbudsjettet. Reagan nytta ikkje berre skremsel, han framheva også USA som
eksponenten for dei “edle verdiar” i verda.

Sitat president Reagan hos Bacevich: “Vi driv ikkje imperialisme, aggresjon eller erobring. Vi trugar
ingen.” Den amerikanske opprustinga på 1980-talet hadde berre høgverdige og naudsynte defensive
føremål hos Reagan: “Det blir ikkje krig på nytt. Fleire unge menn skal ikkje døy. Men då må vi
snakke ærleg om dei farane vi står overfor og vi må vere sterke nok til å møte desse farane.”

“Landet vårt har aldri byrja ein krig. Vårt einaste føremål er avskrekking, den styrken og dugleiken
som trengst for å forhindre krig.” “Vi har ikkje ei sterk militærmakt for å erobre eller skremme
andre.” Bacevich kallar dette minst 50 % “bunkum” = tullprat. Han har så med døme på at USA
også har praktisert åtakskrig, heilt frå George Washington gjekk til åtak på dei hessiske leige-
soldatane til britane i 1776 fram til Vietnam. Etter 1991- berre åtakskrigar. Det siste døme i så måte
er Irak, no.

Bacevich legg fram argumenta til kritikarane av president Reagan, som førde verda til randa av
atomkrig. Støttespelarane til Reagan, både då og seinare, har ein annan versjon. President Reagan
forstod at Sovjet var i ein så ustabil tilstand på 1980-talet at ved å utnytte veikskapane her, vann
president Reagan over “The Evil Empire.” Reagan forstod neppe noko som helst, ut over det
amerikansk og NATO-europeisk etterretning la fram. Det er sjølvsagd rett at der blei eit makt-
vakuum i Sovjet, då Bresjnev var sterkt helsemessig svekka og i tida etter han døydde. Dermed
Fjerde verdskrig, som Bacevich kallar det.

Det er lite vi veit her, fordi 1980-talet ligg så nært i tid at alt av arkiv framleis er klassifiserte.
Noverande Bush-administrasjon har ikkje berre forsegla alt av arkiv. Dei klassifiserer tusentals
føderale rapportar kvar veke. I samsvar med Patriot Act og politisk overvaking av amerikanske
borgarar.

Bacevich har med dei fire gongene Reagan-administrasjonen gjekk til militære åtak i den arabiske
verda.

1: Innsettinga av amerikanske “fredsstyrkar” (Hermeteikn hos Bacevich) i Libanon. Utelukkande
for å tryggje amerikanske oljeinteresser i Midt-Austen, som Bacevich skriv

2: Militære samanstøytar med Libya. Også her olje.

3: Tankskipkrigen i Den persiske golf der amerikanske krigsskip eskorterte oljetankarar i
Persiabukta. Også her, sjølvsagd, olje.

4: Amerikansk assistanse til “fridomskjemparar” i Afghanistan på heile 1980-talet. (Hermeteikn hos
Bacevich.)

Bacevic gjev ei stutt oversikt over kvar av desse fire amerikanske militære inngrepa i den
arabisk/muslimske verda under president Reagan.

Sitat Bacevich om Afghanistan: “I Afghanistan bygde Reagan på eit program som alt var utarbeidd,
men unnadrege offentleg kjennskap. I juli 1979 tok Carter-administrasjonen til med løynleg assistanse
til afghanarar som gjorde motstand mot regimet i Kabul. I følgje presidentrådgjevar Zbigniew
Brzezinski var føremålet å lokke til og provosere fram eit sovjetisk militært mottiltak. Og på den
måten “lokke russarane inn i den afghanske fella”. I ein fotnote syner Bacevich til eit intervju med
Brzezinski i Le Nouvel Observateur, januar 1998. Tittel på intervjuet: Korleis Jimmy Carter og eg
starta Mujahedin.

CIA gjorde her så godt opplæringsarbeid av “heilage krigarar” alt frå juli 1979, at “sovjetstyrkane
snøgt blei sitjande fast,” som det heiter hos Bacevich. Vidare skriv Bacevich at president
Reagan overtok den amerikanske innsatsen i Afghanistan med glød, og trappa denne innsatsen
kraftig opp i 1985. NB! I “allianse” med “mineralvassekretær” Michael Gorbatsjov. (Det siste er mi
tilføying.)

Desse fire amerikanske militæroppdraga blei lovprisa i høge tonar av folk som president Reagan og
forsvarsminister Caspar Weinberger, skriv Bacevich. Det samla resultatet av amerikansk militær
innsats under president Reagan påskunda den militære mytelaginga, skriv Bacevich. Det var “vonde
makter” Reagan sigra over skriv Bacevich: Sovjet, (i Afghanistan. Mi tilføying) Gaddaffi, ayatollah
Khomeini, Haf el Assad i Syria.

Vidare påpeikar Bacevich at samla utgjorde desse fire amerikanske militære oppdraga at den politisk
ustadige, energirike delen av Islam blei overordna alle andre amerikanske interessefelt, i utanriks-
politikk.

Alt i 1981 hadde Albert Wohlstetter pressa på for “forbetra militær kapasitet til å forsvare olje frå
Persiabukta.” Det innebar utstasjonerte styrkar, basar og infrastruktur.

“Berre ved å ha overtydande førsteplass i regionen kunne regjeringa i USA garantere amerikansk
rikdom og dermed fridom. Regionen blei først definert som “Sørvest-Asia”, men kom til å omfatte
Persiabukta, Kaukasus og Sentral-Asia.” Sitat Bacevich.

Vidare hos Bacevich: “Her låg drivkrafta (oljen, som Bacevich påpeikar) bak det som blei Fjerde
verdskrig. Det var ikkje spreiing av masseøydeleggingsvåpen, heller ikkje å demme opp for spreiinga
av terror. Så avgjort ikkje å frigjere undertrykte folk eller fremjing av rettar for kvinner. Målet var
herredøme over ein region som leiande personar i den amerikanske eliten i utanrikspolitikk hadde
avgjort var av største interesse for å halde oppe USAs herredøme. Dette var ei eintydig haldning
både hos demokratar og republikanarar, som avgjorde amerikansk utanrikspolitikk.” Slik skriv altså
ein “konservativ” amerikanar, professor Andrew J. Bacevich i 2005. Det set norske media i eit heller
makabert lys.

På side 192 i boka set så Bacevich opp ei oversikt over tiltak som USA sette i verk på 1980-talet,
for å tryggje amerikansk dominans i Sentral-Asia og delar av Afrika. Denne oversikta omset eg
her. For kvart punkt i denne oversikta, merka med * har Bacevich med dei kjeldene han nyttar. I
omsettinga er det ikkje naudsynt å ha med desse kjeldene.

* “Straks sovjetiske styrkar rykka inn i Afghanistan oppretta president Carter militæreininga Rapid
Deployment Joint Task Force, plassert i Persiabukta. I 1983 blei denne militæreininga utbygd til eit
fullutstyrt regionalt militært hovudkvarter. Hovudkvarteret tenestegjorde som utgangspunkt for både
diplomatiske og militære føremål i Persiabukta og Sentral-Asia.

* Den vesle britiske øya Diego Garcia i Det indiske hav blei omgjord frå ein liten amerikansk
kommunikasjonsstasjon til ein stor framskoten amerikansk militær forsyningsbase. Dermed var
Diego Garcia klårgjord som base for krigsopperasjonar, inkludert langtrekkande bombefly som
kunne nå frå Sentral-Asia til Afrikas Horn. Denne utbygginga av Diego Garcia kosta 435 millionar
dollar, 1980-83.

* Opprettinga av store forsyningar for militære føremål og lasta om bord i skip. Desse skipa blei
plasserte slik geografisk at dei snøgt kunne plassere amerikanske stridskrefter i Persiabukta. I 1990
utgjorde denne flytande forsyningsbasen samla 25 skip.

* Konstruksjon eller utviding av amerikanske flybasar, hamner eller andre faste innretninga med
militære føremål. Desse nykonstruksjonane eller utvidingane skal tene snøgge flyttingar av store
amerikanske militæreiningar i Egypt, Saudi-Arabia, Oman, Kenya, Somalia og landområda rundt.
Berre i året 1984 nytta USA 500 millionar dollar på seks flybasar i Midt-Austen og Afrika.

*Forhandlingar og løyve til å nytte luftrom, flyplassar og andre fasilitetar i Marokko, Egypt og elles
i regionen til amerikansk bruk ved storskala militæroperasjonar.

* Gjennomarbeiding av krigsplanar og øvingsprogram for å tilpasse amerikansk militærpersonell til
det heller ugjestmilde ørkenklimaet. Det mest kjende programmet her er øvingsserien “Bright Star”
i Egypt på 1980-talet. Egypt er USAs “satsplanke” til Persiabukta. Slike amerikanske militærøvingar
fann også stad i Jordan, Sudan, Somalia, Kenya og Oman.

* Mangedobling av freistnadene på å skape klientstatar gjennom sal av våpen og militære
treningsprogram. Desse treningsprogramma blei anten administrerte av amerikansk militærvesen,
eller dei blei sette ut amerikansk-kontrollerte kontraktørar. Store tal av tidlegare amerikansk
militærpersonell blei hyra til desse treningsprogramma. I 1984 forsynte det amerikanske forsvars-
departementet fjorten av dei nitten statane under U.S Central Command med våpen, øvingsprogram
og andre tryggingstiltak. Samla pengemengde då var 7,7 milliardar dollar, og summen her var på
veg opp.

Jamfør i tillegg her kva eg har skrive i Friheten om dei nye private militæreiningane, som blir sette
inn i konfliktområde. “Jamvel før det var heilt tydeleg at Sovjetunionen var i oppløysing, var
Reagan-administrasjonen djupt involvert i førebuing til neste verdskrig,” skriv Bacevich.

President Reagan sjølv hadde ingen tvil om at den muslimske verda kunne omformast til “vestleg
standard”. Om Saudi-Arabia sa Reagan dette: “Eg meiner dei ønskjer å vere ein del av Vesten.
Dei knyter seg meir til vår filosofi og våre synspunkt.”

Det Bacevich gjer her, er sjølvsagd å latterleggjere ein ignorant narr av ein amerikansk president.
Dei som støttar Fjerde verdskrig, skriv Bacevich, vil sjå president Reagan som innleiinga til ein stor
æra. Dei vil gje han ein del av æra for “Enduring Freedom,” Det var president Reagan som reiste
oppatt amerikansk militærmakt, og også orienterte Pentagon mot den muslimske verda. “Først
spente Reagan hanen på våpenet. Så drog George W. Bush i avtrekkjaren.” Slik summerer
Bacevich opp synspunktet til dei nykonservative spesielt, og mange andre amerikanarar generelt.

Den andre vurderinga av Reagan skisserer Bacevich slik: Det var president Reagan som narra
amerikanarane til å tru dei kan ha ein materiell rikdom som veks utan ende. Det var president
Reagan som blanda saman den amerikanske særeigenskapen (“Guds utvalde folk,” mi tilføying)
med den nye amerikanske militarismen. President Reagans heilhjarta og inderlege støtte til dei
“afghanske fridomskjemparane,” gav ingen fridom i Sentral-Asia. I staden blei Afghanistan eit
gjørmehol for muslimsk radikalisme og tilhaldsstad for hovudmotstandaren til USA i Fjerde
verdskrig.

Og det var president Reagans naive framstøytar i området rundt Persiabukta som no gjev seg utslag
i vedvarande og uvisse amerikanske intervensjonar i same område.

(Framhald neste nr.)

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering