Saker og «ikkje-saker»

(Nr 13 - 2006) Europarådet mv. seier dei har hatt 500 observatørar ved valet i Kvite-Russland. Media har ikkje rapportert om eit einaste konkret tilfelle der ein observatør har konstatert valfusk.

Av Olav H. Aarrestad

Sjølve valet har såleis gått heilt normalt føre seg. I staden har ein fått ei mengd lause påstandar om trakassering av opposisjonen under valkampen.


Media har freista banka fast eit tal på fire hundre arresterte, men har sidan måtta vedgå at alle er
sleppte ut att – da spørst det om ordet arrestasjon er det rette. Opposisjonen i Minsk må vera heilt
utruleg modig sidan dei som våga å demonstrera etter valet, ville få dødstraff – det hadde president
Lukasjenko lova dei, fortalde media.

Hjelpt av vestlege pengar, EU-flagg og vitjing av vestlege ambassadørar har opposisjonen gjort ein
mislukka freistnad på å mobilisera på Oktoberplassen i Minsk. Ingen hindra demonstrantane å gå
dit - likevel kom det berre nokre tusen, Når vestlege media seier ti tusen, kan ein vel rekna med at
det var eit par tusen der på det meste.

Men som sagt, utruleg modige var dei! At dei få som ”heldt ut” til slutt vart fjerna frå Oktoberplassen
tillikes med ulovlege demonstrantar i kva land som helst, dramatiserer kapitalistpressa med at tre
hundre vart arresterte - når ikkje ein måtte tilbringa natta i fengselscelle! At politiet verifiserte
indentitet og vurderer å reisa tiltale mot nokre av dei for å ha forstyrra offentleg orden (strafferamme:
to veker), er ikkje meir enn det som gjeld i rettstatar flest. Og i Kvite-Russland (som i Noreg) endar
det med at dei fleste sakene vert lagde bort.

Den franske radiosendinga RFI som har hatt Kvite-Russland på topp i mest kvar nyhendesending
i fleire dagar - kvar halvtime - brukar ”sibirsk kulde” som orsaking for den skrale støtta til
demokratiet. Reportaren har nok aldri vori i Sibir, eller skal tru om han ikkje praktiserer vanleg
journalistisk dramatiserings- og overdrivingskunst.

Uro i Georgia
Av omvegar har vi fått vita at det har vori demonstrasjonar i Tbilisi mot regjeringa. Det
neokapitalistiske regimet i Georgia har ikkje vori nokon suksess, men når vil den frie pressa fortelja
oss det?

I samband med den israelske valkampen vart det gjort åtak på eit palestinsk fengsel med observatørar
frå USA og Storbritannia. Dei skulle vera der for å gje israelarane trygd for at fangane ikkje vart
sleppte fri. Men dette var tydeleg ikkje godt nok for israelarane. Observatørane fekk melding i god
tid på førehand, slik at dei kunne koma seg bort før åtaket, så storma israelske soldatar inn, drap to
fangevaktarar, kledde av fangane og tok med seg dei ”terroristane” dei ville ha. USA og
Storbritannia protesterte ikkje, ikkje filialen i Noreg (UD) heller. Det uhøyrde åtaket vart snøgt ei
ikkje-sak.

Det israelske valet vert dekt på ”objektivt” vis. Det er viktig får vi høyra jamvel om ingen ting kjem
til å verta endra i høve til palestinarane etter valet. Ein gløymer òg å fortelja at den arabiske delen av
befolkninga ikkje får ha eigne parti medan alle avskygningar av jødisk tru kan koma tydeleg til
uttrykk i partifloraen. Men det israelske valet er viktig.

Ein skjelvande Putin
”Putin skjelv i buksene”, fortel Steinfelt et co, i det dei viser til telta på Oktoberplassen i Minsk.
Bush derimot skjelv ikkje. Medan irakiske patriotar gjer åtak på eit fengsel nord for Irak og set 32
”terroristar” på frifot, kyter Bush av framgang i Irak. Det går framover og framover. På sett og vis
har han rett, det ser ut som USA har lukkast sikra seg store delar av irakisk oljeindustri - slik sett er
demokratiet sigervisst.

Og USA har fått seg ein kjempebase i Kosovo, og skal no også få det i Bulgaria, i Romania er
samarbeidet alt operativt. Kven er eigenleg desse nye basane retta mot? Islamske terroristar?

Russarane? Eller kan henda folket i Romania og Bulgaria? Etter at gringoane fekk innpass i Noreg
etter krigen, har dei ikkje vori råd å bli kvitt dei. Ikkje ønskjer ”folket” det heller. For kvar ny
generasjon som veks opp, er gringofiseringa meir manifest. Neste generasjon kjem nok på alvor til å
diskutera om ikkje engelsk bør få offisiell status som administrasjons- og forretningsspråk i landet -
nett som på Filippinane - også dei grundig koloniserte av gringoane. Av seks filmpremierar i Oslo
sist veke, var seks gringofilmar.

Den skjelvande Putin er langt frå Minsk, han har opphaldi seg i Beijing der store avtalar med
kinesarane om olje- og gassleveransar er vortne gjorde. Skal tru om ikkje Putin etter kvart har mist
interessa for det vestlege demokratar måtta halda på med.

Han byggjer på lang sikt og veit kva for land han kan halda seg til; Kvite-Russland og Kina m.a.
Demokratiske retorikarar har han nok fått nok av, om dei no heiter Bush eller Blair. Ikkje interesserer
russarane seg større for vesle Noreg heller. Det hastar korkje med å løysa delelinespørsmål eller
laksestrid.

Norwegian hjelper Polen
Forlagsredaktør og demokrat Bromark oppmodar nordmenn (og gringoar) til å stø opposisjonen på
Cuba økonomisk (sic) og moralsk (Dagbladet. 22.3) og uffar seg over sovjetnostalgien. Om ein tyder
han rett, så er det nok berre økonomisk støtte som monar.

Norwegian-sjefen stør no demokratiet i Polen ved å vilja tilsette (dårleg betalte) polske pilotar. Då
demokratiet kom til Polen, kom òg arbeidsløysa, heldigvis synte Vesten solidaritet med å opna for
polsk arbeidskraft. På sikt løyser nok arbeidsløyseproblemet seg av seg sjølv i Polen, for etter at
polakkane vart frie, har fødselstala gått drastisk ned. Det gjeld òg dei baltiske landa, men slikt er ei
ikkje-sak.

Eit trist land
Dei indre tilhøve i eit land som Estland er ikkje-sak. Skal ein tru Pravda (16/3-06) er stoda ikkje
vidare lysteleg: I dagens Estland bur det 1,3 mill. menneske. Av desse har 750-760 000 estisk som
morsmål (57% av folketalet). Resten er russisktalande sjølv om nokre prosent har ukrainsk eller
kviterussisk statsborgarskap. Mellom 152-157 000 russisktalande har ikkje noko statsborgarskap i
det heile, like mange har russisk statsborgarskap, og ca. 200 000 har meir eller mindre aktivt fått
estisk statsborgarskap.

Mange av dei bur i så godt som heilt russiske område i aust (Narva etc.) der arbeidsløysa kjem opp
mot 40%, for heile landet ligg arbeidsløysa på ca. 20% - imponerande det òg. Oppløysinga av
Sovjetunionen førte her som andre stader ( t.d. Aust-Ukraina og Krim) til at russiske
majoritetsområde kom under framandstyre. På 15 år med sjølvstende har folketalet i Estland gått
tilbake med 258 000. Draumen om å verta ein million estisktalande kan supernasjonalistane berre
sjå langt etter, på femten år sokk talet med 110 000.

EUs regelverk har i ein viss mon hindra for sterk diskriminering av russofone - på papiret - men i
røynda vert høgare undervisningsvegar stengde for dei som ikkje brukar estisk som arbeidsspråk,
jamvel i barnehagar kan det vera vanskeleg for born med russiske etternamn å få plass. Kva slags
løysing det vert for dei 318 000 som bur og arbeider i landet utan estisk statsborgarskap og utan
røysterett (jamvel om dei har budd der heile livet), veit ein ikkje. I Sovjet- tida var sjølvsagt slikt
ikkje noko problem - då var alle sovjetborgarar.

Estland er i stor mon vorti kjøpt opp av utanlandske selskap, ikkje minst nordiske. Det finst knapt ei
trykksak på estisk som ikkje har utanlandske utgjevarar, og skal ein gjera innkjøp, kan ein koma
langt med ICA, Narvesen og Hennes og Mauriz. Forsvaret vert no konvertert til NATO-struktur
og - standarder, og ungdomen vert raskt idiotisert (dvs. amerikanisert) - idiot tyder som kjent på
gresk ”person untan interesse for politikk”. Estisk ungdom er slik som i andre kapitalistiske land,
berre interessert i eiga ”lukke”.

I 2004 forlét 451 lækjarar og sjukepleiarar landet, 3000 meir eller mindre kvalifiserte arbeidstakarar
fann seg jobb i England, 2000 i Irland, og eit par tusen freista nok ”lukka” i andre land. Estisiske
styremakter har engasjert seg aktivt for å innføra demokratiet i Kvite-Russland.

Andre ikkje-saker
Når det gjeld ”informasjon” om valet i Kvite-Russland, er vi ikje i tvil om at det i stor mon dreiar
seg om ein samordna Europarådet/ NATO/EU/CIA-kampanje, så langt vil vi sjølvsagt ikkje gå når
det gjeld skorten på interesse for Latin-Amerika.

Det er langt frå Ecuador til norske avisspalter. Det har vori fleire store demonstrasjonar mot
styremaktene i landet i samband med at dei ynskjer frihandelsavtale med USA. Frå før har dei innført
amerikansk dollar, men indianarne let seg ikkje kolonisera så lett.

I La Paz i Bolivia har det vori attentat mot to større hotell, ein argentinar, ein frå Uruguay og ein
gringo skal vera arresterte. Riksstyret skuldar CIA for å stå bak. Og no vil nok media heilt gløyma
Latin-Amerika for ei tid. Israel-valet står for døra; det er ei så viktig sak at vi - stakkars lesarar - må
få alle detaljar. Men var det noko som burde ha vori ikkje-sak, så er det vel nett det valet.

Reformiver i UD
og andre stader Det slår oss at det finst tre standardsvar på dei politiske spørsmåla som vert stilte her
i landet: Reorganisering, relokalisering eller reform. I offentlege kontor reorganiserer ein, offentlege
institusjonar vert relokaliserte - ikkje minst gjeld dette museum, og i undervisningssektoren
refomerer ein.

Sant å seia minner alt dette om utilfredse personar som stendig ommøblerer i husveret sitt. Sofaen
byter plass med bokreolen og matstovemøblementet flyttar inn på soverommet og senga ut i matstova,
heilt til ein oppdagar at det nok var tungtvegande grunnar til at ein valde å ha soverommet der det
opphavleg var.

I Oslo skal Deichmann flytta til Vestbana der det ikkje lenger går noko tog, sterke krefter ville ha
Munchmuséet dit òg og så flytta Bymuséet frå Frogner til Tøyen. No får visst Munchmuséet liggja i
ro for ei tid, men det sjarmerande Bymuséet skal visst flyttast, koste kva det koste vil. Andre vil flytta
Vikingskipa frå Bygdøy, Samtidsmuséet til Tullintomta: Då må vel Historisk museum før eller sidan
flytta vekk frå kunstsenteret...

Vi skal la skulen liggja ved dette høvet, ikkje seia anna enn at det skulen no treng er reformpause!
Såra etter tidlegare reformar må få høve til å gro igjen før ein bør ta til med nye operative inngrep.

Denne gongen er det reform/ reorganisering i UD som opptek oss. Reorganisering i den etaten har
det vori ca. kvart tiande år. Kvar gong har ein funni den endelege løysinga på dei strukturelle
problema, og gjort slutt på ein gamaldags eltitistisk, sjølvoppteken kultur.

Samstundes har talet på tilsette auka. Vi har ei kjensle av at det ikkje står i høve til dei reelle
utanrikspolitiske oppgåvene ein har i eit land på 4,5 millionar ibuarar. Det vert ikkje mange gram
utanrikspolitikk på kvar. Sjølvsagt kan ein hevda at Nordområda er viktig, EU er viktig, Kina er
viktig, India er viktig, u-hjelp er viktig, at Sverige er viktig for den saka si skuld, men det seier ikkje
det same som at ein treng så utruleg mykje folk på kvart felt.

I gode gamle dagar trudde ein ein skulle bruka eit utanriksdepartement til å fremja handel, så skipa
ein Eksportrådet. Kvar det har vorti til med det, veit vi sant å seia ikkje. Norsk Hydro og Statoil og
Aker, ja, dei fleste som gjer seg gjeldande i andre land, klarer seg ved eiga hjelp og langt meir
profesjonelt enn om UD-folk skulle setja seg fore å selja aluminium.

Før truddde ein at eit utanriksdepartement skulle fremja kulturutveksling mellom landa ... I dag
fungerer ikkje lenger slike kulturutvekslingsprogram på tosidig basis. Den nye leiinga i UD trur den
skal gjera folk glade og gje dei nok interessante arbeidsoppgåver ved å omorganisera utan å redusera
talet på tilsette. Arbeidsoppgåvene er faktisk dei same, mange av dei ikkje serskilt spennande, skulle
arbeidsmengda auka ved at ein stokka om på kontor, tyder jo det på mislukka reorganisering.

Framleis er det berre ein mann som kan verta ambassadør i Paris, og sikkert fleire hundre som gjerne
vil vera det. At alle dei som aldri vert ambassadør i Paris skal synga på veg til intensivkurs i kinesisk
- er jo ikkje så visst.

Og her er vi framme ved hovudproblemet. Reorganisering er inga løysing på fundamentale problem:
I UD er dei som følgjer: For mange tilsette til å arbeide med for få interessante oppgåver, for høgt
utdanna folk til å gjera reint administrativt arbeid, det vil seia for mange folk som meiner dei fortener
betre enn som så, og som kjenner seg forfordelte av Administrasjonsavdelinga... Frustrasjon er ei
evigvarande side ved utanrikstenesta - så lenge ho er så overfolka som ho har vori frå 1970-åra av.

Skal ein vera realistisk når det gjeld det norsk utanriksteneste har hatt å seia for verda si skeive gong
sidan den tid, kjem ein nok fram til noko liknande som Churchill då han sa at nordmenns innsats
under krigen forkorta ikkje krigen med ein dag!

På eitt felt har ein hausta i store mengder, nemleg på havrettsområdet, men det var krefter utanfor UD
si forteneste (nemleg Evensen et co.), i alle høve hadde ein ikkje trengt hundrevis av UD-tilsette for
å få verdssamfunnet til å godta imperialistiske sektorgrenser. Så lenge det finst fleire kyststatar enn
innanlandsstatar i verda, er resultata givne.

Eit stort utanriksdepartement tener til å halda illusjonen om at Noreg er viktig og at landet fører ein
eigen utanrikspolitikk, oppe. I røynda har ein bundi seg så sterkt til USA-Storbritannia etter 1945 -
eller rettare frå London- regjeringa si tid - at ein faktisk ikkje ein gong kan seia nei til å senda troppar
til Afghanistan. Slike spørsmål kan ikkje vera emne for sjølvstendige utanrikspolitiske vurderingar.

Ein treng ikkje eit overdimensjonert UD til å forklara oss at alliansar forpliktar... Jamvel i Irak krevst
det at vi som avbetaling for evigvarande gjeld til USA/Storbritannia markerer at vi er med på eit eller
anna vis. Heller ikkje hadde vi kunna unnslå oss okkupasjonen av jugoslavisk Kosovo om vi aldri
så mykje hadde vilja. Ein treng såleis ikkje omorganisera UD for norsk utanrikspolitikk sin del. Han
ligg fast. Men ein kan jo alltids reorganisera framfor å tvinna tommeltottar. Om ein då ikkje set seg
ned og og funderer over sanninga i dei to franske ordtaka: Le plaisir est dans le changement. Plus ça
change, plus c’est la même chose. - Gleda ligg i endring. Di meir noko vert endra, di meir vert det
som før.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering