Skip to main content
Ny nettavis 2025-2026

Vi har over tid hatt utfordringer med vår nettavis, og har arbeidet for å få denne brukbar igjen. Like før jul 2025 havarerte dagens, slik at den som har vært under arbeid en tid for å erstatte den gamle ble tatt i bruk før den er ferdig.

Innhold på den nye nettavisa

Alt gammelt innhold er blitt med over - men vi sliter med feil under publisering av nytt. Satser på at dette er i orden på andre sida av årsskiftet. Per nå er avisa mulig å bestille og lese digitalt (PDF).

Logge inn som abonnent

Har du hatt konto hos Friheten før kreves det at du nå oppretter en ny. Dette gjør du under menyvalget Les eAvis. Her fyller du også inn detaljene vi trenger om du skal ha nytt papirabonnement - men har du det fra før inngår nettabonnent som før, du bare velger at du har dette og fyller inn abonnementsnr som står på avisa.

Hallén i sine glansdagar

Etter krigen ville Arbeidarpartiet riva heile Günerløkka og laga eit slags Ammerud der. Det vart heldigvis forpurra, men i dag er bydelen komen inn i ein fase som får ein til å undra på om han ikkje er i ferd med å få nådestøyten likevel. 
Då vi i si tid flytta inn der, kring 1985, var den industrielle perioden på hell, men framleis var to store bryggeri (Schous og Ringnes) og to sjokoladefabrikkar (Bergene og Freia) i full gang. Med høveleg vindretning kunne ein kjenna ange av så vel humle som sjokolade og skjøna at industri ikkje alltid treng lukta vondt. No er det berre Freia som hanglar vidare, men produksjonen der er så redusert at angen er borte. 

Olav H Arrestad.


Framleis var der småindustri på Grünerløkka. Ein fann så vel ein mekanisk verkstad som glasmeister og snikkarverkstader gjerne i ein indre gard.  I Seilduksgata 11 laga ein framtøk snikkarmeister grønlandssledar, og dit kom kundar heilt frå Japan. Men alt dette er no borte. 


Frå tidleg var Grünerløkka staden for å kjøpa sko og møblar, og fram til 1990-åra fanst det nokre større møbelforretningar att, men dei gjekk dukken, den siste på nordvestre hjørne av Olaf Ryes plass der det no sjølvsagt er ein pizzarestauant. To skoforretningar har derimot haldi stand,og dei er dei to eldste butikkane uansett bransje   i  dag. Ein av dei har jamvel ikkje byta ut  det vel snart åtti år gamle slagordet: Spar på krona, kjøp sko hos Ramona. 
Det Grûnerløkka ein kom til, hadde variasjon så vel når det galdt butikkar som alderen på dei som budde der.  Kaffe-barar og "hippe" matstader hadde ikkje  tatt over.

Riving og profittmaksimering 
Men så byrja Svartedauden eller kva ein skal kalla profitt-, moderniserings- og reguleringsdjevelen å herja, Ein hugsar ikkje dødsrekkjefylgja, men vil halda seg til to sentrale gater, Thorvald Meyersgate og Markvegen. 


Eit av dei største brotsverka fann stad nedst i Thorvald Meyers gate då eit eller anna kommunalt uhyre gav løyve til å riva den tradisjonsrike Schoushallen. Ein del år før hadde han vorten teken over av pakistanarar som slik som palistanar flest ikkje bryr seg om å hiva ut alt interiør for å laga noko "moderne" som nestemann likevelev ikkje finn moderne nok og difor raserer igjen. Schoushallen hadde  veggmålari som synte delar av Christiania frå den tida bryggeriet starta, bord og benker/stolar var så solide og godt gjorde at dei godt kunne ha levt i hundre år til. Her kunne ein føra interessante samtalar med menneske om hadde ei heilt anna livsrøynsle enn ein sjølv. Og pakistanarane heldt ølprisen på eit sosialt nivå. 
Byantikvaren må ha seti med hovudet under armen, for heile bygget vart rivi, og i staden kom ein bygning som ein kunnig byggmeister hevda var den styggaste på heile Grünerløkka. 


Neste store åtaket kom igjen mot innvandrarar. På hjørnet Helgesensgate dreiv tyrkarar byens beste og rimelegaste frukt og grønt, nemleg Sultan. Gårdeigarane ville setja opp utleigeprisen - det var visst alt den gongen tale om 70 000 kroner i månaden. Mange som budde på Grûnerløkka reagerte, og ein protestaksjon vart sett i gang med hundrevis av underskifter. Men det hjelpte ikkje. Sultan la ned, og no har ein  sjølvsagt ein kaffelattebar der.


På andre sida av gata var ein av dei få frimerkehandlarane i byen jaga bort pga auke av leiga. Eit eller anna mathol er rykt inn. Lenger opp forsvann Narvesen der ein tidlegare kunne få aviser frå  utanfor oslanavlen og frå store europeiske land, jamvel Literaturnaja Gazeta etter speialavtale med butikksjefen. Ei frisørkjede er rykt inn. Stort pålegg i husleiga jaga også Zachariassen jernvare litt borte i Seilduksgata. Det var ikkje den skruve eller spikerstorleik ein ikkje kunne finna på det velassorterte lageret der. Hit kom handverkarar frå heile byen og fann det dei trengde. No har ein  ei Brustad-bu der. 


Offentlege vesen i strid
Før ein forlet Th. Meyersgate, må ein ta med mysteriet Hallén. Denne flotte og store butikken ved Olaf Ryes plass, er no etter at eigaren døydde, stengd på 15. året. Rykta går om at det heile botnar i intern kamp mellom Byantikvar som ikkje vil endra noko av det faste innvendige og eit vesen som krev heis til andre høgda. . 


På hjørnet Seilduksgata/Markvegen er det no tyst som i grava. Det var det ikkje då Bobby regjerte der. Han var ein pakistanar som av ein eller annan grun vart kalla Bobby. I over tjue år hadde han vori alles ven i nauda. Han dreiv ein kioskbutikk der ein fann så å seia alt ein  måtte trengja i huset, så vel av mat som husgeråd elles. Var ei pære gått, kune ein berre gå til Bobby om klokka så var fem på midnatt. Han heldt oppe. På fine solskinsdagar var det alltid ei lita samtalegruppe på fortauget. Bobby sytte for stol. Og hadde du problem med bilen, kunne  Bobby hjelpa der òg. I Pakistan hadde han vori bilmekanikar. Han vart til slutt driven bort av styret i sameiget Det ville ha mykje høgare leigeinntekt. 
Mykje lenger ned i Markvegen står Posrkontoret i fåre for å forsvinna pga "rehabilitering" av eit nokså moderne bygg. 
Tradisjonsrike Beckers er forvunni. Det fekk for mange tilsyn på nakken. Då røykjelova kom, innreidde dei ikkje-røykjaravdeling på takterrassen, men det var  ikkje godt nok. I dei to avdelingane nede, ei for laurdagsdans med levande musikk for den vaksne generasjon, men framleis med spreke bein, rykka ikkje-røykjarane inn. Ved byte av sjef for baren fekk eigarane nok. Dei hadde gløymt å søkja om nytt skjenkeløyve og vart straffa med stenging i over tre månader. Då selde dei til Olav Thon som med god forteneste leigar ut til Vinmonopolet, i og for seg eit velkomi tilskot til bydelen. 
Nedst i gata er bruktbutikken Marita borte. Igjen vart husleiga for høg. No står der tomt tinntil vidare. Stygt gråpapir held på å losna frå vindauga. 


Klimagalenskapen
Det nye  Grünerløkka skal verta nærast bilfritt, og Thorvald Meyrsgate ei trikkegate med rekkjer av utekafear på kvar side. I mellomtida må ein lida seg gjennom to år med bråkande arbeid for nye spor til den heilage kua, trikken. 
Når alt er ferdig, vil boboane ha overteki bydelen fullstendig. Ein bobo, avstytting for bourgeois bohème, er ein urban person mellom 30 og 40 år med god inntekt, gjerne utanfor produksjonslivet (i offentleg byråkrati, media, "kultur" og liknande). Han(ho) er for sunt kosthald, bur slik at han ikkje ser behovet for bensinbil, brukar helst sykkel, for eksempel frå Sinsen og ned til byen, men ikkje opp igjen, er for miljøvern, er for dyrevern, men for kastrering av kattar og veterinærdrap av kjæledyr før ein dreg på ferie (gjerne til Australia), trur på klimatrugsmålet, er for "miljø" og fri abort, feminist, trur han ikkje eig fordomar, er "intellektuell", røystar på Raudt, SV eller MdG  og har eigenleg  ikkje ei einaste prsonleg meining som bryt med mønsteret.


Det gamle Grûnerløkka var for alle slags menneske, ein kunne jamvel høyra vaskekte oslodialekt, no er det reservert for boboar som gjerne får maten sykla heim, og som ein ikkje har noko usnakka med. Ein veit på førehand kva dei meiner om så å seia alt på denne jord og i det sjølvtilfredse Kongeriket. . 

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering