Bustadhus i Serbia lagt i grus av Nato-bomber.  Blir dei skuldige nokon gong straffa?
Bustadhus i Serbia lagt i grus av Nato-bomber. Blir dei skuldige nokon gong straffa?

(Nr 11 - 2006) Tenk noko så frekt; han døydde frå domen! Slik omtrent er reaksjonen i den kapitalistiske pressa ved den tidlegare jugoslaviske presidentens bortgang.

Av Olav H. Aarrestad

Han brukte sitt dårlege hjarta som påskott for å trenera saka, er òg ein gjennomgangsmelodi. Kor mange millionar har ikkje domarar og prokuratorar ved sigerherranes prosess i Haag fått i løn, og likevel klarte dei ikkje å syta for verdige soningstilhøve som blant anna burde sikra at ein person ikkje ligg aleine i ei celle og døyr midt på føremiddagen


Som vanleg må ein eit stykke attende i soga for å sjå samanhengen; Milosevic var meir eit offer for
hendingane enn ein som styrte dei. Tito hadde etterlati seg eit Jugoslavia med store økonomiske
problem. Balkan er eit landområde fatig på ressursar som vert etterspurde på verdsmarknaden.
Underskota på handelsbudsjettet var store, viktigaste inntektskjelda var overføringar frå
gjestearbeidarar i utlandet. Dei rike statane ville ikkje betala for dei fatige. Kvifor skal vi fø på
kosovoalbanarar? spurde kroatar og slovenarar. Vi vil få det mykje betre åleine.

Draumen om eit samla Jugoslavia var det først og fremst den folkerikaste staten, Serbia, som hyste.
Fredslutninga etter første verdskrigen hadde gjort det mogleg å realisera denne draumen for ei tid.
Men kroaten Tito var klar over dei indre spaningane, og landet fekk ein kan henda litt for laus føderal
grunnlov. Og etter Titos død vart det reint gali; presidentombodet skulle gå på rundgang mellom
leiarane for dei ulike republikkane, og paradoksalt nok var det ein kosovoalbanarar som var
president då uveret braut laus.

Slovenarane hadde ikkje tid til å gå den vegen som grunnlova opna for, men slo seg laus med våpen i
hand. Så fylgde Kroatia med aktiv støtte frå den tidlegare kolonimakta Østerrike med fleire EU-land
og lobbygrupper i USA.

Kroatia vart anerkjent som sjølvstendig stat før oppreistregjeringa hadde kontroll over territoriet –
dette heilt i strid med internasjonal skikk og bruk. Serbia som hadde kontroll over den føderale
hæren, kunne ikkje sjå på at den store serbiske minoriteten i Kroatia vert hundsa og jaga på flukt,
og ein regelrett krig bryt laus. Ein krig som sentralmakta nok hadde vunni, hadde ikkje
”verdssamfunnet” blanda seg inn.

Så kjem turen til Bosnia-Hercegovina. Serbarane er største gruppa på landsbygda, men kroatar og
bosniske muslimar slår seg saman mot dei og startar ”frigjeringskampen”. Igjen er verdssamfunnet”
på plass og tek parti - for eit ”fritt” Bosnia!

Som ein ser, har ikkje Milosevic og serbarane hittil gjort anna enn å svara på aksjonar som hadde lite
med vørdnad for den jugoslaviske grunnlova å gjera. Den einaste uprovoserte handlinga som
Milosevic kan skuldast for, er endringane av Kosovo sin status. For å få bukt med tendensar til uro
også i Kosovo, vert sjølstendeordninga for Kosovo skipla.

Igjen engasjerer albanarar i utlandet og verdssamfunnet seg. UCK får aktiv støtte og hjelp frå ymse
pengesterke miljø i utlandet, blant anna kriminelle, og organisasjonen vert i stand til å setja regelrette
hærstyrkar på beina.

Ved effektiv propaganda og smarte manipulasjonar lukkast det å skapa eit bilete av hjarterå serbarar
som vil drepa alle kosovoalbanarar. Ei masseflukt vert organisert, og ”verdsopinionen” sit att med
det biletet at millionar av kosovoalbanarar frykta for sitt liv og difor vart tvinga til å flykta.

Det som toppa UCK-propagandaen var den fiktive massakren i Racak (ein har fleire gonger gjort
greie for UCKspelet i den samanhang). Det er dette ”verdssamfunnet” treng for å koma
kosovoalbanarane til hjelp og hindra etnisk reinsking. Så effektiv har denne aksjonen vori at det no
knappast er serberar att i det gamle heimlandet for serbarane. Og i dag sit velbetalte vestlege
diplomatar i ”tingingar” med Serbia for å tvinga fram sjølvstende-status for protektoratet Kosovo. Ei
folkeavrøysting i Montenegro vil kan henda setja sluttstreken for det vesle som er att av Jugoslavia,
men somme i EU har byrja få kalde føter.

Eit land ikkje større enn Noreg har på nokre år vorti delt opp i 4-5 statar: Serbia, Kroatia,
Makedonia, Slovenia, (Montenegro) og to kvasirepublikkar: Bosnia og Kosovo som på lang tid ikkje
vil vera i stand til å styra seg sjølve, men nok vil halda fram med å ha ein protektor. Løysinga er å få
desse landa med i EU. Og det er her Serbia er i klemme. Heller ikkje Serbia har økonomi til å stå på
eigne føter, men vilkåret for medlemskap er fullt og heilt samarbeid med sjefsprokurator Carla del
Ponti. Denne forkjemparen for fred og rettferd gjev seg ikkje i kampen mot krigsbrotsmenn. All
skuld skal takast vekk frå intervensjonsmaktene som vel drap fleire tusen serberar ved å syna kor
fæle serberane var.

Det var den kvite riddar mot belsebubar. Og no har altså Øvste-Belsebuben vori så frekk å gå bort og
døy - på grunn av dårleg hjarta. Det er i minsto ei trøyst, han døydde ikkje som martyr. Mon det.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering