I USA vokser antallet mennesker som er avhengig av et gratis måltid   mat fra private veldedighetrsorganisasjoner (bildet). George Bush og   staten har lite å bidra med.
I USA vokser antallet mennesker som er avhengig av et gratis måltid mat fra private veldedighetrsorganisasjoner (bildet). George Bush og staten har lite å bidra med.

(Nr 2 - 2006) Misnøya med Bush-administrasjonen er veksande i USA no. Heldigvis let det seg ikkje gjere å stogge folkeleg misnøye i USA. Ikkje berre på grunn av fiaskoen i Irak. Også på grunn av føderal dugløyse i samband med orkandama Katarina.


Av Kjell-Arnt Labukt

Dugløyse fordi det etter kvart har kome fram at Washington i lang tid har neglisjert alt av åtvaringar
om auka styrke på orkanane som råkar USA. Den føderale dugløysa her har si forklåring i at
orkanar ikkje er rekna som “terroristar”, og fordi skattelette til amerikanske rikfolk også gjer
føderale styresmakter makteslause. Og fordi fleire og fleire amerikanarar får forverra levekår.
Amerikanske industri flyttar til Kina, i samsvar med frihandelsdogmatikken til Chicago-skolen, som
styrer amerikansk økonomisk politikk. Innanfor WTO har Kina all rett til å selje til dømes tekstilar svært billeg i USA.

Misnøya gjeld også enorme skattelette til rikfolk, med tilsvarande avvikling av det minimale USA
har av sosial stønad. Også dette i samsvar med fundamentalismen til Chicago-skolen.

Hovudmannen her, Milton Friedman, insisterer på at det skal vere valfridom. Mantraet for norsk
høgreside også her til lands. Vel, amerikanske tiggarar har kan hende “valfridom” til å tigge på ulike
stader. Elles har korkje dei eller eit høgt tal amerikanarar “valfridom” til anna enn ulike former for
kriminalitet, for å overleve. Denne valfridomen skal no eksporterast verda over, slik vi kan lese
i den nemnde boka til Andrew J. Bacevich. At det let seg gjere, har Bacevich inga tru på.

Over ein milliard menneske skal altså få den storslegne “valfridomen” å halde fram med å leve på
ein dollar dagen! “Nattnytt” på NRK radio 17. 10. Der er seks gonger så mange drap i fattige
delar av Storbritannia, som i velståande delar. Ein fullstendig logisk følgje av Thatcher og “New
Labour”. Og Storbritannia er komen lengst i såkalla “liberalisering”, som skal gjere EU til den
mest konkurransedyktige stormakt i verda, innan år 2010. Både Peter Mandelson og Tony Blair krev
derfor meir konkurranse innan EU, for å hamle opp med Kina i WTO.

I Die Zeit 17.10. står å lese at sidan Nobelprisen i økonomi blei oppretta i 1968, har Chicago-skolen
sine økonomar fått prisen 27 gonger. Dei styrer no den økonomiske politikken i EU og USA.
Før alt av TV-opptak i samband med orkandama Katrina forsvann, fekk eg med meg dette på tyske
TV-kanalar: Kanadisk hjelp var den som først nådde orkanofra. Det var eit tysk selskap som pumpa
ut vatnet frå det overfløymde New Orleans. Feltlasarett og transportmiddel kom frå Mexico. Mat og
medisinar frå Russland. Og sjølvsagd olje frå Europa.

Noko visst tal på omkomne finst ikkje.
Det “offisielle” talet her er lite verd.
20.10. var der eit innslag på Euro-
News som synte Donald Rumsfeld i
Beijing, der han kjefta på kinesarane
for “militarismen” deira. Så vidare
med Rumsfeld til Seoul. Nyleg har
medlem av Trilateralen, Japan, på
nytt irritert kinesarar og koreanarar.

I dagsnytt 18 NRK 21. 10. snakka
Hans Wilhelm Steinfeld om det
“aggressive” Sovjetunionen. I
kaldkrigspropaganda, ja. Ikkje hos
dei amerikanske historikarane eg har
lese. At mange av dei innleiingsvis
tek ein rituelle avstand frå “diktaturet
Sovjet”, høyrer med. Det dei legg
fram av fakta, er ikkje noko
“aggressivt” Sovjet.


I NRK radio har Hans Wilhelm Steinfeld påstått at Sovjet vurderte å nytte atombomber mot Kina, i
si tid. For det eine er nedgraderingsfristen på den slags 50 år. For det andre er det noko som heiter
“planta informasjon”. Derimot skriv Garthoff at USA seriøst vurderte å nytte preemptive strike mot
dei anlegga der Kina utvikla dei første atomvåpna sine, først på 1960-talet.

Elles bør det nemnast at insider Raymond Garthoff meiner at drapet på president Kennedy var fatalt
negativt for ei tilnærming mellom USA og Sovjet. Dette er det litt delte meiningar om. Korleis
Kennedy ville handsama Vietnam, kan vi ikkje vite.

På den andre sida var Sovjetunionen så minimalt innblanda i Vietnam at Garthoff kan ha mykje rett
her. Cubakrisa blei følgd av avspenning mellom Sovjet og USA. Og president Kennedy heldt ein
tale etter at “alt var avklåra,” der han tilbaud Sovjetunionen samarbeid. Og Garthoff har med at
sovjetleiarane her var samarbeidsviljuge. At denne talen også kosta president Kennedy livet, er ei
anna sak. I boka Dirty Thruths skriv Michael Parenti om mordet på Kennedy.

Meir “nattnytt” i NRK radio klokka 0500 22.10. Folketalet i Russland har minka med over ein halv
million så langt inneverande år. Som årsaker: fattigdom, emigrasjon og forfall i helsevesenet, blei
det sagd i NRK. Men dette har då gått føre i dei siste 15 år, NRK! Inkludert i immigrasjonen er
millionar av unge kvinner frå den tidlegare Sovjetunionen, anten lura eller tvinga til prostitusjon i
USA, Vest-Europa og Søraust-Asia. Dette er ukjend for “Feminist -Javisst-“ damene i
Klassekampen, til dømes. Dei har meir presserande problem, eige kjønnsliv, til dømes. Særleg det
postmoderne kjønnsorganet og kjønnslivet til Wenche Mühleisen!

Hausten 2004 var der eit innslag på svensk “Rapport” frå Tsjeljabinsk i Russland. Arbeidsløysa i
Tsjeljabinsk var nærmast total. Unge kvinner i byen blei lokka med “arbeid” i Vest-Europa.
Ja, “arbeid” på horehus, synte det seg. Det var intervju med ei slik ung kvinne som hadde hatt
“arbeid” i Italia. Ho hadde klart å ta seg attende til Tsjeljabinsk. Det ho fortalde var ikkje nett
døme på fremje av “demokrati” og “menneskerettar”.

50 000 unge russiske kvinner får den slags “arbeid” årleg! Slik blei det sagd i dette innslaget på
“Rapport”. I boka Frihetens bitre tiår skriv Hans Wilhelm Steinfeld at Bresjnev rydda gatene i
Moskva for prostituerte, når der var framand statsvitjing i Moskva. Sommaren 1975 var eg i Moskva.
Eg held det for utelukka at Bresjnev rekna meg som statsvitjing. Men eg trefte ikkje på ei einaste
prostituert i Moskva. Korkje i sentrale eller meir perifere delar av Moskva.

I delar av Paris og London derimot: Flust med tilbod på gata, midt på lyse dagen, på 1970-talet.
Russisk TV syner no karavanar av bilar som plukkar opp forfrosne halvnakne, unge kvinner frå
gatene i Moskva. Men det er vel neppe den delen av det russiske “demokratiet” det er uro for i
Vesten.

I same “Rapport” frå Tsjeljabinsk: Ved ein fabrikk var der arbeid. Arbeidarane fekk ikkje løn, men
kvar morgon kom politiet med Kalasjnikov eller maskinpistol og sende arbeidarane på “arbeid”.
Heller ikkje her er det uro for det russiske “demokratiet” i Vesten.

Sensasjonsoppslaget på framsida av Klassekampen no i oktober om at ein kvinneleg forfattar har
skrive ei bok om seksuelle fantasiar hos tenåringsjenter, som er like “grove” som hos tenåringsgutar.
Vel, då skulle vel “kvinnefrigjeringa” vere fullførd! No er dei så “frigjorde” at dei valdtek menn,
også. Visstnok ikkje på “misjonærstillingsvis”. Og for litt sidan stod der ei pressemelding i Nordlys
om at alkoholpåverka, frigjorde kvinner no er ei plage for menn. Dei kaprar menn på gata, for å få
sex. Faktisk er storparten av menn lite interessert i denne typen “kvinnefrigjering”. Slik stod det å
lese i notisen i Nordlys.

Eller dei lykkelege nigerianske horene i tidsskriftet Samtiden. Dei er “friviljuge” i Noreg. For å gje
luksuriøs “utviklingshjelp” til norske menn. Som er så underutvikla seksuelt at dei må ha
“utviklingshjelp”, heilt frå Nigeria.

I eit nummer av Die Zeit las eg nyss at ekstremfattigdomen minkar i Russland no, medan han aukar
i NATO- og EU-demokratia Polen og Litauen. Khodarkovskij, ein kjeltring mellom mange, hadde
dette med i etableringa av Yukos-karrieren sin: Eksport av 60 000 “russiske” luksusprostituerte til det
“gudelege” USA.

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering