(Nr 6 - 2006) Under den russisk-ortodokse påskehøgtida i 2005, hadde russisk TV dette 
innslaget: Tekst: “Dette er Jesu lekam:” Foto: Ein McDonald’s hamburger. Tekst: “Dette er
Jesu blod.” Foto: Ei flaske Coca Cola. Det var dei “militante” ungbolsjevikane som hadde
presentert dette kunstverket, både som plakatar og på internett.

Av Kjell-Arnt Labukt

Partiet Demokratane har hatt stor tiltru til amerikansk “kultur” som imperiebygging. 
Republikanarane har også inkludert våpenmakt. Den russisk-ortodokse kyrkja spelar sjølvsagd også
på det nasjonale. Vinteren 2004/2005 var der faktisk tilløp til “grasrotsosialisme” i Russland.
Grupperingar, som er råka av “det liberale demokratiet” med privatisering, “sjokkterapi” og
raseringa av den sovjetiske velferdsstaten, lagar nettverk og går saman. Sist vinter kom dette til
syne i streikar og demonstrasjonar. Og mest dagleg hadde russisk TV dekning av desse
protestaksjonar. Men så lenge mafiaoligarkar har makta ved sida av Putin, kan ikkje så mykje
endrast.

“Russland skal ha hjartet i Sovjetunionen, men ikkje hovudet,” har Putin sagd. Det kan vel tolkast
slik at Putin er innstilla på å byggje opp att den sovjetiske velferdsstaten. Til det trengst det ein sterk
offentleg økonomisk sektor. Eitt er elende, fattigdom, korrupsjon og kriminalitet i mafiademokratiet
Russland. Det som aldri har vore råd å løyse i landmassivet mellom Stillehavet og Finskebukta, er
framleis uløyst: Tilhøvet mellom sentralmakta i Kreml og den regionale makta. For mykje regional
sjølvstyring kan innebere at noverande russiske føderasjon går i oppløysing.

På ein pressekonferanse 9. november, synt på russisk TV, sa president Putin at den militære
tenestetida skal halverast til 12 månader. Løyvingane til forsvaret skal derimot auke sterkt i dei
næraste åra. Våpengreinene skal moderniserast og der skal utdannast spesialstyrkar. I så måte blei
spesialstyrkar til krigføring i fjellterreng nemnde. Kaukasus, Kaukasus, Kaukasus. Olje, olje, olje.

Russland tener no 500 millionar dollar dagen på olje- og gasseksport. Slik står det å lese i britiske og
tyske aviser. Korleis desse pengane blir nytta, veit vi lite om. Med unnatak av det som blir nytta til
nedbetaling av russisk stasgjeld. Til sveitsiske bankkonti til russiske oligarkar? Svært truleg. Men
ikkje alt. Dei pensjonistane som protesterte mot forverra livskår førre vinter, fekk forbetra
pensjonane. Offentleg tilsett russisk helsepersonell fekk månadsløna auka tilsvarande 600 dollar
månaden, no ved utgangen av år 2005.

Og “populistane” er no formelt på plass i Warszawa. Ikkje uventa er den polske forsvarsministeren
“ven” med Republikanarane i USA. Derfor på den ukrainske TV-kanalen Inter+ 12. november:
Den nytilsette polske regjeringa tilbyd USA to amerikanske militærbasar i Polen, i tillegg til den som
alt er der. Engelsk “undertekst” på TV-kanalen Alalam nyleg: “Estland er ikkje ønska som deltakar i
ein russisk rundebordskonferanse om økonomisk samarbeid med Russland og andre land.”

Den “forklåringa” som blei gjeven på russisk TV var ein typisk “cover up”. Den russiskspråklege
kona mi omsette den russiske TV-varianten. Årsak: Som World Capitalist Country Number 1, slik
det heitte i Wall Street Journal struttar Estland av ECHELON stasjonar, for spionasje mot
Aust-Europa og Russland. Det og meir kvalifiserer for nemninga i Wall Street Journal. Tysk TV
har no dokumentaren om rivinga av den amerikanske ECHELONstasjonen i det tidlegare
Vest-Berlin. ECHELON-systemet er verdsomspennande, blir det sagd, og står berre under
amerikansk kommando. Vi kan føye til at det er NSA som “les av” informasjonen frå ECHELON-
stasjonane. NSA er svært langt komen teknologisk. Bob Woodwrd skriv om nett dette i CIAs Hemmelige Kriger 1981-1987.

På EuroNews var det intervju med ein rumenar 16. 11. Rumenaren gav grundig greie for dei
amerikanske militærbasane i Romania. Til dømes bygging av amerikanske marinebasar ved
Svartehavet. Derimot nekta han for at CIA nytta Romania som staden for å drive tortur av
“terrormistenkte.” Ei slik nekting er obligatorisk, så lenge slike CIAopperasjonar går føre. Men
Amnesty International og Human Right Watch kjenner praksisen så godt her at det er ingen grunn
til å tvile på dei.

Same dag på TV-kanalen SAHAR 2: Intervju med to britar om internasjonal storpolitikk. Namnet
på den eine briten var Tony Benn, velkjend Labour-veteran. Og av eit ganske anna slag enn New
Labour. Ideologen bak New Labour, Anthony Giddens, har no slege inn på ein fjerde veg. Om
denne vegen ligg “til høgre eller venstre,” anar ikkje eg.

Dei to britane kritiserte maktserviliteten i media. Dei snakka også om det uføre USA og
Storbritannia hadde påførd seg sjølve i Irak. Også ein god del om tilhøvet USA-Kina. USA sit no
økonomisk “på fanget” til Kina. Dette kan ikkje halde fram stort lenger sa Tony Benn i intervjuet.
Han rekna ikkje med militær konfrontasjon mellom landa, men USA må gjere noko her, før landet
nærmar seg statsbankerott. Oljen var også eit viktig samtaleemne. Eller som Tony Benn sa: “Skal
kvar kinesar ha sin bil, er det slutt på oljen før alle har fått bilen.”

Tony Benn er gamal nok til å hugse massearbeidsløysa i 1930-åra. “Dersom dette tek seg opp att,
har vi høgrediktaturet i Europa,” sa han. Og han avslutta slik: “Vi kan øydeleggje denne kloden
gjennom bruk av atomvåpen og på grunn av menneskeskapte klimaendringar. Skal vi berge
planeten vår, må vi handle no. Eg har barnebarn, og skal gjere det eg kan for å berge framtida deira.”

“Bilbåla” i Frankrike sist haust har ei lang forhistorie. Her i stikkord: Den “direkte metode” som
administrasjonsmodell i franske koloniar på 1800-talet: Franske koloniale styresmakter allierte seg
med den klanen/stammen som hadde herredøme innanfor kolonigrensene. Det var det strengt
sentraliserte og Paris-dominerte Frankrike som blei nytta som styringsmodell, også i koloniane.

Einskildpersonar frå den etniske grupperinga som Frankrike støtta seg på i koloniane, kunne i
teorien også bli “gode franskmenn” og franske statsborgarar. I praksis- svært få personar. Reglane
for å bli fullt ut “fransk,” når du var arabar i kolonien Algerie, til dømes, var svært strenge.

Med rehabiliteringa av kaptein Alfred Dreyfus, blomstra også jødehatet i Frankrike. Her sterkt støtta
av Den katolske kyrkja. Og jødane høyrde heime på fransk politisk venstreside.

I Mellomkrigstida var motsetningane mellom fransk høgre- og venstreside svært markerte.
Resultatet blei Vichyregimet under Andre verdskrig. Med de facto borgarkrig i Frankrike, i tillegg
til nazitysk okkupasjon og kollaboreringa til Vichy.

Etter krigsslutt 1945 var der ikkje noko rettsoppgjer i Frankrike. Derimot lynsjing av 10- 20 000
kollaboratørar. Statsminister Laval blei avretta, men alt av nazikollaboratørar som kunne prove
band til “Krigshelt Petain” frå Første verdskrig gjekk fri.

Fransk høgreside hadde eit inngrodd hat mot venstresida som kom “sigrande” ut av Andre verdskrig.
Så Den kalde krigen, der franske kommunistar straks blei stigmatiserte og utestengde. Til dømes
fjerna frå samlingsregjeringa til Leon Blum - av USA! Fransk høgreside, inkludert
nazikollaboratørane, fann så sin allierte i USA og NATO, inntil Charles de Gaulle gjennomførde
ein meir uavhengig fransk utanrikspolitikk. Det uventa franske nederlaget ved den “uinntaklege
festninga” Dien Bien Pfu i Vietnam var ei drepande audmjuking for fransk kolonivelde.

Samstundes tok Algerikrigen til. Algerie var “vere eller ikkje vere” for resten av det franske
koloniveldet. Ein svært, svært brutal krig, der vi framleis veit lite om omfanget av franske overgrep,
også mot sivile. Franskmenn såg på Algerie som “del av Frankrike.” Algerie-krigen var derfor ein
“borgarkrig.” og i borgarkrigar er det meste tillate, mot “den indre fiende.” I Klassekampen hadde
Espen Løkeland-Stai ein artikkel om kva som hende med “den indre fienden” i Paris, etter
unntakslovene blei sette i verk.

No er denne unntaksloven frå 1955 sett i verk i delar av Paris. Ordbruken til innariksminister
Sarkozy er den same no som den som blei nytta under Algeriekrigen, mot “opprørarane” i Algerie,
som samstunders var “indre fiende” i Paris. Ein ordbruk som osar av rasisme og herskarmentalitet.
Rett nok er Sarkozy av ungarsk adel, og ekstra “franskmann” her, også av den grunn.

I 1962 var tapet av den franske kolonien Algerie eit faktum. Då blei der oppretta ein
terroristorganisasjon på fransk høgreside, kjend under forkortinga OAS. Denne terrorist-
organisasjonen hadde “den indre fiende” som mål. Denne “indre fiende” var fransk venstreside.
Hos OAS heitte det at franske kommunistar og sosialistar hadde dolka Den franske armeen “i
ryggen,” medan Armeen forsvara Det franske imperium mot kommunistar. Jamfør Robert O.
Paxton: The Anatomy of Fascism side 178. OAS blei så forbode, men omgrupperte til rørsler som
Occident og Ordre Nouveau.

Desse ekstreme høgregrupperingane førde gateslag mot fransk venstreside på 1960-talet. Spesielt
aktive var dei i “revolusjonsåret” 1968. Mot studentar og all annan “kommunistisk” styggedom.
Det som hende i Paris våren 1968, gav dei heller “frie hender,” i så måte. Også i åra etterpå.
Per Velde har ei heller upresis framstilling i så måte på Debattsida i Klassekampen 16. oktober 2005.

Då nederlaget i Algerie var eit faktum, blei ein million franske kolonistar flytta til Frankrike. Alt av
“reine franske” her fekk fransk statsborgarskap. Men det følgde også med eit stort tal muslimske
arabiske kollaboratørar, dei såkalla harkis. Dei fekk ikkje fransk statsborgarskap. Med “gode
økonomiske tider” i Frankrike på 1970-talet kom arbeidsinnvandring også frå andre tidlegare
franske koloniar, til dømes Senegal. Mest alle var muslimar. Berre eit fåtal av desse
arbeidsinnvandrarane fekk fransk statsborgarskap.

Dei “reine” franske kolonistane la så grunnlaget for den ekstreme politiske franske høgresida vi
seinare har hatt. “Front National” blei stifta i 1972. Mangeårig leiar, Le Pen. Etterkomarane av
harkis og andre “ikkje-franske” har vore stengde ute frå fransk politikk og næringsliv heile tida.
Og det er dei som no gjer eit slags “opprør.” Det franske bustadmønsteret i storbyane har her også
verka svært segregerande.

Med nedbygginga av offentleg fransk sektor, obligatorisk innanfor EU, fell også offentlege
støtteordningar til arbeidslause bort. Der var knapt fransk politi til stades i den bydelen av Paris
der “bilbrenninga” tok til. Fordi offentleg fransk sektor skal “spare pengar,” også innan politiet. At
fransk politi er kjend for rasisme og brutalitet, høyrer med.

Berre 20% av afromuslimar i Frankrike er så “integrerte franskmenn” at dei har fast arbeid. Og vi
snakkar då om innpå 5 millionar, inkludert etterkomarane av nemnde grupperingar. Plent slik
tilhøvet har vore i USA og framleis er i Sørstatane: For afroamerikanarane: The last to be hired, the
first to be fired. Dei siste til å få arbeid, dei første til å miste arbeidet. Ungdom i slumgettoane i
utkanten av Paris blir systematisk diskriminerte ved arbeidstilsetjingar. Med ei arbeidsløyse på rundt
10% i Frankrike vil det seie at halvparten eller meir av ungdomen i desse slumgettoane er utan arbeid.

Dagens Frankrike ligg langt etter delar av dagens USA her. Men vi snakkar her om to land med ulik
historie. Også Storbritannia har praktisert ein annan bustadpolitikk for koloniinnvandrarar enn
Frankrike. Britiske koloniinnvandrarar er også svært heterogene, i motsetnad til dei franske. Og
innvandringa frå tidlegare britiske koloniar har gått føre over eit langt tidsrom.

Den katolske kyrkja i Frankrike verka sjølvsagd sterkt med til at det muslimske kvinneskautet, hijab,
blei avskaffa, så vel som det jødiske “hovudplagget.” Jamfør derimot “flagging på halv stong”
på offentlege franske bygningar for den avlidne Pave Sanctus Virginus Expressus! Slikt skal ikkje
den erklærte sekulære republikken Frankrike tillate! Når han likevel gjer så, syner det makta til
den katolske kyrkja.

Sjølvsagd har den franske katolske kyrkja sine folk også i det franske statsapparatet. Det å nekte
bruk av hijab, er å ta ein del av identiteten frå folk. Medan den katolske identiteten her blir teken
sakralt vare på, i ein sekulær stat! Jamfør også propagandaen frå den franske katolske
kyrkja om å røyste ja til grunnlovsutkastet til EU-forfatning no i mai.

På tyske TV-kanalar, EuroNews og arte har det likevel vore understreka at uroa i franske bydelar
ingen ting har å gjere med religion. Det er arbeidsløyse, mangel på utdanning og vonlaus framtid
som løysar ut “vald” mot “privat eigedom.” Det Unni Wikan presterer i intervjuet med Svein
Gjerdåker i Dag og Tid nr 45 er på sida av saka. Det ho seier om Storbritannia i dette intervjuet er
beinveges feilaktig.

Dag og Tid fortener derimot ros for å ha ein fyldig artikkel om Aserbajdsjan i same nummer. At
same artikkel er nokså “ufarleg,” får så vere. “Hovudforklåringa” til fransk høgreside her, er så
absurd som ho berre kan bli: Det er polygamiet i desse muslimske slumstroka, som er årsaka.
Muslimske barn av polygame foreldre får så dårleg oppseding at dei brenner bilar. Dette har vore
omtala i International Herald Tribune no i november 2005.

Og sjølvsagd er denne “filosofen” for “Det nye høgre” i Frankrike, Andre Glucksmann i media
i samband med uroa i franske byar. “Det nye høgre” i Frankrike dukka opp ved byrjinga av
Den “andre” kalde krigen. Eller “Dei nye filosofane,” som dei også heitte. Her til lands representert
ved Tore Stubberud.

Arte info hadde eit stutt intervju med Andre Glucksmann. Hårsveisen på mannen var kan hende
“filosofisk”. Det han derimot sa, var regelrett tullprat. I den nemnde boka til Gilbert Achcar kjem
det då tydeleg fram at “ filosofen” Andre Glucksmann var ein primitiv kaldkrigar, langt ute
på europeisk høgreside. Men “leiar” for “Dei nye filosofane.” Og sjølvsagd har Le Pen ei stor
tid nett no i franske og europeiske media.

På NRK radio 16. november blei det sagd at større oljeselskap ikkje fann grunn til oljeboring på
norsk sokkel i Barentshavet. Utbygginga blir så kostbar at profitten berre dekkjer utbygginga.
Men same dag i Nordlys: Oljejubel! Kva no med all fantasifull Oljebonanza, Johan Petter
Barlindhaug, og mange andre? Sjølvsagd vil det bli gjord oljefunn på norsk sokkel i Barentshavet.
Men at dei skal bli så store at det blir oljebonaza i Troms og Finnmark er dermed ikkje sagd. Dei
utanlandske selskapa som finn olje har berre eitt føremål: Maksimal profitt til aksjeeigarane.

Det som måtte vere av olje og gass i Svalbardsona, må Noreg sjølvsagd dele med Canada,
Danmark og Russland. USA er i høgste grad også interessert. Elles er lodda så godt som utrydda i
Barentshavet. Og der ein lekk i næringskjeda forsvinn, kjem heile næringskjeda i ubalanse. Lodda i
Barentshavet er viktigaste føda for torsken i Barentshavet. Den menneskapte klimaendringa gjer at
sjøtemperaturen aukar og torsken gyt lenger mot nord, allereie. Dess meir oljeprisen stig, dess
meir må kapitalintensivt fiske også drive rovfiske! Dieselprisen er visst i ferd
med å bli høg nok allereie. Han blir høgare!

Utsiktene til ein palestinsk stat er ikkje dei beste nett no. Og det er svært uvisst kva som hender
framover. Her er det Saudi-Arabia og USA som pressar på. Ein journalist frå Jerusalem Post sa
tidlegare i år på arte info at det var USA som hadde avgjord at Gaza skulle tømmast for israelarar.
Eitt ord: Olje! Jamfør til dømes Gilbert Achar: The Clash of Barbarisms. Sept 11 and the Making
of the New World Disorder. Saudi Arabia er nemleg på veg nedover i produksjonsvolum. Men dei
sikrar seg no ein plass i WTO, for å kunne investere i anna enn olje. Symbiosen Saudi-Arabia-
USA går attende til mars 1945, då president Roosevelt vitja saudiane, på veg heim frå Jalta.

Same symbiosen har funnest mellom kongehuset i Marokko og USA frå Andre verdskrig og
heilt til no. Men i dag er Algerie meir interessant for USA og EU, fordi Algerie har større mengder
gass og olje enn Marokko.

TV-kanalen Alalam held til i Marokko. I november 2004 blei den engelske “underteksten” på
Alalam fjerna. Etter krav frå alliansen EU, USA, Marokko, eller berre frå ein av desse partane.
Den engelske teksten her inneheld så avgjord opplysningar som korkje europearar eller amerikanarar
hadde “godt av å lese.”

I det nemnde TV-intervjuet i kanalen SAHAR 2 snakka Tony Benn og ein annan brite også om
bruk av atomvåpen. Dei nemnde dei amerikanske “bunker busters,” som no er forelda, og skal
erstattast av “mininukes” og Star War- programmet. Det er det israelske atomarsenalet som er
farlegast nett no, sa Tony Benn.

I Outlook, Guardian Weekly november 18-24 2005: China’s scramble for African oil. Vel, det er
ikkje berre Kina som grafsar til seg olje i Afrika no. I ein “faktaboks” i denne artikkelen er Kina til
stades i desse landa i Afrika: Angola, Sudan, Nigeria, Zimbabwe, Kenya, Rwanda, Gabon,
Madagaskar, Libya, Algerie, Sierra Leone. Her står også kva verksemd Kina har i desse landa.
Dokumentar på TV-kanalen arte 23. november: Kinesarane erobrar Afrika. Og er velkomne på ein
ganske annan måte enn tidlegare europeiske kolonimakter og USA.

Er Mugabe blitt “kinesar,” Tomm Kristiansen og NRK? Det er elles merkjeleg stille i NRK radio
om Kina og Afrika. Men dette er då god WTO-politikk NRK? “Den gule fare” innan WTO?
Som kringkastingssjef hadde Kaare Fostervold dette motto: “Det gjeld ikkje å uroe lydarane.“ Ikkje
uventa: Kaare Fostervold blei kringkastingssjef i 1948. Og det var i denne tida sentrale
Ap-politikarar tok til å stave den norske å’en på “amerikansk” vis. Kåre blei til Kaare. Håkon blei til
Haakon. Åse blei til Aase, osb.

I Dag og Tid 28. november 1975 sa Andreas Skartveit det slik: “Hadde NRK prøvt å fungere
i strid med makthavarane sine interesser, så hadde det snøgt blitt talt til rette. (... ) Det å ha ei
monopolkringkasting er både naturstridig, ulogisk og konfliktfylt. Samtidig lyt vi slå fast at dette er
einaste måten å organisere ei kringkasting på i Noreg.” Og at “makthavarane sine interesser”
framleis styrer NRK, er der daglege døme på. Lisensfinansiert sensur, med andre ord.

Dette stod ikkje lenge ved lag, Andreas Skartveit. Med høgrebølgja fekk Kulturminister Lars
Roar Langslet inn både Big Brother-kikking og meir av same “kulturen”. Eit framifrå døme på
kvalitetssikring gjennom konkurranse i media er følgjande: I Holmgang TV 2, 21. september
2005 “fastslo” 70% av innringjarane at der ikkje finst nokon samanheng mellom klimaendring og
ekstremver. Jfr Helge Drange: Om tjue år er det for seint. Syn og Segn 4/05. Eg vonar NRK har
følgd opp telefondemokratiet og telefonkonkurransen her, på einkvan måte.

Veret ordnar vi her etter ved å ta ein telefon til Oddvar Stenstrøm. Og ingen samanheng mellom
klimaendring fordi Kari Se og Hør, Ola V G og familien Holmgang ikkje har funne denne
samanhengen dokumentert i nokon av dei tre nemnde informasjonskjeldene.

Det som gjeld klima i denne konkurranseutsette folkeopplysinga, er avgrensa til intimt inneklima.
Då er det lønsamt med små intimorkanar, bretta ut i det offentlege rom. Oddvar Stenstrøm i
Holmgang har dermed avskaffa det sørgjelege faktum at så snøgt temperaturen på havoverflata når
26 grader Celsius, har vi ein orkan.

Dette kvalifisere så avgjord for at Oddvar Stenstrøm og TV2 får Den store innovasjonsprisen
frå Medietilsynet og NHO for året 2005. Det norske telefondemokratiet har i Holmgang, TV2,
avsett både FNs og EUs klimapanel. Og klimakonferansen i Montreal i Canada forstyrrar ikkje
julefeiringa i familien til Kari og Ola Holmgang.

I Karl Evang: Seksuell opplysning er “voyeurisme”, også kjend som “kikking”, omtala som ein
mild form for seksuell perversjon. Alle typar seksualitet kan pirrast. Og gjev dermed eit framifrå
utgangspunkt for kapitalistisk akkumulasjon. Ei så sterk medfødd drift som seksualdrifta er eit
framifrå utgangspunkt for kapitalakkumulering. Dette er også eit område der profitable innovasjonar
krevst til ei kvar tid.

Og sidan “grensesprenging” er eit kapitalistisk mantra, så blir det no “innovativt” å gjennomføre
farskapstestar på norske stasministrar- i det offentlege rom. Kva talstorleiken innan pornoindustrien
er på børsane, veit eg ikkje. Beathe Uhse har så langt gått med “grøne” børstal. Du hadde rett, Karl
Marx. All menneskeleg verksemd er ei vare på den kapitalistiske marknaden. Og unge kvinner
treng å lese noko for å “kåte seg opp,” har eg forstått. På det området går det tregt med likestillinga.
Dersom menn og kvinner innser det røynlege innhaldet i “liberaliseringa” her, er dei “moralistiske.”
Og ikkje urbane og trendy nok.

Oddvar Stenstrøm er elles ein så pornofri person at han gjerne held seg til innvandrarar, skatteterror,
alkoholprisar, bensinprisar og fartsdumper. Då oljen låg rundt 60 dollar fatet, var dette å sjå i
økonomidelen av EuroNews: Kurva for volumbruk av olje fram til år 2025 peikar kraftig
“oppover.” Naudsynt for økonomisk “vokster.” I dag veit vi at volumtoppen er nådd. Kurva på
EuroNews var derfor omgjeven av svarte tunge skyar, frå oljebrønnar i brann. To “klåre”
meldingar: Volumtoppen er nådd, og forureininga aukar. Båe desse uinteressante tilhøva har så
Kari Se og Hør og Ola VG i god familiesemje avskaffa gjennom telefondemokratiet Holmgang,
TV 2.

EuroNews 24. november: Bundeskanzlerin Angela Merkel insisterer på meir
“Wettbewerbsfähigkeit” innan EU, plent slik Peter Mandelson og Tony Blair gjer. Meir konkurransedugleik innan EU. Kanzlerin Angela Merkel var snøgg med å vitje London. Ho har
fått invitasjon frå Kreml om tysk statsvitjing der. Så langt har ho ikkje svara. Når Kanzlerin
Merkel reiser til Washington etter Paris-Brüssel-London, understrekar ho samstundes aksen
Berlin-London-Washington. Tidlegare Bundeskanzler Schröder understreka derimot “aksen”
Moskva-Berlin-Paris. Same EuroNews- sending: NATO-basen i Usbekistan skal fjernast innan
utgangen av året 2005. Det er nemleg NATO base det er snakk om. Kva for NATO-land som er
der, er så langt ikkje “offentleg” kjend.

Det ville vere merkjeleg om ikkje Pentagon, CIA, NSA og amerikanske politikarar og militære
i ulike tenkjetankar har klår ein Plan B for Latin-Amerika. Det amerikanske gass -og oljenærværet
i Den eurasiske korridor og Midt-Austen er og blir ustabilt.

Opposisjonen i Venezuela boikotta valet til nasjonalforsamlinga i Venezuela. Mediemeldingane til
“verda” er dermed at Hugo Chavez er ein «diktator». Militærkupp, undergraving av demokratisk
valde regime i Latin-Amerika. Dette er i beste “Big Stick-,” “Small Stick“-tradisjon. USA vil vere
innblanda, men det vil ikkje skape same merksemda i Europa som fiaskoen i Irak no.

Med EU-medlemskap er det “nøytrale” Sverige og Finland også de facto NATO-medlemer.
NATO hadde toppmøte i Åre i Sverige i februar 2004. CIA kan derfor ha nytta både Sverige
og Finland som transittland for transport av “terroristmistenkte” til land der CIA administrerer
tortur.

Større EU-land som Tyskland kan leggje press på USA om å fortelje kva for EU-land som er
innblanda i tortur og transport av “terrormistenkte.” Så ein fullstendig fiktiv “debatt.” Tysk
etterretningsteneste samarbeider med CIA, som tilfelle er med sivil og militær etterretning i alle
NATO-land. CIA soknar under det amerikanske utanriksdepartementet. Bibelskolelærar og
utanriksminister Condoleezza Rice er “høgste ansvarleg” her. Heile NATO er med i “Verdskrigen
mot Verdsterrorismen.” Og medan ein krig går føre, skal ikkje slike løyndomar om NATO-land
gjerast kjende. Dei er klassifiserte. Same kva Condy Rice seier her, vil NATO-EU måtte godta det.

Og NATO-EU sit der, i sitt eige nett! Og Europa drit i sitt eige reir. Tortur skulle vere avskaffa
i Europa no! Då NATO blei skipa, kalla den tidlegare amerikanske visepresidenten Henry. A.
Wallace NATO for Krigsalliansen. I det fekk han heilt rett.

Jürgen Habermas tok i mot Holberg-prisen på 4,5 millionar kroner i haust. Ved det høvet forkynna
Habermas den stor religiøse vekkinga som no går over verda. Som døme på det i Klassekampen: I
Latin-Amerika har 50 millionar konvertert til protestantismen.

Vel, i den grad “religion” er innblanda i Latin-Amerika, så er forklåringa på konverteringa denne:
Den katolske kyrkja i Latin-Amerika tillet korkje bruk av kondom eller abort. Dette var med i
dokumentraren i “Utsyn” NRK om pave Sanctus Expressus Virginus og Den katolske kyrkja.
Latin-Amerika. Filippinane og Afrika var landområde som var med i dokumentaren.

Noverande Papa Razzi, som det heitte i britiske tabloidar då kardinal Ratzinger blei pave Benedikt,
sa følgjande i “Utsyn”- dokumentaren: Vatikanet hadde “vitskaplege prov” på at bruk av kondom
spreidde HIV/ AIDS.

I Dag og Tid nr 48 i år har Einar Kringlen ein stutt, men innhaldsrik artikkel: Helse og religion. Litt
sitat frå denne artikkelen: “Bannbullen frå Vatikanet mot kondomar har truleg kosta mange hundre
tusen liv.” Så avgjort! Det er heller snakk om millionar liv. Då i dei tre nemnde landområda: Afrika,
Filippinane og Latin - Amerika.

For å unngå “strikkepinneabortar,” konverterer derfor katolikkane i Latin-Amerika til lutherdomen.
Då treng dei ikkje kome i konflikt med skriftefar og lokalsamfunn. Og dei kan kjøpe kondom utan
å tru at dei får HIV/AIDS av den grunn. Om det er seniliteten som har innhenta Habermas, eller ein
Gustvus Adolfus Verein i Tyskland har gjord han til god lutheranar, veit ikkje eg. Det ser heller ut
som mannen no er blitt pavetru katolikk.

Kva gjeld det sensasjonelle talet, så er 50 millionar tidlegare katolikkar identisk med dei 50 millionar
som konverterer til lutherdomen! I sum: Same talet “religiøse.” Thor Heyerdahl døydde, ikkje så
lenge etter han gjorde den arkeologiske storfangsten hos Snorre. No skal ein ikkje ønske livet av
folk. Men det kan bli mange prisutdelingar enno, der Habermas gjev oss slike djupe filosofiske
innsyn: 50 millionar = 50 millionar.

Men merk deg lagnaden til ein av læremeistrane dine, Jon Hellesnes! Han er NATO-tilhengjar
og støttar no krigseventyr i NATO-regi, over alt. Plent slik din likesinna, Hans Skjervheim,
enda opp med å gjere! Då Hans Skjervheims støtte til USAs folkemord i Vietnam. Imperium har
visse hovuddrag saman. Mellom anna treng dei vassallar. Vassallen NATO-EU er tydeleg nok.
Som Andrew Bacevich peikar på: Ein prokonsul i Europa og ein i Irak. Janne Haaland Matlary er
også talsperson for omlegging i norsk militærstruktur. Ein god del norske offiserar likar til dømes
ikkje at Nord-Noreg blir “avmilitarisert.”

Først her: Det finst sjølvsagd ikkje nokon “norsk” militærpolitikk her. Den er styrt frå sentralt
NATO-hald. Forsvarssjef Diesen gjer det han blir beden om, i så måte. Norsk regjering fungerer
her som ein mellomlekk mellom NATO- kommando sentralt, og norsk landområde. Og Forsvarssjef
Diesen tek i mot ”ordre” frå Det norske forsvarsdepartementet, som får “ordre” frå sentral
NATO-kommando.

Janne Haaland Matlary er “ekspert” her har eg forstått. Ho meiner å vite at der ikkje blir krig
mellom land meir. Janne Haaland Matlary er globaliseringstilhengjar, vil eg tru. Då skal
landegrenser vekk. Og i USA-NATO-EU -regi skal “spesialstyrkar” hindre lokal “uro” på Tellus.
Det blir sørgjeleg mange “lokalitetar” å halde greie på her. Jamvel på “kirurgisk” vis. Irak er då eit
“land,” så vidt eg veit. Og Globus 2 radaren ligg også i eit “land.” Han blir ikkje flytta, og
overvakar fleire “land.” Ved eit høve sa eg dette til ein eg snakka med i telefonen: “Det blir krig om
vatn før det blir krig om olje.” Dermed sa det eit lite “klikk”, og samtalen blei avbroten.

No er det likevel krig om olje i “landet” Irak, så der tok eg feil. Representanten for norsk
politiovervaking tok tydelegvis også feil, av vatn og olje. Til vern om “demokratiet” har desse
“landa” gått i “demokratisk allianse:” Georgia, Makedonia, Romania, Moldova, Ukraina, Litauen,
Latvia og Estland. Fire av dei er NATO-land, tre av dei også EU-land. På tyske 2F Dokukanal
11 12 2005 var der ein dokumentar om USAs nære allierte, Romania. Desse amerikanske
presidentane vitja Romania på 1970-talet. President Nixon, President Ford, President Carter.
Deretter overtok Georg Schultz for President Reagan. President Nixon heldt ein hyllingstale til
president Ceauscescu, i svært så høgstemde tonar. Hovudårsak: Abort var strengt forboden i
Romania.

I same veke på EuroNews: President Saakhasvili og Georg Soros fekk ei symbolsk gravlegging i
Georgia. Som utstoppa dokker i likkister. Og likkistene blei senka i jorda. Eit “farvel” til Kmara-
”revolusjonen!” Det tyske TV- selskapet ARD har ein russar som tysktalande medarbeidar i Moskva.
I dagane før jula 2005 klaga han over at det var “Appelsinfobi” i Russland.

Vel, det er ei god stund sidan Carl Bildt sin “sovjetpresident Putin” gjorde det klårt at utanlandske
selskap ikkje skulle avgjere val i Russland, slik dei gjorde under “Appelsinrevolusjonen” i Ukraina.
Kva presterer så NRK her? Amnesty International får jamre over at dei blir utestengde frå neste
russiske presidentval. Presidentvalet i Ukraina blei finansiert og avgjord av dei om lag 1000 vestlege
selskapa som var i Ukraina hausten 2004. Amnesty International si rolle var utan medverknad, i så
måte. Elles nekta også Kasakhstan vestlege organisasjonar å vere med å påverke utfallet av
presidentvalet i landet sist haust. Russland inngjekk nyleg ein militær miniallianse med
Kasakhstan, Usbekistan, Tadsjikistan, Kirgisistan, Armenia og Kviterussland. Så har vore sagd og
synt både på russisk og tysk TV og EuroNews i desember i år. Inntil vidare har vi her å gjere med
“land.”

“Det siste diktaturet i “det gamle Europa» heiter Kviterussland. Jamfør Donald Rumsfeld med
ekkoet Hans Wilhelm Steinfeld i NRK. Dette diktaturet får gass og olje til fastpris frå Russland.
Den nemnde “demokratialliansen” må derimot kjøpe gass og olje på Den frie, demokratiske,
kapitalistiske marknaden.

Då bibelskolelærar og Secretary of State, Condoleezza Rice, vitja Ukraina, rosa ho Justsjenko -
regimet for at Ukraina hadde “Market economy.” Altså “demokrati”. Kan hende nøgd med arbeidet
til Jeffrey Sachs, så langt. Så i desember 2005 kom denne meldinga frå “Sovjetpresident Putin” i
Kreml. Med “marknadsøkonomi” må Ukraina kjøpe gass til “marknadspris,” den einaste
demokratiske prisen, får vi føye til her. Gazprom endrar dermed gassprisen frå “diktatoriske”
50 dollar til 230 “demokratiske” dollar, per måleeining.

Same velkomst og feiring av ukrainsk “marknadsøkonomi” fekk president Justsjenko då han var i
Brüssel no i haust. Condoleezza Rice godkjende attvalet av presidenten i Kasakhstan, før valet
fann stad. EXXON er største oljeselskapet i Kasakhstan. Dernest kjem LUKOIL. Også sagd og
synt på russisk og tysk TV, og Euro News. Kasakhstan har store reservar av olje.

“Sams fiende” her: “Terrorisme.” Eg tenkjer vi kan føye til gass- og oljeprisen, også. Det russiske
“demokratiet” er det ingen fare med, så lenge det frie demokratiske, private initiativet og marknaden
her syt for rikeleg tilgang på horer. Og som bibelskolelærar kan du ikkje lyge, Condy Rice, når
du hevdar at der ikkje finst tortur i CIA-regi nokon stad på Tellus? Men her lyg du! Ein tysk
statsborgar av “muslimsk” opphav blei utsett for tortur i Afghanistan. Dette har fått fyldig dekning
på tysk TV i desember 2005.

Ein tidlegare CIA-agent blei intervjua på tysk TV no i desember. Han fortalde om dei
torturmetodane som blir nytta i CIA-regi. “The Waterboard,” til dømes. Noko for Christian Borch
i NRK TV? Elles får vi vone at misjonsforeiningane held fram med å strikke ullvottar for Afrika.
Slik kan Redningsselskapet få inn basarpengar når det blir så “modernisert“ at det blir 100%
privatisert. Då trengst det strikkemaskinar! Oljen kostar då innpå100 dollar fatet, og skreien gyt
lenger nord. Dersom der finst noko att av han. Det er tilfelle om stuttare tid enn vi ønskjer å vite.
Altså “veit” vi det ikkje. Vi får heller bu oss til å leve på yellow cake.

I “PresseSchau” “EuroNews” 23.12. 2005: På framsida av den russiske Gazeta: “Russland er
leiande i verda på gass og olje.” “Leiande i gass,” har vore kjend heile dette året. Truleg er der gjort
nye oljefunn også, som hittil ikkje har vore med i overslag over oljereservar. “Grosse Empörung”-
“Stor ståhei”- då det blei kjend i Tyskland at tidlegare Bundeskanzler Schröder dreiv
gassforhandlingar med “sovjetpresident Putin,” parallelt med yrket sitt som tysk Bundeskanzler.
Den ståheien blei stuttvarig. Tyske børstal peika “oppover” - så lenge det varar. Tyske selskap
49 % i ein langvarig gassleveranse, den russiske stat 51%, ved Gazprom.

I tillegg er det “gunstig” for tysk næringsliv at Verdsmeisterskapen i fotball i år 2006 finn stad i
Tyskland. Same “Empörung” då Banksjef Josef Ackermann i Deutsche Bank blei sett under
etterforsking for utstrekt økonomisk svindel mellom Mannesmann og Deutsche Bank, i regi
av sjølvaste banksjef Ackermann. Jenseits von Gut und Böse, blei denne svindelen kalla på tyske
nyheitssendingar. Vel, det skulle vel vere “tysk” nok. På Transperency International si liste over
korrupsjon kjem Tyskland heller dårleg ut. SPD-talsmann Thierse sin kommentar til
«Ackermannskandal»: “Tyskland er på avvegar.” CDU/CSU sin talsmann Kauder: “Vi har fritt
næringsliv i Tyskland.” Målt etter korrupsjonsnivå er det svært så mykje “fritt næringsliv” på
Haiti og i Bangladesh. Der blomstrar med andre ord “demokratiet.” Jamfør her
korrupsjonsrangeringa til Transparency International.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!
Stikkord

sosialisme

russland


Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering