Skip to main content
Ny nettavis 2025-2026

Vi har over tid hatt utfordringer med vår nettavis, og har arbeidet for å få denne brukbar igjen. Like før jul 2025 havarerte dagens, slik at den som har vært under arbeid en tid for å erstatte den gamle ble tatt i bruk før den er ferdig.

Innhold på den nye nettavisa

Alt gammelt innhold er blitt med over - men vi sliter med feil under publisering av nytt. Satser på at dette er i orden på andre sida av årsskiftet. Per nå er avisa mulig å bestille og lese digitalt (PDF).

Logge inn som abonnent

Har du hatt konto hos Friheten før kreves det at du nå oppretter en ny. Dette gjør du under menyvalget Les eAvis. Her fyller du også inn detaljene vi trenger om du skal ha nytt papirabonnement - men har du det fra før inngår nettabonnent som før, du bare velger at du har dette og fyller inn abonnementsnr som står på avisa.

Om tabuord og fetisjismespråk

Ein ser ofte ein tendens til å ideologisera språket. Det er ikkje lenger eit kollektivt vi som utviklar det, i staden kjem det konstruerte nyord nærast med direktiv ovanifrå.

Ein må faktisk ta til Stalin for å gå i rette med denne tendensen. I ”Marxismen og språkvitskaplege spørsmål” peikar han på at språket ikkje høyrer til den ideologiske overbygginga i eit samfunn (suprastrukturen), det har ikkje oppstått som gjenspegling av infrastrukturen i eit gjevi samfunn, men av heile utviklinga av samfunnet og infrastrukturanes soge gjennom århundra. Det russiske språket vart ikkje eit nytt språk med den rusiske revolusjonen. Nasjonalspråket vert ikkje skapt av ei einskild klasse i samfunnet, men av samfunnet som heilskap, av alle samfunnsklasser gjennom hundretals generasjonars strev. Eit nasjonalspråk som vert eit språk for ei serskilt klasse eller vert ideologisk styrt, fell ned til å verta ein sjargon eller sosiolekt.

Nasjonalspråket inneheld alt, speglar att mangfaldet i verda, like brukande for ein fascist som ein demokrat og kommunist. Språket i seg sjølv er ein reidskap som ligg der til bruk for alle, det er brukaren som avgjer korleis det skal brukast.

Ein har sett mange tendensar til ordfetisjisme i nyare tid: forsvinn ordet, forsvinn også fenomenet. Men dette er rein overtru, ein endrar ikkje røyndomen med nye ord: Søppelkøyraren får ikkje eit mindre strevsamt arbeid om han vert døypt om til renovasjonsansvarleg.

Desse språk-fetisjistane gjer også brot på språkstrukturen for å kunna driva ideologisk påverknad, utan å blunka kan dei skriva: En tamil hun. I norsk er det skilnad på grammatikalsk og reelt kjøn: Katten han, løva ho, skiltvakta ho, på svensk er jamvel människan hon. Skal ein i lilkestillinga sitt namn byrja skriva farsmål og broderskip? Og kvifor skal det få lov til å heita brotsmann på nynorsk?

Av Olav H. Aarestad

Comments RSS feed Comments

Add New Comment
Tilgangsnivå for dette innholdet.

Friheten - Avisa med nyhetene bak nyhetene!

Følg Friheten: Forsidene | Facebook | Twitter | Flickr | Wikipedia | BuyAndRead | NKP

Friheten er ei norsk avis som utkommer annenhver uke. Avisa har lang historie, tilbake til at den var illegalt etablert under andre verdenskrig, i 1941. I dag er den skrevet, redigert og utgitt med stor grad av frivillig arbeid, derfor er vi avhengige av både økonomiske bidrag, men også tekstbidrag. Støtt oss!

Ansvarleg redaktør: Odd Jarl Gerhardsen Nett:

Kontakt avisa eller redaksjonen Utgiver: Norges Kommunistiske Parti Postadresse: Kiledalen 21, 4619 Mosby Telefon ansvarlig redaktør:

ISSN 0805-4975 (trykt utg.) ISSN 2464-1448 (nettutg.) Kopirett © Friheten 1997-2026 - Republisering