USAs nye militarisme

(Nr 10 - 2006) Dette blir eit referat frå denne boka, fyldigare enn ei vanleg bokmelding. Andrew J, Bacevich definerer seg sjølv som “konservativ.” Kritikken hans av “Den nye amerikanske militarismen” er likevel mykje den same som den amerikansk og også europeisk politisk venstreside nyttar.

Av Kjell Arnt Labukt

I “Innleiing” i boka skriv Bacevich at boka hans skil seg frå andre amerikanske bøker om same 
emne, inkludert Noam Chomsky: Hegemony Or Survival: America’s Quest for Global Dominance,
som eg har omtalt i Friheten. Bacevich tenkjer i strukturar, medan andre amerikanske kritikarar av
amerikansk militarisme legg hovudvekta på einskildpersonar. Då gjerne noverande Bush-
administrasjon.

Bacevich har militær bakgrunn, som kadett ved den amerikanske krigshøgskolen West Point. Han
deltok i si tid i Vietnamkrigen og har vore major i Den amerikanske hæren. Han har doktorgraden i
historie frå Princeton University, og er no professor og leiar for Center for International Relation ved
Boston University.

Bacevich avsluttar kapitlet “Innleiing” med eit sitat frå President Madison i 1795. Omsett: “Av alle
trugsmål mot offentleg fridom, er kan hende krig det som er mest å frykte. Krigen infiserer alle andre
offentlege fridomar. Krigen er opphavet til armear. Desse krev så økonomiske utlegg som fører land
inn i økonomisk uføre. Og armear, skattar og gjeld er dei velkjende instrumenta for at dei få skal
kunne dominere over dei mange... Ingen nasjon kan halde på eigen fridom og samstundes vere part i
vedvarande krig.”

Bacevich er slett ikkje pasifist. USA skal ha eit forsvar. Men den militaristiske imperiepolitikken
USA fører i dag, fører samstundes landet på avvegar, økonomisk, politisk og moralsk. Dette er
Bacevichs konklusjon.

Sitat frå Bacevich: The New American Imperialism blir sette i hermeteikn. Eg tek også med namna
på nokre av kapitla i boka. Eg utfyller og korrigerer Bacevich litt undervegs. Då gjerne slik at det går
fram at det er eg som skriv. Første kapitlet i boka til Bacevich heiter Willsonians under Arms. Litt
“fritt” omsett: “Væpna fredsapostlar.”

President Woodrow Wilson hadde “idealistiske mål”, men trekte samstundes USA inn i europeisk
stormaktspolitikk. Her kan vi føye til USA alt før President Wilson hadde slege inn på ein
imperialistisk kurs, utan då å bli innblanda i europeisk stormaktspolitikk. Wilsonians under Arms har
alle amerikanske presidentar frå og med Franklin D. Roosevelt til og med noverande President Bush
vore. Dette er utgangspunktet hos Bacevich. Dei har hevda å handle ut frå høgverdige etiske prinsipp,
men har i røynda drege USA inn i ein imperialisme som er stikk i strid med dei prinsipp USA er
grunnlagd på.

Den kalde krigen er sterkt nedtona hos Bacevich, då som sovjetisk trugsmål mot “Den frie verda”.
Men som tidlegare militær tillegg likevel Bacevich Den kalde krigen litt legitimitet, og kallar han
Den tredje verdskrig. Då med tanke på korleis Den kalde krigen omfatta heile Verda. Med grunnlaus
kommunistskrekk, eller med militærkupp, drap, tortur og brutal trakassering av hundretals millionar
menneske. Eller ved regelrette krigar. Afrika blei råka av Den kalde krigen i ein grad som langt på
veg forklårar elendet i denne verdsdelen no. Vestmaktene førde krig “by proxy” der. Då for å sikre
seg hand om naturressursane. For Sovjetunionen var naturressursane utan interesse. Derimot vende
tidlegare europeiske koloniar i Afrika seg til Sovjetunionen for politisk og militær støtte. Då på
1960-70-talet. Dette er mi tilføying.

No er USA inne i det tidsrom Bacevich kallar Den fjerde verdskrig. Og her er det at all høgstemt
retorikk er fullstendig ute av samsvar med realitetane, som Bacevich framhevar. Bacevich kallar
president Reagan president Wilsons mest trugne disippel. Og på 1980-talet byrja president Reagan
Den fjerde verdskrig. Med Sovjetunionens oppløysing i dette tiåret, ville president Reagan “skape
verda på nytt”. Og då “ved sverdet”, som det heiter hos Bacevich.

President Clinton førde Den fjerde verdskrigen vidare, då fordi USA var på “den rette sida av
historia.” Både konservative og liberalarar slutta opp om dette standpunktet, som for båe partar var
“sjølinnlysande og irreversibelt.”

Tilhengjarane av noverande president Bush kalla i 2001 president George W. Bush “den mest
Wilsonske av alle amerikanske presidentar, etter President Wilson sjølv.” Det sluttar ikkje Bacevich
opp om. Han omtalar noverande president Bush som ein mann med svært avgrensa kapasitet, som
amerikansk president.

Men Bacevich har med at både president Wilson og president Bush med eigne ord set i verk “Guds
vilje”, i den politikken dei står for. Ein typisk uttrykksmåte for president Bush 9/11 2002: “Det
amerikanske idealet er vona for alle menneske. Denne vona lyser framleis opp vegen. Og lyset skin
i mørkret. Og mørkret skal ikkje overvinne lyset.” For President Bush som for mange andre er
USA den sjølvskrivne “lysberaren” her. At “fritt næringsliv” er ein del av “lyset”, høyrer med.
Bacevich nemner også det.

Elles let Bacevich også andre fullt overtydde amerikanske misjonærar uttale seg. Ein av dei er Robert
Kagan: “USA endra seg ikkje 9/11 (2001). Landet blei berre meir seg sjølv.... Det er eit objektivt
faktum at amerikanarane har utvida eiga makt og påverknad alt før amerikanarane la grunnen for
sin eigen uavhengige nasjon.“

Korrekt nok, vil eg tilføye. Då ved å byrje utryddinga av dei innfødde i Nord-Amerika, og importere
slavar frå Afrika, før statsdanninga USA blei oppretta. Amerikansk deltaking i Første verdskrig var
omstridd. Inntil då hadde faktisk USA ei politisk venstreside som var å rekne med. Denne
venstresida var sterkt i mot amerikansk innblanding i Europa.

Ingen av dei europeiske regima som var innblanda i Første verdskrig, hadde sympati hos amerikansk
venstreside. Bacevich siterer her Senator Robert M. La Follette, ein overtydd talsmann for The
Progressives i Wisconsin: ...“under eit påskot av å spreie demokrati til resten av Verda,” gjorde
President Wilson “meir i retning av å svekkje og undergrave demokratiet i USA enn vi vil vere i
stand til å gjenopprette på ein heil generasjon.”

Då USA kom med i Andre verdskrig to tiår seinare, sa ein like overtydd konservativ, senator Robert
Taft frå Ohio dette, 17.5. 1941: ...”vi må halde politistyrkar i all framtid i Tyskland og over heile
Europa.” “Beint ut sagd: Det amerikanske folk ønskjer ikkje å styre verda,”... “og vi er heller ikkje i
stand til det. Ein slik imperialisme er fullstendig framand for våre ideal om demokrati og fridom.”
Med byrjinga av Fjerde verdskrig under president Reagan forsvann derimot all motstand mot nettopp
amerikansk imperialisme.

Bacevich skriv at USA i dag har ein militær styrke ut over alt av proporsjonar. “Fienden”
Sovjetunionen finst ikkje meir, men USA held fram med å ruste opp. USA har i dag 12 hangarskip
av Nimitz-klassen. Mastodontar med over 30 knop snøggleik, utstyrte med kjernereaktorar og som
har alle osean som operasjonsområde. Royal Navy i Storbritannia, til samanlikning, har ikkje
hangarskip i det heile. Hangardekket på eit slikt hangarskip er lengre enn tre fotballbanar. Og det
amerikanske militærvesenet skal halde fram med å vekse. I 2009 vil det amerikanske
militærbudsjettet overstige gjennomsnittet frå Den kalde krigen med 23%.

Det er inga stor overdriving at USA i dag ser på seg sjølv som verda sin politistyrke, skriv Bacevich.
Både republikanarar og demokratar godtek dette. Dermed er storparten av amerikanarane både
uvitande om og likesæle med gigantutbygginga av amerikansk marine. Denne opprustinga, godt
over kaldkrigsnivå, blir akseptert av republikanar - med applaus - demokratane kjem ikkje med
innvendingar. Men det seier seg sjølv at hangarskip ikkje er det mest veleigna midlet i kampen mot
“terrorismen.” Hangarskipa har heilt andre mål. “Terrormål” er derimot slikt som flyplass- og
hamnekontroll. Men sidan Dei arabiske emirata støttar USA fullt ut i kampen mot terrorismen, får eit
selskap frå Dubai nett no kjøpe opp hamnerettar i seks storbyhamner på den amerikanske austkysten.

To av 9/11 terroristane kom frå Emirata. Mykje kritikk her, både frå republikanarar og demokratar.
Men anten var både Bush og Cheny uvitande om oppkjøpet på førehand, som dei hevdar. Eller
Emirata er heilt på høgd med dei mest patriotiske amerikanarane, som Bush-administrasjonen også
hevdar, no i februar 2006. Bacevich nemner ein marinestudie frå 2004 der amerikansk marine i tida
som kjem skal ha “overveldande presis eldstyrke,” “fullstendig oversikt” og “dominerande kontroll i
manøvrerings-rommet, både til sjøs, under vatn, på landjorda, i lufta, i verdsrommet og i cyberspace.”

Her vil eg føye til at USA utelukkar større koordinert åtak mot sjølve USA. Dermed får marinen ein
dominerande posisjon, særleg hangarskipa. Store bombefly har ikkje lenger plass i stuttvarige åtak
med maksimal snøggleik og eldkraft. Slik er nemleg taktikken no. Langdistanserakettane har her
erstatta bombeflya. Dette skal gjere USA i stand til å føre fleire stuttvarige krigar samstundes.
Laserstyrte mellomdistanserakettar frå jetjagarar og små jetbombefly skal kombinerast med
spesialtrena fallskjermstyrkar på bakken, og sjøen skal utnyttast maksimalt. Her utfyller eg Bacevich
litt.

I denne marinestudien er det med at USA er “overlegen i mange aspekt i verdsrommet,” ... “men vi
manglar dominans og full kontroll framleis.” Bacevich poengterer at Vietnam-syndromet forsvann alt
sist på 1980-talet, då Fjerde verdskrig tok til, straks USA hadde “vunne” Tredje verdskrig, altså
Den kalde krigen. Han poengterer også at amerikansk militær aktivitet har auka kraftig etter
Berlinmurens fall.

I tidsrommet 1945-1988 var USA beinveges involvert i seks krigar, skriv Bacevich. Frå 1989 har
USA gripe inn militært i konfliktområde nærmast årleg, skriv Bacevich. Han nyttar her eit så sterkt
ord som “frenetisk” om amerikansk militær aktivitet dei siste 10-15 åra. Og han nyttar dette sitatet av
noverande president Bush for å illustrere amerikansk militarisme: “Dette landet må ta offensiven
og bli verande på offensiven.” Dette sa president Bush i etterkant av 9/11, men det skulle vere
tydeleg nok at “offensiven” her ikkje berre gjeld “terroristar”.

I den nye amerikanske militarismen inngår ei estetisering av krig som også er ny. Første verdskrig
blei skildra i dystre tonar. Bacevich nemnar her Ernest Hemingway, Erich Maria Remarque og
Robert Graves. Også Andre verdskrig, Koreakrigen og Vietnamkrigen blei negativt framstilla
estetisk. Som amerikanske døme gjev Bacevich filmane Apocalypse Now, Platoon, Full Metal
Jacket. Summen av Første verdskrig var at denne krigen var eit slaktehus, og ikkje noko anna.
Berre fascistar romantiserte krigen i Mellomkrigstida, skriv Bacevich. Bacevich let også den
fullstendig “teknofrelste” Admiral William Owens få leggje fram “Framtidas krig.” Her sitat frå
Admiral Owens:

“Teknologien kan late oss sjå ei slagmark så stor som Irak eller Korea, - eit areal på 200 miles på
kvar side. Dette vil vi vere i stand til utnytte med hittil ukjend visse, forståing og bruk av korrekt
tidspunkt. Ved natt så vel som ved dag, i alle slags ver.” I framtidige krigar vil “den amerikanske
feltkommandanten ha tilgang til eit tredimensjonalt bilete av heile slagfeltet på ein dataskjerm.” Og
absolutt alt her kan kontrollerast av “den amerikanske feltkommandanten.”

Fascineringa rundt eksisterande og framtidig teknologi er eit av elementa ved den nye amerikanske
militarismen, understrekar Bacevich. Den fullkomne trua på den “reine” framtidige krigen fører med
seg ei ny oppfatning av krig. Slik Bacevich. Jamfør også teknokrig på dataspel, som leiketøy til kjøp
i butikkar og krigsspela som blir utprøve hos RAND (corporation), i kontora i Pentagon, på
krigshøgskolar og under militær trening. Her blir det nytta svært avansert datasimulering.

Mi innvending: Simulering er eitt, røynleg praksis noko anna. Ein avansert kompleksitet er også
svært sårbar for uventa eventualitetar. Den fullkomne teknologiske “løysing” blir aldri nådd. Etter
slutten på Den kalde krigen har amerikanske meiningsmålingar synt følgjande: Amerikansk
militærvesen held fram med å rangere høgst på desse målingane. Dette i motsetnad til amerikanske
regjeringar, Kongressen og media. Til og med organisert religion skårar lågare enn tiltrua til
militærvesenet.

Amerikanarar som meiner dei lever i eit samfunn på grensa til å bryte saman, ser på amerikansk
militærvesen som den rette arvtakaren av amerikanske verdiar. Sidan USA no er permanent i krig,
herskar mykje av same stemninga i det amerikanske folk som tilfellet var under Andre verdskrig. Slik
hos Bacevich.

Her vil eg understreke at amerikanske media har lite utanriksstoff, der det kjem fram open kritikk av
noverande amerikanske utanrikspolitikk. Vel, USA er permanent i krig, og der krigen til ei kvar tid
går føre, vil ikkje media skade sine eigne, ved å kritisere det amerikanske militæret. Derfor “tiltru,”
og ikkje kritikk her.

Derimot er der no mykje kritikk i amerikanske storaviser mot Bush-administrasjonens innanriks-
politikk. Den einaste TV-kanalen eg har der denne kritikken kjem fram, er den iranske kanalen
SAHAR 2. Denne kanalen har sendingar på engelsk. Europeiske media derimot syner no ein
maktservilitet andsynes USA som er svært påfallande. Bacevich let Madeleine Albright legge fram ei
nokså unison amerikansk haldning, i samtale med Colin Powell. “Kva er vitsen med å ha denne
supre militærmakta du alltid snakkar om, dersom vi ikkje skal nytte denne militærmakta?”

Bacevich har likevel med at i stutte periodar svingar stemninga hos amerikanarane til å vere lik den
ho var under protestaksjonane mot Vietnamkrigen. Til dømes i mars 2003, då USA gjekk til
okkupasjon av Irak utan vedtak i Tryggingsrådet i FN.

Bacevich gjev forklåringa på kvifor slike protestar blir stuttvarige. “Den poliske klassen,” som
Bacevich kallar amerikanske politikarar frå båe parti, støttar ikkje desse protestaksjonane. Dermed
blir amerikansk opinion opplevd som fullstendig utan vekt. Det også når pertentlege bestemødrer bli
arresterte og sette i FBI sine gitra bilar, som om dei tilhøyrde gangsterbandar. Her utfyller eg
Bacevich litt.

Elles nyttar Bacevich korrekt nok “preventiv krig” om åtaka både på Afghanistan og Irak.
“Pre-emptive strike” som dominerer i europeiske media, finst ikkje hos Bacevich. (Framhald)

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering