(Nr 11 - 2006) Eit drag ved Den nye amerikanske militarismen Bacevich framhevar, er dette: profesjonaliseringa av soldatane. Dette er noko nytt i amerikansk historie. Ståande hærar har ikkje funnest, og borgar og soldat har vore eitt og det same.

Av Kjell-Arnt Labukt

Bacevich kallar dette eit sentralt paradoks i den nye amerikanske militarismen. Som døme nyttar han 
visepresident Dick Cheney. Denne mannen sneik seg unna militærteneste i Vietnam, men han er
fullstendig forgapa i militærhistorie. Pinleg aktuelt nyss, og mi tilføying: Cheney og ein dollar-
millionær frå Texas i lag på fasanjakt. Vi må tru at Cheney hadde eitt eller anna kjend slag i tankane,
der han gjekk med hagla og såg etter fasanar.

Så oppslukt av kartet over slagmarka at han nyttar lett artilleri på eigen flanke for å rive opp
kavaleriet og infanteriet i fiendens front. Og dermed får jaktkameraten til Cheney salven frå hagla,
det lette artilleriet, heilt uventa, med full trykk, på flanken. Ved slike tilfelle kjem gjerne panikken,
både hos infanteri og kavaleri. Her også hos det lette artilleriet. Kombattantane var nemleg ikkje i
stand til å avlevere nokon slagrapport på fleire dagar. Militærteneste overlet Cheney og andre frå
over- og mellomklassen til “the plebs”, som det heiter hos Bacevich, plebeiarane.

Dei som vervar seg som soldatar blir no “entusiastisk og heilhjerta omfamna av folk som sjølve ikkje
kunne drøyme om å gjere militærteneste - eller oppmode barna sine til å gjere det.” Bacevich siterer
her skribenten John Gregory Dunne. Forklåringa ligg i det amerikanske klassesamfunnet.
Militærvesenet er utvegen for underklassen som ikkje har pengar til skolegang.

I år 2000 utgjorde nasjonale minoritetar 42 % av innskrivne amerikanske militærstyrkar. Talet på
kvinnelege soldatar aukar og afroamerikanske kvinner utgjer eit stendig større innslag. I år 2003 var
i overkant av 60 000 amerikanske kvinner i krigsteneste. 46 % var afroamerikanske kvinner, 38 %
var kvite. Medan 46 % av den amerikanske folkesetnaden har utdanning på minimum college-nivå,
er det berre 6,5 % av dei som let seg innskrive til militærteneste, som har bakgrunn frå college.
Her kan vi tilføye at det er denne minoriteten på 6,5 % som har best utsikter til yrke som offiser
seinare.

Bacevich er her så “høfleg” at han ikkje ope skuldar amerikansk mellomog overklasse for å hylle
amerikanske militærvesen også av denne grunn: Dei kan sjølve vere “tilskodarar til krigsspel på
TV.” Men Bacevich understrekar at rekrutteringa til militærteneste kjem frå underklassa i USA. Då
sjølvsagd ikkje offiserskorpset, som jamt over kjem frå velståande familiar.

Bacevich har eit kapittel som heiter “The Military Profession At Bay.” “Dei militære yrka i fortvila
tilstand.” Her har den tidlegare majoren i den amerikanske hæren, Andrew J. Bacevich, med at ein
del av det amerikanske offiserskorpset som gjorde teneste i Vietnam, svinga sterkt til høgre politisk i
etterkant av Vietnamkrigen. “Dei allierte seg med reaksjonens krefter,” som det heiter hos Bacevich.

Innleiingsvis hadde desse offiserane ikkje politisk eller militær karriere i tankane, skriv Bacevich.
Dette kom derimot med under President Reagan. Men dei var vonbrotne over fiaskoen i Vietnam,
og dei ville reise opp att offisersyrket gjennom å gje det ein aura av andres svik. Ein fjern parallell til
Dolkestøytlegenda i Weimar -Tyskland.

Nett dette skriv ikkje Bacevich. Men han påpeikar at desse misnøgde offiserane frå Vietnam var med
på å fremje den nye amerikanske militarismen. Den nye amerikanske militarismen sprang ut i full
blom med den irakiske invasjonen i Kuwait i august 1990. “Tidspunktet her kunne ikkje ha vore
betre,” skriv Bacevich. Eitt var at amerikanske militærstyrkar blei sette i verksemd samstundes som
Sovjetunionen gjekk i oppløysing. Dermed blei det ikkje stilla spørsmål ved kva som skulle hende
med amerikansk militærvesen, då Tredje verdskrig slutta. To “sigrar” samstundes. “The Evil Empire”
kollapsa, samstundes som Satan Saddam blei lempa ut av Kuwait på 100 timar. Dermed byrja Fjerde
verdskrig svært lovande for USA.

Viktig var også at USA her hadde full oppslutnad frå FN og “verdssamfunnet”. Dette har ikkje
Bacevich med, men han påpeikar at den lette og snøgge sigeren for dei USA-leia styrkane hadde
ein dramatisk verknad på det amerikanske heimepublikum. Vietnamsyndromet forsvann fullstendig.
Brigadergeneral Robert Scales var hovudforfattar av U. S. Army si framstilling av Desert Storm,
som var namnet på Golfkrigen i 1991. Det temaet han skriv om er nettopp den lange vegen frå
“desillusjonering og fortviling i Vietnam fram til tiltru og trygg siger i Desert Storm.”

Golfkrigen i 1991 blei også framstilt som “kirurgisk” og “rein” i norske media. “Embedded” CNN
stod for alt av TVopptak. Identiske TV-opptak blei synte på TV-kanalar i hopetal land. Dette i
same år som det blei nye statsdanningar av den tidlegare Sovjetunionen. Propagandaeffekten av
Desert Storm var svært stor.

I den artikkelen om Irak i Monthly Review May 2003 som eg omsette og kommenterte for Friheten
var bakgrunnen for Golfkrigen med. USA la her ei felle for Satan Saddam ved å love han at
kuwaitisk tjuveri av irakisk olje var eit spørsmål berre for arabiske land. Lærdomen frå Desert Storm,
skriv Bacevich, var at USA for ettertida skulle satse på nettopp denne type Blitzkrieg. Bacevich
skriv at nettopp dei tyske åtaka på Polen i 1939 og Frankrike i 1940 blir studerte som mønster for
framtidige USA-leia krigar. Også 6-dagars krigen i 1967. Dei to elementa som inngår her er
sjølvsagd desse: Åtaket må kome med stor militær slagkraft. “Motstandaren” må vere dårleg
førebudd militært, eller lite motivert for å motstå åtaket. Dette var tilfelle med Polen i 1939 og
Frankrike i 1940.

Men 15 år etter Desert Storm er USA no i februar 2006 attende i Vietnam. Då nettopp i Irak, reint
militært. Skilnaden er at motstanden mot den USA-leia okkupasjonen i Irak manglar hos
amerikanarane, slik han derimot i største grad var til stades i USA, under Vietnamkrigen. Bacevich
nyttar plass på omtalen av the Neocons, dei “nykonservative.” Plent slik desillusjonerte amerikanske
offiserar slutta seg til President Reagan si krossferd mot “The Evil Empire,” ville også amerikanske
intellektuelle kvitte seg med Vietnamsyndromet, ved å ta del i same krossferd. Også for dei var
“Kommunismen” den lekamleggjorde “vondskapen.” I tillegg dyrka dei slikt som tradisjon, ritual,
hierarki, “small government,” altså nedbygging av offentleg sektor, dyrking av nasjonale symbol.
Dette åleine var ikkje noko nytt i USA, skriv Bacevich. Det nye her er at dei nykonservative var
med på å legitimere den nye amerikanske militarismen.

“Opphavsmannen” her var Norman Podhoretz. “Den sjølverklærde lekamleggjeringa av den New
York-intellektuelle,” som Bacevich kallar han. I tidsrommet 1960-1995 var han redaktør for
tidsskriftet Commentary. I ein serie av bøker og artiklar har Norman Podhortz gjeve ei “frodig,
detaljert framstilling av sitt eige liv som litterær intellektuell. Om eigen suksess som son av
immigrantar som kryssa East River - “ ei av dei lengste reiser i Verda” - for å oppnå beundring på
Manhattan. Hans eiga oppdaging av “den skitne vesle sanninga” at det var pengar, kjendisstatus
og makt som var målestokken for å lukkast hos den velutdanna amerikanske sjel, ikkje lidenskap for
venleik og sanning.”

På 1970-talet “lanserte Podhoretz ein brend jord-kampanje mot Det nye venstre og motkulturar”.
Podhoretz gjekk til åtak på det han såg som oppløysingstendensar i USA. Han dyrka slett ikkje
militarisme. Men sidan Det nye venstre i USA på 1960-talet både representerte oppløysings-
tendensar, og samstundes demonstrerte mot Vietnamkrigen, skilde ikkje Podoretz alltid tydeleg
mellom desse to sidene. Podhoretz var nemleg sterk motstandar av Vietnamkrigen. Men ikkje ved å
bruke narkotika eller melde seg ut av verda på andre måtar. Podhoretz blei dermed også teken til
inntekt for den nye amerikanske militarismen. Han var med i “Committee on the Present Danger,”
og ein leiande skribent i denne komiteen.

Her kan vi repetere dei namna Raymond Garthoff har med frå denne “Skrekkomiteen,” oppretta i
1977 og svært aktiv i alt av vestlege media, heilt fram til slutten på Den kalde krigen: Paul Nitze,
Eugene V. Rostow, Ronald Reagan, C. Douglas Dillon, David Packard, Henry H. Fowler, James
Schlesinger, Admiral Elmo Zumwalt, J. Lane Kirkland, William Casey, Jeane Kirkpatrick, Richard
Perle, Max M. Kampelman, Ben Wattenberg, Richard Pipes, Norman Podhoretz og Richard V.
Allen.

Dei var anten tradisjonelle konservative republikanarar, “nyomvende” neokonservative demokratar
eller kom frå “det militærindustrielle komplekset.” Denne komiteen blei danna i november 1976.
Hovudbodskap: Faren for kommunistisk “verdsovertaking.” Fleire her fekk politiske verv under
President Reagan. Alle hadde tilgang til amerikanske og utanlandske media. Og nokre kritiserte
President Reagan for ikkje å gjere nok i krossferda mot “verdskommunismen”. Raymond Garthoff:
A Journey through the Cold War side 327 ff.

Medlem Norman Podhoretz i denne “Skrekkomiteen” utvikla ein stil som «nådelaust forkasta alle
synspunkt som ikkje var samanfallande med den nykonservative varianten av sanninga, framstilla
som sjølvinnlysande og utanfor debatt.» Slik seier Bacevich det.

“Visdom mot dumskap, rett mot gale, det gode mot det vonde.” “Vilje til kompromiss synte
manglande overtyding. Glød, visse og forakt for dei på den andre sida blei heidersteikn.” Dess
trongare horisonten er, dess lettare spelerom har fanatisme og fundamentalisme. Og nett dette er det
som kjem til syne her. Og då også mellom amerikanske “intellektuelle.” Bacevich tillegg skribentane
i denne “Skrekkomiteen” stor plass i utforminga av den nye amerikanske militarismen. Bacevich
set opp seks punkt som essensen i verdssynet hos dei neokonservative. Her framstilla litt forenkla:

“Vondskapen er røynleg.” Dersom ingen står opp mot vondskapen, vil han sigre. På 1930-talet var
Hitler “Vondskapen” i Europa. Korkje Storbritannia, Frankrike eller USA stod her fram mot
“Vondskapen.” Resultatet blei Holocaust.

I siste halvdel av 1970-talet og på 1980-talet truga på nytt “Vondskapen” “det gode” i verda. No
som “kommunismen”, primært Sovjetunionen, “The evil Empire.” Og frå sist på 1970-talet var det
USAs edle plikt å kjempe mot nett denne “vondskapen.” Heiagjengen her til lands blei kalla
Høgrebølgja, også konsentrert i Afghanistankomiteen, med prominente høgrefolk som NRK-kåsør
Ivar Eskeland. I eit minneord om Ivar Eskeland, som døydde no ved siste årsskifte, skriv Lars Roar
Langslet at Ivar Eskeland var både høgremann og medlem av Afghanistankomiteen. Dette
minneordet las eg i Dag og Tid. Her hadde AKP full oppslutning av høgrefolk og NRK.

Ein draumesituasjon for høgrefolk på 1980-talet, der Sovjetunionen rende seg fast i Afghanistan.
Forklåringa på kvifor Sovjetunionen mislukkast i Afghanistan var utelukkande militær feilvurdering
i den politiske sovjetleiinga. Slik skriv Raymond Garthoff i boka Detente And Confrontation.

Den militære leiinga i Sovjetunionen kravde 30-40 divisjonar for å gå inn i Afghanistan. Dei fekk
3-4 av den politiske sovjetleiinga. Utfallet var dermed gjeve alt tidleg på 1980-talet. I tillegg førde
USA den største løynlege krigen i amerikansk historie, i Afghanistan på 1980-talet. Dette er no
offentleggjord. Elles er dei militære sidene ved denne amerikanske krigen framleis lite kjende. Då
med unntak av Stinger-rakettane og CIAs si opplæring av afghanske bønder i opiumsdyrking.
“Den største løynlege krigen i USAs historie” er vel den største løynde av sitt slag i verdshistorie,
vil eg tru.

Jamfør elles her korleis Ytre høgre i Europa no i 2006 freistar få til ei sjølvoppfylling av Huntington:
The Clash of Civilizations. Jyllands-Posten nekta i 2003 å trykkje ein karikatur av Jesus. Dei som
har uroa seg for “ytringsfridomen” i Noreg, kan be denne Vebjørn Selbekk å trykkje ein karikatur
av Jesus i Magazinet han gjev ut. Til det seier mannen nei! Altså er uroa for ytringsfridomen her
reint vrøvl! Dette er medvitne provokasjonar mot den muslimske verda. Armageddon er nemleg
nær. Meir om det seinare.

Har du vend deg til Vebjørn Selbekk og bede han take inn karikaturar i Magazinet, Per Edgar
Kokkvold? Karikaturar av jomfru Maria, Jesus og alle hans disiplar. Karikaturar av Gud, Adam,
Eva, Moses, Abraham, Onan - den sistnemnde er då vår alle menns stamfar?

Så lenge du ikkje gjer dette og forkynner resultatet på NRK, TV2, i lag med Hallvard Flatland, i
VG, Se og Hør og Marie Simonsen i Dagbladet, i Vårt Land - ja inntil då er du ein dresskledd
narr, og ikkje noko anna. (Framh.)

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering