(Nr 5 - 2006) Bortgøymd i ein liten notis i The Guardian Weekly 21.-27. oktober 2005 står 
dette: Prospect/Foreign Policy Poll utnemner Noam Chomsky til den fremste av dei offentlege
intellektuelle i verda. Grunngjevinga er Chomskys vedvarande kritikk av amerikansk utanrikspolitikk. Heldigvis står det samstundes at Chomsky er “ein av fleire”, i så måte. “Bortgøymd” her fordi Chomsky, då han var til stades under WTO- toppmøtet i Cancun, var definert som “moderat” terrorist! Og fordi Bush- Blair no leier kampen mot 
“verdsterrorismen”.

Av Kjell-Arnt Labukt

Og fordi Noam Chomsky var ein av leiarane i eit Irak-tribunal som kom saman no i haust. Eit 
tribunal danna etter mønster av det Vietnam-tribunalet Bertrand Russell i si tid leia. I dei aviser og
på dei TV-kanalane eg har, var der ikkje eitt ord referat frå dette tribunalet. Ingen mediebyrå våga
her dekkje eit møte der ein kjend “terrorist” var i leiinga.

USA byggjer no militærbasar i Romania. Slik står det å lese i Herald Tribune 24 10 05. I full visse
om at paragraf 5 i NATO-pakta alltid syt for ein “koalisjon av viljuge.” Slik tilfelle var med
noverande tre norske regjeringskameratar, i Kosovo i 1999.

Frankfurter Allgemeine 25. oktober 2005 har ein tekst med eit illustrerande foto på side 2 i avisa:
NATO-sekretær De Hoop Scheffer og den ukrainske forsvarsminister Hruzenko lutar og støttar
hovuda mot kvarandre, bokstavleg tala. Her i all takksemd! His Master’s Voice i Washington har
gjeve melding om at NATO-medlemskap for Ukraina ikkje skal drøftast før år 2008. Det er fleire
avgjerande presidentval det året, utan at det står i denne artikkelen i Frankfurter Allgemeine.
Derimot står det i artikkelen at ein NATO-Ukraina- kommisjon har vore i verksemd sidan år 1997.
Men Viktor Justsjenko har gjort som Jeffrey Sachs har bede han om. Den ukrainske stålfabrikken
Krivorzhstal er kjøpt av det største stålkonsernet i verda, Mitall. Kva Ukraina tener på det, står att
å sjå.

På ukrainske TV-kanalar: Georg Soros, i høgste grad til stades i Ukraina, fekk globaliserings-skepsis
for fleire år sidan. I Ukraina skal no “ukrainsk kultur” frå “før-sovjetisk tid” få den nasjonale
“renessansen” Georg Soros ivrar for. Det gjev seg til dømes slike utslag som “vitskaplege”
TV-debattar om nærværet av “Poltergeist”. I Ukraina blir dette tyske ordet for “bankeånd” nytta.
Til “ukrainsk kultur” frå før-sovjetisk tid høyrer mesteparten av lokal overtru frå 1800-talet, eller før.
I allianse med vestleg pop- og vulgærkultur.

Synt på den ukrainske TV-kanalen Inter+ nyleg: Jentebarn av ukrainsk mafia skal gå på same slag
jenteinstitusjonar som adelsdøtrer gjorde i Tsartida. Desse institutta blir utstyrte og innreidde slik dei
var under Romanov-familien sist på 1800-talet. Dette var både synt og sagd på nyheitssendinga på
Ukraina Inter+. Sjølvsagd finst der meir komfortable innretningar også, som ikkje synst. Eit nytt
Smolnij-institutt i Kharkov?

Litt meir frå Bacevich: American Empire. På side 232: “Bush sin krig mot terror og for fridom har
som kjerne å skape ei open og integrert verd, eit USA leia prosjekt.” Bachevich har i ein fotnote
tilvisingar til amerikanske avisartiklar alt hausten 2001, der det stod at Saddam-Irak stod for tur i så
måte. Desse artiklane var skrivne av kjende amerikanske politikarar. Mellom andre Joe Lieberman
frå demokratane. Lieberman var visepresidentkandidaten til Al Gore, demokratane i år 2000.

Noam Chomsky skil ikkje mellom demokratane og republikanarane i amerikansk utanrikspolitikk.
Det gjer heller ikkje Bacevich. Sjølvsagd tok det tid å utarbeide planar, alliansar og hjernevask i
media for invasjonen i Irak i mars 2003. Det absurde i dette USA-leia opplegget har Bacevich med i
eit kapittel som heiter Gunboats and Gurkhas. Tittelen på kapitlet syner sjølvsagd til britane sin bruk
av kanonbåtar og gurkasoldatar, då dei hadde Midt-Austen inkludert i The British Empire.

Kryssar-rakettar har erstatta kanonbåtar, skriv Bacevich. Og som Gurkhas nyttar no USA “alt
mogleg”. I motsetnad til britane som kunne lite på sine gurkhas, kan ikkje USA lenger lite på sine.
Jamfør det å vekselvis nytte og forkaste Taliban, Al-Quaida og alle slags “Mujahedin”.
Og endå ein talande bortgøymd notis i The Guardian Weekly 28. oktober - 3. november 2005:
Amerikansk våpenindustri har fått fritak av Representanthuset i Kongressen mot moglege sivile
søksmål. Det same er tilfelle med “fast -food Chains,” står det i notisen. God Bless Lockheed Marin,
Coca Cola, McDonald’s and the Donald Duck Family! 29. oktober 2005 var ein viktig dato i soga til
The American Empire. Det å opprette ein storjury mot dei mest sentrale personar i ein amerikansk
presidentadministrasjon nett no, er svært sterk kritikk av noverande president-administrasjon.

Demokratane oppretta sin eigen “storjury”. Storjury fordi indre krinsar i Bushadministrasjonen “lak
ut” namnet på CIA- agent Valerie Plame, medan ho var i aktiv teneste. Ein storjury her er langt meir
enn kriminell tiltale mot rådgjevar til visepresident Dick Cheney, Lewis Libby. Det er heile
bakgrunnen for det USA-leia “nærværet i Irak” som er tiltala. I Washington Diary i The Guardian
Weekly, november 11.-17. 2005, skriv Julian Borger at vi må heilt attende til president Ulysses
Grant, for 130 år sidan, for å finne maken i USA.

Eitt er at Bush-administranen driv “lekkasje” mot sine eigne etterretningsagentar. Her CIA-agent
Valerie Plame. Noko som automatisk er straffbart. Det andre er sjølvsagd at Bush-administrasjonen
okkuperer Irak, utan det ringaste av legitimt grunnlag, nasjonalt eller internasjonalt. Dette blir verre
dess lengre Bush-Blair let vere å gje ein grunn for okkupasjonen. Inntil vidare kan heller ikkje
“demokrati” nyttast som grunn. Eit “demokratisk val” i eit okkupert land er staffasje, og ikkje “demokrati”. “Masseøydeleggingsvåpen?” “Osama bin Laden?” “Satan-Saddam?” Berre
sistnemnde var til stades i Irak i 2003.

Stutt tid etter prokonsul Paul Bremer sa dette: “Ladies and gentlemen. We have got him,” hadde
russisk TV ein variant som faktisk synst påliteleg: Satan- Saddam blei gassa inne i ei bygning
medan kampar gjekk føre der. Deretter blei han plassert nede i eit hol i asfalten. TV-kanalen arte
har no i november 2005 synt ein dokumentar om “rettssaka” mot Satan-Saddam, så langt. Endå
ein farse! Tidlegare justisminister i USA Ramsey Clark og franske juristar kommenterer “rettssaka”,
i same dokumentaren kommenterer Ramsey Clark “rettssaka” mot Milosevic. Og her blei ein
asfaltert plass med ei lita treluke synt fram. Under den luka, midt på ein open plass, heldt altså
Satan-Saddam til i lang tid? Sjølvsagd ikkje!

Heile pressekonferansen med leiaren for storjuryen, Patrick Fitzgerald, blei overførd på CNN.
Patrick Fitzgerald verka å vere ein solid mann. Og endeleg kunne Washington Post trykkje slikt dei
lenge har visst, 2. november: Tortur i CIA-regi av “terrormistenkte” i NATO- og EU-demokrati i
Aust-Europa, eller i president Clintons Sentral-Europa. Britiske aviser som The Guardian, The
Independent, The Observer har for fleire månader sidan skrive om amerikansk bruk av fengsel for
“terrormistenkte” i land der tortur er vanleg. Med namn på dei aktuelle landa. Med opprettinga av
storjuryen i USA, kan aviser som Washington Post og The New York Times fri seg frå den
sjølvsensuren dei har praktisert heilt sidan 11.9. 01.

“Nattnytt” i NRK like før: 3 menneskerettsekspertar frå FN er nekta tilgang til Guantánamobasen.
Det er alt nokså klårt at dei to NATO landa i Aust-Europa som tillet tortur av “terrormistenkte” er
Polen og Romania. Jamfør dei nemnde militærbasane som USA åleine har hand om i Polen og
Romania. Baseområda her er hermetisk lukka for “uvedkommande”. Men både Amnesty
International og Human Rights Watch har sagd seg visse på at torturen går føre i nett desse to landa.
Det stod ein diskret notis om det i The Guardian Weekly 10 - 17. 11. 05.

I Ny Tid nr. 41 i år har Jogvan H. Gardar ein god artikkel i så måte. Ny Tid fortener ros for no å ha
med teke til med maktkritisk internasjonal journalistikk.

Den satiriske kommentaren Robert Fisk hadde i Klassekampen til trioen Bush-Blair og nyvald iransk
president, er journalistikk på sitt beste. All honnør til Klassekampen som har gjeve Robert Fisk
spalteplass. Det er også rosverdig at den amerikanske økonomihistorikaren Immanuel Wallerstein
har fått spalteplass i Klassekampen. Også George Monbiot er leseverdig. Men noko slikt som
“kulturradikalisme” finst ikkje i dag, redaktør Braanen. Rett nemning her er eskapisme, illusjonisme
og ekshibisjonisme! I “Dagsnytt 18” NRK 3. november var der eit innslag om at jordskjelvet i
Pakistan i haust hadde fått lite merksemd i norske media.

Det er ikkje å undrast over. Kari og Olav Vom har langt meir presserande problem. Også av den
enkle grunn at ingen av nemnde dyreart strauk med i jordskjelvet i Pakistan. Derimot etter tsunamien
i Asia ved førre årsskifte: Den velkjende føljetongen i NRK og andre norske media. Ikkje berre
drukna gode norskingar då. Mange av dei blei også våte på føtene. Derfor “tsunamiføljetongen”
klokka 1900 i NRK, i vekevis, kan eg tenkje meg. Nyheitsredaksjonen i NRK har for tida nok med å
førebu neste episode i “NOKAS-føljetongen”. “Kriminalføljetongar” er tydelegvis stoff som gjev
rett rating!

I same nummer av Financial Times, 1. november: Aliyev expected to retain power in Azerbaidjan
poll. Omsett:”Det er venta at Alijev kjem til å bli ved makta etter valet i Aserbajdsjan.” Og sjølvsagd
gjorde han det. OSSE godtok ikkje attvalet av Alijev Junior. To amerikanske “komitear” godtok
derimot valutfallet.

Der følgde demonstrasjonar mot valutfallet, i Baku straks etter. Der var mange ukrainske
“appelsinflagg” å sjå i Baku, ved det høvet. “WHERE ARE YOU NOW MR BUSH?” Slik stod
det å lese på ein “appelsintransparent”. Også det ukrainske flagget blei nytta i Baku.

Under fiaskomøtet om frihandelen mellom Nord- og Sør-Amerika i Mar del Plata i haust blei det amerikanske flagget brend! Dette blei synt på den ukrainske TV-kanalen Inter+, men ikkje på den
EU og NATO-lojale ukrainske TV-kanalen TRK Ukraina. Den ukrainske valobservatøren blei
lempa ut av Aserbajdsjan før valet.

Og dagen etter valet synte den ukrainske TV-kanalen Inter+ ungdom i Ukraina som pelma eigne
politikarar, nettopp med appelsinar! I ei nyheitssending på ein russisk TVkanal blei det sagd slik:
“Som kjend heiter presidenten i Aserbajdsjan Herr Olje.” EuroNews sa det same, men meir diskret
og diplomatisk. Det høyrer med at russiske TV-kanalar gav ei fyldig dekning av fiaskoen i Mar del
Plata. Ikkje berre brenning av det amerikanske flagget. Mellom anna let dei Hugo Chávez kome fritt
til orde. 7. november sende russiske kommunistar helsing til president Hugo Chávez, ikkje til
president Putin. Slik blei det synt og sagd på russisk TV.

«Synt på den ukrainske TV-kanalen Inter+ nyleg: Jentebarn av ukrainsk mafia skal gå på same slag
jenteinstitusjonar som adelsdøtrer gjorde i tsar-tida. Desse institutta blir utstyrte og innreidde slik dei
var under Romanovfamilien sist på 1800-talet. Dette vart både synt og sagt på nyheitssendinga på
Ukraina Inter+.» Putin blir likevel oppfatta som “sterk mann” i Kreml av fleirtalet av russarane.
Putin spelar også på nasjonale strenger, utan å vere ekstrem, her. Og det er vel uvisst om der kjem
fleire meiningsmålingar som syner at 53% av russarane vil ha ein ny “Stalin”, slik tilfellet var
tidlegare i år.

Det einaste president Putin synst å ha av “ideologi” er ei “nasjonal” haldning. Dette oppstod alt med
Stalins “sosialisme i eitt land”. Ei “nasjonal” haldning blei forsterka av Den store fedrelandskrigen,
det sovjetiske namnet på Andre verdskrig. Også på 1970-talet var “nasjonal” haldning eksplisitt i
Kreml. Dette hadde ingen ting med aggressiv nasjonalisme å gjere! Den amerikanske kulturimperialismen i heile etterkrigstida er det stikk motsette av det å ta vare på eigen kultur, slik
tilfellet var i Sovjetunionen. Amerikansk kulturimperialisme er som namnet seier, imperialisme.
Det som var av “nasjonal haldning” i Sovjetunionen på 1970-talet, var svar på denne amerikansk
kulturimperialismen. Faktisk var vestleg medieverksemd, alle typar “underhaldning,” med på å bryte
opp Sovjetunionen under Den “andre” kalde krigen. Frå sist på 1970-talet og fram til no. Rimeleg
nok er ukrainske TV-kanalar no til dei grader amerikaniserte.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lag historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Harald Øystein Reppesgaard Redaktør: Terje Bjørlo Nett: Petter Konrad Sandvik

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 920 20 793
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2019 - Republisering