Med Gud på si side
-
(Nr 17 - 2006) Ein noverande moralteoretisk hovudarkitekt bak den USA-leia okkupasjonen av Afghanistan og Irak er bibelskolelærar og utanriksminister Condoleezza Rice. Altså “pre-emptive strike,” som det blir kalla i medietungetale. Sagd på bibelsk menneskespråk: “Drep først!” Som bibelskolelærar har vel den noverande amerikansk utanriksminister funne denne tolkinga einkvan stad i Skrifta.
Av Kjell-Arnt Labukt
“Gud var bokstavleg tala på Amerikas side. Og Han hadde gjeve amerikanarane i oppdrag å fullføre
Hans oppdrag.” Slik konkluderer Bacevich. Amerikanske militære planleggjarar, evangeliske dei
også, om ikkje alle, har nytta mellom anna boka Kommunismen og Kristus som utgangspunkt for
den noverande “preventive krigføring,” som Bacevich skriv.
“Før 9/11 var ein slik tankegang framand for og i strid med amerikansk tradisjon,” skriv Bacevich.
No er denne tankegangen akseptert, av militær leiarar og fullt ut av den noverande amerikanske
presidentadministrasjon. Og av store delar av det amerikanske folk.
Det teologiske omgrepet eskatologi er læra om “Den siste tid”. Det vil seie døden, domen, den evige
sæla og den evige fortapinga, etter døden. Her har “teikn i sol og måne”- bibelske profetiar om
“Den siste tid” - vore i samsvar med aktuelle historiske hendingar i dei siste 1000 år, jamvel dei
siste 2000 år. Med opprettinga av staten Israel fekk desse bibelske profetiane auka aktualitet, skriv
Bacevich.
No er eg fullkome uvitande om profetiane rundt “den siste tid”. Men det skal visstnok ha noko å
gjere med “Dyret”, Anti-Krist, Gog, Magog, ein ny Kong David, Tusenårsriket, Apokalypse,
Armageddon, Messias, Jesu atterkome, Domedag. Og sikkert meir. Tidrekkjefølgja her har eg inga
aning om.
Nostradamus skal også vere “skriftlærd” her. På hans tid var det muslimane som truga “Den kristne
verda”, Europa. Visstnok også eit varsel om “Dei siste tider.” Og etter 9/11 er Nostradamus blitt
aktuell på nytt. Skriftlærde, jødiske eller kristne, skal vidare vere i stand til å tolke profetiar her, slik
at dei samsvarar med aktuelle hendingar. I alle høve sa ein sokneprest i gravferda til ein granne av
meg i 2004 at “vi lever i Endetida”. Han visste vel kvifor, eg ikkje.
Bacevich seier det slik: “I punktet der nasjonal tryggleik og eskatologi fell saman, ligg Israel. Både
som ein nasjonalstat og som ein lovnad om nærståande oppfylling av bibelske profetiar.
Konservative kristne i USA er fullstendig opptekne av den jødiske staten Israel. Moderate
protestantar og katolikkar blir skulda for å vere “proarabiske”.
I 1997 fortalde statsminister Benjamin Netanjahu ei forsamling på 3000 evangeliske amerikanarar
dette: “Vi har ikkje betre allierte og vener enn dei folka som sit i dette rommet.” Stormande rop om
tilslutning, langvarig ståande ovasjonar av applaus, og høgtlydande “Halleluja” og “Amen” synte at
Netanjahu visste kva han snakka om. Si religiøse overtyding har Netanjahu etter den tid nytta til
å gje rike israelarar stor skattelette, og skjere ned på sosialhjelp. Både fattigdomen og korrupsjonen
er no omfattande i staten Israel. Der er innslag om dette på tyske TV-kanalar. Det som ligg under
den sterke amerikanske oppslutninga om og interessa for staten Israel er bodskapen om det
komande Tusenårsriket, som mange evangeliske amerikanarar knyter til statsdanninga Israel.
Essensen her er følgjande: Teologien her byggjer på følgjande i bibelske skrifter: Varslet om
valdelege, ja ei svært brutal rekkje av hendingar skal kulminere i dei siste dagar. Dette blir ein svært
uroleg periode der Anti-Krist syner seg. Utgangen her blir at Anti-Krist tapar i slaget ved
Armageddon. Dermed kjem Jesus attende og opprettar Tusenårsriket av fred og rettferd. Avgjerande
i denne handlingssekvensen er at Jesus kjem att til Det heilage land - Israel.
Millionar av amerikanarar er tilhengjarane av den evangeliske endetidsteologien. Og dei ønskjer å
hjelpe til med at det som hender er i samsvar med dei bibelske profetiane her. Det kristne høgre har
derfor vore ufråvikeleg lojal mot staten Israel, ivrige etter å støtte Israel i å oppfylle sitt føreskrivne
oppdrag. (”Men i samsvar med den mest utbreidde teologiske oppfatninga her skal storparten av
jødane anten konvertere til Kristendomen, eller bli drepne før Tusenårsriket kjem.”)
(Parentesen her hos Bacevich.)
Den posisjonen kristensionistane (Bacevichs nemning) har innan amerikansk toppolitikk no, gjer at
staten Israel kan følgje sin eigen utanrikspolitikk, støtta av USA i alt. Slik Bacevich. Som brot på
det hevdvunne jus in bello - militære åtak skal vere retta mot militære mål - syner Bacevich til alle
israelske militære åtaka på reint sivile mål, særleg mot palestinarane.
For staten Israel er saka “klår nok” her: Auge for auge, tann for tann. Kollektiv avstraffing av sivile
har religiøst grunnlag i jødedomen. I alle høve nyttar statsdanninga Israel ei slik tolking. Det at
jødane i si tid har vore forfølgde og mishandla i Europa, “legitimerer” derfor deira noverande
brotsverk mot palestinarane. Det er på sin plass å minne om at det ikkje var palestinarane som
stod bak Holocaust. Ultraortodokse jødar nyttar derimot eigne profetiar om Messias kome, og desse
profetiane går i dag ut over palestinarane.
For amerikanske kristensionistar er dette heller ikkje noko problem. For dei finst det berre eitt anna
land som står beinveges under Gud, slik israelarane også gjer, USA. Og berre Gud kan her avgjere
rett/gale. Ikkje andre menneske. Dermed er både Israel og USA heva over internasjonale avtalar. For
kristensionistane er Israel og USA eitt og det same.
Dette har staten Israel til dei grader praktisert. USA er i ferd med å følgje opp her, ved til dømes
å setje FN til side. Om dette er ei varig endring i amerikansk utanrikspolitikk, er for tidleg å seie.
Påstanden om at USA er i Irak no for å innføre “demokrati,” fell på si eiga meiningsløyse. Men ei
viktig årsak til at kritikk av amerikansk utanrikspolitikk er fråverande i amerikanske media er dette:
Hos fleirtalet av amerikanarar ser verda slik ut: Israel = USA. Beinveges kritikk av amerikansk
framferd i Irak blir dermed samstundes ein kritikk av Israel. Og det er blitt utenkjeleg i USA. Jamfør
her dei faste komediane i Hovudforsamlinga i FN: USA, Israel og “Mininesia” i Stillehavet mot
resten av verda.
Mellom dei som no toppar lista over mottekne hatmeldingar og trugsmål på amerikanske heimesider på Internett, er Woody Allen og Noam Chomsky. Båe er av jødisk avstamming. Chomsky kallar Israel
USAs klientstat nummer ein. I filmane Woody Allen lagar og er med i, er der lite religiøs “Endetidsstemning” å spore.
Av tradisjon er framleis mange amerikanarar av jødisk avstamming demokratar. Men dei har svinga
over til militant sionisme, med unnatak av eit forsvinnande mindretal. Jus in bello er ein europeisk
tradisjon. Krig skal førast som forsvar, og mot militære mål. Endå på heile 1800-talet låg der føre ei
krigserklæring, og der var forhandlingar mellom partane, som løynd diplomati, til dømes.
Denne tradisjonen var akseptert av partane under Første verdskrig. Den uinnskrenka tyske
ubåtkrigen hadde primært militærøkonomiske føremål, til dømes. At sivile likevel leid under denne
og tidlegare krigar, var sjølvsagd. Først med det nazityske overfallet på Sovjetunionen blei jus in
bello sett til side, som prinsipp. Her var målet å utrydde sivile sovjetarar, med unnatak av dei som
skulle tene som slavearbeidskraft i Neuropa. Mest råka sjølvsagd dette europeiske jødar, som skulle
utryddast heilt.
Folkemord i europeiske koloniar blei ikkje rekna som brot på jus in bello. Når innfødde i Asia,
Afrika og Latin-Amerika arbeidde seg i hel eller svalt i hel, var det ikkje utslag av krigshandlingar.
Det var “rette og naudsynte økonomiske prinsipp” som verka. Her medverka også rasisme, sjølvsagd.
Jamfør her til dømes Mike Davis: Late Victorian Holocausts. Her blei 30 millionar indarar svelta
i hel, fordi det var i samsvar med frihandelsdogmatikken på 1800-talet. Denne dogmatikken
er no blitt “moderne.” Her har eg utfylla Bacevich litt i dei ti små avsnitta, ovanfor.
Søndagsskolelærar og baptist, president Carter, blei avskriven som ubrukeleg av dei “gjenfødde”
evangeliske, alt medan han verka. Jamvel om Carter var “gjenfødd,” som baptist, sjølv. President
Reagan hadde ikkje “gjenfødd” bakgrunn. Men han blei varmt omfamna av dei evangeliske
nykonservative. Med Reagan fekk dei også tilgang til maktposisjonar i USA. Som president var
Reagan veldig fascinert av opptakten og utfaldinga av Armageddon. Han ynda å høyre på
svovelrøykande utleggingar her. Og han trudde på Armageddon, jamvel om han tok det atterhaldet
at det kan hende ikkje tok til å utfalde seg i hans levetid.
Det som sjølvsagd gjorde president Reagan elska, var omlegginga frå avspenning til konfrontasjon
andsynes Sovjet, militær myteskaping, opprusting, både “moralsk” og militært. Bacevich
understrekar at den kristenmilitarismen som no dominerer i evangeliske krinsar er svært ulikt fordelt
mellom amerikanarar av europeisk avstamming og afroamerikanarar.
Det europeiske opphavet til noverande kristenmilitarisme er innvandrarar frå England, Skottland,
Nederland, Nord- Tyskland og Skandinavia. I si tid såg innvandrarane til USA frå desse landområda
i Europa på katolisismen som djevelskapen sjølv. Dei katolske irane som innvandra på grunn av
svolt i Irland på 1840-talet, blei svært dårleg handsama, faktisk like ille eller verre enn negerslavane.
Då fordi dei var katolikkar.
Afroamerikanarane har framleis ein Martin Luther King som førebilete, men dei har også skifta over
til republikanske førebilete, som Colin Powell og Condoleezza Rice, til dømes. Religiøs endetidtru
er utbreidd mellom afroamerikanarane, men dei mest høgrøysta militaristiske forkynnarane her har
europeisk avstamming. Her har eg føydd til litt.
I etterkant av 9/11 trongst der eit nytt satanisk trugsmål mot USA. “Kommunismen” fanst ikkje meir
som “Trugsmål mot heile verda.” Dei religiøse overtonane skifta over mot Islam, som “Det vonde”.
Omgrepet “demokrati” blir framleis nytta om amerikansk misjonering, også misjonering av det
verdslege slaget.
I oktober 2003 heldt generalløytenant William G. Boykin ein tale til ei evangelisk forsamling i Sandy
i delstaten Oregon. Bacevich har med desse uttrykka frå denne talen: “... krigen vi no tek del i er ein
åndeleg krig. ...”Satan vil øydeleggje denne nasjonen ... Og Satan vil øydeleggje oss som ei kristen
militærmakt.”
Men Bacevich føyer her til at kva no enn Satan måtte ha i tankane, så talar ikkje generalløytenant
Boykin her på vegne av fleirtalet av amerikanske offiserar. Bacevich har med fleire sitat som
nettopp syner korleis Islam erstattar Kommunismen, som eksponent for “Det vonde”. Son til Billy Graham, Franklin Graham fordømde Islam som “ein veldig vondsinna og farleg religion,” i ei
sending på NBC Nightly News i november 2001. Bacevich seier det slik: “Når dei gudfryktige
blir konfronterte med det vonde, har dei ikkje anna alternativ enn å overvinne vondskapen.” Eg vil
berre minne om at Bacevich ikkje tilhøyrer dei “gudfryktige”. -
Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Kommentarer
blog comments powered by Disqus