I august i fjor gjennomførte Russland og Kina for første gong i historia ei   felles militærøving. Øvinga gjekk føre seg på den kinesiske kysten, og   simulerte eit invasjonsforsøk.|||Foto: Xinhua
I august i fjor gjennomførte Russland og Kina for første gong i historia ei felles militærøving. Øvinga gjekk føre seg på den kinesiske kysten, og simulerte eit invasjonsforsøk.|||Foto: Xinhua

(Nr 4 - 2006) Det aukande samarbeidet mellom Russland-Kina går, så langt vi veit, ut på at Russland sel våpen, gass og olje til Kina, og at salet aukar i omfang. Alliansen Russland-Kina tok til i år 2001. I American Empire skriv Bacevich kvifor: Under krigen i Kosovo splitta general Wesley Clark opp Kosovo i fem sektorar. Kvar sektor skulle stå under framtidig kommando av eit NATO-land i kvar sektor.

Med utsikt til at russiske styrkar skulle vere utestengde frå Kosovo, eller stå under NATO-
kommando der, gjorde russisk kommando følgjande: Russiske fredsstyrkar i Bosnia “okkuperte” flyplassen i Pristina.

Av Kjell-Arnt Labukt

For General Wesley Clark var dette eit “strategic challenge,” frå Moskva mot NATO, som Bacevich 
har som sitat. Han gav derfor den britiske General Jackson ordre om å slå dei russiske styrkane
militært, “med kva middel som helst,” som Bacevich skriv. Inkludert å forhindre russisk bruk av
flyplassen i Pristina.

Det var då general Jackson gav Wesley Clark dette kjende svaret: “Eg startar ikkje Tredje verdskrig
for din del.” Bacevich skriv deretter om kvifor Jackson her ikkje gjorde nokon “formell militær
kommandofeil” ved å svare som han gjorde.

Kinesarane hadde sin grunn i NATO bombinga av den kinesiske ambassaden i Beograd, 07 05 1999.
Dei godtok ikkje at bombinga var eit “mistak”. 01 04 01 kolliderte eit kinesisk jagarfly med eit
amerikansk Navy EP-3-“rekognoseringsfly” utanfor kysten av Kina. Det amerikanske spionflyet
måtte naudlande på den kinesiske militærbasen på Hainan. Flygaren på det kinesiske flyet omkom.
Mannskapet på det amerikanske spionflyet var 24 personar. Dermed fekk USA eit problem med sin
“strategiske konkurrent,” som Bechevich kallar Kina her.

Kina kravde ei full amerikansk orsaking. Men der kom berre uttalingar om ei “sørgjeleg hending”.
Utanriksminister Colin Powell lovprisa i tillegg den handsaminga amerikanarane på Hainan fekk
av Folkets frigjeringshær. I tillegg lova Bush II at same kva amerikanske styresmakter måtte seie om
menneskerettar i Kina, skulle det gode tilhøvet mellom Kina og USA stå ved lag. Amerikanske
økonomiske interesser var avgjerande, skriv Bacevich.

Kapitlet der Bacevich skriv om Kosovo heiter Rise Of The Proconsuls. På få sider gjev dette
kapitlet god dekning av bakgrunn og gjennomføring av Operation Allied Force, det militære
kodenamnet for Kosovokrigen. Eller som journalistar kalla krigen: “Madeleine’s krig.” Madeleine
Albright var amerikansk utanriksminister.

Bacevich nyttar nemninga prokonsul om Wesley Clark fordi Clark samstundes var kommandør av
Den amerikanske Europakommando og sidestilt med øvstkommanderande i NATO. Jamfør her
prokonsul Paul Bremer i Irak.

For dei som les engelsk, er desse to bøkene sjølvsagd lesing om Balkan: Noam Chomsky: The New
Military Humanism. Lessons From, Kosovo. Tariq Ali, ed: Masters Of The Universe? NATO’s
Balkan Crusade.

Den venskaps- og samarbeidsavtalen Russland og Kina underteikna i 2001, inneheldt også dette:
Båe partar ville halde seg til internasjonale avtalar, og ikkje utøve press mot indre tilhøve i suverene
statar, der aktuelle statar ikkje ønskjar innblanding. Ei tydeleg påminning om NATO-“aksjonen” i
Kosovo 1999. “Legitimert” gjennom hjernevask i media, basert på løgn. Løgner svært ivrig
kolporterte av lisensvarianten NRK. Eg tillet meg derfor å be Per Anders Johansen og Grethe
Gynnild Johnsen i NRK om å syte for at innhaldet i rapporten til doktor juris Wiebes blir kjend for
lisensbetalarane.

Milosevic er alt de facto frikjend i denne “folkemord-domstolen” i Haag. Den nederlandske doktor
juris Wiebes la fram ei 7000 siders rapport, som frikjende Milosevic fullstendig. Kroaten Ante
Gutovina blei teken, fordi Kroatia er kandidat til NATO og EU. NTB-varianten i Klassekampen:
Milosevic no med så høgt blodtrykk at han ikkje kan stillast for retten. “Høgt” blodtrykk, fullt
ut truleg. Resten i NTB-meldinga i Klassekampen: Cover-up, eller løgn, om vi vil. Milosevic blir
ikkje dømd, men det går heller ikkje an å berre setje mannen fri. I NRK har mannen slutta å eksistere
for fleire år sidan.

TV-kanalen arte hadde dekning av innleiinga av “rettssaka” mot Milosevic. Ein rein farse!
Då Bacevich: American Empire kom ut, var okkupasjonen av Irak eit faktum. Bacevich har derfor
litt kommentar også til denne okkupasjonen. Plent slik Noam Chomsky ikkje skil mellom
administrasjonar frå demokratane eller republikanarane, gjer Bacevich heller ikkje det. Han seier det
slik med eit sitat av Lawrence Kaplan: “Republikanarane bombar gjerne på dagtid, demokratane
om ettermiddagen.”

Bacevich har med mange sitat frå både republikanarar og demokratar, som kokar ned til dette:
Frihandel fører med seg alt av andre fridomar også. Og det er sjølvsagd at berre USA kan leie
denne “frie flyten”. “Graden av fridom avheng av amerikansk styrke,” eit sitat av Bush II.

I år 2000 uttala noverande utanriksminister Condoleezza Rice at amerikansk utanrikspolitikk hadde
dette som mål: “Ikkje noko stormakt skal kunne utvikle seg til å truge stabiliteten.” Dette er sitert hos
Bacevich. “Stabiliteten” er det utelukkande USA, med ein koalisjon av “viljuge”, som skal syte for.

Vel, det er “lenge” sidan år 2000, no ved byrjinga av år 2006. Korkje kinesarar eller russarar tek det
som nokon “naturlov” at USA med lakeiar har monopol på “styringa av verda”. I følgje Financial Times var WTO møtet i Hong Kong i desember i år mislykka. “Den frie flyten”, som er sjølve
sæla for Financial Times og alle tilhengjarane av EU og globalisering, er i ferd med å “tørke opp”.
Dei internasjonale storselskapa som haustar enorm profitt gjennom høgt kvalifisert kinesisk
arbeidskraft på slaveløner er i ein merkjeleg symbiose med det “kommunistiske” Kina. Om desse
selskapa, som Hennes & Mauritz, IBM, Minolta, General Electric og Motorola har heimland, anar
ikkje eg.

Som WTO-medlem kan Kina danke ut mykje av næringslivet, både i EU og USA. Kina har i tillegg
alt etablert alliansar i Latin-Amerika, og er på plass i Afrika.

I “Søndagsavisa” på NRK 23.10. blei det nemnd at russisk fiskeri er privatdrive, og ikkje underlagd
russisk statsmakt. Heilt korrekt! Det er då privat initiativ og næringsliv som er “demokrati,“ også i
Russland! Skulle russiske styresmakter take over eigarskap eller for mykje kontroll med russisk
fiskeri, er Russland på nytt eit “kommunistdiktatur”, automatisk.

“Russen kjem, russen kjem!” Ja, men ikkje lenger frå Kommunismens svartebok, Ivan Kristoffersen.
No kjem “russen” med privatisert, effektiv, kapitalistisk, demokratisk konkurranse. Den er som
kjend løysinga på alt, i form av innovasjonar, i tillegg. I NRK 24.10. var der glede over at ei
meiningsmåling gjord for NRK og Aftenposten synte minkande norsk EUmotstand.

Ei hovudårsak til at både franskmenn og nederlendarar sa nei til utkastet for EU-grunnlov, var
Bolkestein-direktivet. Så langt har eg ikkje høyrt eit ord om Bolkestein-direktivet i NRK. Dette er
regelrett sensur og manipulering, NRK! At Aftenposten ivrar for norsk EU-medlemskap, seier seg
sjølv. Jamvel om avisa visstnok ikkje er “partipolitisk”. Svært merkjeleg, derfor, at Haavard Narum
i Aftenposten fann det formasteleg at Gro Holm kunne tenkje seg regjeringsskifte ved Stortingsvalet
sist haust. Like formasteleg om Gro Holm hadde sagd at dåverande regjering gjerne kunne halde
fram, Haavard Narum?

Same dag, 24.10., på EuroNews: Ein “EU-skeptikar” er vald til president i Polen. Den nye polske
presidenten er “eigar” av radio- og TV-kanalen Radio Maria. Ein propagandakanal frå Den kalde
krigen, retta til polakkar og katolikkare elles i Aust-Europa. TRWAM, som TV-kanalen til Radio
Maria heiter, dekkjer også USA og Latin- Amerika. Og sjølvsagd finansiert av Vatikanet og rike
europeiske og amerikanske katolikkar under Den kalde krigen, og framleis. Denne kanalen var
svært aktiv i Solidarnosc-perioden i Polen. Hugsar eg ikkje feil, “samarbeidde” AKP tett med den
katolske kyrkja i Polen på 1980-talet. Her representert ved Solidarnosc. Altså “alliansen” AKP,
Vatikanet, CIA i dette tidsrommet! Endå ein bisarr konstellasjon. Det heile med årsak i AKPs
patologiske hat mot Sovjetunionen. At Solidarnosc, i allianse med Vatikanet og CIA var del avverdsomspennande strategi, var
derfor AKP ute av stand til å
forstå. Seinare på EuroNews
same dag: Den nyvalde polske
Vatikan/Solidarnoscpresidenten
tenkjer ikkje reise til Brüssel,
derimot til Vatikanet og
Washington. Ikkje uventa.
“Hjarteleg takk” til både
Vatikanet og Washington for
moralsk, økonomisk og militær
støtte til Polen, så langt. Og “på
førehand takk” for vedvarande
framtidig støtte. Medan deltakinga
ved Sejmenvalet i Polen var
36,6%, mønstra 50,6% polakkar
ved omvalet til president.
I august i fjor gjennomførte Russland og Kina for første gong i historia ei
felles militærøving. Øvinga gjekk føre seg på den kinesiske kysten, og
simulerte eit invasjonsforsøk. (Foto: Xinhua)


Dette polske tvillingparet som no har politiske maktposisjonar, var sentrale i Solidarnosc, og stod
den nyss avlidne polske pave Sanctus Virginus Expressus nær. (Les: “Jomfrupave”- kanonisert i
rakettfart.) Slik står det å lese både i tyske og amerikanske aviser. “Jomfrupave”: Mannen døydde
faktisk utan aldri å vere i nærleiken av “eit kvinnfolk”, utan klede. Sagd i ein dokumentar synt på
“Utsyn” NRK. NRK kan ha gode dokumentarar, men synte på nattetid!

Same dag, 24. 10., på EuroNews: Donald Rumsfeld har møte med sin ukrainske kollega, og
oppmodar Ukraina om å kome inn i NATO snarast råd. Kva det ukrainske folk nyss har sagd her, er
utan interesse for Rumsfeld. Plent slik kva folka i dei nye NATO-og EU-demokratia elles i Europa
meinte då dei blei medlemer. Chomsky nemner det. Han syner også til meiningsmålingar som
uttrykte svært lita folkeleg støtte til politikken til leiarane i Det nye NATO, til Rumsfeld. Sentral-
Europa, som det heitte hos Clinton. Implikasjonen her er tydeleg nok: Aust-Europa er Russland.

Avgjerdene, både om EU- og NATO medlemskap, blei drivne gjennom av ein liten politisk
maktklikk i alle dei nye NATO- og EU-demokratia i Aust-Europa. Om lag slik skriv Chomsky om
landområdet, som altså Clinton & CO kalla Sentral-Europa. Bacevich skriv nett om det i boka
American Empire.

Og endå ein grov provokasjon mot Kreml frå Rumsfeld her. NATO-EUmedlemskap for Ukraina
inngår sjølvsagd i balkaniseringa av Sovjetunionen. Den stoggar ikkje ein Rumsfeld med. Derimot
har Rumsfeld ivrige Bush-Blair-fans i det polske tvillingparet, nyss valde inn i maktposisjonar i
Polen. Jamfør den svært moderne rakettbasen USA åleine har hand om i Polen. Basen har vore
omtala i Marxistische Blätter, i tekstar eg har omsett for Friheten.

Kreml kan svare med å innleie tettare samarbeid med statane i Den eurasiske korridor, i tillegg til
Kina og Kviterussland. Og nett no er der offisielle statsvitjingar mellom Russland og Serbia. Og,
som venta, i NRK, frå Cathrine Løchstøer i Brüssel same dag, 24.10. Polsk “populisme” avgjorde
presidentvalet i Polen.

Der blir sørgjeleg mykje “populisme” innan EU, etter kvart, Cathrine Løchstøer og NRK elles.
“Populisme” er utelukka skapa av media! NRK er ikkje den verste her til lands, i så måte. Det held
lenge med VG, Se og Hør, med tilliggjande herlegdomar i Orkla, A-pressa og Schibsted. Og andre
norske TV-kanalar. Men du vedgår samsundes at polske media, inkludert den svært så katolske
TV-kanalen TRWAM, spreier “populisme”, Cathrine Løchstøer i NRK. Er dette slik å forstå, at dei
polakkane som korkje røysta ved valet til nasjonalforsamlinga eller i andre omgang av
presidentvalet er ikkje populistar?

Og på velkjend polsk vis: Polakkane er fornærma og sinte fordi Tyskland og Russland i lag skal
byggje ei gassrøyrleiing gjennom Austersjøen fram til Tyskland. Leiinga skal vere ferdig innan
2010, og syte for storparten av Tysklands gasskonsum. Vel, det er denne amerikanske rakettbasen
i Polen. Og mykje antirussisk stoff på TV-kanalen TRWAM. «Populisme» er blitt ein negativ
konnotasjon for alt vi ikkje likar. Eit slags “kommunisme-”, “ekstremisme-”, “terrorisme”-“light.”
Men “Standpunkt” i NRK skulle elles vere “populistisk” nok. Jamfør det faste klientellet av
“ekspertar”, med tilhøyrande “Folkedomstol” som “Folkemålar” av “Folkemeining”. Populus = folk.

Eit “folk” er plent så opplyst som det media informerer om. I så måte er det norske folk godt opplyst
om privatlivet til fotballstjerner, mediekjendisar og Kongehus. NRK har sin eigen hoffreportar i så
måte. Og er med på å fremje “kvalitet” i media gjennom kikking i nøkkelhol, med truseskifte
innanfor nøkkelholet. NRK rekk heldigvis enno ikkje heilt opp til Se og Hør og VG, delvis også
Dagbladet, om “intimspray” frå den norske kjendisadelen. Også politikarane er sjølvsagd Se og
Hør kjendisar.

Kjell Magne Bondevik er visst likevel ikkje far til sonen til Marit Arnstad. Denne verdsviktige
sensasjonen skal nyss ha vore i Se og Hør. Nei, det får då vere måte på sedløyse. Denne
fotballpresten Bondevik har derimot sytt for mykje fyll i si tid som statsminister. Ved at regjeringane
han har leia har oppretta mange nye vinmonopolutsal. Og i fylla kan mykje usedeleg hende. Fylla
her som resultat av EØS-reglar. “Mangfald” i media av konkurranse? Så langt - tvert i mot - einfald -
og med minste felles multiplum!

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering