(Nr 13 - 2006) Under Golfkrigen “ slutta andre seg til USA nettopp fordi president Bush synte at han var budd på å handle unilateralt, om naudsynt. Under desse omstende slutta mindre makter seg til USA. Det var eit lærebokdøme på at ein tilsynelatande multilateral aksjon blei avgjord gjennom faktumet amerikansk unilateralisme.”

Av Kjell-Arnt Labukt

I same toneleie hos Robert Kagan: “Trass i all breking om hegemoni, ønskjer ingen ei multipolar 
verd ... Både land som Frankrike og Russland held seg unna kostnaden med å etablere og halde ved
like ei multipolar verd. Med all rett fryktar desse landa dei geopolitiske konsekvensane av å skade
amerikansk hegemoni.” Kagan hevdar vidare at det harde, kalde nærværet av amerikansk
overherredøme med visse kjem til å ha ”ein roande verknad på det internasjonale samfunn, og
påverke andre til å fokusere interessene sine i samsvar med det.”

Joshua Muravchik er samd: Heller enn å løyse ut motstand, vil amerikansk dominans ha “ein
neddempande verknad på resten av verda”. For ti år sidan heitte det eintydig hos dei nykonservative:
“Alternativet til unipolaritet er kaos.” “Unipolaritet” her: full amerikansk verdsdominans. Nokon
mellomting fanst ikkje. Slik heitte det framleis i 1998.

Dei nykonservative skriv sjølvsagd ikkje berre i Weekly Standard. Dei har faste folk i amerikanske
storaviser og tidsskrift. Den generasjonen av nykonservative som no er aktiv, støttar seg fullt ut til
amerikansk militær dominans. “Ingenting verkar så godt som makt,” er mantraet deira, referert hos
Bacevich.

I Policy Review nr 113, juni/juli 2002 skriv Robert Kagan mellom anna: Europearane innbiller seg
at dei no “går inn i eit post-historisk paradis av fred og relativ høg grad av rikdom, realiseringa av
Kants «Evige Fred». Dei nykonservative veit betre. Dei veit at USA “sit fast i Historia, og nyttar
makt i ei anarkisk hobbesiansk verd kor internasjonale lovar er upålitelege og kor røynleg tryggleik,
forsvaret og fremjinga av ein liberal orden framleis er avhengig av tilgang på og bruk av militær
makt.”

“Bruk av militærmakt, med tilstrekkjeleg klokskap og styrke, kan mogleggjere fred, rikdom,
demokrati og respekt for menneskerettar. Og gje amerikansk verdsomspennande herredøme til evig
tid.” Norman Podhoretz var mot amerikansk innblanding i Vietnam, og kalla den amerikanske
intervensjonen “eit utslag av arrogant stupiditet.”

Den nye generasjonen av nykonservative har eit anna standpunkt. For dei er amerikansk instruksjon
- med tvang, om naudsynt - det einaste rette i høve til andre land. No er dette Amerikas oppgåve.
President Clinton gjorde rett i å bruke militærmakt. Men han og rådgjevarane hans var berre
“halvveges imperialistar”. Dei nytta ikkje stor nok militærmakt. Derfor var Clinton ei ulykke.

Og Michael Ledeen slo fast at “det beste demokrati som nokon gong er oppfunne, er U.S. Army.”
Amerikanske militærstyrkar er nemleg dei som best kan spreie og tryggje demokratiet. No var dette
uttala sist på 1990-talet. Om overtydinga her er like solid i 2006, er eit anna spørsmål.

For dei nykonservative var det “ufullførde” amerikanske oppdraget i Golfkrigen døme på dårleg
utnytting av amerikanske interesse. President Bush feila, men det var særleg General Colin Powell
som feila endå verre ved ikkje å okkupere heile Irak.

I januarnummeret av Monthly Review har John Bellamy Foster ei truverdig forklåring på kvifor
USA og “verdssamfunnet” berre gjorde halvhjarta arbeid i Golfkrigen. Året 1991 var slutten på
Sovjetunionen, og oppretting av dei nye statsdanningane på dette landområdet. Amerikanske
militærstyrkar skulle derfor vere budde på andre og endå meir viktige oppdrag i dette året.

I 1999 var dei nykonservative komne så lang i spreiing av demokrati og menneskerettar at Fredrick
W. Kagan, bror av Robert Kagan slo fast dette, referert hos Bacevich. “Amerika må vere i stand til
å kjempe militært mot Irak og Nord-Korea, og også kjempe mot folkemord på Balkan og elles.
Dette skal likevel tillate Amerika å føre krigar i to regionar samstundes. Og Amerika må bu seg på
å føre krig både mot Kina og Russland - i framtida.”

“Det er lenge før freden kan følgje sigeren,” føyer Bacevich til, litt ironisk. I januar1998 skreiv
William Kristol og Robert Kagan dette om Irak i ein artikkel i New York Times: “ Å bombe Irak
er ikkje nok. Det er på høg tid av vi tek av silkehanskane, set inn bakkestyrkar og luftstyrkar, og
fullfører oppdraget i Irak.”

Nykonservative lengta etter å frigjere Irak, skriv Bacevich. I februar 1998 skreiv Robert Kagan
mellom anna dette i Weekly Standard: “Ein vellykka intervensjon i Irak ville revolusjonere den
strategiske situasjonen i Midt-Austen, både på nærliggjande og langsikt måte. Og alt her ville tene
amerikanske interesser.” “Å styrte Saddam Hussein med makt ville illustrere den uimotståelege
amerikanske militære styrken,” skriv Bacevich. Då om korleis dei nykonservative tenkte.

Ei god stund før 9/11 skreiv Michel Ledeen at stabilitet var noko “for trøytte, gamle europearar og
nervøse asiatar.” Vidare hos Ledeen: “USA er den mest revolusjonære makt i verda.... Vi har som
uomgjengeleg oppdrag å kjempe for utbreiinga av demokratiet.” Bacevich skriv vidare om korleis
det innanrikspolitiske klimaet i USA på 1990-talet var svært likt tilhøva i USA straks etter krigsslutt
i 1945. Amerikanarane ville slett ikkje ha nokon konfrontasjon med Sovjetunionen etter krigsslutt
i 1945. Dei måtte derfor “undervisast”, som Deborah Welsch Larson skriv i Origins of Containment.
A Psychological Interpretation. Dei måtte “undervisast” om at heile verda, inkludert USA, ville bli
“kommunistisk,” dersom ikkje USA “tryggja demokratiet.” “Demokrati” her spreidd av Big
Corporations sine folk, som eigde amerikanske media.

Framifrå “demokratar” for USA blei så Syngman Rhee, Diem, Ky, Suharto, Pol Pot, Mao, på den
tida han tok til med symjeturar, Deng Xiaoping, Ceauscescu i Romania, alle desse fire “gode
kommunistar” for USA, som Chomsky kallar dei. Vidare Marcos, Cia ul-Haq, Saudifamilien i
Saudiarabia, Shah Reza Palawi militærdiktaturet i Tyrkia, militærjuntaen i Hellas, general Franco,
Salazar, Batista på Cuba, Stroessner og alt av militærdiktatur i Latin-Amerika, med Videla i
Argentina og Pinochet i Chile som dei mest kjende. Mobutu i Zaire, Sersjant Doe i Liberia, for å
nemne nokre av USAs faneberarar for “fritt næringsliv” = “demokrati.“ Og fleire av dei innsette
av USA, under CIAs oppsyn.

På 1990-talet blei så amerikanarane “underviste” på nytt, eller “triksa blei gjentekne,” som Bacevich
skriv. No var ikkje lenger dei nykonservative “mistenkjelege, ” dei var trygt plasserte som
representantar for The Establishment. Dei hadde ikkje berre Commentary og Weekly Standard. Dei
hadde faste folk, som Bacevich namngjev, i Foreign Affairs, Los Angeles Times, New York Times ,
Washington Post. Dei dominerte Wall Street Journal.

I tillegg hadde dei nykonservative rikeleg tilgang på TV-tid. Dei var fast inventar i talk shows der.
Dei hadde American Enterprise Institute og dreiv “agitprop,” så Bacevich, for “Project for The New
American Century.” American Enterprise Institute sponsa massevis av konferansar, dekte av
amerikanske media. Oppsummert bodskap: “Der finst nett no ein nærverande fare.” Så Bacevich.
For storparten av amerikanarane som hadde levd i ein medieskapt idiotisk spøkelsesskrekk for
“Kommunismen,” var det dermed berre å skifte fokus, etter Sovjetunionen hadde kollapsa. Angst
blei dagleg hamra inn av amerikanske media. Ikkje “angst” for aukande menneskeskapt
klimaendring, minkande oljeressursar, aukande fare for verdsomspennande pandemiar. Nei, angst
for “dei andre”, “dei framande”. På 1990- talet angst “for nihilistisk, islamistisk radikalisme.” Slik
seier Bacevich det.

“Botemiddel:” “Eit Amerika som er sterkt, engasjert, til og med glad i å føre krig.” Slik sitert hos
Bacevich. Militærbudsjetta blei auka, men aldri nok, for dei nykonservative. “Osama bin Laden og
hendingane 9/11 var eit skreddarsydd opplegg for å bryte ut av dei avgrensingar som låg over
amerikansk makt.” Slik Bacevich.

I Washington Post november 30, 2001, skreiv Krauthammer dette: ”...måten vi skal temje dei
arabiske gatene på er ikkje med fredeleg sameksistens eller ømme kjensler. Derimot med rå styrke
og siger. Det elementære faktum som våre ekspertar heile tida ikkje fattar ... er at makt er
fordelaktig for makt. Siger endrar alt, også psykologisk haldning, mest av alt. Psykologien i (Midt-
Austen) er no dominert av frykt og djup respekt for amerikansk makt. No er tida til å bruke denne
makta.” Sitat hos Bacevich. “Afghanistan var ikkje meir enn ein liten prøvemanøver,” skriv
Bacevich. Alt i slutten av 2001 var det Irak som var hovudoppdraget.

I ei høyring i Komiteen for utanrikspolitikk i Senatet i februar 2002 sa William Kristol dette: “Eit
venleg, fritt og oljeproduserande Irak vil gjere Iran isolert og Syria underdanig.... Det å fjerne
Saddam Hussein og tilhengjarane hans frå makta, er eit eineståande høve til å endre det politiske
landskapet i Midt- Austen.” Slik referert hos Bacevich. Denne tankegangen passa også President
Bush, skriv Bacevich. Jamvel om President Bush i 2002 tolka Verda i religiøse banar, kva galdt
krigen mot terrorisme.

Planen bak den anglo-amerikanske invasjonen i Irak hadde grunnlaget i Bush-administrasjonens
U.S. National Security Strategy. Dette dokumentet kallar Bacevich “ein draum som blir sanning
for dei nykonservative.” Med “Operasjon Fridom Irak” var preventiv krig innført som amerikansk
praksis.

“Då Bagdad fall i april 2003, var det ei oppfylling av dei nykonservativ sin ønskedraum,” skriv
Bacevich. Victor Davis Hanson skreiv i Commentary juli/ august 2002: Høvet for dei ny-
konservative til “å skape eit landskap for røynleg revolusjon i Midt-Austen - ei nyordning som kan
forhindre ein framtidig samanstøyt av sivilisasjonar.”

Om Jyllands-Posten, Magazinet, Lack of Thinking og Human Rights Service her vil forhindre eller
påskunde denne sivilisasjonskrigen til Nostradamus, veit ikkje eg. For Magazinet kan både
Armageddon, Messias og Nostradamus vere innblanda.

Sidan “fødd på ny” president Bush var så einig med dei nykonservative, blei han “fødd på ny,” også
mellom dei nykonservative, skriv Bacevich. Berre månader etter 9/11 uttrykte ein takksam
William Kristol det slik: “Amerikansk utanrikspolitikk kan no seiast å vere i krig med tyranniet, heilt
allment.” Og “tyranni” peikar USA ut plent slik det høver dei.

Tone Foss Aspevoll i Klassekampen vitja eit av desse døma på “tyranni” for nykonservative frå alle
land, Cuba. Den samanfallande haldninga til Unge Høgre og AKP sist på 1970-talet om Cuba synst
framleis å ha aktualitet i Klassekampen. Før Audun Skjervøy slutta som redaktør i Dag og Tid, stod
der ein notis i avisa der Verdsbanken framheva Cuba som mønsterland nummer ein, i Den tredje
verda. Den meldinga stod neppe i Klassekampen, garantert ikkje i andre norske dagsaviser, eller
referert i NRK.

Cuba er Fyrtårnet i verda for utviklingsland. Av heller sjølvsagde grunnar ikkje for Osloland.
Osloland står ikkje under økonomiske sanksjonar frå USA. Heller ikkje blir hagane i Osloland
sprøyta med amerikansk plantegift, slik amerikanske fly gjer over jordbruksland på Cuba.

Osloland blei heller ikkje til i 1959, på ei øy i Karibia, der det knapt blei produsert anna enn sukker
og tobakk. Men det er sosialismen som har ført Cuba fram til å vere nummer ein og Fyrtårn for den
tredje verda. Nytt Nicaragua i dag som motsetning her, Tone Foss Aspevoll. Der har dei hatt “fritt
næringsliv.” Og homsar har det dessverre neppe betre i Nicaragua, Tone Foss Aspevoll. Ei lita
oppteljing Tone Foss Aspevoll: Rekn opp dei katolske land i verda der homsar og lesber giftar seg
offentleg! Cuba er eit katolsk land og ikkje Osloland. Men i Osloland har ikkje kvinnene slik små
problem å stri med som strikkepinneabortar. Derimot! Eg finn ikkje min personleg frigjerande
kvinneporno, og eg er undertrykt!

“Reporterar utan grenser” er så avgjord frigjerarar frå “tyranniet” på Cuba, og dermed veleigna
talspersonar for bibelskolelærar Condoleezza Rice. Dei infiltrerte EuroNews, som sende
hatmeldingar dagleg mot Cuba, inntil desse “grenselause” reporterane blei avsløra. I Klassekampen
gav Peter M. Johansen også ei grundig avsløring av dei. Men dei sjarmerte Tone Foss Aspevoll,
så ho heldt fast ved deira variant.

Les det Peter M. Johansen skriv om Cuba, Venezuela og Latin-Amerika elles, Tone Foss Aspevoll.
Du finn det i Klassekampen, der du held til. Også Yohan Shanmugaratnam har skrive gode artiklar
frå Latin-Amerika. Eller trur du meir på Gerhard Helskog her? Då bin Laden kasta USA ut i krig,
såg Podhoretz det som eit “fantastisk tilbod,” skriv Bacevich. Ein invasjon i Irak ville heilt sikkert
“setje i gang ein velgjerande dominoeffekt i heile regionen.” Så Podhoretz, sitert hos Bacevich.

Og Podhoretz gjekk lenger. Han såg føre seg eit amerikansk imperium med ”Saudi-Arabia som eit
amerikansk protektorat.” Med stor fryd slo Podhoretz fast at amerikanarane no på nytt kunne sjå på
seg sjølve som “America the Beautiful.” Slik seier Bacevich det. I losjen av nykonservative var berre
ein utveg: Krig. Og gjennom krig skulle USA frelse verda, skriv Bacevich. ”I Amerikas framtid
teikna der seg høve til eitt, to, mange Irak. Og endeleg såg Amerikas framtid lys ut.” Det er Bacevich
sin ironiske kommentar til dei nykonservatives tilstand ved utgangen av år 2001.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering