(Nr 15 - 2006) Friheten held her fram med serien «USAs nye militarisme». Førre delen stod i nr. 13. Eit kapittel hos Bacevich heiter California Dreaming. “California” spelar også her på Hollywood. Vi startar med tre omsette avsnitt i dette kapitlet, side 97f hos Bacevich.

Av Kjell-Arnt Labukt

“Amerikanarane trur på demokrati. Men demokratiet deira verkar slik at skilnaden mellom fattig og
rik stendig aukar. I Amerika kontrollerer vinnarane stendig meir av nasjonens rikdom. Å vere
medlem av overklassen inneber privileg, mellom andre det at det er barna til einkvan annan som blir
skotne på i Afghanistan eller Irak.

Dette er harde og utrivelige fakta. Dette kan noverande politiske system gjere lite med.
Amerikanarane diktar derimot opp variantar som kan gjere tilhøva meir smaklege. Over det siste
kvarthundreåret har slike oppdikta historier vore kjærkomne for amerikanske politikarar. Desse
historiene har gjeve politikarane den store sjansen. Dei har vore assisterte av produsentane av
populærkultur, som har ein velutvikla sans for profitt. Eit resultat har vore å dikte opp ein
sentimentalisert variant av amerikansk militær røynsle og eit idealisert bilete av den amerikanske
soldaten.

Desse mytane har gjeve eit vesentleg bidrag til den nye amerikanske militarismen. Dei skapar ei
tilsynelatande feilfri framstilling av amerikanske soldatar som frigjerarar. Operasjon Fridom Irak
i mars 2003 er ein oppfølgjar av Operasjon Overlord i juni 1944.

Desse mytane fjernar merksemda frå det røynlege innhaldet i amerikanske militæroppdrag, som no
har lite med nasjonalt forsvar å gjere, derimot med amerikansk imperialisme. Mytane får
amerikanske soldatar til å godta dei tilsynelatande endelause oppdraga på stader som Balkan,
Sentral-Asia og i Den persiske golf. Mest av alt: Oppdraga fungerer som smertestillar på det som
måtte vere att av amerikansk samvit.

Mytar om tryggleik skapar Amerika ved “framleis å vere landet for heltar med alt av mot og alt av
kjærleik til fridom, slik Amerika alltid har vore.” Sitat: President Reagan. Mytane hjelper oss til å
halde på trua om at dei soldatane vi leigar, som vi ikkje kjenner, og som gjer det skitne arbeidet,
verkeleg fører fred og lys til urolege hjørne av verda. Dermed unngår vi å forstå at dei stendig
utvidar grensene til Det amerikanske imperium.”

Under Den kalde krigen var framleis borgar-soldat ein og same person. Vietnamkrigen slo grundig
hol på myten om den amerikanske borgar i edelt oppdrag, nettopp i Vietnam. Slik Bacevich. Med
president Reagan oppstår mytane. Og Bacevich skriv at frå president Reagan kom i posisjon, har
makta til mytane berre auka. Resultatet er i dag at USA er eit militaristisk land. Her bør det føyast
til at Bacevich her tenkjer på leiande politikarar.

Det er ikkje rett å kalle storparten av dagens amerikanarar “militaristar” i klassisk europeisk tyding.
Dette er mi vurdering. Skilnaden her er at europearar har vore militaristar i aktiv militærteneste på
18- og 1900-talet. Dagens amerikanarar er militaristar “på fjernsynsskjermen og på kinolerretet.”
Alle typar vald kan glorifiserast her, ja. “Amerikansk militarisme” er likevel ein “tilskodar-
militarisme,” i ein heilt annan grad enn tilfellet har vore i Europa.

Men eg vil også peike på at det veikaste punktet hos Bacevich er fråværet av samanhengen mellom
“det militærindustrielle amerikanske komplekset,” politikk og media i dagens USA. Bacevich har
ikkje dette som emne i boka.

Bacevich skriv om kvifor president Carter er ein ynkverdig person for dei nykonservative. I juli
1979 heldt president Carter ein tale der han åtvara om at USA stod framfor ei “moralsk krise,” så
vel som “ei energikrise.” President Carter mana her til amerikansk måtehald, også i omfanget av
bruk av gass og olje. Han ville straks setje eit tak på amerikansk import av olje. Og han lova massiv
innsats i utvikling av alternative energikjelder. Han bad Kongressen gjennomføre lover som
avgrensa privatbilismen og auke finansieringa av kollektivtransporten. Han rådde amerikanarane frå
å berre måle tilværet i konsum. Der fanst ingen annan utveg enn personlege “offer,” som president
Carter kalla det. I praksis: Lat vere å kjøpe fleire bilar, når familien alt har ein eller to. Lat bilen stå
ein dag i veka, og bruk kollektivtransport. Militær innsats kunne ikkje tryggje import av
oljeressursar, hevda Carter. For dei nykonservative var dette det stikk motsette av det USA trong.
USA trong å etablere seg som ei god verdsmakt mot “Vondskapen.”

No var “vondskapen” i 1979 framleis Sovjetunionen, men uroa i Iran kom i tillegg. Å kapitulere for
båe desse “vondskapane” samstundes, var høgforræderi for dei nykonservative. Men Bacevich
gjev President Carter fullt medhald her. Carter ville redusere oljeimporten frå Golfregionen, for ikkje
å bli dregen inn i krigar der. Som kjend hende det motsette. Då president Carter mana amerikanarane
til sparsemd, var importen av olje 43 % av årleg amerikansk forbruk. Det militære amerikanske
nærværet i Persiabukta var lite, nokre skip og marinemannskapar stasjonerte i Bahrain.

Om lag 25 år seinare er oljeimporten auka til 56 % av årleg forbruk i USA. I same tidsrom har dei
“nye” oljerike områda Kaukasus og Sentral-Asia, i tillegg til Persiabukta, opplevd sterkt auka
amerikansk militært nærvær. Bacevich seier det slik: Den militære amerikanske prioriteten etter
Sovjetunionens samanbrot er no oljerike landområde. For storparten av amerikanarane var det ein
utenkjeleg tanke at konsumet skulle ned.

Berre tanken på det skapa “lett panikk og klaustrofobi,” slik Bacevich referer frå Gary Wills:
Reagan’s America. I presidentvalkampen i 1980 forkynna både Reagan sjølv og tilhengjarane hans
det motsette av det president Carter sa. “Dei forsikra amerikanarane om at det slett ikkje skulle
stillast spørsmål ved livsstilen deira. Utsiktene til økonomisk ekspansjon var utan grenser, og denne
ekspansjonen var fullt ut moralsk rett og skulle ikkje koste mykje. Og nett dette ønska amerikanarane
å høyre. President Carter bana dermed sjølv vegen for sitt eige valnederlag i 1980.” Slik heiter det
hos Bacevich.

Med fiaskoen under freistnaden på å berge dei amerikanske gislane i Iran i april 1980, var sjølvsagd
presidentvalet avgjord. Bacevich seier det slik: “Sjeldan har eit så lite militært nederlag hatt slik
seismisk verknad, ikkje berre politisk, men også på kollektiv amerikansk psyke. 8 amerikanarar
mista livet i Iran i april 1980. Desse 8 utgjorde “langt meir” enn dei 241 som blei drepne under
bombinga i Beirut i oktober 1982.”

Bacevich skriv også om den markerte omlegginga i amerikanske presidentars måte å omtale militært
mannskap på, med president Reagan. President Carter hadde faktisk god militær bakgrunn. Men i
talane sine synte han aldri til eigen militær prestasjon, så vel som han svært lite nyta militæret som
emne. Alt han sa i så måte ved talen om Nasjonens tilstand i 1978, var: “Vi er sterke militært.”

President Reagan hadde ingen militær bakgrunn, bortsett frå å medverke i ein instruksjonsfilm for
Det amerikanske flyvåpenet Andre verdskrig. Men han nytta alle høve til å framheve eiga
takksemd, respekt og omsorg for soldatar, som Reagan omtala som “spesielle folk”.

Ved eit høve nytta president Reagan ein høgt profilert seremoni ved Det kvite hus til å tale beinveges
til “ menn og kvinner i Dei væpna styrkar.” Ved dette høvet sa president Reagan: “For ein del år
sidan tok vi heim ei gruppe amerikanske krigsmenn som hadde lydd landets oppfordring og
kjempa så tappert og dyktig som amerikanarar nokon gong i vår historie. Dei kom heim utan siger.
Ikkje fordi dei blei slegne militært, men fordi dei blei nekta løyve til å sigre.

Dei blei ikkje møtte av paradar, militærmusikk eller flaggborger, for det flagget dei så edelt hadde
tent. Der har ikkje vore nokon “takk” for deira offer. Der har ikkje vore nokon freistnad på å gje
ære og byrgskap til familiane til meir enn 57 000 unge menn som gav livet sitt i den fjerne krigen.”

Seremonien der president Reagan uttala dette var då sersjant Roy P. Benavidez fekk æresmedaljen
frå Vietnamkrigen, 24. februar 1981. Altså straks president Reagan hadde byrja i presidentembetet.
Og for Reagan var det sjølvinnlysande at Vietnamkrigen hadde vore “eit edelt oppdrag,” skriv
Bacevich.

Og som president, lova Reagan, skulle ikkje han svikte dei som var ute på edle oppdrag.
Amerikanske soldatar skulle få alt dei bad om, og meir. Vidare sa han: ”Eg veit det har vore lite
merksemd rundt dei militære. Under min administrasjon skal det bli annleis.” Dei som no melde seg
til militærteneste, var utan vidare “patriotiske, idealistiske heltar.”

President Reagan greip attende til amerikansk militær stordom. Ved talen 6. juni 1984 omtala han
heltane frå landgangen i Normandie 40 år tidlegare som “mennene som storma klippane
....sigervinnarane som frigjorde eit kontinent ... heltane som var med på å avslutte ein krig.”

Føremålet her var sjølvsagd å gløyme Vietnam. Derimot skulle faktiske tidlegare militære
amerikanske sigrar framhevast og gjerast mytologisk. Nostalgien her tok over til dei grader at gamle
krigsskip i opplag frå Andre verdskrig blei sette i stand til å sigle, og vere ein del av krigsflåten.
Slik ville President Reagan gjenkalle “ein mytisk periode av amerikansk liv,” og gjenopprette
“Amerikas fortid.”

Dei store auka løyvingane til det amerikanske militæret var også med på å gjenreise militærvesenet
etter Vietnam. I dei to presidentperiodane til Ronald Reagan blei der samla nytta 2,7 trillionar
dollar på militæret. Mesteparten gjekk til utvikling av nye våpen, men det blei også nytta store
summar på å forbetre tenestetilhøva for militære mannskap.

Talet på delen av rekruttane som hadde fullførd high school auka frå 54% i 1980 til 91% i 1986.
Her vil eg føye til at det å ikkje fullføre amerikansk high school, i praksis svært ofte er det same
som å vere analfabet.

Alt hausten 1982 kunne President Reagan slå fast at utviklinga gjekk rette vegen: “Vi har forbetra
vår strategiske styrkar, herda våre konvensjonelle styrkar, og - ein ting gjer meg spesielt lukkeleg
- fleire og fleire unge amerikanarar er på nytt byrge over bere landets uniform.”

Bacevich har med fleir døme på liknande fråsegner frå President Reagan. Og Bacevich kommenterer
President Reagans lovprising av den gjenoppretta amerikanske militære æra slik: ”Målet på
nasjonens styrke var militær makt. Handelsbalanse, fordeling av inntekt, prosenten som tok del i val,
talet på barn som voks opp utan foreldre - alt dette var underordna.”

I oktober 1983 var der debatt om det amerikanske nærværet i Libanon. Som prov på at dette
nærværet var naudsynt, las President Reagan opp eit brev frå ein marinekorporal. Der stod mellom
anna: “Som amerikanarar er det vår plikt å stogge den kreftaktige spreiinga av sovjetisk påverknad,
same kvar det er. Fordi vi, eller ein framtidig generasjon, elles ein dag vil vakne opp med USA som
det einaste frie landet, men med kommunismen på vår eigen dørstokk. Og då er det for seint.”

Seinare same oktober blei amerikanske marinebrakker i Beirut bomba. Men President Reagan nytta
høvet til å framstille det heile som amerikansk militært heltemot. Og ei veke etter bombinga trekte
President Reagan konklusjonen: ”Verda ser mot Amerika for leiarskap. Og Amerika ser mot sine
væpna styrkar.”

Det nasjonale klimaet i Amerika tilsa at Hollywood hjelpte til. Den superpatriotiske stemninga
president Reagan og alt av nykonservative skapa i amerikanske media, tilsa at Hollywood følgde
opp her. Både for å sikre profitten, som Bacevich skriv. Men også for å overtyde om at Hollywood
også var patroitisk.

Bacevich gjev døme på Hollywoods bidrag i kampen mot “The Evil Empire,” President Reagans
nemning på Sovjetunionen, og anna, som ikkje sokna under “The Good Empire,” ei høveleg
nemning på USA under president Reagan og heilt fram til no. Bacevich gjev desse døma, på korleis
den nye amerikanske militarismen kom til syne i Hollywood.

Filmen An Officer and a Gentleman: Her blir Vietnamsyndromet snudd på hovudet. Eg minner om
at “Vietnamsyndromet” var den store motstanden i det amerikanske folk mot ein krig som også i
amerikanske media blei framstilla som meiningslaus sløsing til fordel for eit korrupt diktatur i Sør-
Vietnam, og drap på unge amerikanarar.

I “Vietnamsyndromet” inngjekk også det lite ærerike nederlaget USA opplavde andsynes overlegne
vietnamesiske bondesoldatar, som i utgangspunktet berre var “gooks and commies” - “gulingar og
kommunistar.” (Framhald)

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering