• Hjem
  • Politikk
  • Noreg investerar i regnskoghogst ulovleg i DR Kongo
Stokkar som Sodefor har høgd på vegne av Norsudtimber, ventar på lasting i Equateur, Lulonga, Kongo									Foto: Global Witness
Stokkar som Sodefor har høgd på vegne av Norsudtimber, ventar på lasting i Equateur, Lulonga, Kongo Foto: Global Witness

Noreg har store bidrag til Norsudtimber – det største hogstselskapet i Kongo, som eig konsesjonar med over 40 000 kvadratkilometer regnskog. 90 % av hogstaktiviteten selskapet driv, er ulovleg ifølgje ny rapport frå Global Witness.
Verdas regnskog
Kongo har som kjend verdas nest største samanhengande regnskogområde. I kaleidoskopen av ein regnskog lever over 600 tresortar, og over 10 000 dyreartar. Regnskogen gir titals av millionar menneskje ly, mat, vatn og levebrød kvar dag, og med sin storleik – to tredelar av Kongobassenget, er det ein skog som er så stor at den er kritisk for å regulere verdas klima. Halvparten av eksporten frå Kongo kjem frå ein trua, eller svært trua treart. Eksporten går i hovudsak til Kina og Vietnam, som ikkje har forbode mot import av ulovleg tømmer, med 78 %. 11% gjekk til Europa, med Portugal og Frankrike i spissen, som har lovar mot dette, resten gjekk ukjend stad. Delar av regnskogen er lista som Verdsarv av Unesco.
«Norsudtimber høgg ned DRKs regnskog ulovleg, og profittera på det, takka være ein lukka føretaksstruktur, basert på skatteparadis. Det er ikkje noko gripande at det er lovlause tilstandar i DRK, men det er sjokkerande at Noreg ynskjer å finansiere industriell utbytte av regnskog og støtte lovbrytarar, og selskap som står for enorme utslepp, i direkte motsetning til klimaforpliktelsane» seier Jules Caron i Global Witness.
Ikkje nytt
For eksempel Dagbladets artikkel i april 2007, der Mina Hauge Nærland skriv om Noregs engasjement i selskap som «avspiser lokalbefolningen med såpe og sukker», og at vestlege selskap tener millionar på hogst av regnskog i Kongo, gir eit innblikk til denne nye rapporten, som kom denne veka, at Noreg konstant er inne i Kongo, på feil side. Vidare skriv Nærland i sin artikkel at i 2005 gav ein landsbyleiar i Lamoko, eit lokalsamfunn ved Maringaelva, bort rettigheitene til å drive hogst og drift av tømmer i 25 år. For det betalte selskapet 20 sekkar sukker, 200 sekkar salt, nokre machetar og hakkar. I tillegg lova dei å byggje tre enkle landsbyskolar, og eit apotek. I kongolesisk verdi er dette rundt 100 000 norske kroner, mens eitt teak- eller sapeltre er verd så mykje som 50 000 i Europa.
Lukka selskapsstruktur
Norsudtimber er eit selskap som driv frå Liechtenstein, og er det enkeltselskapet som eig mest i Kongo. 90 % av hogsten selskapet gjer, er ikkje etter kongolesisk lov. Dei driv plantasjar utan lov, hogst utanfor område, manglar planar, og høgg ikkje der dei ska. Sodefor, Forabola og La Forestière du Lac er dotterselskap til Norsudtimber, som vi faktisk ikkje veit kven som står bak, eller driv.

 

Les mer i Friheten

Kun abonnenter kan lese hele artikler. Du kan enkelt abonnere på Friheten
Meld deg inn nå!

Kommentarer

blog comments powered by Disqus

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia BuyAndRead |  NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Redaktør: Terje Bjørlo Nett: 

Kontakt avisa eller redaksjonen

Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby
Telefon ansvarlig redaktør: 
ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.)

Kopirett © Friheten 1997-2023 - Republisering