Demokratar utøvar ikkje brotsverk - dei gjer berre «feil».
Demokratar utøvar ikkje brotsverk - dei gjer berre «feil».

(Nr 15- 2006) I Frankrike er venstresida i oppreist. Som vanleg veit ho kva ho ikkje vil. Men veit ho kva ho vil?

Av Olav H. Aarrestad

Landet har bundi seg opp til eit system (EU) der fri konkurranse og altså marknadsliberalisme råder. Det franske sosialistpartiet er for EU og såleis og for dei prinsippa som EU vaklar fram etter. I landet er det høg arbeidsløyse, særleg har andre- og tredjegernerasjons innvandrarar problem med å skaffa seg utkome.

På statsbudsjettet er det store underskot, og etter EUs reglar kan ikkje staten favorisera den lokale
industrien. I røynda har kommunistpartiet avskrivi marxismen og går inn for ein slags blandings-
økonomi utan å ha klare alternativ til den økonomiske politikken som vert førd.

Partiet er mykje sterkare motstandar av ”stalinismen”, dvs. klassisk kommunisme, enn av marknads-
liberalismen. Saman med sosialistpartiet utnyttar det motstanden mot lova om førstegongstilsetjing
for ungdom (CPE) for å manøvrera seg fram mot regjeringsmakt ved valet om eitt år.

Ein hugsar korleis det gjekk sist: l’Union de la gauche førde ikkje anna enn vanleg sosial-
demokratisk, dvs. tradisjonell marknadsvenleg politikk. I Storbritannia har Arbeidarpartiet ført
vidare tatcherismen og hatt suksess med det; arbeidsløysa er lægre enn i Frankrike og dynamikken
i produksjonslivet sterkare. Vi har lita tru på at ei fransk venstreside om ho kjem til makta, vil slå
inn på ein sosialistisk veg, vert krisa djup nok, vil ho nok henta oppskrifter i Storbritannia.

Der har unge arbeidarar lægre løn og dårlegare trygd mot oppseiing enn i Frankrike, men dei
har arbeid. I krisetider fører den ”demokratiske” venstresida høgrepolitikk. I røynda har
sosialdemokratiet og eurokommunismen for lengst tatt stilling for kapitalismen.

Men dei lever i illusjonen om å styra slik at ein får alle fordelar av båe systema; sosialistisk trygd
for arbeid og heim og liberalistisk ”fridom”. Dei trur dei kan gje kapitalismen eit menneskeleg
andlet. Men kapitalismens lover for dei landa som ikkje har oljemilliardar å stø seg på, er beinharde:
Vinn eller forsvinn! Genererer ikkje ei verksemd overskott, er det berre å stengja portane eller
flytta til lågkostland.

Det som liksom hindrar velmeinande såkalla sosialistar å gå inn for sosialismen, skal vera alle
utvoksterane ved kommunismen. Det er eit underleg rekneskap dei set opp. Det sovjetiske
kommunistpartiet sin kamp på livet for å sigra i revolusjon, intervensjonskrig, mot nazioverfall,
over utanlandsk inspirert undergraving og for å byggja ein moderne industristat vert framstilt av
borgarlege historikarar som ei einaste samanhengande rekkje av brotsverk. Og ”sosialistane” har
godteki dette synet.

Om ikkje kommunistane syner maksimal human framferd i alt dei gjer, kan det vera det same med
heile sosialismen, meiner revisjonistane. Då er det betre med borgarlegdemokratisk kapitalisme.

Eit frådrag i reknestykket gjev ikkje demokratia sine brotsverk. Det skulle vera uturvande å rekna
dei opp, men vi gjer det likevel: Intervensjon i den russiske borgarkrigen med drap og støtte til
drapsmenn (samarbeid med dei kvite), direkte og indirekte drap på finske arbeidarar i borgarkrigen
i 1918 (dei kvite skipa konsentrasjonslæger der tusenvis døydde), represjon i Ungarn (Bela Kuhn),
forfølgjing av kommunistar i dei fleste ”siviliserte” land fram til 1945, mccarthyisme og anna
overvåking i NATO-land osb.

Til fråtrekk går heller ikkje gringoanes (og franskmennenes) framferd i Vietnam, britanes i Kenya
og andre koloniar, bombinga av Jugoslavia tel ikkje, heller ikkje den blodige okkupasjonen av Irak
(og snart også Iran?).

Bombene over Nagasaki, Hiroshima og Dresden er ingen ting mot Stalins oppgjer med dei som
truga oppbygginga av Sovjetstaten innanifrå. Demokrati gjer ikkje brotsverk, berre feil.
Kommunistar gjer både ei mengd feil og vondkynte brotsverk. Stalin var paranoid og handla ut ifrå
rein vondske, medan Truman, Lyndon Johnsen, Reagan, Clinton, Bush, Churchill og Blair berre
gjer og gjorde så godt dei kunne. Den tankegangen ser jamvel sosialistar og eurokommunistar
ut til å ha akseptert.

Vi mistenkjer dei for å vera det Sartre kalla salauds; folk som dekkjer sine eigne interesser bak
retorisk preik. Og kvifor har ikkje ”sosialistar” interesse av sosialisme? Forklaringa ligg i omgrepet
velstand. Sosialismen trugar mellomklassa si velstand - og til mellomklassa høyrer dei fleste taleføre
sosialistar og eurokommunistar.

Full sysselsetjing, gratis utdaning, barnehage, sjukehus og eit rikt kulturliv er bra nok, men tenk om
min eigen levestandard vart truga? Det er ikkje rart at lækjarar og tannlækjarar, avisredaktørar og
andre som slett ikkje trong å svelta i eit sosialistisk samfunn, er svært skeptiske til ikkje å tena stort
meir enn ein dugande industriarbeidar. Det seier dei sjølvsagt ikkje høgt. Såleis er det berre
forfattarar som ikkje sel godt, som ser noka framtid i sosialismen - pluss nokre få uløna skribentar
i Friheten.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering