Den norske transportsituasjonen
-
-
I perioden 1967-79 sat eg i Statistisk sentralbyrå og laga samferdslestatistikk som dekte om lag alle transportsektorar. Eg vart då interessert i samanhengane mellom busetnadsstruktur og infrastrukturutvikling. Med utgangspunkt i SSB sine busetnadskart basert på folketeljinga i 1970 kom eg fram til at over 80 % av folket i landet budde mindre enn 10 km frå sjøen og tilsvarande budde om lag 80 % av folket nærmast i gangavstand frå 15.000 km riksveg.
Busetnadsstrukturen var nokså lik over heile landet. Der folk budde der budde dei nokså tett og nær opp til hovudvegar og sjøterminalar. Dette var eit svært gunstig utgangspunkt for å byggje ut eit effektivt transportapparat som produserte effektivt og billeg i alle deler av landet. Dette gunstige utgangspunktet for utvikling av eit effektiv norsk transportapparat har vore lite systematisk utnytta i norsk samferdselplanlegging.
Av Idar Mo