(Nr 18 - 2006) Bacevich avsluttar kapitlet om den nye amerikanske militarismen og dei evangeliske sitt bidrag her slik: «Dette er essensen i dei evangeliske sitt bidrag til framvoksteren av den nye amerikanske militarismen etter Vietnam: Dei konservative kristne har skapa ein akseptabel doktrine for at USA kan nytte militærmakt ved alle høve. Mellom millionar av religiøse amerikanarar herskar no denne overtydinga: Amerikansk militærmakt er i seg sjølv god (mi utheving). Denne militærmakta er ein del av oppfyllinga av Misjonsbodskapen. På denne måten har dei evangeliske vore med på å skape den amerikanske herleggjeringa av militærmakt.»

Av Kjell-Arnt Labukt

Sagd på ein annan måte: ”Utan støtta frå mange tital millionar evangeliske, kan vi ikkje forklåre
framvoksteren av militarismen i dette gudfryktige landet”: Bacevich har også eit kapittel som tek
for seg ny amerikansk militærstrategi. Dette kapitlet heiter WAR CLUB - “Krigsklubb.”

I første avsnitt av dette kapitlet står følgjande: “Bush-doktrinen om preventiv krig representerer så
langt det klåraste uttrykket for den nye amerikanske militarismen.” “I den verda vi no har gått inn i ,”
har Bush erklært, ”går den einaste vegen til tryggleik gjennom handling. Og denne nasjonen vil
handle.”

Vidare med Bacevich sine ord: “Føremålet med preventiv krig er ikkje å åtvare eller skade.
Føremålet er å drepe, snøgt og effektivt.” ... “Den einaste brukbare framgangsmåte her er eit
øydeleggjande førsteslag.”

At dette let seg gjere, har Bacevich inga tru på. “Jamvel heilt overflatisk kjennskap til militærhistorie
syner at dette er eit overmåte høgt mål,” som Bacevich uttrykkjer det. I nyare tid har utfallet av
krigar vore heller ulikt føremålet innleiingsvis, som Bacevich påpeikar.

Dagens amerikanske planleggjarar, også dei militære, let til å tru at dei står “over” historia, og derfor
ikkje treng ta omsyn her. Så Bacevich. Og som President Bush har erklært med overtyding: “Vi
omdefinerer krig i samsvar med våre omgrep.”

Dette tok til alt under president Clinton, skriv Bacevisch. Og han kallar amerikanske presidentar
“talerøyr for idear dei får av andre.” Spesielt gjeld dette noverande President Bush, som Bacevich
tydeleg nok framstillar som ein mann nærmast ute av stand til å tenkje, politisk, økonomisk eller
militært. Igjen går Bacevich attende i amerikansk historie og finn dei reint militære røtene til dagens
amerikanske militarisme.

Bruken av atombomba i Hiroshima og Nagasaki endra militær planlegging umiddelbart. Atom-
bombene gjorde slutt på Andre verdskrig i Asia. Men samstundes oppstod kritikken av utviklinga
av denne type våpen, også i USA: “Ei verd - eller inga verd,” som det heitte i siste halvdel av
1940-åra. Eller “krig og utsletting er no eitt og det same,” som motstandarane av atomopprusting
også sa.

Her vil eg føye til: På den atombomba som blei nytta mot Hiroshima, stod dette påskrive: “This is
only the first”. “Dette er berre den første.” Atombomba blei nemleg utvikla for å nyttast også etter
Andre verdskrig. Då mot Sovjet. Det var avgjort alt sommaren 1945. I oktober same år fekk KGB
vite at amerikansk planlegging av atombombing av Sovjet alt var i gang.

Dei som “fann utvegen her” var kledde i “dress og ikkje i uniformkaki”, som Bacevich skriv.
Bacevich tidfestar opphavet til amerikansk militarisme til opprettinga av RAND corporation i Santa
Monica, California 1946. Ein sentral person ved RAND har vore Albert Wohlstetter. Han hadde
studium i matematisk logikk bak seg, då han blei tilslutta RAND i 1951.

Den første studien til Wohlstetter hadde denne konklusjonen: Atomkrig var ikkje problemet, men
“problemet” var amerikanske atomvåpen ikkje kunne hindre at der kunne overleve personar som
kunne fortelje at USA hadde “tapt” atomkrigen. For Wohlstetter blei dette reine “besettinga,” skriv
Bacehvich.

Han og andre freista utvikle krigsspel der USA garantert stod fram som “sigerherre,” etter atomkrig.
Han var den leiande einskildperson i å drive fram kapprustinga, også etter at Mutual Assured
Destruction, Garantert gjensidig øydelegging, var eit faktum. I staden blei Wohlstetter ein ivrig
propagandist for at Sovjetunionen utgjorde eit stendig aukande trugsmål.

Dette trugsmålet avviser Bacevich i boka, også dei såkalla Gaps som dominerte i vestlege media
rundt 1960, i etterkant av “Sputnik-sjokket.” “Gaps” - at Sovjetunionen var iferd med gå forbi
USA i atomvåpen, og dermed ville gå til atomåtak mot Vesten. Slike Gaps, som kunne gje Sovjet
høve til førsteåtak og siger, fanst ikkje, skriv Bacevich.

Resultatet av propagandahysteriet rundt Gaps, blei Flexible Response. Det vil seie avgrensa
atomkrig, der USA var garantert å vinne. Fleksibel respons førde med seg nye våpentypar og ei
militær planlegging som innebar både amerikansk siger og eit stort tal overlevande.

“I 1946 var tryggleik det å unngå krig. I 1960 var RAND komen dit at tryggleik låg i å utvikle
trygge måtar å føre krig på.” Slik heiter det hos Bacevich. “Å vere passiv, var å leve svært farleg.
Berre gjennom handling - nøye kontrollert - var der høve til å unngå den endelege og utslettande katastrofen. Defensive føremål innebar bruk av offensive middel.” Sitat Bacevich. Derfor Fleksibel
respons, eller avgrensa atomkrig, som var den mest nytta nemninga. Men det var ikkje sjølvsagd at
atombomber skulle nyttast her.

“På slutten av 1950-talet lura det strategiske presteskapet seg rundt eit hjørne og inn på ein veg som
fire tiår seinare enda opp med at preventiv krig blei hjørnesteinen i amerikansk militærstrategi.”
Sitat Bacevich.

Ein annan sentral person i Presteskapet ved RAND heilt frå 1946 var Herman Kahn. I 1960 galdt
det for Kahn og andre å finne ein meir “fornuftig måte å nytte militærmakt på.” Dei spelteoriane
som blei nytta ved RAND frå då av hadde dette føremålet: “Føremålet med øvingane var ikkje å
vinne full siger. Dette ville vere for kostbart, for risikabelt, heller ikkje naudsynt. Derimot skulle den
makta som blei nytta vere slik utforma at ho var til ulempe i indre tilhøve hos fienden. Samstundes
skulle militærmakta binde fienden til vedvarande kamp.” Sitat Bacevich. “Kamp” her i den forstand
at “fienden” blei tvinga til å ruste opp militært, kontinuerlig.

“Denne nye orden til Presteskapet” kunne ikkje finne innpass hos president Eisenhower, skriv
Bacevich. Eisenhower hadde for stor militær røyndom sjølv, til det. Derimot var dei neste
amerikanske presidentane mottakelege for Presteskapet sine råd. “Prøvekluten” her blei Vietnam.
Eller som det heiter hos Bacevich: “Under utvikling av amerikansk strategi i Søraust-Asia nytta
Forsvarsminister Robert McNamara prinsippa for fleksibel respons i stort omfang. Fleire av
“sjefsløytnantane” til McNamara var veteranar frå RAND.”

Og fiaskoen i Vietnam synte til fulle at krig på eit skrivebord er noko anna enn krig i felt. Bacevich
understrekar likevel at det elementet som “velta spelet” her ikkje var mangel på militærteknologi.
Det var kvaliteten hos dei revolusjonære vietnamesiske soldatane som avgjorde krigen i Vietnam.
Her vil eg ikkje berre nemne soldatane. Heile folket førde krig på ein måte som ingen simulator
kunne kalkulere inn på førehand, korkje i RAND, Pentagon, Det kvite hus eller på Capitol Hill.

Bacevich har med at Presteskapet ikkje ville vedgå at Vietnam hadde vore ein militær fiasko. I
staden vende dei seg mot den “indre fienden,” som for Wohlstetter & Co var “den merkverdige
koalisjonen av dei gamle forsvararane av Fortress America og Det nye venstre.” “Fortress America,”
den isolasjonistiske tradisjonen som ville halde USA utanfor stormaktspelet i Europa. Amerika sveik
på heimebane, altså også svik i Vietnam.

Sovjet var minimalt innblanda i Vietnam kva galdt mannskap og materiell. Likevel blei det andre
utfallet av nederlaget i Vietnam ny kald krig mot Sovjet, frå slutten av 1970-talet. Korkje RAND
eller amerikansk våpenindustri tok lærdom i retning militær moderasjon, i retning amerikansk forsvar
i staden for aggresjon. Forhandlingar mellom Sovjet og USA, slik tilfelle var under Detente på 1960-
talet og først på 1970- talet blei erstatta av konfrontasjon og forsert opprusting. Jamfør “Komiteen
om den samtidige fare”: Her den ytre “Faren”: Sovjetunionen. Og “Moral Majority” og fleire mot
den indre “Faren”: Mangel på amerikansk patriotisme.

Wohlstetters og Presteskapets konklusjon: “Det store problemet fanst innan sjølve den militære
profesjonen. Dei militære hadde ikkje tilpassa seg imperativa til krigføring i atomalderen. Det
militære instrumentet var dårleg eigna i aktuelle krav for USAs krav til tryggleik.” .... “Det å føre
ein avgrensa krig kravde ein skalpell i handa på ein dyktig kirurg. I Vietnam hadde generalane i
staden nytta ei klubbe.” Dermed hadde tidspunktet for “kirurgisk og humanitær” krigføring kome.

Frå 1960-talet og framover blei Wohlstetter og andre ivrige talsmenn for “Rakettskjoldet”, “Ballistic
Missile Defenc”, (BMD). Superteknologisk krigføring som skulle setje USA i stand til å motstå alt
av åtak, og garantere amerikansk siger, også i ein verdskrig. Talsmannen for Presteskapet,
Wohlstetter, rekna då også ABM-avtalen mellom Sovjet og USA i 1972 for eit mistak av største
slag, og dreiv lobbyverksemd for å få denne avtalen avskaffa. ABM-avtalen gjekk ut på å ikkje
starte militarisering av verdsrommet.

At BMD også kunne bety ein overgang til preventiv krig kommenterte Wohlstetter slik i 1987:
“Dette er uhyggjeleg konspiratoriske teoriar hos vestleg venstreside. ... preventiv krig har aldri blitt
seriøst vurdert av ansvarlege amerikanske leiarar. ”I 2003 blei altså likevel preventiv krig sett i gang
mot Irak.” Bacevich kommentar her at “ansvarleg” om amerikanske leiarar er eit tøyeleg omgrep.

I 2003 mintest Paul Wolfowitz, som hadde vore Wohlstetters student ved University of Chicago,
korleis Wolfowitz då forstod at “det å vere nøyaktig (mi utheving) er ei fullstendig omlegging i
strategi og politikk.” Eller som Wohlstetter sjølv skreiv i ein artikkeli 1983: “Ei tidobling i presisjon
er like effektiv som ei tusendobling i sprengkrafta som kvart våpen har.”

Wohlstetter var sjølvsagd ikkje åleine i å omskape amerikansk militærstell til aggresjon og
militarisme. Frå 1987 var Wohlstetter leiar i ein av mange samtidige komitear som arbeidde for same
føremål. Komiteen her heitte “Comission on Integrated Long-Time Strategy,” ein “bipartisan”
kommisjon, det vil seie medlemer både frå republikanarane og demokratane.

Golfkrigen i 1991 blei så draumeoppfyllinga på den nye krigsresepten. I utkastet til rapport om
Golfkrigen frå RAND blei Operation Desert Storm omtala som “Eit eineståande vegmerke i
moderne krigføring.“ Wohlstetter derimot var alt anna enn nøgd: “I Irak sit der framleis ein diktator
og rår over dei nest største oljeførekomstane i verda av billeg olje. Og han ønskjer å dominere
Golfen og Middelhavet.” Slik siterer Bacevich Wohlstetter.

Wohlstetter var då pensjonert, og den som skulle leie vidare konkret utforming av militære planar
var ein tidlegare kollega av Wohlstetter ved RAND, Andrew Marshall. Sidan 1972 hadde Marshall
hatt ei leiande stilling ved Det amerikanske forsvarsdepartementet. Men tankegangen hans var
identisk med Wohlstetter: Amerikansk militært hegemoni.

Midt på 1990-talet hadde Andrew Marshall nytta uttrykket “Revolution in Military Affairs så ofte
at avkortinga RMA var blitt vanleg. Hovudkomponenten i RMA var å forlate Industrialderen, også
i militæret, for å gå over til “Informasjonsalderen.” Det nye militære honnørordet blei “smart”.
Robotar av ymse slag skulle ta over delar av krigføringa, og mannskap skulle ha lov til å nytte
stimulerande middel for å auke prestasjonen. Informasjons-dimensjonen gjekk også ut på å setje ein
motstandars informasjonssystem ut av stand, på ei tidleg stadium. “Krig mellom datamaskinar,”
om vi vil. “Det å oppnå informasjonsovertak vil vere avgjerande for suksess i framtidig krigføring.”
Dette var kjernen i Marshalls strategi.

Same Andrew Marshall ivra alt på 1990-talet for å få Kina utpeika som framtidig erkefiende.
Rettnok gjekk dette føre innanfor Pentagons vegger for ti år sidan. Men i dag veit vi at Kina også
offisielt er USAs militære fiende nummer 1.

USA er den største utanlandske økonomiske investor i Kina. Medan Pentagon, RAND og andre
tenkjetankar planlegg neste krig - mot Kina - tener amerikansk monopolkapital enorme summar på
kinesisk slavearbeidskraft.

Bacevich dreg her ein parallell mellom det teknofrelste 1990-talet, og fascismens fascinasjon av
mekanisert krigføring, i åra like før andre Verskrig. I båe tilfelle hadde Zeitgeist, som Bacevich skriv,
tidsånda, vesentlege likskapar. Det gamle blei forkasta til fordel for dei unge og det nye. På
1990-talet var “Slutten på historia“ komen.

Ein av magikarane her, Francis Fukuyama, har nyleg funne ut at det likevel er ei stund til historia
tek slutt. Men unipolar skal verda framleis vere hos denne magikaren. Det vil seie at USA skal setje
mønster for resten av verda. ”Den uunnverlege nasjon,” som Bacevich også har som sitat.

“Menneska hadde nådd eit stadium der teknologi lova snøgge endringar, og samstundes var trua
utbreidd at innan stutt tid kunne teknologi løyse alt menneska ønska. Og USA var den uomtvistelege
leiande teknologiske makta på planeten.” Slik var den dominerande tankegangen på alle
samfunnsområde, skriv Bacevich. Noko Bacevich dermed så avgjort ikkje trur på. Han referer her
til tankegangen innanfor det dominerande nykonservative sjiktet i USA frå 1980-talet og framover.

Bacevich nyttar desse sitata av Thomas Friedman: “Det internasjonale system har erstatta kaldkrigs-
systemet.” Underforstått her: USA hadde gått “sigrande” ut av Den kalde krigen, og var no einaste
“senteret” i den globaliserte verda. Også hos Thomas Friedman: “Den verdsorden som no kjem til
syne treng ein herskar. Dette er Amerikas nye byrde.” Sitata er frå 1999.

Bacevich skriv fyldig om teknoeuforien og Amerika som “sigrande” rundt år 2000. Men når
Bacevich skriv boka i 2005 og ser attende på 1990-talet, kallar han tiåret for “uhyrleg fjollet.” “Då
dot.com bobla sprakk, såg det ikkje lenger ut som Den Nye Økonomien kunne gjere alle lettvint
rike. I etterkant av 9/11 mista globaliseringa mykje av herlegdomen til den grenselause verda.
Heller ikkje har framtida nokon universell garanti for demokratisk kapitalisme. Dessverre, historia
held fram i full sving.” Slik summerer Bacevich opp dei ti siste åra.

Bacevich skriv at mellom Sovjetunionens kollaps og 9/11 var “den amerikanske eliten rusa på
bedøvande gassar.” Til grunn låg både “sigeren over The evil empire” og Golfkrigen. Sæla hos
denne eliten gjekk ut på at no skulle USA åleine rå over heile verda.

Før presidentvalet i år 2000 lova kandidaten Georg W. Bush at han som president skulle gje
forsvarsministeren sin “vide fullmakter - til å utfordre status quo og tenkje ut ein ny arkitektur for
amerikansk forsvar i tiåra som kom.

Og med stor fanfare sette han inn Donald Rumsfeld som forsvarsminister i det oppdrag å finne
smarte løysingar.” Slik Bacevich. Kva dette vil resultert i, veit vi ikkje, på grunn av 9/11. Bacevich
skriv at 9/11gav årsaka til amerikansk-leia krigføring i Afghanistan og Irak. Men 9/11 gav ikkje tid
til å vurdere konsekvensane av denne krigføringa for framtida. Det blei ikkje tid til å teoretisere om
krig. I staden måtte krigen førast.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering