• Hjem
  • Politikk
  • Berre «hemningslaus kinesisk imperialisme»?
Berre «hemningslaus kinesisk imperialisme»?

(Nr 7 - 2006) Nett så skriv Cecilie Gamst Berg i Med andre ord i Klassekampen 17/18 desember 2005.

Av Kjell-Arnt Labukt

Denne “hemningslause imperialismen” har ein geopolitisk føresetnad, som til dømes denne: I 1980 sa Alexander Haig, straks før han blei amerikansk utanriksminister, dette: “Ressurskrigen har byrja.” Alt då tok USA del i denne “ressurskrigen” i Afghanistan, Angola, Jemen og Kongo. “Ressursane:” olje, gass og strategiske mineralar!


Med slutten på “The Evil Empire” (Sovjetunionen) blei “Kjeltringstatane” og “Vondskapens akse”
trugsmålet mot USA og NATO-Europa. I dei nye statane i Den eurasiske korridor blei der eit
geopolitisk “vakuum” først på 1990-talet. I løpet av om lag 10 år etablerte USA og allierte seg
politisk eller militært i Georgia, Aserbajdsjan, Kasakhstan, Turkmenistan, Usbekistan, Tadsjikistan,
Kirgisistan. Og sjølvsagd Afghanistan. Dei mest kjende USA-leia militærbasane: Ashkhabad,
Khanabad, Manas og Bagram. Russland kom også med i desse gamle “russiske“ landområda. Kina
kom sist. Plent som Russland nyss hadde opplevd, frykta Kina oppsplitting av landområde innanfor
kinesisk grense. Særleg galdt det separatistrørsla til uighurane i Xinjiang. Dei ville ha ein uavhengig
uighurisk stat. Etter Andre verdskrig hadde der vore ein slik stuttvarig uighurisk stat. I dette
tyrkisktalande kinesiske grenseområdet utgjer uighurane fleirtalet.

Dette området låg så langt unna Beijing, og var så ustabilt at Kina førde ein streng politikk her. NB!
Grenseområde Tsar-Russland, Sovjetunionen, Afghanistan, Kasjmir, Pakistan, India - Kina. Denne
delen av Xinjiang er også den gamle tilhaldstaden for “Framande djevlar på Silkevegen.” Uighur-muslimane har dyrka nære band med militante muslimar elles i Sentral-Asia, etter Sovjetunionens
samanbrot. Den kinesiske kontrollen er derfor framleis streng. Uighurane reknar seg som “tyrkarar,”
ikkje kinesarar.

I seinare år er det kinesisk frykt for amerikanskleia oppdemming som har prega Beijing sitt syn på
uighurane. Jamfør det USA leia nærværet i Den eurasiske korridor, i tillegg til Taiwan og
Stillehavet, på ein annan kant. Og amerikansk militarisering av verdsromet.

Dagens amerikanske militærplanlegging gjeld primært Kina. Jamfør Noam Chomsky: Hegemoni
eller overlevelse. Heilt utanfor det norske mediebilete har svært mykje hend i Den eurasiske korridor
i 2005. Russland og Kina har gått saman både militært, økonomisk og politisk. Og det er slutt på det
politiske og militære USA-NATO-nærværet her, med unnatak av Afghanistan, sjølvsagd. Russland
og Kina har “rykka inn”. I Turkmenistan er det førebels noko uklårt. Inntil vidare har USA-NATO
hand om Georgia og Aserbajdsjan. 15. 12. 2005 opna president Nazarbajev i Kasakhstan den første
oljerøyrleiinga mellom Kasakhstan og Kina. Ved det høvet blei det sagd at Kina vil heilt fram til Det
kaspiske hav.

“Undertekst” på tysk TV dagen etter, 16. 12: “Amerikansk uro for menneskerettane i Usbekistan.
” Vel, “menneskerettane” i Usbekistan er presis dei same som den tida USANATO- basen
Khanabad i Usbekistan var i verksemd. Problemet for USA-NATO her er at dei hadde fått råderett
over Khanabad “for all framtid”. Jamfør Michael Klare: Blood And Oil.

P. S. 10. februar 2006: 4. februar 2006 hadde NATO ekstraordinært toppmøte i München. Donald
Rumsfeld og republikanaren McCain kom her med svært sterke utfall mot Russland. Det er tydeleg
at republikanarane er unisone i synet på Russland, McCain er mogleg presidentkandidat for
republikanarane ved neste amerikanske presidentval. Emnet for NATO-toppmøtet var å gjere
NATO til ein verdsomfattande organisasjon. Også Japan og Australia skal inn i militæralliansen
NATO, så NATO må “omstrukturerast”, som det heiter no.

Dette er klassisk geopolitikk. I januarnummeret av Monthly Review skriv John Bellamy Foster
artikkelen The New Geopolitics Of Empire, i så måte. “Imperium” er her USA. Aust for Det
kaspiske hav er USA-NATO kasta ut av Den eurasiske korridor, “The Heartland,” som Eurasia
heiter i amerikansk geopolitikk. Afghanistan står att, det er rett. Og det er blitt viktigare i seinare tid,
fordi Afghanistan no er blitt viktigare for olje- og gassleveransane frå Det kaspiske hav og Den
persiske golf.

Jamfør her auka militært NATO-nærvær i Afghanistan i dei siste månadene. Afghanistan har ikkje
olje eller gass, men blir utbygd som buffer mot dei tidlegare sovjetrepublikkane i nord, Kina i aust,
og som kontrollområde mot Pakistan, India og landområdet sørafor. Men denne delen av “The
Heartland” er og blir ustabil. Dermed blir “The Rimland” meir viktig. “The Rimland” er det
geografiske området som omkransar “The Heartland”, Eurasia. I ei eller anna form skal eit
“omstrukturert” NATO omringe heile Eurasia, ved at også Japan og Australia blir med.

“Nattnytt” NRK radio 6. februar: USA utviklar no langtrekkjande rakettar som skal gje USA
militært overtak i heile verda. Spesielt Kina trugar no USAs verdshegemoni. Omgrepet “USAs
verdshegemoni” blei faktisk nytta på NRK radio tidleg om morgonen denne datoen. 9. februar er
president Putin på statsvitjing i Spania. Russland har ikkje rekna det palestinske Hamas som
terrororganisasjon, og vil invitere Hamas til Moskva for samtalar.

Det er ikkje tilfeldig at president Putin vitjar Spania. Nyleg fekk det spanske olje- og gassselskapet
Repsol konsesjonar i Russland. Så langt har USA klart å forhindre at Spania sel militære kampfly
til Venezuela, fordi der er amerikanske komponentar i desse flya. Men gjennom spansk språk og
tradisjonar er Spania i ei særstilling i Europa, kva gjeld Latin-Amerika.

Noverande regjering i Spania trekte også som kjend dei militære styrkane sine ut av Irak, straks
denne regjeringa blei danna. 10. februar: Ein talsmann for Bush-regjeringa krev ei forklåring frå
president Putin på den russiske invitasjonen til Hamas.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering