(Nr 19 - 2006) Wolfowitz og Rumsfeld valde presisjonsbombing og lette bakkestyrkar i Afghanistan og Irak. Tilhengjarane av den nye amerikanske militarismen tilla desse to stutte episodane like mykje vekt som åtaket på Polen hausten 1939 og på Frankrike våren 1940: Lynraske kampanjar som sette all tvil til side om at USA var i stand til fullt herredøme i Blitzkrieg. Særleg Richard Perle jubla, innleiingsvis.


Av Kjell-Arnt Labukt

Men då Bacevich skreiv boka, var både Afghanistan og Irak døme på “eit krampeanfall av strategisk
irrasjonalitet”. Slik avsluttar Bacevich kapitlet om “Presteskapets Krigsklubb”. Eit kapittel i
Bacevich: The New American Militarism har den talande tittelen “Blood for Oil” - “Blod for olje”.

I dette kapitlet skisserer Bacevich amerikansk politikk, tilknytt landområdet ved Persiabukta, heilt
sidan februar/mars 1945, då president F. D. Roosevelt etablerte det nære sambandet mellom
kongefamilien i Saudi-Arabia og USA. Omgrepet Fjerde verdskrig nyttar Bacevich for å illustrere
amerikansk reaksjon på 9/11 2001. Han held seg her til den offisielle reaksjonen i Bush-
administrasjonen.

Bacevich nyttar “verdskrig” her, fordi “Terrorisme” i 2005 var eit “verdsomspennande” omgrep. Det
blei nytta i alle verdsdelar, slik “Kommunisme” blei nytta under Den kalde krigen. Eg vil understreke
at Bacevich slett ikkje delar Bush-administrasjonens syn her. Tvert i mot nyttar Bacevich “Fjerde
verdskrig” på ein ironisk måte. Han seier det slik: “Denne Fjerde verdskrigen gjev von om å vare i
det uendelege.” Underforstått: Den nye amerikanske militarismen får oppgåver nok i framtida.
Jamfør elles “kodenamnet” Enduring Freedom her, i kampen mot “Verdsterrorismen”.

Sitat Bacevich: “Det å klassifisere krigen mot terror som Fjerde verdskrig gjev viktige fordelar. Det
tilpassar hendingane 11. september og i tida etter inn i eit historisk bilete som er velkjend for dei
fleste amerikanarar. På denne måten gjev det ei tryggande kjensle av kontinuitet. Vi har halde på
med dette før, vi veit kva vi må gjere, og vi veit korleis det endar. Konstruksjonen den Fjerde
verdskrig gjer det lett å mobilisere folkeleg støtte for USAs militæraksjonar som blir sette i verk, for
å oppnå siger til slutt. Denne verdskrigen ratifiserer også krava frå føderale autoritetar, særleg frå
regjeringa, som insisterer på å nytte tiltak naudsynte i “krigstid,” slikt som auka politikontroll frå
statsmakta. Det gjer det lett å trekkje analogiar frå liknande episodar i amerikansk historie, den
foraktelege og kujonaktige handlinga 11. september er analog med 7. desember. (Åtaket på Pearl
Harbor 1941. Mi tilføying.) På denne måten blir spørsmål styresmaktene ikkje ønskjer høyre, heller
ikkje stilla. Det disiplinerer.”

“Dei amerikanarane som forstår landets aksept av militarisme, undertrykkjer dermed samstundes
den motviljen dei kjenner mot militarismen. USA er i ein ny verdskrig, og å kritisere amerikansk
militarisme samstundes er uråd. I tillegg er den nye verdskrigen påtvinga amerikanarane, og det
endrar alt. Så var også tilfelle med Tyskland i 1917, Japan i 1941, og Sovjet etter 1945.

Utforminga av alle militæraksjonane etter 9/11 som Fjerde verdskrig, frikjenner også USA for
ansvaret for alt som hende før dette tidspunktet. Feilen ligg ein annan stad: Hos Osama bin Laden
og Al Qaeda, hos Saddan Hussein og bøllene i Baath-partiet. Hos terroristar eller hos det radikale
Islam. Amerikas ansvar er å avslutte det andre har byrja.”

Bacevich har alt påpeika korleis nederlaget i Vietnam blei endra til mytar som disponerte for
militarisme, alt rundt 1980. Men dette åleine kan ikkje forklåre oppblussinga av krigshissing som
kulminerte med invasjonen i Irak i 2003. Her ligg også andre interesser til grunn. For Bacevich er
dette den dominerande amerikanske nasjonale interessa: “Fjerning av alle hindrigar som står i vegen
for at det amerikanske folk skal kunne oppfylle eiga lykke, eiga lykke som stendig blir breiare
definert.”

Bacevich skriv at på 1980- og 1990- talet tok det strategiske tyngdepunktet for USA til å samlast i
“den energirike Persiske Golf.” Men tyngdepunktet blei samstundes ved å vere sterkt forankra i
USA. “Forankra” her i den forstand at amerikansk utanrikspolitikk blei framstilla som ei vidareføring
av fortida, for heimepublikum. “Det gode” sin “siger” over “Det vonde” i Den kalde krigen blei
umiddelbart ført over til det som for amerikanarane tedde seg som “Det vonde,” også då Den kalde
krigen var slutt.

I ein annan samanheng nemner Bacevich CNN-syndromet som del av fremjinga av amerikansk
militarisme. CNN har vore “embedded,” og dermed levert same varianten til resten av “Den frie
verda” frå alle dei område USA-EUNATO har vore innblanda dei siste 25 åra. Innblanda
humanitært eller militært.

Poenget her er at amerikanarane, så vel som alle andre, tek til seg den oppfatninga av verda dei får
gjennom media. Og det er nett det Bacevich også meiner med CNN-syndromet. FOXsyndromet
er så vidt ille at Bacevich nemner ikkje det. Men det er grunn til å minne om at svært mange, ikkje
berre amerikanarar, lir av FOX-syndromet i tillegg.

Bacevich skriv derfor at heile tidsromet 1945- 1990, samla i omgrepet “Kald krig,” “tener som ein
sjølvforklårande, alt-omfattande merkelapp,” for heile dette tidsromet. Bacevich tenkjer her på
amerikanarane, sjølvsagd. Men det same gjeld for europearane, vil eg føye til.

“Fortida tener her som prolog for framtida,” skriv Bacevich. “Denne sjølvrettferdige, internt
samanhengande og autoritative framstillinga av fortida er ein ideelt tilpassa målestokk til det som til
ei kvar tid hender føre auga våre.” Slik Bacevich.

“Fortida” her går attende til 1945. Så kaldkrigsperioden. Så det stutte og draumefylde mellomspelet
før 9/11.” Tankegangen her er for enkel, hevdar Bacevich. “Fortida,” i form av kaldkrigsperioden,
var ikkje nokon eintydig periode, slik populæroppfatninga er. Bacevich tillegg berre eitt tidspunkt av
perioden 1945-1990 karakter av open konfrontasjon mellom USA og Sovjetunionen. Det er
Cubakrisa. Lærdomen for båe partar her var identisk: Unngå fleire slike konfrontasjonar. Tida etter
blei derfor meir stabil og oversiktleg. Men båe partar gjorde i perioden 1963-1980 to “massive
toskeskapar,” som Bacevich kallar det. USA i Vietnam. Sovjet i Afghanistan.

Det som blir oversett, hevdar Bacevich, er at USA tok til med Fjerde verdskrig alt i 1980. Heilt frå
dette året har USA manøvrert seg inn i den stoda landet er i no. “Av alle, så var det president Carter
som erklærte Fjerde verdskrig i 1980.”

Bacevich tenkjer her på Carter-doktrinen. Sitert: “Ein freistnad av ei utanforståande makt på å få
kontroll over regionen rundt Den persiske golf vil bli sett på som eit åtak på dei vitale interesser til
USA. Eit slikt åtak vil bli slege attende med alle moglege middel, også bruk av militærmakt.”
I rettferds namn skal det her seiast at sjølvsagd var Carter som president den ansvarlege. Men
hovudmannen her var presidentrådgjevar Zbignew Brzezinski, i tospann med Henry Kissinger.

Bacevich har med at det var vestlege oljeforsyningar frå Golfen som var truga, av Iran og
Sovjetunionen. Altså bakgrunnen for Carter-doktrinen. Eit heller merkeleg “trugsmål”. “Den store
Satan” i Kreml i “allianse” med Ayatollah Khomeini.

Det nye med Carter-doktrinen er ope amerikansk nærvær i Golf-regionen. Inntil då hadde USA
halde ein låg militær profil i området. Bacevich gjev fleire døme her, mellom anna CIA-kuppet mot
Mossadegh i Iran i 1953. Bacevich siterer her Pentagons første Kommandør i Den persiske golf,
generalløytnant Robert Kingston, om føremålet med Carter-doktrinen: “... å tryggje ein uhindra flyt
av olje frå Den arabiske golf.” Washington Quarterly, våren 1982.

Sitat Bacevich: “Frå Carters tid til i dag har doktrinen med Carters namn vore heilag. Som ein
konsekvens har alle presidentar etter Carter utvida det amerikanske militære nærværet i Golfregionen.
Jamvel i dag klamrar amerikanske politiske leiarar seg til den trua at dyktig bruk av militærmakt skal
gjere USA i stand til ikkje berre å kontrollere Den persiske golf, men heile Midt- Austen. Dette
gigantprosjektet er Den fjerde verdskrigen, byrja i 1980 og no på veg inn i sitt tredje tiår.”

Og det er per dags dato, 20. mars 2006 lite som tyder på denne “verdskrigen” vil ta slutt med det
første. I morgonsendinga på EuroNews denne dato var president Bush strålande nøgd med den
demokratiske utviklinga i Irak. I Presseschau på same EuroNews-sending: Alle aviser hadde
protestane mot dei franske “Slavelovane” som framsideoppslag. Unnataket her var taleorganet
til oligark Berezovskij: Komerzant. Der var presidentvalet i Kviterussland nemnd. EuroNews hadde
ein stutt kommentar til presidentvalet i Kviterussland, der det blei påpeika at for USA er Kvite-
russland det siste diktaturet i Europa. Dette til orientering for NRK!

18. mars hadde kveldssendinga i EuroNews eit innslag om Kviterussland. Der blei det synt til at
Kviterussland hadde ein økonomisk vokster på 8 % i 2005. Månadsløna ligg på 250 dollar.
Helsetenester og utdanning er gratis. Arbeidsløysa er minimal. Og sitat: ”Av alle land i den tidlegare
Sovjetunionen og elles i Aust-Europa er Kviterussland det landet der ibuarane har best levevilkår.”
Også dette til orientering for NRK, Schibsted, Orkla og A-pressa, utanriksdepartementet og
Forsvarets forskingsinstitutt..

Morgonen 20. mars hadde den tyske TV-kanalen Eins Extra eit innslag om kven som tener på
okkupasjonen av Irak. Ei liste med mange selskap, med HALLIBURTON suverent på toppen.
Dei aller fleste selskapa amerikanske, men også nokre britiske.

“Verdskrig” er dekkjande for dei amerikansk-britisk leia myrderia i Irak. For det eine gjeld det olje,
som heile verda er avhengig av. For det andre bind paragraf 5 i NATO alle aktuelle land til å
støtte det USA-leia barbariet, nett no i Irak. Dermed er NATO-Europa automatisk med i kva enn
Bush-Blair gjer.

Bravadoen om til dømes tysk og norsk motstand mot okkupasjonen av Irak blei heller stuttvarig.
Tyske agentar frå Bundesnachrichtendienst hjelpte USA med å finne bombemål i Irak Det stod ein
artikkel i New York Times som dokumenterte nett det. Norsk militært utstyr blei levert til
Storbritannia, for å nyttast i Irak.

Og svært mykje skrik og absolutt inga ull i Tyskland, som reaksjon på artikkelen i New York Times,
her. “Nattnytt” på NRK radio hausten 2005: “Norsk militær etterretning har aldri vore så aktiv som
no.” Afghanistan og Irak blei nemnde her. Med unnatak av Klassekampen mellom dagsaviser er
Irak berre litt bakgrunnsstøy. Eg går då ut frå det eg høyrer på NRK radio er symptomatisk. Der er
Irak ikkje anna enn bakgrunnsstøy. Kvifor har ikkje ein einaste “ekspert” i NRK sitert
generalløytnant Robert Kingston, slik Bacevich gjer her? Sverre Lodgaard? Stein Tønnesson? Terje
Torstenson? Tor Bukkvoll?, Kjetil Skogrand?”

Masochisme blir rekna som ein seksuell perversjon. Men i NATO-Europa er denne perversjonen av
politisk karakter. Og må med naudsyn vere så, etter USA demonstrerte kven som avgjer i NATO,
med å tvinge andre NATO-land med i å støtte USA i Kosovo i 1999. Jamfør Andrew Bacevich:
The American Empire.

Så attende til Bacevich: Carter hadde mana amerikanarane til måtehald og ein meir nøktern livsstil,
både av omsyn til ressursbruk og miljøkonsekvensar. Fatalt for eige attval som president!
“Grunnlaget for den moderne amerikansk forståing av fridom (mi utheving) er stendig aukande
materiell rikdom.” Så Bacevich. I andre samanhengar har Bacevich kritisert denne fridomen.

Det har fleire amerikanarar gjort, til dømes hos Christopher Lash: The Culture of Narcissism.
(Narsissisme = mental tilstand med sjølvdyrking og ekstrem interesse i eigen feilfridom). Så
ordboksdefinisjonen. I praksis oppfylling av The American Dream, med rikdom, suksess, tilbeding
og beundring.

Både hos Bacevich og Lash er dette ein kultur med stor materiell rikdom, og tilsvarande kulturell
fattigdom og kunnskapsløyse om røyndomens verd. Bacevich har eit svært godt poeng i
dette avsnittet i kapittelet Blood for Oil.

“Jamvel om der ikkje fanst nokon Sovjetunion,” skriv forfattarane av NSC-68 våren 1950, “ville vi
møte det store problemet for det frie samfunn. Dette ville bli aksentuert til det mangedoble i denne
industrielle tidsalder. Då for å halde orden, tryggleik og sameine tryggleik og deltaking med krava
til fridom. Vi ville stå framfor det faktum at i ei minkande (shrinking) verd er fråvær av orden
mellom nasjonar ein mindre og mindre haldbar situasjon.” “Minkande verd” = handel og nye
transport- og kommunikasjonsmiddel batt saman verda på ein ny måte. (Mi tilføying.)

Ja, “det kommunistiske spøkelset”, representert ved Sovjet her, var svært kjærkome for å etablere
amerikansk hegemoni og kontroll, både sørover mot Latin-Amerika, vestover mot Asia og austover
mot Europa.

Eit land så rasert av krig, både i menneskeliv og materielt som Sovjet var i 1945, kunne ikkje ha
aggressive føremål i 1945. Og det tok 10-15 år å byggje landet opp att, heilt på eiga hand. Derimot
hadde USA aggressive økonomiske føremål i 1945, dobbelt så rikt då, som landet var berre fire år
tidlegare, og med overskot på kapital som trong rom for investering, utanfor USA.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering