(Nr 16 - 2006) Ein burde be hundeslekta om orsaking, det er berre så altfor lett å ta til hundemetaforar når ein ser på verda kring seg.

Av Olav H. Aarrestad

At Noreg er og alltid har vori USAs vesle puddel, er det ingen tvil om. Utanriksministeren har slutta 
seg til koplet av dei som no driv utpressing av den lovleg valde palestinske regjeringa. Gjer som vi
seier, eller så får de ikkje eitt øre av oss!

U-hjelpsministeren er ute og klargjer, det vil seia aukar forvirringa. Han får ein no helst til å tenkja
på ein hare, ein veit aldri kvar det dyret hoppar, og så skiftar det ham etter årstid og omgjevnad.

UD-puddelen er svært oppteken av også å dilta etter nyoppfinninga ”verdssamfunnet” og EU, men
det er ikkje lenger noko problem. På det siste året har EU utvikla seg til å verta ikkje ein tysk
fårehund, men ei amerikansk schâfer, som knurrar kvar gong den tredje og andre verda gjer noko
USA ikkje vil; i Syria, i Iran, Palestina, i Kvite-Russland. Gringoane har bestemt at Kosovo skal
verta ”sjølvstendig”, og EU-landa legg seg tredobbelt i noko som vert kalla tingingar for å oppfylla
masters ønske.

Jamvel USA får oss til å tenkja på ein hund; ein stor, stygg og farleg pitbull. Israel sin pitbull. For
kven andre enn Israels interesser er det USA tener? USA kunne i og for seg ha eit normalt og
sømeleg tilhøve til Iran, kjøpa olje der på mormale vilkår – det gjer dei vel faktisk. Men Israel kan
aldri det. Skal Israel eksistera må Irak, Syria og Iran knekkast - det er sionisme på sitt mest
narcissistiske. Skit i verda, leve Israel!

Leidande krinsar i det republikanske partiet er reide til å bomba Iran – for Israel si skuld, vil vi meina.
Verda kan godt leva med ei atmommakt til, Israel vil det ikkje. Einaste atommakt i Midausten vil det
sjølv vera! Og i hundegarden bjeffar alle hundane, så vel pudlar, som schâferar og pitbullar. Vi vil
ikkje bruka makt, pip den russiske mynden, likevel kjem alle til å finna seg i det om pitbullen går i
strupen på Iran. Den frie pressa i verdssamfunnet kjem til å vega for og imot. Dersom USA får ein
lett siger, var det rett å gjera det. Dersom dei får trøbbel og hamnar i hengemyr (jfr. Irak), var det
ikkje rett å gjera det. Så enkel er verdssamfunnet sin moral.

Igjen vil vi beda hundeslekta om orsaking. Jamvel pitbullane. Dei kan aldri verta verre og fårlegare
for menneska i den tredje verda enn somme leiarar i i utvikla kapitalistiske land.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

usa

likhet


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering