(Nr 12- 2006) I Klassekampen driv dei Honest Thinking, særleg på debattsida. I den grad eg har lese innlegg her, er resultatet så langt Lack of Thinking - Mangel på tenking. Ole Anfindsen, Jens Tomas Anfindsen har så langt profilert seg med Lack of Thinking.

Av Kjell-Arnt Labukt

Talet på muslimar i Europa har vakse av også denne enkle grunn: Fødselsraten for europeiske 
kvinner går drastisk ned. Honest Thinking her: Sett i gang å produsere ungar: av arisk, protestantisk
lyshåra opphav! Katolikkar er spesielt eigna. Dei tillet korkje abort eller bruk av kondom! Det same
gjeld ein stor del av Jesu Land - USA.

Hege Storhaug er talskvinne for Human Rights Service, om eg ikkje tek feil. Eg går ut frå at denne
Hege Storhaugvarianten av menneskerettar gjeld alle menneske, og ikkje berre dei salig utvalde
i Jehovas Vitne eller “Dei siste dagars heilage.” Menneskerettar er som kjend universelle.

I Irak har der ikkje vore “sjølvmordsbombarar” sidan på 1200-talet, skriv Noam Chomsky i
Hegemoni eller overlevelse. Bush-Blair, som det heiter hos Chomsky, okkuperte Irak og byrja ein
krig der utan godkjenning frå Tryggingsrådet i FN. Her er 100 000 muslimar drepne i Bush-Blair si
krossferd, som det heitte innleiingsvis. Omfattar “tenesta” di for “menneskerettar” også desse
muslimane, Hege Storhaug?

I International Herald Tribune 24. februar 2006 las eg at “Christian mob” - kristen mobb - myrda
muslimar i Nigeria. Er muslimane i Nigeria også inkludert i menneskerettane dine, Hege Storhaug?
I Klassekampen 2. mars syner du visse kunstnarlege evner som tungetalar i ein kronikk. Nytt desse
kunstnarlege evnene på karikaturar av Enevald Flåten, Pat Robertson og Billy Graham i Magazinet,
Hege Storhaug!

Lack of Thinking kjempar mot “vondskapen.” Hege Storhaug også, er inntrykket mitt. Og Bacevich
skriv om plassen “vondskapen” har hos dei nykonservative, særleg dei religiøse. I kampen mot
“Vondskapen,” som framleis går føre, skriv Bacevich vidare.

“Diplomati, korrupsjonspengar, fornuft, appellar om måtehald, rettferd eller sams interesseområde til
gagn for fleire partar: Ikkje noko av dette ville fått Nazi-Tyskland vekk frå den aggresjonen landet
hadde vald.” Derimot trongst det væpna kamp for å stogge Hitler. Bacevich gjev sjølvsagd her att
synspunkta til dei neokonservative. Han godtek dei ikkje dermed.

“München må aldri få ta seg opp att.” Dette er ein fast talemåte hos dei nykonservative. Med andre
ord: Militære eller militante trugsmål må slåast ned før dei blir realitetar. Militærmakt må vere det
“ufråvikelege grunnlaget” for amerikansk utanrikspolitikk. Slik heitte det hos Podhoretz. “Utan
den er ikkje noko effektivt.” Lærdomen frå Vietnam for dei nykonservative kan summerast opp slik:
“USA må aldri kome heim!”

I klårtekst: Amerikansk administrasjon og krigsmotstanden i USA spela på lag med “det vonde”
når dei ville ha USA ut av Vietnam. Og her etter: USA må aldri meir svike i kampen mot “det
vonde,” slik landet gjorde i Vietnam. “Historia har utpeika USA til å vere hovudinstrument i
frammarsjen for fridomen, som har funne sitt fremste uttrykk i demokratisk kapitalisme.” Slik
summerer Bacevich utanrikspolitikken til dei nykonservative.

I 1982 skreiv Prodhoretz dette: “Overlevinga for USA og alt av frie institusjonar i verda avheng
av at USA byggjer opp eiga makt.” Med “makt” tenkte Podhoretz her primært på at USA skulle
vere sterkt nok til å stå fram som døme for heile verda på «det gode», «det rette» og «det sanne».

Dei nykonservative var arvingar av nett denne trua på “American Exceptionalism” - “Amerikas
særstilling i verda,” skriv Bacevich. Dette tyder følgjande: USA har ei særeige, gudgjeve oppgåve
som verdsstyrar. USA skil seg frå alle andre land ved å ha det rette potensialet her.

Dette oppdraget svikta amerikanarane, då dei kritiserte Vietnamkrigen. Dei hadde “gløymd kva
vondskap er.” Da Saigon fall i 1975 var det resultatet av det moralske forfallet som hadde gripe
om seg i USA på 1960-talet. Podhoretz og andre såg det som si oppgåve å reise opp att medvitet om
“American Exceptionalism” i det amerikanske folk. “I sentrum her står verdsetting av autoritet.”
Denne verdsettinga hadde forfalle på 1960-talet. “Amerikanarane trong å gjenopplive trua på det
amerikanske oppdraget.” Berre slik kunne USA halde stand mot Sovjet, og dermed unngå sovjetisk
verdsdominans. Slik var framstillinga hos Podhoretz. “Avgrunn eller frelse”. Dette var dei einaste
to alternativa USA hadde å velje mellom i siste halvdel av 1970-åra. Sterkt leiarskap er fullstendig
avgjerande for å oppnå «frelse». Sviktande leiarskap fører USA over stupet og ned i avgrunnen.
Slik var dei nykonservative sitt bilete av USA ved slutten på president Carter sin presidentperiode i
1980. President Carter hadde vore ein katastrofe for USA. Berre ein sterk leiar kunne føre USA ut
av denne katastrofen.

“Mellom dei nykonservative er det ein trusartikkel at personar, ikkje maktstrukturar, utformar
historia.” Slik skriv Bacevich. Dei som skal utforme historia må derfor ha særskilde eigenskapar.
“I ein slags forunderleg heimelaga variant av Führer-prinsippet, hungrar dei nykonservative etter
førarposisjonen,” som Bacevich seier det.

“Mange nykonservative er av jødisk opphav, mange er det ikkje. Nokre er personleg religiøse,
andre ikkje i det heile. For dei alle gjeld dette: Amerika er den einaste sanne universale kyrkja.
Deklarasjonen frå 1776 er på line med dei heilage skrifter, og Columbia District er Det heilage
kyrkjemøtet. I denne sekulære trua har innehavaren av Det ovale kontor same status som Paven.”
Slik skriv Bacevich.

Med valet av Ronald Reagan som president i 1980 fekk dei nykonservative sin mann i Det ovale
kontor. Han uttrykte same lidenskapelege antikommunisme som dei sjølve, og hadde same avsky
for forfallet på 1960-talet. Dei nykonservative var då også snøgge med å ta sin del av æra for
valsigeren til President Reagan. Og den nyvalde president Reagan løna dei ved å gje Jeane
Kirkpatrick oppdraget som amerikansk FN-ambassadør.

Andre fekk meir underordna stillingar i det nasjonale tryggingsbyråkratiet, men var samstundes i
stand til å utøve stor påverknad. Det galdt til dømes Elliot Abrams, Richard Perle og Paul Wolfowitz.
Wolfowitz er sjef i Verdsbanken, no. Han har funne ut at korrupsjon er eit større problem i verda
enn terrorisme. Derfor investerer han no pengar frå Verdsbanken i eit av verdas mest korrupte land,
Kenya. Endå meir korrupsjon, men der er ein stor amerikanskbritisk militærbase i Kenya.
Menneskeskapt ørkenspreiing gjer at folk svelt i Kenya no.

Programmet Georeportasje på den tyske TV-kanalen 2F Doku handla nyss om Kenya. Den einaste
måten tusental kenyanske familiar kan overleve på, er at dei unge kvinnene i familiane er felthorer
for dei britiske og amerikanske soldatane i Kenya. Slik var det sagd i dokumentaren . I Nairobi og
større byar er det “kjøpars marknad” i dette demokratiske kvinneyrket.

I tillegg hevdar gode katolikkar i Kenya at bruk av kondom spreier HIV/ AIDS. Treng desse
kvinnene “servicen” din, Hege Storhaug? Og som du ser, Tone Foss Aspevoll: Der er fritt næringsliv
i Kenya, i motsetning til Cuba, der sosialismen, diktaturet og tyranniet rår.

For dei nykonservative blei faktisk Sovjetunionens samanbrot ikkje berre ein triumf, det blei også
eit dilemma. Heile deira verdsoppfatning ramla saman, då dei ikkje lenger hadde “The Evil Empire”
som den personifisert vondskap å kjempe mot. “Kva er vitsen med å vere amerikanar, når vi ikkje
lenger har Den kalde krigen?” Slik seier Rabbit Angstrom det i John Updike: Rabbit at Rest.

“Utan Den kalde krigen, kva er poenget med å vere nykonservativ?” skriv Bacevich. Faktisk tenkte
Podhoretz også på å erklære det nykonservative prosjektet for avslutta. USA hadde nemleg vunne
ein moralsk, og ikkje ein militær siger over “vondskapens imperium”, Sovjetunionen. Ein ny
generasjon nykonservative kom så til hjelp. På 1990-talet blomstra nykonservatismen opp på nytt.

Sovjetunionen fanst ikkje meir. Dermed stod heile kloten til disposisjon for dei nykonservative.
Robert Kagan tok over som ein av dei viktigaste nykonservative analytikarane. Også han skreiv i
tidskriftet Commentary. I eit essay i Commentary i 1991 skisserte Kagan framhaldet av det
nykonservative prosjektet slik: USAs framtidige utanrikspolitikk skulle vere “den tålmodige støtta til
demokratiet - ikkje tvinge gjennom endring når endring er uråd. Derimot vente på at tilhøva ligg til
rette. Lovande utvikling skal støttast, mindre heldig utvikling skal motarbeidast.”

Vi må her ha i tankane at “demokrati” for nykonservative framleis er fråvær av offentleg økonomisk
sektor, altså “fritt næringsliv.”. I praksis i dagens verd: Monopolkapitalisme. Der har dei
nykonservative ikkje plass for ”ein sovjetpresident Putin,” anten han er russisk eller norsk. Til dei
nykonservative kan vi så avgjord rekne Carl Bildt. Han har nytta nemninga “sovjetpresident Putin”
om statsminister Jens Stoltenberg.

Og i “revolusjonane” frå planteriket som har velsigna Aust-Europa dei seinare åra, har Robert Kagan
og andre opplevd realisering av prosjektet til Kagan frå 1991. Dei ungdomsorganisasjonane som
har vore aktive her, blei danna under president Reagan, slik Noam Chomsky skriv i Hegemoni eller
overlevelse.

Også på det militære området var skribentane i Commentary i villreie først på 1990-talet. Til dømes
skreiv Joshua Muravchik dette i Commentary i 1992: “Alle er samde i at fråværet av Sovjetunionen
tillet ein sterk reduksjon i storleik og kostnad på militærvesenet vårt.”

Dette var slett ikkje “alle samde i.” I januar same år skreiv George Weigel dette i Commentary: Tida
var komen for å styrke “demokratisk internasjonalisme.” Ein amerikansk utanrikspolitikk basert
på dei velbrukte nykonservative oppfatningane om verdsomspennande amerikansk medverknad,
fremjing av krav og aktivisme støtta av militærmakt. Slik seier Bacevich det.

Altså blei spøkelset “verdskommunismen” frå byrjinga av Koreakrigen vekt til live i annan
språkdrakt, straks dette spøkelset hadde fordampa. Det nye spøkelset var først fråvær av
“demokratisk kapitalisme,” støtta av USA, verda over. Deretter overtok “verdterrorismen” den rolla
“verdskommunismen” hadde hatt.

Norman Prodhortz slutta å skrive i 1995, og Commentary blei nedlagd. Same år oppretta William
Kristol Weekly Standard som snøgt blei flaggskipet for yngre nykonservative. Der var likevel ein
skilnad mellom dei to tidsskrifta. Commentary hadde blitt drive av American Jewish Committee,
og hadde halde seg utanfor alt av partipolitikk. Mange amerikanarar av jødisk ætt skreiv i
Commentary, men der var aldri spørsmål om deira politiske partitilknyting.

Med Weekly Standard overtok Rupert Murdoch eigarskapen, og både form og innhald endra seg
straks. Det nye “manifestet” i Weekly Standard var følgjande: Amerikansk verdsherredøme er i
seg sjølv eit gode. Eller som Charles Krauthammer skreiv i Weekly Standard i oktober 1995: “Vi er
ikkje kva som helst slags hegemoni. Vi driv eit venlegsinna imperium. Dette er ikkje nokon
sjølvgratulasjon. Det er eit faktum som tydeleg kjem til syne i korleis andre ønskjer makta vår
velkomen.”

Ja, eg gjev faktisk Charles Krauthammer “rett” her. Den serviliteten politikarane i EU og NATO
har synt andsynes USA i over 50 år må då få Krauthammer til å drage nett denne konklusjonen.

I tillegg til “gode kommunistar” og hopetal gorillaer i Afrika, Asia og Latin-Amerika kjem alt av
primatar i Europa: Dear Condy .... Your faithful, obedient and humble servant Jonas and all Your
bravehearts in Norway! Ein engelskspråkleg norsk primat, på vegne av sjimpansefamilien
NORWAY. Meir frå Charles Krauthammer hos Bacevich.

Med avviklinga av Den kalde krigen “søkjer eit avideologisert Nord tryggleik ved å knyte
utanrikspolitikken sin saman bak USA sin utanrikspolitikk... Det er dette som kjem til å hende.”
Meir frå same artikkel av Krauthammer i Weekly Standard oktober 1995.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering